Indikator 2.4.5 a Fleire måtar å navigere på

Indikatoren testar navigasjonsmoglegheiter til enkeltnettsider innanfor eit sett av nettsider (ein nettstad).

Publisert: 05. jul 2017, Sist endret: 20. aug 2018

Korleis testar vi

Vi undersøker om ein kan navigere på nettstaden ved hjelp av ei liste med lenker (meny), nettstadkart, søkefunksjon eller eventuelt andre måtar. Deretter testar vi om vi finn fram til ei bestemt testside gjennom dei ulike navigasjonsmåtane vi har identifisert for den aktuelle nettstaden.

Kva skal til for at kravet er oppfylt

Det skal vere minst to måtar å navigere til innhald på nettsider. Navigasjonsmåtane skal fungere i samsvar med føremålet.

Kravet gjeld ikkje når:

  • nettstaden består av ei enkelt side
  • aktuell nettside er eit steg i eller resultat av ein prosess

Kjelder

Kommentarer

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.