Kva seier forskrifta?

Det er fleire faktorar som avgjer kven som skal følgje reglane og kva for løysingar reglane gjeld for.

Kven skal følge reglane

Både private og offentlege verksemder, lag og organisasjonar må følgje regelverket. For at reglane skal gjelde, må verksemda ha ein nettstad, applikasjon eller automat (IKT-løysing) som

Dersom du kan svare ja på alle desse punkta, gjeld reglane for di verksemd.

Reglane gjeld uansett kor mange tilsette verksemda har, kva omsetnad eller organisasjonsform den har. Den øvste leiaren har ansvaret for at verksemda følgjer reglane om universell utforming av IKT.

Skule- og utdanningssektoren

I juni 2017 blei det bestemt at skule- og utdanningssektoren skal vera omfatta av regelverket. 

Krava gjeld for alle typar nettløysingar retta mot foreldre, elevar og studentar. Døme er nettsider, appar, læringsplattformar og digitale læremiddel. Sjølvbeteningsautomatar er også omfatta.

Regelendringa trer i kraft 1. januar 2018, med ei innføringstid på 1 år. Krava gjeld IKT-løysingar i grunnskule, vidaregåande skule og høgare utdanning frå 1. januar 2019.

For å gjera mellom anna denne regelendringa synleg, blir både lova og forskrifta oppdatert ved årsskiftet.

Sjå også:

Under forklarar vi nærmare kva typar IKT-løysingar som er omfatta, kva som er meint med allmenta/allmenheten, hovudløysing og ny IKT.  

IKT-løysingar som er omfatta

Forskrifta avgrensar IKT til å vere nettløysingar og sjølvbeteningsautomatar. Dette er IKT-løysingar med svært mange brukarar, og tilgjengelegheit er difor avgjerande for å sikra likeverdig samfunnsdeltaking.

Nettløysingar

Alle typar nettstader, også Facebook og andre sosiale medium, er nettløysingar. Mange applikasjonar til nettbrett og mobil er også omfatta. Kva eining nettløysinga blir opna på, kodespråk eller operativsystem har ikkje noko å seie.

Tre kriterium må vere oppfylt for at IKT-løysinga er ei nettløysing etter forskrifta:

Nettløsning:

  • Formidling av informasjon eller tjeneste som er tilgjengelig i nettleser eller tilsvarende
  • Tilgjengelig via en URI (Uniform Resource Identifier)
  • Benytter http-protokollen (Hypertext Transfer Protocol) eller tilsvarende for å tilgjengeliggjøre innhold

Applikasjonar (app)

Mange applikasjonar er omfatta av regelverket. Det er krav til universell utforming dersom applikasjonen må lasta ned oppdatert informasjon over internett for å fungera. Slike applikasjonar er nettløysingar. Døme er mobilbank, ruteplanleggar, vérmelding og kjøp av billettar.

Applikasjonar er programvare som er laga for å køyre på smarttelefonar, nettbrett og andre mobile einingar. Applikasjonar er utbreidd, og vert i stadig større utstrekning brukt som eit supplement eller erstatning for tradisjonelle nettstader. 

Domene

Reglane omfattar alle typar domene, til dømes virksomhet.no, virksomhet.net, virksomhet.com, så lenge nettstaden er retta mot allmenta i Norge.

Utanlandsk server

Det betyr ikkje noko at nettstaden til verksemda ligg på ein server i utlandet, så lenge nettstaden faktisk er retta mot allmenta i Norge.

Automatar

Ein automat legg til rette for sjølvbetening. Det finst mange ulike automatar, til dømes minibank, billettautomat, innsjekkingsautomat på flyplass og betalingsterminalar.

I forskrifta er automat definert slik:

Automat: Maskin eller annen innretning som brukeren opererer alene for å kjøpe en vare eller få utført en tjeneste.

Automatar skal minst utformast i samsvar med ti utvalde standardar, som du finn under krav til automater.

Unntak for IKT-løysingar i arbeidslivet 

IKT-løysingar i arbeidslivet er ikkje omfatta av krava. Eit system du berre har tilgang til som tilsett i verksemda, er verksemdsinternt. Døme på dette er

  • saksbehandlingssystem
  • publiseringsløysing
  • system for tidsregistrering og reiserekningar
  • intranett

Kva betyr allmenta?

Dei fleste nettstader, applikasjonar og automatar er retta mot allmenta/allmenheten.

