Indikator 3.1.2 a Innhald på anna språk enn hovudspråket, er rett koda

Indikatoren testar innhald som er skrive på eit anna språk enn hovudspråket på nettsida. Det er ein føresetnad for testen at hovudspråket på nettsida er korrekt koda.

Last ned Indikator 3.1.2a
Excel Macro Workbook (xlsm)

Korleis testar vi

Først identifiserer vi om ein av følgande kodestandardar er brukt på nettsida, og om elementet som setninga/avsnittet ligg i har tilhøyrande attributt, slik det går fram under: 

  • HTML 4 og 5 med attributtet lang
  • XHTML 1.0 med attributtet lang eller xml:lang eller
  • XHTML 1.1 med attributtet xml:lang

Deretter undersøker vi om språket er koda med ein gyldig språkkode, og om denne samsvarar med språket som setninga/avsnittet er skrive i.

Vi brukar språkkodane i IANA Language Subtag Registry.

Årsaka til at vi brukar denne lista og ikkje standarden det blir vist til i teknikkane, er at denne lista er ein nyare versjon som blir oppdatert kontinuerleg.

Kva skal til for at kravet er oppfylt

For setningar/avsnitt som er skrivne på eit anna språk enn hovudspråket på nettsida, gjeld følgande:

  • Elementet som setninga/avsnittet ligg i har ein gyldig språkkode i HTML-koden.
  • Språkkoden samsvarar med språket som setninga/avsnittet er skrive på.

Kjelder

Publisert: 06. jul 2017, Sist endret: 18. sep 2017

Kommentarer

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.