Indikator 3.3.1 b Inndatafeil som blir oppdaga automatisk, får feilmelding

Indikatoren testar skjemaelement der inndatafeil blir oppdaga automatisk.

Publisert: 06. jul 2017, Sist endret: 20. aug 2018

Korleis testar vi

Vi identifiserer skjemaelement der inndatafeil blir oppdaga automatisk, ved å sende inn skjema der vi har fylt inn data i feil format eller feil verdi. Dersom dette ikkje er mogleg, undersøker vi om informasjonen vi har fylt inn fortsatt ligg i skjemaet, og om vi får vi ein tekstleg feilmelding som:

  • er koda som tekst
  • identifiserer kvar feilen har oppstått og
  • beskriv feilen

Kva skal til for at kravet er oppfylt

For alle skjemaelement der inndatafeil blir oppdaga automatisk, er følgjande oppfylt:

  • Brukaren får ei tekstleg feilmelding.
  • Feilmeldinga er koda som tekst.
  • Feilmeldinga identifiserer skjemaelementet der feilen oppstod.
  • Feilmeldinga beskriv feilen.
  • Med unntak for skjemaelement med sensitivt innhald, ligg informasjonen som er fylt inn fortsatt i skjemaelementet.

Informasjon som er fylt inn, skal fortsatt ligge i skjemaelementet. Dette fordi formålet med suksesskriteriet er å hjelpe brukaren å fylle ut skjemaet på korrekt måte, og det er då ein fordel at informasjonen framleis ligg i skjemaet. Suksesskriteriet er likevel ikkje til hinder for at det automatisk blir foreslått rettingar, jf. suksesskriteriet 3.3.3.

Kjelder

Kommentarer

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.