Indikator 2.4.2 a Nettsider har sidetitlar som er beskrivande for emne eller formål med sida

Indikatoren testar om enkeltnettsider har beskrivande sidetittel.

Publisert: 04. jul 2017, Sist endret: 20. aug 2018

Korleis testar vi

Vi undersøker i koden om nettsida har ein sidetittel. Sidetittelen står i <title>-elementet, som er nøsta i <head>-elementet på starten av HTML-koden.

Deretter vurderer vi om sidetittelen gir relevant beskriving av emne eller formål med sida, også når sida blir lesen ut av kontekst.

Kva skal til for at kravet er oppfylt

Sidetittelen er korrekt koda, og gir relevant beskriving av emne eller formål med sida, også når side blir lesen ut av kontekst.

Kjelder

Kommentarer

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.