Rettleiing i bruk av indikatorreknearka

Indikatorane er fordelt på 50 Excel-filer. Bruk av indikatorane føreset kjennskap til WCAG 2.0, HTML og rekneark.

Publisert: 14. sep 2017, Sist endra: 18. sep 2017

Reknearka består av fleire faner.

  • Registrering: Inneheld testprosedyre, hjelpetekstar og registreringsskjema. Når du skal teste ei nettside, følger du dei stegvise instruksjonane og fyller inn data i registreringscellene.
  • Data: Her blir data du registrerte, lagra fortløpande. Du får oversikt over kva du har testa, om innhaldet du har testa er i samsvar med kravet i WCAG og kva standardisert utfall som var resultatet frå testen.
  • Utfall: Inneheld oversikt over alle moglege utfall som testen kan ha, og ei oversikt over kva registreringar som gir kva utfall.

Aktiver automatikk

Når du skal teste, er det er viktig at du klikkar på knappen "Aktiver innhald" for å aktivere automatikken i reknearket.

Reknearka er lagra i filformatet .xlsm, som er makroaktiverte rekneark. I reknearka har vi laga kode, eller makroar, som lagrar testresultat og gjer om registreringar i test til standardiserte og førehandsdefinerte utfall.

Test ei nettside

Tesprosedyren finn du i fana "Registrering" i reknearket.

Toppen av fana inneheld informasjon om kva suksesskriterium i WCAG 2.0 som blir testa og ei oppsummering av kva som skal til for å oppnå samsvar med kravet. Her finn du også dato for når indikatoren blei sist oppdatert av Difi.

Fana består av følgande kolonnar:

  • Steg: Nummerert steg i testprosedyren.
  • Instruksjon: Informasjon om gjennomføring av test, eller spørsmål du skal svare på som del av testprosedyren. Svaret skriv du i kolonna Dataregistrering.
  • Hjelp: Utfyllande informasjon, med eksempel, hjelp og tips til korleis du skal teste.
  • Dataregistrering: Her skal du skrive inn svar på spørsmål, eller annan informasjon du fekk beskjed om i kolonna Instruksjon.
  • Kjelde: Teknikkar i WCAG som indikatoren bygger på.

Testen er delt i fleire fasar, der du skal

  • førebu test og registrere kva nettlesar du testar med
  • finne innhald på nettsida som skal testast
  • teste om innhaldet du fann, er i samsvar med kravet

I nokre indikatorar er det nok å gå gjennom testprosedyren ein gong for kvar nettside. Andre indikatorar krev at du går gjennom testprosedyren for kvart enkeltelement.

Avhengig av kva informasjon du skriv inn, skal du nokre gonger hoppe over steg i testprosedyren. Då får du instruksjon om kva steg du skal gå til. Samtidig blir registreringscellene gråa ut, for å vise at du ikkje treng å skrive inn informasjon.

Lagre resultat frå test

Når du har gått gjennom testprosedyren, trykker du på knappen "Legg til data" for å lagre testresultat.

Testresultatet blir lagra i fana "Data".

Knappen "Legg til data" lagrar ikkje sjølve reknearket. Dette må du gjere i tillegg.

Få oversikt over testresultat

I fana "Data" finn du oversikt over alle testresultat og ei oppsummering av kor mykje innhald du har testa.

All informasjon om innhaldet du har testa, blir lagra i resultattabellen. Innhaldet du har testa er kalla testobjekt. Kvart testobjekt får sin unike ID.

Her får du også beskjed om testobjektet er i samsvar med kravet og kva som vart utfallet av testen. Ei oversikt over alle moglege utfall, og kva registreringar som gir kva utfall, finn du i fana "Utfall".

Treng du meir hjelp med rekneark?

Sjå hurtigstartveiledning for Excel 2013 (Microsoft).

Fant du det du lette etter?

Stjerne(*) er obligatoriske felter som du må fylle ut for å sende skjemaet. 

MERK: Du får ikke svar på denne meldingen. Har du spørsmål du ønsker svar på send oss en e-post til uu@difi.no.

Fant du det du lette etter?
*