Indikator 4.1.2 a Skjemaelement er identifiserte i koden
Indikatoren testar skjemaelement på nettsider, som for eksempel avkryssingsboks, radioknapp, tekstfelt eller nedtrekksliste.
Korleis testar vi
Vi undersøker korleis skjemaelement er koda, og sjekkar om skjemaelement har ledetekst koda på ein av følgande måtar:
- med attributtet "aria-label"
- med attributtet "aria-labelledby", og at denne er kopla til annan tekst på sida
- kopla til eit <label>-element i koden
- ligg inne i eit <label>-element i koden eller
- med eit title-attributt
Deretter vurderer vi om ledeteksten identifiserer skjemaelementet, og om skjemaelementet må vere kopla til ein annan ledetekst for å gi meining.
Dersom skjemaelementet høyrer til ei gruppe av skjemaelement, undersøker vi vidare om det er gitt ledetekst til gruppa på ein av følgande to måtar:
- Bruk av <fieldset> og <legend>
- Ligg skjemaelementet inne i eit <fieldset>-element?
- Ligg det eit <legend>-element inne i eit <fieldset>-elementet?
- Er <legend> det første elementet som ligg inne i <fieldset>?
- Blir skjemaelementet identifisert av innhaldet i <legend> saman med skjemaelementet sin ledetekst?
- Bruk av WAI-ARIA
- Ligg skjemaelementet inne i eit anna element med attributtet role="group"?
- Har dette elementet attributtet "aria-label"?
- Har dette elementet attributtet "aria-labelledby", og er dette kopla til annan tekst på sida (lenkekontekst)?
- Blir skjemaelementet identifisert av innhaldet i dette aria-attributtet saman med skjemaelementet sin ledetekst?
Kva skal til for at kravet er oppfylt
Skjemaelement er kopla til ein ledetekst i koden. Dette kan gjerast på fleire måtar. Ledeteksten identifiserer skjemaelementet.
Dersom skjemaelementet høyrer til ei gruppe, er det i tillegg kopla til ein ledetekst som gjeld for gruppa. Ledeteksten identifiserer gruppa.
Kjelder
- Forstå suksesskriterium 4.1.2 (W3C, engelsk)
- G108: Using markup features to expose the name and role, allow user-settable properties to be directly set, and provide notification of changes (W3C, engelsk)
- H44: Using label elements to associate text labels with form controls (W3C, engelsk)
- H65: Using the title attribute to identify form controls when the label element cannot be used (W3C, engelsk)
- H71: Providing a description for groups of form controls using fieldset and legend elements (W3C, engelsk)
- H91: Using HTML form controls and links (W3C, engelsk)
- ARIA14: Using aria-label to provide an invisible label where a visible label cannot be used (W3C, engelsk)
- ARIA16: Using aria-labelledby to provide a name for user interface controls (W3C, engelsk)
- ARIA17: Using grouping roles to identify related form controls (W3C, engelsk)
- F68: Failure of Success Criterion 4.1.2 due to a user interface control not having a programmatically determined name (W3C, engelsk)
- F86: Failure of Success Criterion 4.1.2 due to not providing names for each part of a multi-part form field, such as a US telephone number (W3C, engelsk)
Kommentarer
Skriv ny kommentar
* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.