Testprosedyrar for universell utforming av nettstader

Tilsynet sine metodar for å måle om nettstader er universelt utforma, bygger på ei dokumentert tolking av regelverket. Metodane for måling av universell utforming blir brukte både ved tilsyn og statusmålingar.

Publisert: 03. jul 2017, Sist endra: 10. nov 2020

Innhald

Tolking av WCAG 2.0 A og AA med testprosedyrar

Tilsynet har utarbeidd testprosedyrar for å måle samsvar eller brot med dei 35 suksesskriteria i WCAG 2.0, som utgjer dei obligatoriske krava etter forskrifta. Vi har tolka suksesskriteria i WCAG 2.0, nivå A og AA med vekt på følgande:

  • Formål med suksesskriteriet
  • Kva brukarføresetnader suksesskriteriet skal ta omsyn til
  • Presisering av suksesskriteriet og eventuelle unntak
  • Testreglar/testprosedyrar og kva som skal til for å oppnå samsvar med suksesskriteriet

Under finn du vår tolking med tilhøyrande testprosedyre for kvart suksesskriterium. Alle som vil kan bruke testprosedyrane til å kontrollere eiga løysing, eller til å verifisere når du skal anskaffe ny. Du kan også laste ned Excel-regneark med testprosedyrane og rettleiing til bruk. 

Suksesskriterium 1.1.1 Ikkje-tekstleg innhald

Formål med 1.1.1

Ikkje-tekstleg informasjon skal vere tilgjengeleg som tekst, slik at vi kan oppfatte den med ulike sansar, som for eksempel syn, høyrsel og taktil sansing. Vi kan dermed formidle informasjon i ei form som er tilpassa behova til brukarane. For eksempel kan ein person som ikkje kan sjå bilde, få lese opp eit tekstalternativ som formidlar innhaldet i bildet. På tilsvarande måte kan ein som ikkje kan høyre, lese eit tekstalternativ. Tekstalternativ skal også kunne gjerast tilgjengeleg via skjermlesar eller andre hjelpemiddel. I tillegg kan dei som av ulike andre årsaker har vanskar med å forstå bilde og illustrasjonar, få hjelp til å tolke informasjon ved hjelp av tekstalternativ som anten kan lesast eller bli lest opp.

Brukssituasjonar for 1.1.1

Suksesskriteriet skal i særleg grad ta omsyn til personar som har eller kan ha vanskar med å oppfatte visuelt innhald:

  • Svaksynte
  • Blinde
  • Døve
  • Nedsett høyrsel
  • Døvblinde
  • Nedsett kognisjon

Tekstlege beskrivingar av innhald i komplekse illustrasjonar er brukarvennleg for alle.

Tolking og presisering av 1.1.1

Kravet inneber at ikkje-tekstleg innhald skal ha tekstalternativ med same formål som det ikkje-tekstlege innhaldet. I ordlyden til suksesskriteriet er det lista ei rekke innhaldstypar og situasjonar der kravet inneber at tekstalternativet er nærare presisert for kvar enkelt situasjon, for eksempel CAPTCHA.

I operasjonalisering av kravet har vi lagt til grunn at følgande typar ikkje-tekstleg innhald er aktuelle å verifisere:

  • Ikkje-lenka bilde som er
    • pynt/dekor
    • sanseopplevingar/test
    • meiningsberande
    • komplekse som for eksempel organisasjonskart eller grafar.
  • Lenka bilde, det vil seie lenker som inneheld bilde.
  • Bilde som har eitt eller fleire klikkbare område.
  • CAPTCHA i form av bilde, lyd eller logisk oppgåve.

Formålet med dette er at vi vil unngå å teste eitt og same lenka bilde eller bilde med lenka område.

Skjemainstruksjonar i form av bilde fell inn under både suksesskriterium 1.1.1 og 3.3.2. Testregel for verifikasjon av slike bilde er knytt til suksesskriterium 3.3.2, slik at skjemainstruksjonar av denne typen blir testa meir heilskapleg.

Testreglar, innhaldstypar og krav til samsvar med 1.1.1

Testreglar for suksesskriterium 1.1.1:

  • 1.1.1a Bilde har tekstalternativ.
  • 1.1.1b Formål med lenka bilde går fram av lenketekst og/eller tekstalternativ.
  • 1.1.1c Formål med klikkbare område i bilde går fram av tekstalternativ.
  • 1.1.1d CAPTCHA har tekstalternativ og alternativ form.

I tabellen under gjer vi greie for kva innhald som er testa og kva som er definert som kriterium for at løysinga skal vere i samsvar med suksesskriteriet.

NrTestregelTestobjektKorleis oppnå samsvar med kravet
1.1.1aBilde har tekstalternativIkkje-lenka bilde som er pynt/dekor, sanseopplevingar, meiningsberande eller komplekse.

Bilde som er pynt er koda på en slik måte at dei ikkje er til støy.

Bilde som er ei sanseoppleving eller ein test har eit kort tekstalternativ som gir ein beskrivande identifikasjon.

Bilde som er meiningsberande har eit kort tekstalternativ som gir same informasjon som bildet.

Bilde som er komplekse har både et kort og eit utfyllande tekstalternativ som gir same informasjon som bildet.

1.1.1bFormål med lenka bilde går fram av lenketekst og/eller tekstalternativLenka bilde

Kravet kan oppfyllast på fleire måtar.

Informasjon om lenkemålet for eit lenka bilde går fram av eitt av følgande alternativ:

Lenketeksten.

Tekstalternativet til bildet.

Lenketeksten saman med tekstalternativet til bildet.

1.1.1cFormål med klikkbare område i bilde går fram av tekstalternativBilde med klikkbare områdeInformasjon om lenkemålet for klikkbare område i bilde går fram av tesktalternativet.
1.1.1dCAPTCHA har tekstalternativ og alternativ formCAPTCHA i form av bilde, lyd eller logisk oppgåve

Dersom det er brukt CAPTCHA med ikkje-tekstelg innhald, er følgande oppfylt:

Det finst minst to former for CAPTCHA, for eksempel i form av bilde, lyd eller tekst.

Ikkje-tekstleg innhald har eit tekstalternativ som identifiserer og beskriv formålet.

 Suksesskriterium 1.2.1 Berre lyd og berre video

Formål med 1.2.1

Informasjon som er formidla gjennom førehandsinnspelt lydspor eller videospor utan lyd, skal vere tilgjengeleg for alle brukarar. Alternativ til lyd og video skal vere utforma slik at informasjon er tilgjengeleg gjennom ulike sansemodalitetar (visuelt, auditivt, taktilt) tilpassa ulike brukarar sine behov. Alternativ skal vere utforma slik at det er tilgjengeleg også ved bruka av datahjelpemiddel.

For eksempel vil ein person med nedsett høyrsel få tilgang til informasjon formidla i video gjennom tekst eller transkripsjon av lyd. Ein person som er synshemma får tilgang til informasjon i form av lyd eller i taktilt format.   

Brukssituasjonar for 1.2.1

Kravet er utforma for å ta omsyn til personar som har problem med å oppfatte visuelt innhald og/eller lydinnhald:

  • Blinde
  • Svaksynte
  • Døve
  • Nedsett høyrsel
  • Døvblinde

Tolking og presisering av 1.2.1

Unntak for krav til alternativ til berre lyd og berre video er gjort greie for i teksten til suksesskriterium 1.2.1 og forståartikkelen til 1.2.1. Følgande er unntatt frå kravet:

  • Lyd og video som er meint som mediealternativ til tekst, og er tydeleg merka som dette (jf. suksesskriterium 1.2.1). For at eit mediealternativ skal vere tydeleg merka, må følgande vere oppfylt:
    • Det er presentert i direkte nærleik til ein tekst, og det ikkje er tvil om at det er eit mediealternativ til den aktuelle teksten.
    • Det ligg føre informasjon som viser at det er eit mediealternativ, for eksempel eit ikon som indikerer at det er ein mediespelar, eller ei lenke som for eksempel seier "lytt til teksten", og som er kopla opp til en nærliggande tekst.
  • Lydspor som er alternativ til video utan lyd (jf. forståartikkelen til 1.2.1).

