Indikator 2.4.7 a All funksjonalitet får synleg fokus ved tastaturnavigasjon
Indikatoren testar alle typar funksjonalitet på nettsider. Ein føresetnad for å utføre testen, er at det er mogleg å navigere til aktuell funksjonalitet.
Publisert: 06. jul 2017, Sist endret: 20. aug 2018
Korleis testar vi
Vi vurderer om det er synleg fokusmarkering på alle element det er mogleg å betene med tastaturet. Dette gjer vi ved å gå gjennom nettsida med tabulatortasten, og vurdere om elementa på nettsida får fokus.
Det skal ikkje vere anstrengande å sjå fokusmarkeringa, og brukaren skal enkelt kunne sjå kva element som er i fokus.
Døme på synleg fokusmarkering på element er:
- ramme, linje eller understreking
- endra farge på bakgrunn eller tekst
- skyggelegging
- tekstmarkør (loddrett strek) eller markering av tekst i skjemafelt
- anna form for tydeleg visuell forandring
Kva skal til for at kravet er oppfylt
Alle element det er mogleg å betene med tastaturet, får synleg fokusmarkering. Dette gjeld ikkje dersom det berre finst eitt element det er mogleg å betene med tastaturet på nettsida.
Kjelder
- Forstå suksesskriterium 2.4.7 (W3C, engelsk)
- G149: Using user interface components that are highlighted by the user agent when they receive focus (W3C, engelsk)
- F78: Failure of Success Criterion 2.4.7 due to styling element outlines and borders in a way that removes or renders non-visible the visual focus indicator (W3C, engelsk)
Kommentarer
Skriv ny kommentar
* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.