Indikator 2.4.1 a Det finst ein mekanisme for å hoppe til hovudinnhaldet på nettsida

Indikatoren testar nettsider med innhald som vert gjenteke på fleire sider på nettstaden.

Korleis testar vi

Vi undersøker om nettsida har ein mekanisme som let brukaren hoppe til hovudinnhaldet blant dei tre første tab-stega i tastaturnavigasjonen.

Vi testar ved å gå gjennom sida med tabulatortasten og vurderer følgande:

  • Ligg mekanismen før blokka med innhald?
  • Blir mekanismen synleg ved fokus?
  • Er teksten på mekanismen beskrivande?

Vi aktiverer mekanismen, og undersøker om visuelt fokus blir flytta til hovudinnhaldet på nettsida. Ved hjelp av tabulatortasten sjekkar vi så at tastaturfokus blir flytta til det første aktive elementet i hovudinnhaldet.

Kva skal til for at kravet er oppfylt

For nettsider som har ei blokk med innhald som blir gjenteke på fleire sider på nettstaden, og som ligg før hovudinnhaldet, er følgande oppfylt:

  • Det finst ein mekanisme for å hoppe til hovudinnhaldet
  • Mekanismen ligg blant dei tre første tab-stega, og før blokka med innhald på nettsida
  • Mekanismen er synleg ved tastaturfokus
  • Mekanismen har ein beskrivande tekst
  • Ved aktivering av mekanismen, blir visuelt og funksjonelt fokus flytta til hovudinnhaldet

Dersom vi kjem til hovudinnhaldet innan fem tabulatorsteg, er det ikkje krav om ein slik mekanisme (snarveglenke).

Kjelder

Publisert: 04. jul 2017, Sist endret: 20. aug 2018

Kommentarer

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.