Kravet gjeld alle lydklipp og videoklipp utan lyd, så sant desse ikkje er mediealternativ til tekst og tydeleg merka som det. Det er ikkje krav om at lyden/videoen skal vere meiningsberande.

Suksesskriteriet stiller krav om at det skal «gis tilgang til» eit alternativ for berre lyd og berre video. Dette inneber at det aktuelle alternativet skal være plassert visuelt nær elementet det skal erstatte, og det skal ikkje vere nødvendig å skrolle for å få auge på alternativet.

Forskrifta gjeld ikkje lydspor og videospor utan lyd, som fell inn under kringkastingslova, jf. forskrifta § 2 fjerde avsnitt.

Testreglar, innhaldstypar og krav til samsvar med 1.2.1

Testreglar for suksesskriterium 1.2.1:

  • 1.2.1a Førehandsinnspelt lyd har alternativ i form av tekst.
  • 1.2.1b Førehandsinnspelt video utan lyd har alternativ i form av tekst eller lyd.

I tabellen under gjer vi greie for kva innhald som er testa og kva som er definert som kriterium for at løysinga skal vere i samsvar med suksesskriteriet.

NrTestregelTestobjektKorleis oppnå samsvar med kravet
1.2.1aFørehandsinnspelt lyd har alternativ i form av tekst.Førehandsinnspelt lyd

Kravet kan oppfyllast på fleire måtar.

Førehandsinnspelt lyd, som ikkje er eit mediealternativ til tekst eller video, har alternativ i form av tekst.

Tekstalternative er:
Visuelt plassert nær lydklippet, eller kan nåast via ein mekanisme (lenke, knapp eller liknande) nær lydklippet.

I begge tilfelle er eit krav at tekstalternativet:
Er koda som tekst og formidlar det same hovudinnhaldet som lydklippet, i same rekkefølge.

Det er ikkje krav om eksakt attgiving av innhaldet, men at alt vesentleg innhald er teke med i rett rekkefølge.

1.2.1bFørehanddsinnspelt video utan lyd har alternativ i form av tekst eller lydFørehandsinnspelt video utan lyd

Kravet kan oppfyllast på fleire måtar.
Førehandsinnspelt video utan lyd, som ikkje er eit til tekst eller lyd har alternativ i form av tekst eller lyd.

Alternativ i form av tekst eller lyd er:
Visuelt plassert nær videoklippet, eller kan nåast via ein mekanisme (lenke, knapp eller liknande) nær videoklippet.
Formidlar det same hovudinnhaldet som videoklippet, i same rekkefølge.

Alternativ i form av lyd skal i tillegg:
Vere mogleg å spele av.

Alternativ i form av tekst skal i tillegg:
Vere koda som tekst.

Det er ikkje krav om eksakt attgiving av innhaldet, men at alt vesentleg innhald er teke med i rett rekkefølge.

Suksesskriterium 1.2.2 Teksting (førehandsinnspelt)

Formål med 1.2.2

Personar som er høyrselshemma eller døve skal få tilgang til synkroniserte mediepresentasjonar. Informasjon gitt i lydspor i video skal vere tilgjengeleg via tekst.

Brukssituasjonar for 1.2.2

Kravet er utforma for å ta omsyn til personar som har problem med å oppfatte lyd:

  • Døve
  • Nedsett høyrsel

Teksting av synkroniserte mediepresentasjonar kan også gi auka brukarvennlegheit for mange brukarar utan funksjonsnedsettingar, for eksempel i omgivnader med mykje støy.

Tolking og presisering av 1.2.2

Unntak for krav til alternativ til teksting er gjort greie for i teksten til suksesskriterium 1.2.2 og forståartikkelen til 1.2.2. Følgande er unntatt frå kravet:

  • Forhåndsinnspelt video med teksting som er meint som mediealternativ til tekst, og tydeleg merka som det, jf. formuleringa i suksesskriteriet.
  • For at eit mediealternativ skal vere tydeleg merka, må følgande vere oppfylt:
    • Det er presentert i direkte nærleik til ein tekst, og det ikkje er tvil om at det er eit mediealternativ til den aktuelle teksten.
    • Det ligg føre informasjon som viser at det er eit mediealternativ, for eksempel eit ikon som indikerer at det er ein mediespelar, eller ei lenke som for eksempel seier "lytt til teksten", og som er kopla opp til en nærliggande tekst.

Det er lydinnhald i synkroniserte mediepresentasjonar som skal tekstast. Dette gjeld lydeffektar som tilfører meining til innhaldet, og er viktige for å forstå innhaldet eller formidlar ein stemning.

Suksesskriteriet stiller krav om at det skal «gis tilgang til» teksting. Ut i frå definisjonen av teksting i WCAG inkluderer dette også tekstalternativ til tale og annan lydbasert informasjon som er nødvendig for å forstå medieinnhaldet. Tekstalternativet skal være plassert visuelt nær videoen. Dette inneber også at det ikkje skal vere naudsynt å skrolle for å få auge på alternativet.

Testreglar, innhaldstypar og krav til samsvar med 1.2.2

Testregel for suksesskriterium 1.2.2:

  • 1.2.2a Førehandsinnspelt video med lyd har teksting

I tabellen under gjer vi greie for kva innhald som er testa og kva som er definert som kriterium for at løysinga skal vere i samsvar med suksesskriteriet.

NrTestregelTestobjektKorleis oppnå samsvar med kravet
1.2.2aFørehandsinnspelt video med lyd har teksting.Førehandsinnspelt video med lyd

Kravet kan oppfyllast på fleire måtar.
Førehandsinnspelt video med lyd, som ikkje er eit mediealternativ til tekst, har alternativ i form av teksting eller tekstalternativ.

Teksting, som anten ligg fast (open teksting) eller som kan slåast på (skjult teksting) skal:
Formidle innhaldet i lyd og bilde.
Innhalde følgande element: Tale og dialog med markering av kven som snakkar, og lydinnhald som er viktig for å forstå videoen.
Vere visuelt synleg, men ikkje forstyrre viktig innhald i videoen.

Tekstalternativ, alternativ kan videoen ha eit tekstalternativ som er visuelt plassert nær videoklippet, eller kan nåast via ein mekanisme (lenke, knapp eller liknande).

Tekstalternativet skal:
Vere koda som tekst.
Formidle innhaldet i lyd og bilde og innehalde følgande element: Tale og dialog med markering av kven som snakkar og lydinnhald som er viktig for å forstå videoen.

Det er ikkje krav om eksakt attgiving av innhaldet, men at alt vesentleg innhald er teke med i rett rekkefølge.

Suksesskriterium 1.3.1 Informasjon og relasjonar

Formål med 1.3.1

Informasjon eller relasjonar som kan bli oppfatta av dei som kan sjå og/eller høyre, skal også skal vere tilgjengeleg for andre brukarar. For å gjere informasjonsinnhald i ulike innhaldstypar tilgjengeleg for alle, må innhaldstypane (som for eksempel overskrifter og tabellar) kodast i samsvar med den visuelle presentasjonen.

Sjåande brukarar kan oppfatte struktur og relasjonar gjennom visuelle hint, som for eksempel:

  • Overskrifter, som kan være i større eller feit skrift, skilt frå avsnittet under med eit linjeskift.
  • Listepunkt, som startar med eit kulepunkt eller liknande.
  • Tabellar for å organisere data i rader og kolonnar med overskrifter, for å vise ulike typar data.
  • Grupper av skjemaelement som deler same ledetekst.
  • Ord som har ulik status (for eksempel lenker og sitat) og er markerte med ulik skrifttype, understreking, feit skrift eller kursiv.
  • Lydsignal kan bli brukt for å vise struktur, for eksempel kan eit pling markere starten på eit nytt avsnitt eller ein del av innhaldet.

