Indikator 3.3.4 a Brukaren kan kontrollere og endre informasjon, eller angre innsending av skjema med viktig formål

Indikatoren testar skjema i følgjande kategoriar: Skjema som medfører juridiske og/eller økonomiske plikter for brukaren, skjema som endrar eller slettar brukarstyrte data i datalagringssystem og skjema som sender svar på testar utført av brukaren.

Publisert: 17. jul 2017, Sist endret: 20. aug 2018

Korleis testar vi

Vi fyller ut skjema med reelle testdata, og undersøker følgande:

  • Får vi ei oppmoding om å gjennomgå inndata i skjemaet før innsending?
  • Er det mogleg å gjennomgå og endre alle inndata i skjemaet før innsending?
  • Finst det ein mekanisme for å bekrefte at ein har lese gjennom informasjonen, og er klar til å sende inn skjemaet?
  • Er mekanismen separat frå knappen for å sende inn skjemaet?
  • Er det mogleg å sende inn skjemaet utan å krysse av/velge mekanismen?

Deretter sender vi inn skjemaet, og undersøker om vi får beskjed om korleis vi kan endre eller angre innsendinga. Dersom det er mogleg å angre innsending av skjema, undersøker vi om denne mekanismen eller prosessen fungerer.

Kva skal til for at kravet er oppfylt

Kravet kan oppfyllast på fleire måtar. Det skal vere mogleg å anten gjennomgå og endre før innsending, eller angre etter innsending av skjema med viktig formål. Ein av følgande må vere oppfylt:

  1. Før innsending får brukaren
    • oppfordring om å gjennomgå informasjonen dei har lagt inn i skjemaet
    • moglegheit til endre all informasjon før innsending og
    • krav om å bekrefte at informasjonen er korrekt
  2. Etter innsending
    • får brukaren beskjed om korleis dei kan angre innsending av skjemaet og
    • det let seg gjere å angre innsendinga

Kjelder

Kommentarer

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.