Indikator 3.3.4 b Brukaren kan bekrefte eller angre sletting av lagra informasjon

Indikatoren testar skjema som slettar brukarstyrte data i datalagringssystem.

Korleis testar vi

Vi prøver å slette informasjon som ligg i datalagringssystem, og undersøker følgande:

  • Er det ein eigen mekanisme for å bekrefte at du har til hensikt å slette informasjonen?
  • Er mekanismen separat frå knappen for å gjennomføre sletting?
  • Er det mogleg å slette informasjonen utan å krysse av/velge mekanismen?

Deretter gjennomfører vi sletting av informasjonen, og undersøker om det finst ein mekanisme for å angre sletting. Dersom dette finst, angrar vi slettinga og undersøker om informasjonen blei oppretta på ny.

Kva skal til for at kravet er oppfylt

Kravet kan oppfyllast på fleire måtar. Det skal vere mogleg å anten bekrefte sletting, eller angre etter sletting av lagra informasjon frå skjema med viktig formål. Ein av følgande må vere oppfylt:

  • Før sletting får brukaren krav om å stadfeste at ein har til føremål å slette informasjonen.
  • Etter innsending let det seg gjere å angre slettinga.

Kjelder

Publisert: 17. jul 2017, Sist endret: 20. aug 2018

Kommentarer

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.