Ved å kode innhaldstypar på rett måte, blir dei tilgjengelege også for brukarar som ikkje kan sjå og/eller høyre.

Brukssituasjonar for 1.3.1

Suksesskriteriet skal ta omsyn til brukarar med ulike funksjonsnedsettingar ved å sikre at brukaragentar og datahjelpemiddel kan presenterer innhald tilpassa ulike brukarar sine behov:

  • Blinde
  • Døvblinde

Tolking og presisering av 1.3.1

Ordlyden i suksesskriteriet opnar for at formidling av informasjon, struktur og relasjonar anten kan bestemmast programmeringsmessig, eller gjerast gjeldande som tekst.

I nokre tilfelle vil det ikkje vere teknologisk mogleg å presentere informasjon eller relasjonar i andre format. I slike tilfelle skal informasjon, struktur og relasjonar forklarast i form av tekst. Forståartikkelen til suksesskriteriet framhevar likevel at dersom det er teknologisk mogleg å bestemme informasjonen og relasjonane programmeringsmessig, er dette tilrådd framfor å gjere informasjonen tilgjengeleg som tekst. Tilsynet si operasjonalisering av dette suksesskriteriet er avgrensa til å verifisere om informasjon, struktur og relasjonar er bestemt programmeringsmessig.

Suksesskriteriet gjeld for alle innhaldstypar, strukturelle element og relasjonar. I operasjonalisering av kravet, har tilsynet valt å innlemme følgande innhald i testreglane: Overskrifter, lister/kulepunkt, tabellar og skjemaelement/grupper av skjemaelement. For å unngå å teste eitt og same innhaldselement fleire gonger, som følge av at det er krav til same innhaldstypar i fleire suksesskriterium, er testreglar for koding av skjemaelement og grupper av skjemaelement, knytt til suksesskriterium 4.1.2. Dette suksesskriteriet stiller krav om at både namn og rolle til innhaldselement er bestemt programmeringsmessig. Det er derfor mest formålstenleg å teste koding av skjemaelement i tilknyting til suksesskriterium 4.1.2.

Innhaldstypar, strukturelle element og relasjonar som per no ikkje er mellom anna dekka i testreglane, er avsnitt, sitat og referansar, heva og senka skrift, tabellar brukt til layout, WAI-ARIA regionar og landemerke.

Testreglar, innhaldstypar og krav til samsvar med 1.3.1

Testreglar for suksesskriterium 1.3.1:

  • 1.3.1a Overskrifter er rett koda.
  • 1.3.1b Tabellar og overskriftsceller er rett koda.
  • 1.3.1c Lister er rett koda.

I tabellen under gjer vi greie for kva innhald som er testa og kva som er definert som kriterium for at løysinga skal vere i samsvar med suksesskriteriet.

NrTestregelTestobjektKorleis oppnå samsvar med kravet
1.3.1aOverskrifter er rett koda

Visuelle overskrifter

Hierarki av visuelle overskrifter

Visuelle overskrifter er koda som overskrift.

Overskrifter som inngår i eit visuelt overskriftshierarki, er koda med rett overskriftsnivå.

1.3.1bTabellar og overskriftsceller er rett kodaTabellar (informasjon som er strukturert i rader og kolonnar)Følgande innhald i tabellar er koda semantisk rett:
Tabelltittel.
Overskriftsceller.
Tabellar med overskrift i berre ei rad eller kolonne.
Overskriftsceller i tabellar med overskrifter både på kolonne og rad.
Overskriftsceller i tabellar med overskrifter på fleire rader og/eller kolonnar inne i tabellen.
1.3.1cLister er rett kodaVisuelle lister (gruppert informasjon, markert med for eksempel kulepunkt eller tal)Visuelle lister er koda på følgande måte:
Nummererte lister er koda som nummerert liste.
Unummererte lister er koda som unummerert liste.
Beskrivande lister (lister som har to nivå og gir utfyllande forklaringar) er koda som beskrivande lister.

Suksesskriterium 1.3.2 Meiningsfylt rekkefølge

Formål med 1.3.2

Skjermlesarar og andre hjelpemiddel skal kunne presentere innhald i same meiningsfulle rekkefølge som den visuelle presentasjonen på ei nettside. Innhald som ikkje blir presentert i ei logisk leserekkefølge, kan forvirre brukaren, og gjere innhaldet utilgjengeleg.

Brukssituasjonar for 1.3.2

Suksesskriteriet skal ta omsyn til brukarar som er avhengig av å få lese opp innhald på ei nettside ved hjelp av datahjelpemiddel:

  • Blinde
  • Svaksynte
  • Døvblinde

Tolking og presisering av 1.3.2

Den same meiningsfylte rekkefølga som innhaldet er presentert i på sida, skal ivaretakast ved opplesing. Det går fram av forståartikkelen til suksesskriteriet at ei rekkefølge er meiningsfull dersom rekkefølga på innhaldet ikkje kan endrast utan å endre meiningsinnhaldet. Semantikken til enkelte element definerer om innhaldet representerer ei meiningsfylt rekkefølge.

Eksempel på meiningsfylte rekkefølger er

  • innhald koda som tekst
  • innhald koda som tabell
  • innhald koda som nummerert liste

Unummererte lister blir ikkje rekna som er meiningsfylt rekkefølge.

Forståartikkelen presiserer elles følgande:

  • Å definere ei bestemt rekkefølge er nødvendig berre i dei tilfella der rekkefølga påverkar meiningsinnhaldet.
  • Det kan vere ulike rekkefølger som ivaretek kravet om å presentere innhald i ei meiningsfylt rekkefølge.
  • Det er berre nødvendig å sørge for korrekt rekkefølge.

Testreglar, innhaldstypar og krav til samsvar med 1.3.2

Testregel for suksesskriterium 1.3.2:

  • 1.3.2a Meiningsfylt leserekkefølge er ivareteken i koden

I tabellen under gjer vi greie for kva innhald som er testa og kva som er definert som kriterium for at løysinga skal vere i samsvar med suksesskriteriet.

NrTestregelTestobjektKorleis oppnå samsvar med kravet
1.3.2aMeiningsfylt leserekkefølge er ivareteken i koden.Innhald som er presentert i ei meiningsfull rekkefølge.

Kravet kan oppfyllast på fleire måtar.

Leserekkefølge på innhaldet i visning med CSS slått av, samanlikna med vanleg visning, er anten:
Den same, eller ei leserekkefølge som på annan måte presenterer det same meiningsinnhaldet.

Suksesskriterium 1.3.3 Sensoriske eigenskapar

Formål med 1.3.3

Formålet med suksesskriteriet er å sikre at alle brukarar kan oppfatte instruksjonar for å betene innhald, sjølv om dei ikkje kan oppfatte form, størrelse eller bruke informasjon om romleg plassering eller orientering. Enkelte datahjelpemiddel oppfattar ikkje form eller posisjon på innhaldselement, for eksempel «rund» eller «til venstre». Dette suksesskriteriet krev at det blir gitt fleire opplysningar for å klargjere denne typen informasjon.

Å gi informasjon ved hjelp av form, plassering eller liknande er likevel ein effektiv metode for mange brukarar, inkludert personar med kognitive funksjonsnedsettingar. Det er derfor mogleg å vise til sensoriske eigenskapar, som for eksempel "den runde knappen", men det skal då være meir informasjon i tillegg.

