Indikator 2.3.1 a Nettsida har ikkje innhald som glimtar

Indikatoren testar nettsider med innhald som blinkar. Vi vurderer alt innhald på nettsida. Dette omfattar også alle bilde, animasjonar og videoklipp. Vi testar ikkje videoklipp i fullskjermvisning, eller blink på grunn av skjerm eller innlasting av nettsida.

Publisert: 04. jul 2017, Sist endret: 20. aug 2018

Korleis testar vi

Vi testar med skjermoppløysning på 1024*768.

Vi undersøker først størrelsen på området som blinkar. Dette gjer vi ved å ta eit skjermbilde av området, og måle breidde og høgde på området (i pikslar).

Dersom området større enn 21 824 kvadratpikslar, vurderer vi kva frekvens det er på blinkinga. Dette gjer vi ved å ta eit opptak av innhaldet som blinkar. Deretter spelar vi det av med låg hastigheit, og registrerer kor mange gonger innhaldet blinkar i løpet av eit sekund i videoavspelaren.

Vi testar alt innhald som blinkar, og full lengde på alle videoklipp.

Kva skal til for at kravet er oppfylt

Kravet kan oppfyllast på fleire måtar:

  • Nettsida har ikkje innhald som blinkar.
  • Viss nettsida har innhald som blinkar, er ein av følgjande oppfylt:
  1. Innhaldet som blinkar har storleik på mindre enn 21 824 kvadratpikslar.
  2. Det er færre enn tre blink i sekundet.

Kjelder

Kommentarer

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.