Indikator 3.3.2 a Skjemaelement er identifisert ved hjelp av instruksjonar eller ledetekstar

Indikatoren testar alle elementa som ligg i digitale skjema, inkludert global søkefunksjon.

Korleis testar vi

Dersom alle felta i skjemaet er obligatoriske, vurderer vi først om skjemaet inneheld tekstleg informasjon om at alle felt er obligatoriske.

Deretter vurderer vi om kvart enkelt skjemaelement har ein tekstleg identifikasjon i form av ledetekst, tekst på knapp eller instruksjon. Vi vurderer deretter om identifikasjonen:

  • er visuelt plassert i eller rett ved skjemaelementet og
  • om den alltid er synleg når skjemaelementet er i fokus

Dersom eit skjemaelement har ein visuell identifikasjon i form av ikon, symbol eller bilde, vurderer vi følgande:

  • Er ikonet/symbolet/bildet visuelt plassert i eller rett ved skjemaelementet?
  • Er ikonet/symbolet/bildet alltid synleg når skjemaelementet er i fokus?
  • Finst det informasjon om ikonet/symbolet/bildet i koden som set brukaren i stand til å identifisere skjemaelementet?

Dersom skjemaelementet krev inndata i eit særskilt format, vurderer vi om ledeteksten og/eller instruksjonen spesifiserer kva format inndata skal ha.

Dersom eit skjemaelement er obligatorisk, vurderer vi følgande:

  • Inneheld ledeteksten tekstleg informasjon om at skjemaelementet er obligatorisk?
  • Inneheld ledeteksten eit symbol/ikon som indikerer at skjemaelementet er obligatorisk?
  • Er symbolet tekstleg forklart?
  • Er forklaringa av symbolet plassert før merkinga er teken i bruk første gong?

Kva skal til for at kravet er oppfylt

For alle skjemaelement er det krav om at:

  • Dei har ein visuell identifikasjon i form av ledetekst, instruksjon eller ikon/symbol/bilde.
  • Identifikasjonen er visuelt plassert i eller rett ved skjemaelementa.
  • Identifikasjonen er alltid synleg når skjemaelementa er i fokus.
  • Ikon/symbol/bilete er identifisert i koden.

For skjemaelement som krev særskilt dataformat, skal brukaren få informasjon om dataformatet.

Brukaren skal få informasjon om at skjemaelement er obligatoriske. Eventuell merking med symbol skal vere forklart før det blir teke i bruk. Dersom skjemaet berre inneheld eitt felt, er det ikkje krav om at feltet er merka som obligatorisk.

Kjelder

Publisert: 06. jul 2017, Sist endret: 20. aug 2018

Kommentarer

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.