Brukssituasjonar for 1.3.3

Kravet er utforma for å ta omsyn til personar som er blinde eller har nedsett syn og derfor har vanskar med å oppfatte informasjon om sensoriske eigenskapar:

  • Blinde
  • Svaksynte
  • Døvblinde

Tolking og presisering av 1.3.3

Suksesskriteriet gjeld instruksjonar for betening av innhald og krav om at det skal givast meir informasjon enn tilvising til sensoriske eigenskapar. Det følger av forståartikkelen til suksesskriteriet at instruksjonane kan innehalde ord som refererer til leserekkefølge, dersom den same leserekkefølga er ivareteken i koden.

Presiseringar:

  • Farge: Det går fram av ein merknad til suksesskriteriet at bruk av farge er knytt til suksesskriterium1.4.1, som stiller krav om at farge ikkje er einaste visuelle verkemiddel.
  • Bilde: Instruksjonar i form av bilde (for eksempel skjemainstruksjonar) fell inn under suksesskriterium 1.1.1 og blir verifisert under dette suksesskriteriet.
  • Løpande tekst: Vi verifiserer ikkje tilfelle der instruksjonar om betening som viser til komponentane sine sensoriske eigenskapar, er gitt i løpande tekst. Dette ville vore svært ressurskrevjande med fare for noko tilfeldig testing og ujamn kvalitet i testresultat.

Testregel, innhaldstypar og krav til samsvar med 1.3.3

Testregel for suksesskriterium 1.3.3:

  • 1.3.3a Instruksjonar for betening av skjema er ikkje utelukkande avhengige av sensoriske eigenskapar.

I tabellen under gjer vi greie for kva innhald som er testa og kva som er definert som kriterium for at løysinga skal vere i samsvar med suksesskriteriet.

NrTestregelTestobjektKorleis oppnå samsvar med kravet
1.3.3aInstruksjonar for betening av skjema er ikkje utelukkande avhengige av sensoriske eigenskaparInstruksjonar i skjema som inneheld referanse til sensoriske egenskapar

Kravet kan oppfyllast på fleire måtar.
Instruksjonar som inneheld informasjon om komponentars sensoriske eigenskapar (form, størrelse, visuell plassering på sida, orientering eller lyd), inneheld også annan informasjon som let brukaren finne og betene komponenten.

Kravet kan og vere oppfylt viss noko av det følgande er ivareteke:
I instruksjonen er det brukt ord som i språket er naturleg for å referere ei leserekkefølge og denne rekkefølga er den same i koden.

Suksesskriterium 1.4.1 Bruk av farge

Formål med 1.4.1

Informasjon som er formidla med bruk av farge eller fargeforskjellar skal vere tilgjengeleg for alle.

Farge skal derfor ikkje vere einaste visuelle verkemiddel som er brukt til å formidle informasjon, vise til ei handling, be om respons eller skilje ut eit visuelt element. Farge skal brukast i kombinasjon med andre verkemiddel, som for eksempel tekst eller annan visuell markering enn farge.

Brukssituasjonar for 1.4.1

Suksesskriteriet skal ta omsyn til brukarar som har problem med å oppfatte informasjon som er formidla gjennom farge/fargeforskjellar:

  • Blinde
  • Svaksynte
  • Fargeblinde

Suksesskriteriet vil også gi auka brukarvennlegheit for personar utan funksjonsnedsettingar.

Tolking og presisering av 1.4.1

Tilsynet legg til grunn at suksesskriteriet gjeld berre der farge er brukt som verkemiddel for å formidle informasjon, og ikkje der farge er brukt som dekor eller pynt. Det blir ikkje råda frå å bruke fargar eller fargekoding, så lenge det i tillegg blir brukt andre visuelle uttrykk for å formidle informasjonen.

Suksesskriteriet gjeld for alle innhaldstypar. Tilsynet si operasjonalisering av kravet i testreglar femner om lenka tekst, informasjon i grafiske framstillingar, skjemaelement og feilmeldingar. Testregelen testar lenker i løpande tekst. Test av lenker dekker ikkje lenker i meny og lenker som er grupperte saman, og som ikkje er visuelt plasserte i tilknyting til ikkje-lenka innhald.

Testreglar, innhaldstypar og krav til samsvar med 1.4.1

Testreglar for suksesskriterium 1.4.1:

  • 1.4.1a Lenka tekst skil seg frå anna tekst med meir enn berre farge.
  • 1.4.1b Informasjon i grafiske framstillingar skil seg ut med meir enn berre farge.
  • 1.4.1c Skjemaelement og feilmeldingar er merka med meir enn berre farge.

I tabellen under gjer vi greie for kva innhald som er testa og kva som er definert som kriterium for at løysinga skal vere i samsvar med suksesskriteriet.

NrTestregelTestobjektKorleis oppnå samsvar med kravet
1.4.1aLenka tekst skil seg frå anna tekst med meir enn berre farge

Lenker i løpande tekst (ikkje i meny).

Lenka overskrifter.

Kravet kan oppfyllast på fleire måtar.
Lenker i løpande tekst oppfyller ett av alternativa under:
Lenker som er markerte med farge, skil seg frå nærliggande ikkje-lenka tekst med meir enn berre farge, for eksempel skrifttype, skriftstørrelse, understreking, utheva skrift, ramme eller ikon.
Lenker som er markerte med berre farge har ein kontrast på minst 3:1 mot nærliggande ikkje-lenka tekst og får synleg markering med meir enn berre farge, både ved mouseover og tastaturnavigasjon. Endring av musepeikaren og standard fokusmarkering ved tastaturnavigasjon, er ikkje tilstrekkeleg markering.
1.4.1bInformasjon i grafiske framstillingar skil seg ut med meir enn berre fargeGrafiske framstillingar, for eksempel: diagram, organisasjons-kart, grafiske framstillingar av transportsystem og liknande.

Kravet kan oppfyllast på fleire måtar.

Dersom farge er brukt som visuelt verkemiddel for å formidle informasjon eller skilje ut visuelle element i grafiske framstillingar, er også eit av følgande oppfylt:

Forklarande tekst eller andre visuelle verkemiddel som gir same informasjon som er formidla gjennom bruk av farge. Eksempel: mønster, form (for eksempel stjerne, diamant, firkant og liknande) eller direkte kopling mellom del av illustrasjon der farge er brukt og forklarande informasjon.

Det finst ein mekanisme som aktiverer slik informasjon.
1.4.1cSkjemaelement og feilmeldingar er merka med meir enn berre fargeBruk av farge i skjemaelement, instruksjonar og feilmeldingar

Skjemaelement, instruksjonar og feilmeldingar som brukar farge til å

formidle informasjon

vise ei handling

be om respons

eller skilje ut eit visuelt element.

Er elementet merka med meir enn berre farge og merkinga er visuell.

Suksesskriterium 1.4.2 Styring av lyd

Formål med 1.4.2

Lyd som startar automatisk på ei nettside skal ikkje forstyrre lyd eller tale frå skjermlesar, talesyntese eller liknande programvare som les opp tekstleg innhald. Lyd som startar automatisk vil gjere det vanskeleg for brukaren å høyre talen frå skjermlesar/talesyntese, og dermed også gjere det vanskeleg å navigere på sida.

Brukssituasjonar for 1.4.2

Suksesskriteriet gjeld personar som brukar skjermlesarteknologi eller kan ha vanskar med å fokusere på visuelt innhald, inkludert tekst, når lyd blir spelt av:

  • Blinde
  • Svaksynte

Moglegheit til å styre lyd som startar automatisk, vil også gi auka brukarvennlegheit for alle brukarar.

Tolking og presisering av 1.4.2

Suksesskriteriet krev at det finst ein mekaniske for å styre lyd når automatisk starta lyd varer i meir enn tre sekund. Mekanismen for å styre lyden må vere lett tilgjengeleg og lyden må kunne styrast på nettstaden. Det går fram av suksesskriteriet at ein ikkje skal bruke den generelle volumkontrollen i operativsystemet for å styre lyden.

