Indikator 2.4.4 a Formål med lenker går tydeleg fram av lenketeksten, eller lenketeksten og konteksten saman

Indikatoren testar lenker som inneheld tekst.

Publisert: 05. jul 2017, Sist endret: 20. aug 2018

Korleis testar vi

Vi vurderer først om lenketeksten åleine er beskrivande for formålet med lenka. Deretter undersøker vi programmeringsmessig bestemt kontekst i følgjande prioriterte rekkefølge:

  • Har lenkeelementet attributtet aria-label?
  • Har lenkeelementet (<a>) attributtet aria-labelledby, og er dette kopla til annan tekst på sida (lenkekontekst) med unike id-ar?
  • Er lenka kopla til kontekst i koden? Eksempel på kontekst er same avsnitt, liste, tabell eller føregåande overskrift.

Til sist vurderer vi om lenketeksten i kombinasjon med koda kontekst (meiningsinnhaldet i koden) er beskrivande for formålet med lenka.

Merknad: Bakgrunnen for testrekkefølga er HTML Accessibility API Mappings 1.0 punkt 5.11, som angir ei prioritert rekkefølge for å berekne tilgjengelege namn på element i koden.

Kva skal til for at kravet er oppfylt

Kravet kan oppfyllast på fleire måtar. Lenker som inneheld tekst oppfyller kravet dersom:

  • lenketeksten åleine gir informasjon om formålet med lenka eller
  • lenketeksten saman programmeringsmessig med bestemt kontekst gir informasjon om formålet med lenka.

Vi gjer ei skjønnsmessig vurdering av om lenketeksten gir informasjon om lenkemålet. Vi krev ikkje at lenkemålet er presist skrive.

Kjelder

3 Kommentarer

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.

Kommentarer

Hei! Med HTML5 kan ein no legge lenkjer rundt blokkelement, dette er vanleg å gjera i utlisting av artikler dersom ein ønskjer å ha heile artikkelteaseren klikkbar (bilete, overskrift, ingress) Men vil dette føre til at formålet med lenkja ikkje er tydeleg lenger?

Hei! Med HTML5 kan ein no legge lenkjer rundt blokkelement, dette er vanleg å gjera i utlisting av artikler dersom ein ønskjer å ha heile artikkelteaseren klikkbar (bilete, overskrift, ingress) Men vil dette føre til at formålet med lenkja ikkje er tydeleg lenger, då det potensielt kan bli ei ganske lang lenkje?

Hei! Med HTML5 kan ein no legge lenkjer rundt blokkelement, dette er vanleg å gjera i utlisting av artikler dersom ein ønskjer å ha heile artikkelteaseren klikkbar (bilete, overskrift, ingress) Men vil dette føre til at formålet med lenkja ikkje er tydeleg nok lenger, då det potensielt kan bli ei ganske lang lenkje?