Indikator 3.2.1 a Fokus ved tastaturnavigasjon gir ikkje kontekstendring

Indikatoren testar nettsider med komponentar som kan få tastaturfokus.

Publisert: 06. jul 2017, Sist endret: 20. aug 2018

Korleis testar vi

Dersom det er mogleg å navigere på nettsida med tastatur, undersøker vi om det skjer ei kontekstendring når dei ulike elementa får fokus. Dette gjer vi ved å gå gjennom nettsida med tabulatortasten. Vi gjennomgår nettsida frå starten. For å teste alt innhald på nettsida, feller vi ut eventuelle menyar og skjemafelt og opnar modalvindauge.

Føresetnaden for å gjennomføre testen, er at vi får synleg fokusmarkering når vi navigerer på sida, og at det er mogleg å nå innhaldet med tastatur.

Kva skal til for at kravet er oppfylt

Det er mogleg å navigere gjennom nettsida med tastaturet utan at det skjer ei kontekstendring når dei ulike elementa får fokus.

Kjelder

Kommentarer

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.