Det følger av teknikk G 170 knytt til suksesskriteriet, at ein mekanisme er visuelt plassert nær starten av sida når det ikkje er naudsynt å skrolle vekk frå starten av sida for å nå den.

Testreglar, innhaldstypar og krav til samsvar med 1.4.2

Testregel for suksesskriterium 1.4.2:

  • 1.4.2a Styring av lyd som startar automatisk, og ikkje stoppar innan 3 sekund.

I tabellen under gjer vi greie for kva innhald som er testa og kva som er definert som kriterium for at løysinga skal vere i samsvar med suksesskriteriet.

NrTestregelTestobjektKorleis oppnå samsvar med kravet
1.4.2aStyring av lyd som startar automatisk, og ikkje stoppar innan 3 sekundNettsider med lyd som startar automatisk, og ikkje stoppar innan tre sekund

Lyd som startar automatisk og ikkje stoppar innan 3 sekund har ein mekanisme for styring av lyd som:

er visuelt plassert nær starten av sida

kan brukast med tastatur

er tidleg i tab-rekkefølga (maksimalt 5 tab-steg)

har visuell markering i form av tekst eller symbol

Suksesskriterium 1.4.3 Kontrast

Formål med 1.4.3

Det skal vere tilstrekkeleg kontrast mellom bakgrunn og tekst på nettstaden. Då kan også brukarar med moderat nedsett syn lese teksten. Dette omfattar også brukarar med redusert fargesyn.

Kontrastforholdet 4,5:1 er sett fordi dette vil kompensere for eit synstap på 20/40. Eit slikt synstap er vanleg for eldre. Denne kontrasten vil gjere tekst enklare å lese for alle brukarar, for eksempel på ein liten skjerm (smarttelefon/nettbrett) eller i sollys.

Brukssituasjonar for 1.4.3

Suksesskriteriet gjeld i særleg grad personar med:

  • Svaksynte
  • Fargeblinde

Tilstrekkeleg kontrast mellom tekst og bakgrunn gir auka brukarvennlegheit for alle brukarar.

Tolking og presisering av 1.4.3

Det følger av suksesskriteriet at kravet til kontrast

  • gjeld berre for tekst og ikkje for grafiske framstillingar eller illustrasjonar
  • varierer med skriftstørrelse og utsjånad (feit skrift/ikkje-feit skrift)

Kravet til kontrast mellom tekst og bakgrunn er 3:1 for tekst som er større enn 24 pixlar høg i ordinær skrift eller minst 19 pixlar høg i feit skrift. For all annan tekst er kravet til kontrast 4,5:1.  

Vi kan ikkje verifisere skriftstørrelse i bilde av tekst. Vi set derfor grenseverdien til kontrast for bilde av tekst målt mot bakgrunn i bildet til 3:1 (som er kravet for stor/utheva skrift), og ikkje 4,5:1 (som er kravet for annan tekst).

Kravet til kontrast er avgrensa til å gjelde tekst som formidlar informasjon. Annan tekst inngår ikkje i tilsynet sine testreglar, som for eksempel:

  • Ikkje-informativ tekst brukt til pynt.
  • Tekst i logoar og varemerke.
  • Tekst i bilde der teksten ikkje er vesentleg for å formidle meiningsinnhaldet.
  • Deaktiverte skjemaelement.
  • Tekst som ikkje er synleg for nokon.
  • Grafiske element i for eksempel diagram og grafar, som støttelinjer, søyler m.m.

Kravet til kontrast kan vere oppfylt på nettsider i ordinær visning eller i ein høgkontrastversjon, som er i samsvar med krava til kontrast, og har ein tilgjengeleg mekanisme for aktivering. I tilfelle med gradert bakgrunn og/eller tekst, er det kontrast på det svakaste punktet som gjeld.

Testreglar, innhaldstypar og krav til samsvar med 1.4.3

Testreglar for suksesskriterium 1.4.3:

  • 1.4.3a Det er tilstrekkeleg kontrast mellom tekst og bakgrunn.
  • 1.4.3b Det er tilstrekkeleg kontrast mellom tekst og bakgrunn i bilde av tekst.

I tabellen under gjer vi greie for kva innhald som er testa og kva som er definert som kriterium for at løysinga skal vere i samsvar med suksesskriteriet.

NrTestregelTestobjektKorleis oppnå samsvar med kravet
1.4.3aDet er tilstrekkeleg kontrast mellom tekst og bakgrunnTekst i form av overskrifter/ lenker og annan tekst, ledetekstar/ hjelpetekstar/ feilmeldingar i skjema, illustrasjonar/ diagram (som ikkje er bilde)

Kravet kan oppfyllast på fleire måtar.

1. Tekst har kontrast

på minst 4,5:1 mot bakgrunnen

på minst 3,0 mot bakgrunnen og tekststørrelse er minst 24 pikslar eller 19 pikslar feit/utheva

2. Det finst ein høgkontrastversjon som tilfredsstiller følgande krav:

Mekanismen for å aktivere er plassert nær starten av sida og er visuelt markert med tekst eller ikon.

Mekanismen tilfredsstiller krava til kontrast i punkt 1 over.

Tekst i høgkontrastversjon tilfredsstiller krava til kontrast punkt 1 over.

Det tekstlege elementet som vart målt med for svak kontrast i ordinær visning, er identisk med elementet i høgkontrastversjon.
1.4.3bDet er tilstrekkeleg kontrast mellom tekst og bakgrunn i bilde av tekstBilde av tekst

Kravet kan oppfyllast på fleire måtar.

1. Bilde av tekst har kontrast på minst 3:1 mot bakgrunnen.

2. Det finst ein høgkontrastversjon som tilfredsstiller følgande krav:

Mekanismen for å aktivere er plassert nær starten av sida og er visuelt markert med tekst eller ikon.

Mekanismen har kontrast på minst 4,5:1.

Tekst i høgkontrastversjon tilfredsstiller krava til kontrast punkt 1 over.

Det tekstlege elementet som vart målt med for svak kontrast i ordinær visning, er identisk med elementet i høgkontrastversjon.

Suksesskriterium 1.4.4 Endring av tekststørrelse

Formål med 1.4.4

Det skal vere mogleg å forstørre tekst slik at personar med moderat nedsett syn, kan lese tekst utan bruk av hjelpemiddel. Det er krav om at ein skal kunne doble teksten både i høgde og vidde. Denne grensa er sett med tanke på kor mykje teksten skal kunne aukast, utan at det blir problem med den grafiske utforminga av sida.

Brukssituasjonar for 1.4.4

Suksesskriteriet gjeld i særleg grad følgande personar:

  • Svaksynte

Moglegheiter til å forstørre tekst gir auka brukarvennlegheit for alle brukarar.

Tolking og presisering av 1.4.4

Det følger av ordlyden i suksesskriteriet at kravet ikkje gjeld for teksting av medieinnhald og for bilde av tekst. Kravet gjeld for all annan tekst, skriven i naturleg språk, også tekst i skjemaelement.

Testreglar, innhaldstypar og krav til samsvar med 1.4.4

Testregel for suksesskriterium 1.4.4:

  • 1.4.4a Tekst kan forstørrast opp til minst 200 %-visning utan tap av innhald og funksjonalitet.

I tabellen under gjer vi greie for kva innhald som er testa og kva som er definert som kriterium for at løysinga skal vere i samsvar med suksesskriteriet.

NrTestregelTestobjektKorleis oppnå samsvar med kravet
1.4.4aTekst kan forstørrast opp til minst 200 %-visning utan tap av innhald og funksjonalitet

Tekst som ikkje er teksting i video eller bilde av tekst.

Tekst i skjemaelement.
All tekst kan forstørrast opp til minst 200 % visning utan tap av innhald eller funksjonalitet.

