Indikator 2.4.3 a Tastaturekkefølgja ivaretek meiningsinnhald og betening

Indikatoren testar nettsider som kan navigerast sekvensielt, og der navigeringssekvensen påverkar meiningsinnhald eller betening. Ein føresetnad for å utføre testen er at det er synleg fokusmarkering ved tastaturnavigasjon, og at det er mogleg å nå innhaldet med tastatur.

Publisert: 04. jul 2017, Sist endret: 20. aug 2018

Korleis testar vi

Dersom vi kan navigere på heile eller delar av nettsida med tastaturet, undersøker vi om tastaturrekkefølga på nettsida er den same som den visuelle rekkefølga. Dette gjer vi ved å gå gjennom nettsida med tabulatortasten. Vi vurderer om navigasjonen går gjennom kvar enkelt blokk av innhald før den går vidare til neste blokk. Vi feller ut eventuelle menyar og skjemafelt, og opnar modalvindauge for å teste alt innhald på nettsida. Ved opning av modalvindauge, skal navigasjonen halde seg inne i vindauget. Etter lukking fortset navigasjonen til elementet som opna modalvindauget, eller til elementet som ligg direkte etterpå.

Viss tastaturrekkefølge og visuell rekkefølge ikkje er like, gjer vi ei skjønnsmessig vurdering av om det likevel er mogleg å forstå og bruke innhaldet. 

Kva skal til for at kravet er oppfylt

Kravet kan oppfyllast på fleire måtar. For innhald som får fokus ved tastaturnavigasjon og må navigerast i ei bestemt rekkefølge, er eit av det følgjande oppfylt:

  • tastaturrekkefølge og visuell rekkefølgje er like, eller 
  • tastaturrekkefølga og visuell rekkefølgje er ikkje like, men det er mogleg å forstå og bruke innhaldet

Kjelder

Kommentarer

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.