Indikator 3.1.1 a Hovudspråket på nettsida er rett koda

Indikatoren testar tekstleg innhald på nettsider.

Publisert: 06. jul 2017, Sist endret: 20. aug 2018

Korleis testar vi

Først identifiserer vi om ein av følgande kodestandardar er brukt på nettsida, og om elementet som setninga/avsnittet ligg i har tilhøyrande attributt, slik det går fram under: 

  • HTML 4 og 5 med attributtet lang
  • XHTML 1.0 med attributtet lang eller xml:lang eller
  • XHTML 1.1 med attributtet xml:lang

Deretter undersøker vi om språket er koda med ein gyldig språkkode, og om denne samsvarar med hovudspråket på sida.

Vi brukar språkkodane i IANA Language Subtag Registry.

Årsaka til at vi brukar denne lista og ikkje standarden det blir vist til i teknikkane, er at denne lista er ein nyare versjon som blir oppdatert kontinuerleg.

Kva skal til for at kravet er oppfylt

Nettsida har ein gyldig språkkode i HTML-koden. Språkkoden samsvarar med hovudspråket på nettsida.

Kjelder

Kommentarer

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.