Suksesskriterium 1.4.5 Bilde av tekst

Formål med 1.4.5

Bilde av tekst kan gjere det vanskeleg å oppfatte informasjonen som blir formidla. Det er derfor eit mål at bilde av tekst skal brukast berre når det ikkje er mogleg å presentere innhald på annan måte. Ved å bruke tekst i staden for bilde av tekst, kan brukarar som har behov for ein særskild presentasjon av teksten, justere teksten etter sine behov. Dette kan vere for eksempel skriftstørrelse, farge, linjeavstand eller ved behov for datahjelpemiddel som gjer tekst tilgjengeleg som tale.  

Brukssituasjonar for 1.4.5

Suksesskriteriet skal ta omsyn til personar som kan ha vanskar med å orientere seg visuelt:

  • Blinde
  • Svaksynte
  • Nedsett kognisjon (som påverkar lesing)

Tolking og presisering av 1.4.5

Bilde av tekst er å presentere tekst på ein måte som ikkje er tekstleg. Dette omfattar ikkje tekst som saman med anna vesentleg visuelt innhald, inngår i eit bilde. Eksempel på dette er grafar, skjermbilde og diagram som formidlar meir informasjon enn berre tekst.

I enkelte situasjonar kan bilde av tekst vere nødvendig for å oppnå ein visuell effekt. I følge forståartikkelen til suksesskriteriet er dette når:

  • det ikkje er mogleg å oppnå ønska visuell effekt ved å formatere tekst
  • ein ønska effekt ikkje er mogleg å presentere i dei vanlegaste nettleserane
  • presentasjonen krev bruk av teknikkar/teknologi som ikkje er i samsvar med krava i WCAG 2.0

Bilde av tekst er i samsvar med kravet viss skrifttype, størrelse, farge og bakgrunn kan stillast inn.

Testreglar, innhaldstypar og krav til samsvar med 1.4.5

Testregel for suksesskriterium 1.4.5:

  • 1.4.5 a Bilde av tekst er ikkje brukt unødvendig

I tabellen under gjer vi greie for kva innhald som er testa og kva som er definert som kriterium for at løysinga skal vere i samsvar med suksesskriteriet.

NrTestregelTestobjektKorleis oppnå samsvar med kraver
1.4.5aBilde av tekst er ikkje brukt unødvendigBilde av tekst

Kravet kan oppfyllast på fleire måtar.

Bilde av tekst er ikkje i bruk med mindre:

bilde av tekst kan tilpassast brukaren sine krav eller

bilde av tekst er nødvendig for å presentere informasjon

Suksesskriterium 2.1.1 Tastatur

Formål med 2.1.1

Innhald på nettsider skal kunne betenast ved hjelp av tastatur, når dette er mogleg. Nettstaden skal kunne brukast av dei som

  • ikkje kan bruke mus
  • dei som brukar alternativ til tastatur, for eksempel taleinput, brytarstyring og skjermtastatur

Dei fleste handlingar som blir gjort med mus, som for eksempel å klikke, velje, flytte og forstørre, kan også gjerast med tastatur. Det skal ikkje vere nødvendig å tidsberekne tastetrykka. Brukaren skal heller ikkje måtte gjenta eller utføre mange tastetrykk i løpet av ein kort tidsperiode, eller halde en tast nede i eit lengre tidsrom før tastetrykket blir registrert. Dette er av omsyn til brukarar med motoriske funksjonsnedsettingar.

Brukssituasjonar for 2.1.1

Suksesskriteriet skal i særleg grad ta omsyn til personar som ikkje kan bruke utstyr som føreset auge-handkoordinasjon eller som kan ha problem med å finne/betene innhald med mus:

  • Blinde
  • Svaksynte
  • Nedsett motorikk

Tolking og presisering av 2.1.1

Det følger av suksesskriteriet at kravet ikkje gjeld funksjonalitet som det ikkje er formålsteneleg å betene med tastatur. Dette kan vere frihandsteikning eller dataspel der ein for eksempel styrer objekt gjennom ulike hindringar og liknande.

Viss det finst fleire enn ein måte å betene bestemt funksjonalitet på, for eksempel moglegheit for å både velje dato i ein kalender og skrive inn dato direkte i eit datofelt, er det tilstrekkeleg at ein av måtane kan brukast med tastatur.

Testreglar, innhaldstypar og krav til samsvar med 2.1.1

Testregel for suksesskriterium 2.1.1:

  • 2.1.1a Det er mogleg å nå innhald og bruke funksjonalitet med tastatur

I tabellen under gjer vi greie for kva innhald som er testa og kva som er definert som kriterium for at løysinga skal vere i samsvar med suksesskriteriet.

NrTestregelTestobjektKorleis oppnå samsvar med kravet
2.1.1aDet er mogleg å nå innhald og bruke funksjonalitet med tastaturAlle typar innhald og funksjonalitet på nettstaden. Føresetnad for test er synleg fokusmarkering ved tastatur-navigasjonAlt innhald og funksjonalitet på nettsida kan nåast og brukast med tastatur. Unnateke er innhald/funksjonalitet som ikkje er formålstenleg å betene med tastatur.

Suksesskriterium 2.1.2 Ingen tastaturfelle

Formål med 2.1.2

Formålet med kravet er å hindre at brukarar blir ståande fast i eit element på nettsida når dei navigerer ved hjelp av tastaturet.

Brukssituasjonar for 2.1.2

Suksesskriteriet skal i særleg grad ta omsyn til personar som er avhengige av å bruke tastatur for å navigere:

  • Blinde
  • Svaksynte
  • Nedsett motorikk

Tolking og presisering av 2.1.2

Det følger av ordlyden i suksesskriteriet at alt innhald på sida skal overhalde kravet.

Testreglar, innhaldstypar og krav til samsvar med 2.1.2

Testregel for suksesskriterium 2.1.2:

  • 2.1.2a Det finst ingen tastaturfeller på nettsida

I tabellen under gjer vi greie for kva innhald som er testa og kva som er definert som kriterium for at løysinga skal vere i samsvar med suksesskriteriet.

NrTestregelTestobjektKorleis oppnå samsvar med kravet
2.1.2aDet finst ingen tastaturfeller på nettsidaKomponentar og element på nettsida som det er mogleg å navigere til med tastatur

Det er mogleg å navigere med tastatur gjennom alt innhaldet på nettsida, utan å bli ståande fast i noko element.

Suksesskriterium 2.2.1 Justerbar hastigheit

Formål med 2.2.1

Personar med funksjonsnedsettingar skal ha tilstrekkeleg tid til å lese innhald eller gjennomføre handlingar på nettstaden. Å tilby moglegheit til å slå av, justere eller forlenge tidsavgrensingar, vil hjelpe dei som treng meir tid enn forventa til å gjennomføre ei oppgåve.

Brukssituasjonar for 2.2.1

Suksesskriteriet skal ta omsyn til personar som treng å kunne tilpasse tida dei har til rådvelde ved betening av nettsider:

  • Blinde
  • Svaksynte
  • Døve
  • Døvblinde
  • Nedsett motorikk
  • Nedsett kognisjon

Tilstrekkeleg tid til å lese innhald eller gjennomføre handlingar, gir og auka brukarvennlegheit for alle brukarar.

Tolking og presisering av 2.2.1

Suksesskriteriet gjer greie for unntak frå kravet når tidsavgrensinga er

  • ein nødvendig del av ei hending i sanntid (for eksempel auksjon), og det finst alternativ
  • nødvendig og forlenging vil gjere handlinga ugyldig
  • varer lenger enn 20 timar

Testreglar, innhaldstypar og krav til samsvar med 2.2.1

Testregel for suksesskriterium 2.2.1:

  • 2.2.1a Det er mogleg å slå av, justere eller forlenge tidsavgrensingar

I tabellen under gjer vi greie for kva innhald som er testa og kva som er definert som kriterium for at løysinga skal vere i samsvar med suksesskriteriet.

