Indikator 3.2.2 a Tastaturbruk i skjema fører ikkje til kontekstendring

Indikatoren testar brukargrensesnittkomponentar der brukaren endrar innstillingar. Føresetnaden er at det er mogleg å navigere til komponenten med tastatur.

Publisert: 06. jul 2017, Sist endret: 20. aug 2018

Korleis testar vi

Vi undersøker om vi kan bruke skjemaelement med tastatur utan at det skjer ei kontekstendring. Dette gjer vi ved å gå gjennom alle element i skjemaet på følgande måte:

  • Avkryssingsboks: krysse av med å bruke mellomromstasten
  • Nedtrekksliste: bla i lista med å bruke piltastane
  • Radioknapp: velje med å bruke piltastane eller mellomromstasten
  • Skjemafelt: skrive i feltet

Dersom nettsida lastar på nytt ved betening, undersøker vi om kontekst endrar seg. Dersom det skjer ei kontekstendring, undersøker vi om dette vart varsla før vi brukte skjemaelementet.

Kva skal til for at kravet er oppfylt

Ved utfylling og bruk av skjemaelement, skal brukaren varslast på førehand dersom kontekst vert endra.

Kjelder

Kommentarer

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.