Indikator 3.2.3 a Navigasjonselement i blokker blir gjenteke i konsekvent rekkefølgje

Indikatoren testar navigasjonsmekanismar i blokker som blir gjentekne på fleire nettsider. Eksempel på blokker med fleire navigasjonselement er topptekst med klikkbar logo, meny og søkefelt, botntekst med lenker for å navigere på nettstaden, og meny.

Korleis testar vi

Vi tek stikkprøvar av tre utvalde sider på nettstaden, og samanliknar blokka med navigasjonsmekanismar vi har identifisert. Vi gjer ein visuel inspeksjon for å vurdere om elementa i blokka har den same relative rekkefølga. Vi tek omsyn til at element kan settast inn eller takast ut, utan at det endrar den relative rekkefølga.

Kva skal til for at kravet er oppfylt

For nettstader som har blokker med navigasjonselement som blir gjenteke på fleire sider, er den relative rekkefølga mellom elementa i blokka den same på alle nettsidene.

Kjelder

Publisert: 06. jul 2017, Sist endret: 20. aug 2018

Kommentarer

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.