NrTestregelTestobjektKorleis oppnå samsvar med kravet
2.2.1aDet er mogleg å slå av, justere eller forlenge tidsavgrensingarNettsider som inneheld tidsavgrensing.

Kravet kan oppfyllast på fleire måtar.

For nettsider som inneheld tidsavgrensing, er ein av følgande oppfylt:

Det er mogleg å slå av tidsavgrensing.

Det er mogleg å justere tidsavgrensinga med minst 10 gonger standard varigheit. Mekanismen for å justere skal ligge før innhaldet som inneheld tidsavgrensingar.

Det er mogleg å forlenge tidsavgrensinga seinast 20 sekund før den inntreff, ved å gjere ei mindre handling. Det skal vere mogleg å forlenge med minst 10 gonger standard varigheit.

Suksesskriterium 2.2.2 Pause, stopp, skjul

Formål med 2.2.2

Innhald som bevegar seg, for eksempel film, animasjonar, spel i sanntid, automatiske oppdateringar med meir, kan føre til at brukarar ikkje klarar å konsentrere seg om anna innhald på sida.

Det skal derfor vere mogleg å stoppe, pause eller skjule innhald som bevegar seg, eventuelt styre oppdateringsfrekvensen. Innhald som er sett på pause, kan anten fortsette i sanntid eller starte frå punktet der innhaldet vart sett på pause.

Brukssituasjonar for 2.2.2

Suksesskriteriet skal ta omsyn til behova til personar som har:

  • Nedsett kognisjon

Moglegheit til å styre innhald som bevegar seg, gir auka brukarvennlegheit for alle brukarar.

Tolking og presisering av 2.2.2

I følge forståartikkelen til suksesskriteriet skal det finnast ein eigen mekanisme for å sette innhald på pause, for eksempel ein pauseknapp. Når innhald er sett på pause, skal det vere mogleg å bruke anna innhald på sida. Det er ikkje tilstrekkeleg at innhald berre er på pause når det er i fokus (med musepeikaren/tastaturfokus). Formålet med å unngå at brukaren blir distrahert, er i så fall ikkje oppfylt.

Kravet gjeld ikkje for innhald som berre bevegar seg i opp til fem sekund. Årsaka til dette er at innhaldsprodusenten då har ein moglegheit til å bruke bevegelse, rulling eller blinking som ein metode for å trekke til seg brukaren si merksemd, samtidig som at distraksjonen er kort nok til at brukaren kan vente.

Testreglar, innhaldstypar og krav til samsvar med 2.2.2

Testreglar for suksesskriterium 2.2.2:

  • 2.2.2a Det er mogleg å pause, stoppe eller skjule innhald som bevegar seg, blinkar eller rullar
  • 2.2.2b Det er mogleg å pause, stoppe, skjule eller endre oppdateringsfrekvensen for automatisk oppdatert innhald

I tabellen under gjer vi greie for kva innhald som er testa og kva som er definert som kriterium for at løysinga skal vere i samsvar med suksesskriteriet.

NrTestregelTestobjektKorleis oppnå samsvar med kravet
2.2.2aDet er mogleg å pause, stoppe eller skjule innhald som bevegar seg, blinkar eller rullarNettsider med innhald som bevegar seg, blinkar, eller rullar (som startar automatisk og ikkje stansar innan fem sekund)

Kravet kan oppfyllast på fleire måtar.

For nettsider med innhald som bevegar seg, blinkar eller rullar i meir enn 5 sekundar, og som blir vist saman med anna innhald og ikkje er ein nødvendig del av ei handling, er ein av følgande oppfylt:

Det finst ein mekanisme for å pause, stoppe eller skjule innhaldet. Mekanismen ligg anten i direkte tilknyting til innhaldet, eller på starten på sida.

Det finst ein dokumentert tastatursnarveg for å pause, stoppe eller skjule innhaldet.

Det finst ein mekanisme nær starten av nettsida for å laste sida på nytt utan denne type innhald.
2.2.2bDet er mogleg å pause, stoppe, skjule eller endre oppdaterings-frekvensen for automatisk oppdatert innhaldNettsider med innhald som oppdaterer seg automatisk, og ikkje samtidig bevegar seg, blinkar eller rullar (meir enn i fem sekundar)

Kravet kan oppfyllast på fleire måtar.

For nettsider med innhald som oppdaterer seg automatisk, som blir vist saman med anna innhald og som ikkje er ein nødvendig del av ei handling, er ein av følgande oppfylt:

Det finst ein mekanisme for å pause, stoppe, skjule innhaldet eller styre oppdateringsfrekvensen. Mekanismen ligg anten i direkte tilknyting til innhaldet, eller på starten på sida.

Det finst ein dokumentert tastatursnarveg for å pause, stoppe, skjule innhaldet, eller styre oppdateringsfrekvensen.

Suksesskriterium 2.3.1 Terskelverdi på maksimalt tre glimt

Formål med 2.3.1

Alt innhald skal vere tilgjengeleg for brukarane utan fare for at det skal utløyse anfall som følge av fotosensitivitet. Personar som har epilepsi eller annan fotosensitivitet, kan få anfall av nettsideinnhald som glimtar med ein viss frekvens.

Brukssituasjonar for 2.3.1

Suksesskriteriet skal ta omsyn til personar med

  • tilstandar av lys- eller fotosensitivitet som kan gi anfall

Tolking og presisering av 2.3.1

Alt innhald på nettstaden skal overhalde kravet, med unnatak at blink/glimt som skjer på grunn av skjerm eller innlasting av bilde (jf. forståartikkelen)

I WCAG sine orddefinisjonar er det spesifikt gjort greie for kva som er glimt og raude glimt, med tilhøyrande terskelverdiar:

  • Blink er veksling mellom to visuelle tilstandar for å vekke merksemd.
  • Glimt er motsette parvise skift i relativ lysstyrke som kan forårsake (epileptiske) anfall.
  • Raude glimt er motsette parvise skift som inneheld ein metta raudfarge.
  • Glimt skal ikkje førekomme med en frekvens på meir enn tre gonger per sekund, eller omfatte meir enn 25% av kva som helst 10-graders synsfelt på skjermen.

Blink over terskelverdiane skal ikkje førekomme i det heile. Det er ikkje tilstrekkeleg å gjere brukaren merksam på at innhald glimtar.

Det er vanskeleg og tidkrevjande å verifisere nettløysingar mot dette suksesskriteriet. Testprosedyren krev i tillegg tilgang på verktøy for måling.

Testreglar, innhaldstypar og krav til samsvar med 2.3.1

Testregel for suksesskriterium 2.3.1:

  • 2.3.1 a Nettsida har ikkje innhald som glimtar

I tabellen under gjer vi greie for kva innhald som er testa og kva som er definert som kriterium for at løysinga skal vere i samsvar med suksesskriteriet.

NrTestregelTestobjektKorleis oppnå samsvar med kravet
2.3.1aNettsida har ikkje innhald som glimtarNettsider med innhald som blinkar (alt innhald, inkludert animasjonar, videoklipp og bilde)

Kravet kan oppfyllast på fleire måtar.

Nettsida har ikkje innhald som glimtar.

Viss nettsida har innhald som blinkar, er ein av følgande oppfylt:

Innhaldet som blinkar har storleik på mindre enn 21 824 kvadratpikslar.

Det er færre enn tre blink i sekundet.

Suksesskriterium 2.4.1 Hoppe over blokker

Formål med 2.4.1

Brukaren skal kunne navigere sekvensielt gjennom innhaldet, og på denne måten få meir direkte tilgang til hovudinnhaldet på sida.