IKT-løysinga treng ikkje å rette seg mot alle innbyggjarar for å vere omfatta av regelverket. Døme på verksemder som er retta mot allmenta er nettaviser, nettbutikkar, tog og taxi, bankar- og finansinstitusjonar, offentlege etatar, hotell, restaurantar- og serveringsstader, advokatfirma, røyrleggjarar, arkitektar, idrettslag og organisasjonar.

Omgrepet allmenta brukar vi vanlegvis om det som er ope for eller kan brukast av alle innbyggarar. Det betyr at forskrifta ikkje gjeld vår private sfære eller i arbeidslivet. 

Avgrensa målgruppe eller B2B

Sjølv om verksemda rettar seg mot bestemte mål- eller kundegrupper, vil det likevel definerast som allmenta, så lenge den er ei stor, ubestemd gruppe av personar.

Det gjeld også dersom kundane er andre bedrifter/næringsdrivande (B2B).

Logg inn og registrering

Ein nettstad er retta mot allmenta, også dersom det er nødvendig å logga seg inn, den krev medlemskap, registrering eller eit kundeforhold. Til dømes skal nettbanken til bankar følgje krava, sjølv om bruk føreset både eit kundeforhold i banken og logg inn.

Sider og profilar på sosiale medium

Verksemder sine sider og profilar på sosiale medium er vanlegvis omfatta av krava til universell utforming, fordi dei er retta mot allmenta.

Krava gjeld ikkje for privatpersoner sine heimesider eller profilar på sosiale medium. Desse sidene er ikkje retta mot allmenta, men reknast som private. 

Kva er ei hovudløysing?

Det er eit krav at IKT-løysinga er ei hovudløysing, i tillegg til at den er retta mot allmenta. Dersom den ikkje er ei hovudløysing, gjeld heller ikkje krava til universell utforming.

I forskrifta er omgrepet hovudløysing definert slik:

IKT-løsninger som er en integrert del av den måten virksomheten informerer og tilbyr sine tjenester til allmennheten på og som er knyttet til virksomhetens alminnelige funksjon.

Alminneleg funksjon

Eit hotell sin alminnelige funksjon er å tilby overnatting mot betaling. Nettstaden med informasjon om hotellet og moglegheit for rombestilling er ei hovudløysing. Tilsvarande gjeld for hotellet si side på Facebook, fordi sida er ein kanal hotellet brukar for å nå ut med informasjon og tenester til kundane.

Mange brukarar

For å vurdere om ei IKT-løysing er ei hovudløysing for verksemda, legg vi vekt på:

  • Tal brukarar 
  • Betydning for samfunnsdeltaking

Internett er ein viktig digital samfunnsarena, og det er berre i heilt spesielle tilfelle at vi kan kome til at nettstaden til ei verksemd ikkje er ei hovudløysing mot publikum og kundar. Det same gjeld for ulike typar automatar som publikum og kundar brukar til å betala for varer, kjøpa billettar eller liknande.

Ei verksemd kan ha fleire hovudløysingar som alle må vere universelt utforma. Ein bank kan til dømes ha desse hovudløysingane

  • Nettstad
  • Minibankar
  • Betalingsterminalar
  • Applikasjon for mobil/nettbrett
  • Fysisk lokale/skranke

Verksemder med fysisk lokale

Mange verksemder har både ein nettstad, gjerne med nettbutikk, og eit eller fleire fysiske lokale, der verksemda tilbyr informasjon og tenester til allmenta.

Vanlegvis er både det fysiske lokalet og nettstaden hovudløysingar for verksemda. Det betyr at nettstaden må vere universelt utforma. Det er ikkje eit krav om nettbutikk for at nettstaden skal vere ei hovudløysing.

Tredjeparts IKT-løysingar

Verksemda har ansvaret for å følgje reglane, sjølv om verksemda brukar tenester frå ein tredjepart for å gi informasjon og tilby tenester til allmenta.

Leverandørens ansvar

Det er verksemda som brukar IKT-løysingar i sin kontakt med innbyggjarar og kundar, som må sørgje for at reglane vert følgde. Tilsynet får ofte spørsmål om ulike leverandørar sitt ansvar for at tenesta/produktet dei leverer til verksemda er i samsvar med krava til universell utforming av IKT.

Svaret er at ansvaret til leverandøren er regulert av avtalen som er inngått mellom partane. Dersom tilsynet under ein inspeksjon av til dømes nettstaden til ein kommune avdekkar feil med skjemaløysinga, som er levert av ein tredjepart, er kommunen ansvarleg for at feil blir retta. Med grunnlag i avtalen må kommunen og leverandøren deretter verta einige om kven som gjennomfører retting i praksis og dekkar kostnadane ved dette. Difor er det viktig at verksemdene stiller krav om samsvar i avtalen, og at den også inneheld føresegner om misleghald og erstatning.

