Sosiale medium og universell utforming

Tenk over om du når ut med informasjonen til alle. Passar du på det, er det ikkje noko i vegen for å bruke Facebook eller andre sosiale medium som eit supplement.

Publisert: 15. mar 2016, Sist endret: 02. jul 2020

Summen av kanalane du brukar skal gi lik tilgang til informasjon for alle. Det kan gjere det enklare å spreie bodskapen til fleire brukarar og generere meir trafikk til heimesida di.

Unngå å legge innhald eksklusivt på Facebook

Du bør bruke fleire kanalar for å nå flest mogleg brukarar – ikkje legg innhald eksklusivt på ein type sosialt medium, som for eksempel Facebook.

Når du skal legge ut informasjon, tenk etter: 

  • Kva vil eg kommunisere?
  • Kven er målgruppa?
  • Kva kanal er rett for denne målgruppa?
  • Får alle tilgang til det eg legg ut?

Slik sikrar du at du når alle i målgruppa di

  • Bruk eigne nettsider som hovudkanal, suppler med andre kanalar.
  • Bruk sosiale medium til å spreie informasjon og generere meir trafikk til hovudsida.
  • Bruk fleire kanalar for å nå flest mogleg brukarar – ikkje legg innhald eksklusivt på éin type sosialt medium.
  • Legg eventuelt til rette for at ein diskusjon som startar i sosiale medium også kan vere synleg på nettsida – for eksempel ved embedding.
  • Vurder også samla ekstern kommunikasjon på ei eiga side på hovudsida. Det kan vere på ei underside, ikkje framsida. Slik vil brukarar av hovudsida også sjå kva som skjer i andre kanalar, og du kan slik flytte samfunnsdebatten inn til hovudsida.

Når du publiserer

  • Vurder publikummet ditt. Kven skal du nå fram til? Bruk rett kanal deretter.
  • Bruk eit klart og tydeleg språk.
  • Tenk på alt-tekst til bilde slik at dei som ikkje ser, kan få lese opp kva bildet viser. Eksempel: På Facebook legg du til alt-tekst ved å klikke på bildet, gå til «Alternativ» og velg «Endre alternativ tekst». Her vil du sjå ein automatisk generert alternativ tekst. Denne kan for eksempel seie «Dame, tre, hus». Du kan overstyre denne og skrive inn ein meir beskrivande tekst. Eksempel: «Erna Solberg på besøk på Norway Cup».
  • Unngå bilde av tekst. Unngå å publisere tabellar og liknande der informasjonen er skriven inne i bildet. Skriv heller informasjonen i kommentarfeltet, eller gjengi same informasjon som på bildet i kommentarfeltet.
  • Tekste video som er førehandsinnspelt. På Facebook kan du legge ved tekst til videoar du publiserer.
  • Dersom du laster opp eller lenker til elektroniske dokument som PDF, må du først gjere dei til tilgjengelege dokument

Deldette

Kom i gang med uu