Indikator 4.1.1 a Koden inneheld ikkje syntaksfeil

Indikatoren testar innhald som er implementert med oppmerkingsspråk, det vil seie alt innhald på nettsida. Vi testar nettsider som er koda i (X)HTML.

Last ned Indikator 4.1.1a
Excel Macro Workbook (xlsm)

Korleis testar vi

Vi validerer nettsida med W3C sin kodevalidator.

Vi registrerer om nettsida har valideringsfeil av følgande type:

  • feil nøsting av element
  • element som ikkje er avslutta korrekt
  • element som har same attributt fleire gonger og
  • ID-ar som ikkje er unike

Vi registrerer også om sida har ein «fatal error». Dette gjer at validatoren stoppar opp, og ikkje får til å validere resten av koden på nettsida. "Fatal Error" kan for eksempel oppstå på grunn av script. Syntaksfeil som ligg etter ein "Fatal Error", vert ikkje registrerte.

Kva skal til for at kravet er oppfylt

Nettsida får ikkje "Fatal Error" ved validering, og inneheld ikkje syntaksfeil av følgjande type:

  • feil nøsting av element
  • element som ikkje er avslutta korrekt
  • element som har same attributt fleire gonger
  • element som har ID-ar som ikkje er unike

Kjelder

Publisert: 17. jul 2017, Sist endret: 18. sep 2017

Kommentarer

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.