Om indikatorane for universell utforming av nettløysingar

Tilsynet sine indikatorar for evaluering av nettløysingar, bygger på tilsynet si tolkning av WCAG 2.0 og gir gyldige og pålitelege målingar.

Publisert: 25. aug 2017, Sist endra: 18. okt 2018

Kva er ein indikator?

Ordet indikator kjem frå verbet «å indikere» som betyr «å angi», «å antyde» eller tilsvarande. 

Indikatorar brukar vi for å få informasjon om tilhøve som ikkje er direkte målbare, eller som er for kostbare eller kompliserte å måle direkte. Dette er tilfelle for universell utforming av nettsider.

Kvifor har vi indikatorar?

Vi kan ikkje lese direkte ut av ei nettside om ho er utforma i samsvar med krava i standarden WCAG 2.0. Difor treng vi indikatorar som gir oss «indikasjonar» om i kva grad krava til universell utforming er ivaretekne.

Krava i regelverket er omfattande og komplekse, og famnar om alt frå detaljerte tekniske krav til kode og struktur, til meir skjønnsmessige krav til formulering av lenker, feilmeldingar, ledetekstar og overskrifter.

Ved hjelp av indikatorane er krava tolka og beskrivne slik at dei er målbare. Ved å bruke indikatorane, får vi test- eller måleresultat for kvart enkelt suksesskriterium. Ved å sette saman informasjon eller testresultat frå fleire eller alle indikatorane, får vi informasjon om ei nettløysing er utforma i samsvar med regelverket.

Indikatorar skal vere dokumenterte

Indikatorane skal så langt råd er gi same resultat sjølv om det er ulike personar som gjennomfører testar. Det skal vere tydeleg kva innhaldstypar, funksjonalitet og strukturelle element som skal vurderast i kvar enkelt indikator. Det skal vere tydeleg kva som skal til å oppfylle kvart enkelt krav.

Målemetodar og standardiserte testresultat skal sikre at vi både kan samanstille testresultat for å gjere ei samla vurdering av ein nettstad, og samtidig generere statistikk som gir informasjon om mange nettstader.

På denne måten har tilsynet utvikla målemetodar for universell utforming av nettløysingar, som vert brukte både ved tilsyn og statusmålingar.

Indikatorane kan også brukast av verksemder som vil evaluere eigne løysingar eller skal anskaffe nye. Også leverandørar av nettbaserte IKT-løysingar kan bruke indikatorsettet for å vurdere om løysingane dei utviklar er i samsvar med krava i regelverket.

Indikatorane for web finn du her.

Sharethis