Indikator 4.1.2 b Knappar er identifiserte i koden

Indikatoren testar knappar på nettsider. Knappar blir brukte for eksempel til å aktivere ein funksjon eller sende inn skjema. Vi testar også knappar som består av bilde, og knappar som er koda som lenke, div, span eller annan koding.

Korleis testar vi

Vi undersøker først om knappen har ledetekst som er koda på ein av følgjande måtar:

  • med attributtet "aria-label"
  • med attributtet "aria-labelledby", og om dette er kopla til annan tekst på sida (lenkekontekst)
  • med eit <button>-element, som det er tekst i
  • med eit <input>-element, og vidare om knappen:
    • er koda som <input type="image">
    • har eit alt-attributt
    • har eit value-attributt eller
    • er koda som <input type="reset"> eller <input type="submit">
  • som <a>, <div>, <span> eller anna HTML-element som det er tekst i, og har attributtet role="button".
  • knappen er kopla til eit <label>-element i koden
  • knappen ligg inne i eit <label>-element i koden
  • med eit title-attributt

Dersom knappen er koda på ein av dei ovannemnde måtane, vurderer vi om ledeteksten identifiserer funksjonen til knappen.

Kva skal til for at kravet er oppfylt

Knappar er kopla til ein ledetekst i koden. Dette kan gjerast på fleire måtar. Ledeteksten identifiserer funksjonen til knappen.

Knappar som ikkje er koda med standardelementa <input> eller <button> i HTML, skal ha attributtet role="button".

Kjelder

Publisert: 17. jul 2017, Sist endret: 20. aug 2018

Kommentarer

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.