Indikator 3.3.3 a Inndatafeil som blir oppdaga automatisk, får forslag til retting

Indikatoren testar skjemaelement der inndatafeil blir oppdaga automatisk.

Publisert: 06. jul 2017, Sist endret: 20. aug 2018

Korleis testar vi

Vi identifiserer skjemaelement der inndatafeil blir oppdaga automatisk, ved å sende inn skjema der vi har fylt inn data i feil format eller lagt inn feil verdi.

Dersom dette ikkje er mogleg, undersøker vi om informasjonen vi har fylt inn fortsatt ligg i skjema, og om vi får vi ei feilmelding i form av tekst som gir tilstrekkeleg informasjon om korleis feilen kan rettast.

Dersom ovannemnte ikkje er oppfylt, vurderer vi om det finst andre moglege forslag til korleis feilen kan rettast.

Kva skal til for at kravet er oppfylt

For alle skjemaelementa der inndatafeil blir oppdaga automatisk, får brukaren eit forslag som gir tilstrekkeleg informasjon om korleis feil kan rettast. 

Kravet gjeld ikkje dersom:

  • Det ikkje finst eksakte eller kjente måtar å rette feilen på, for eksempel stavemåte, korleis ein skal skrive eit namn og liknande
  • Inndata er knytt til sikkerheit, for eksempel passord
  • Forslag til retting undergrev formålet, for eksempel svar i ein quiz.

Kjelder

Kommentarer

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.