Når det er sagt, er det i leverandørens interesse å levera tenester/produkt som oppfyller krava. Det vil lønna seg for leverandøren å kunne tilby universelt utforma IKT-løysingar. Alle kundar som skal ha nye løysingar eller oppdatera eksiseterande løysingar vil etterspørje universell utforming, anten det dreier seg om heile nettstaden eller funksjonar på nettstaden som skjema eller betalingsløysing.

Difi kan ikkje føra tilsyn med leverandørleddet, men har dialogmøter og rettleiing med viktige aktørar for å auka kjennskapen til reglane.

Tidsfristar - Ny og eksisterande IKT

Nye IKT-løysingar skal vere universelt utforma frå 1. juli 2014.

Alle IKT-løysingar, inkludert eksisterande, skal vere universelt utforma innan 1. januar 2021. Bakgrunnen for tidsfristane er at verksemdene skal ha tid til å tilpasse seg krava.

Kva er ei ny IKT-løysing?

Nettstader, applikasjonar og automatar som er eigenutvikla eller kjøpt 1. juli 2014 eller seinare, er alltid ny IKT. Det avgjerande er dato på intern kravspesifikasjon (eigenutvikla) eller dato for kontraktsignering (kjøpt).

Kva er ei eksisterande IKT-løysing?

Nettstader, applikasjonar og automatar som er eigenutvikla eller kjøpt før 1. juli 2014 er eksisterande IKT.  Det avgjerande er dato på intern kravspesifikasjon (eigenutvikla) eller dato for kontraktsignering (kjøpt).

Kva endringar kan gjera løysinga til ny IKT?

Endringar av ei eksisterande IKT-løysing etter 1. juli 2014, kan føre til at den blir vurdert som ny IKT.

Spørsmålet om kva som er ny IKT, må avgjerast etter ei konkret totalvurdering av kvar enkelt IKT-løysing. Vurderinga vil legga vekt på om endringane verkar inn på grensesnittet mot sluttbrukaren, og kor store endringar som er gjort.

Nye funksjonar eller større endringar i struktur eller design, er døme på endringar som tilseier at IKT-løysinga blir ny. Dette gjeld særleg dersom endringane er relatert til viktige brukaroppgåver eller gjennomgåande elmenet og funksjonar som er felles for heile IKT-løysinga.

For nettløysingar er det viktig at verksemda følgjer minstekrava for all nyutvikling. Dette gjeld spesielt for nettløysingar som blir vidareutvikla løpande, med høg endringstakt. Tilsynet vurderer heile nettløysinga, ikkje enkeltside for enkeltside. Grunnen er at vurderinga av ny IKT akkumulerer små og store endringar over tid, som har skjedd etter 1. juli 2014.

Dette inneber at dagens nettløysingar i stor grad vil bli omfatta av reglane før den ytre fristen for eksisterande IKT, 1. januar 2021.

For automatar er det enklare å trekka grensa mellom ny og eksisterande IKT. Automatar kan, og blir i mindre grad, endra etter at dei er utvikla/kjøpt og tatt i bruk.

Likevel kan ein eksisterande automat unntaksvis bli vurdert som ny, dersom det blir gjort vesentlege endringar. Dette kan vera oppgraderingar av brukargrensesnitt/dialog eller utskifting av viktige fysiske delar av automaten.

Forskrifta viser til følgjande moment:

  • Total utskifting av teknisk løysing
  • Versjonsoppgradering
  • Utskifting eller større endring av kjeldekode
  • Større endring av utsjånad eller utforming
  • Gradvise, mindre endringar over tid som samla gir endringar som nemnt i punkta over

Skifte av publiseringsløysing

Skifte av publiseringsløysing, frå til dømes Episerver til Drupal, fører vanlegvis til at nettstaden blir ny IKT, fordi det ofte er nødvendig med endringar som får konsekvensar for sluttbrukaren.

Ny versjon av same publiseringsløysing

Det er ikkje automatikk i at oppgradering til ny versjon i same publiseringsløysing fører til endringar for sluttbrukaren. Dette er avhengig av kva oppgraderinga består i.

Publisert: 16. mar 2016, Sist endra: 18. sep 2017

Fant du det du lette etter?

Stjerne(*) er obligatoriske felter som du må fylle ut for å sende skjemaet. 

MERK: Du får ikke svar på denne meldingen. Har du spørsmål du ønsker svar på send oss en e-post til uu@difi.no.

Fant du det du lette etter?
*