Indikator 3.2.4 a Søkefunksjonen har lik visuell utforming og identifikasjon i koden

Indikatoren testar nettstader med global søkefunksjon. Ein global søkefunksjon har eit søkefelt der brukaren kan skrive inn søkeomgrep for å søke i alle sidene på nettstaden.

Publisert: 06. jul 2017, Sist endret: 20. aug 2018

Korleis testar vi

Vi tek stikkprøvar av tre utvalde sider, for test av global søkefunksjonen på nettstaden.

Først gjer vi ein visuell inspeksjon og vurderer om søkefunksjonen ser lik ut på sidene. Søkefunksjonen skal vere bygd opp av dei same komponentane, for eksempel eit skjemafelt og ein knapp. Det skal ikkje vere tydelege visuelle forskjellar på søkefunksjonen på nettsidene.

Deretter undersøker vi om søkefeltet har den same identifikasjonen i koden på dei utvalde nettsidene. Vi krev ikkje at kodinga skal vere lik, berre at identifikasjonen/teksten er identisk. Merk at mangel på identifikasjon også er godkjent, viss det er likt i alle tilfella.

Vi undersøker så om søkefunksjonen har ein mekanisme for å starte søket, som til dømes ein søkeknapp, lenka bilete eller ikon.

Til sist vurderer vi om mekanismen for å starte søket har den same identifikasjonen i koden på dei utvalde nettsidene. Heller ikkje her treng kodinga å vere lik, så lenge identifikasjonen/teksten er identisk. Vidare vil også mangel på identifikasjon vere godkjent viss det er likt i alle tilfella.

Kva skal til for at kravet er oppfylt

For nettstadar som har global søkefunksjon, har søkefunksjonen lik visuell utforming og identifikasjon i koden på alle nettsidene.

Kjelder

Kommentarer

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.