Mange nettstader har innhald som blir gjentatt på fleire sider. Eksempel på dette er

  • menyar
  • navigasjonslenker
  • topptekst og rammer som inneheld annonser

Ved at det er mogleg å hoppe over denne typen innhald, kan også dei som brukar tastatur til å navigere på nettstaden, raskare komme til hovudinnhaldet.

Brukssituasjonar for 2.4.1

Suksesskriteriet skal i særleg grad ta omsyn til personar som er avhengige av å bruke tastatur, skjermforstørrar/skjermlesar for å navigere på ein nettstad:

  • Blinde
  • Svaksynte
  • Døvblinde
  • Nedsett motorikk
  • Nedsett kognisjon

Tolking og presisering av 2.4.1

Forståartikkelen til suksesskriteriet viser at kravet gjeld nettsider som høyrer til same nettstad. Det vil seie nettsider som deler eit felles formål, og som er laga av same forfattar, gruppe eller verksemd/organisasjon. Det er også gjort greie for situasjonar som er unnateke kravet:

  • Små gjentekne seksjonar som individuelle ord, fraser eller enkle lenker, er ikkje rekna som blokker.
  • Det er ikkje krav om å tilby metodar eller navigasjonsmogleheiter som allereie finst i brukaragenten (nettlesaren/skjermlesaren).

Dersom brukaren relativt raskt kan tabulere til hovudinnhaldet (innan fem tabulatorsteg), blir det ikkje stilt krav om snarveglenke.

Testreglar, innhaldstypar og krav til samsvar med 2.4.1

Testregel for suksesskriterium 2.4.1:

  • 2.4.1a Det finst ein mekanisme for å hoppe til hovudinnhaldet på nettsida

I tabellen under gjer vi greie for kva innhald som er testa og kva som er definert som kriterium for at løysinga skal vere i samsvar med suksesskriteriet.

NrTestregelTestobjektKorleis oppnå samsvar med kravet
2.4.1aDet finst ein mekanisme for å hoppe til hovudinnhaldet på nettsidaNettsider med innhald som blir gjenteke på fleire sider på nettstaden.

For nettsider som har ei blokk med innhald som blir gjenteke på fleire sider på nettstaden, og som ligg før hovudinnhaldet, er følgande oppfylt:

Det finst ein mekanisme for å hoppe til hovudinnhaldet

Mekanismen ligg blant dei tre første tab-stega, og før blokka med innhald på nettsida

Mekanismen er synleg ved tastaturfokus

Mekanismen har ein beskrivande tekst

Ved aktivering av mekanismen, blir visuelt og funksjonelt fokus flytta til hovudinnhaldet

Suksesskriterium 2.4.2 Sidetitlar

Formål med 2.4.2

Når kvar nettside har beskrivande sidetittel, vil brukarane lettare orientere seg og finne relevant innhald og på nettstaden. Brukarane kan identifisere kvar dei er utan å lese og tolke innhaldet på nettsida. Brukarane kan også lettare finne fram til aktuelt innhald når sidetitlane kjem fram ved søk.

Brukssituasjonar for 2.4.2

Kravet er særskilt nyttig for personar som er/har:

  • Svaksynte
  • Nedsett kognisjon
  • Nedsett motorikklesevanskar og problem med korttidsminne

Kravet tek omsyn til alle brukarar ved at beskrivande sidetitlar gjer det lettare å identifisere om innhaldet på ei nettside er relevant.

Tolking og presisering av 2.4.2

Sidetittel skal gi relevant informasjon om innhald på sida, også når sidetittelen blir lest ut av kontekst (jf teknikk G88). Det er ikkje krav om at sidetitlane skal vere unike for kvar einskild nettside på nettstaden, så lenge beskriving av innhaldet er dekkande.

Merk at sidetittel ikkje må forvekslast med hovudoverskrift på nettsida. Sidetittel ligg i <title>-elementet, som er nøsta i <head>-elementet på starten av HTML-koden.

Testreglar, innhaldstypar og krav til samsvar med 2.4.2

Testregel for suksesskriterium 2.4.2:

  • 2.4.2a Nettsider har sidetitlar som er beskrivande for emne eller formål med sida

I tabellen under gjer vi greie for kva innhald som er testa og kva som er definert som kriterium for at løysinga skal vere i samsvar med suksesskriteriet.

NrTestregelTestobjektKorleis oppnå samsvar med kravet
2.4.2aNettsider har sidetitlar som er beskrivande for emne eller formål med sidaSidetittel på enkeltnettsider

Sidetittelen er korrekt koda

Sidetittel gir relevant beskriving av emne eller formål med sida, også når den blir lest ut av kontekst.

Suksesskriterium 2.4.3 Fokusrekkefølge

Formål med 2.4.3

Det skal vere mogleg å forstå og bruke innhaldet på nettsida når brukaren navigerer på nettstaden med tastatur. Når fokus ved tastaturnavigasjon følger den visuelle leserekkefølga, vil nettsida bli presentert i same rekkefølge som ved andre navigasjonsmåtar.

Brukssituasjonar for 2.4.3

Suksesskriteriet skal i særleg grad ta omsyn til personar som er avhengige av å bruke tastatur eller skjermforstøttar for å navigere på ein nettstad:

  • Svaksynte
  • Blinde
  • Døvblinde
  • Nedsett kognisjon
  • Nedsett motorikk

Tolking og presisering av 2.4.3

Det går fram av forståartikkelen til suksesskriteriet at komponentane på ei nettside skal få fokus i ei rekkefølge som ivaretek både betydning og betening av innhald og funksjonalitet. Dette gjeld når fokusrekkefølga påverkar meiningsinnhald og betening. Fokusrekkefølge er i denne samanhengen det same som tastaturrekkefølge.

Fokusrekkefølge treng ikkje å vere identisk med leserekkefølge så lenge brukaren kan forstå og bruke innhaldet på nettsida. Det blir likevel understreka at ei fokusrekkefølge som er veldig ulik leserekkefølga, kan forvirre brukaren

Det kan finnast fleire enn ei fokusrekkefølge som ivaretek betydning og betening til nettsida. Det er tilstrekkeleg at ei fokusrekkefølge er i samsvar med kravet.

Testreglar, innhaldstypar og krav til samsvar med 2.4.3

Testregel for suksesskriterium 2.4.3:

  • 2.4.3a Tastaturrekkefølge ivaretek meiningsinnhald og betening

I tabellen under gjer vi greie for kva innhald som er testa og kva som er definert som kriterium for at løysinga skal vere i samsvar med suksesskriteriet.

NrTestregelTestobjektKorleis oppnå samsvar med kravet
2.4.3aTastaturrekkefølge ivaretek meiningsinnhald og beteningNettsider som kan navigerast sekvensielt, og der navigerings-sekvensen påverkar meiningsinnhald eller betening. (Føresetnad: synleg fokus-markering og at tastatur-navigasjon er mogleg.)

Kravet kan oppfyllast på fleire måtar.

For innhald som får fokus ved tastaturnavigasjon og må navigerast i ei bestemt rekkefølge, er eit av følgande oppfylt:

tastaturrekkefølge og visuell rekkefølge er like, eller

tastaturrekkefølga og visuell rekkefølge er ikkje like, men det er mogleg å forstå og bruke innhaldet

Suksesskriterium 2.4.4 Formål med lenke (i kontekst)

Formål med 2.4.4

Lenker skal vere formulerte slik at brukaren får informasjon om formålet med lenka. Dette skal gjere det mogleg å vurdere om lenka er aktuell eller ønskeleg å opne.

Brukssituasjonar for 2.4.4

Suksesskriteriet skal lette navigasjon og forståing av innhald for personar er/har:

  • Svaksynte
  • Blinde
  • Døvblinde
  • Nedsett motorikk
  • Nedsett kognisjon

Beskrivande lenketekstar gir og auka brukarvennlegheit for alle brukarar.

Tolking og presisering av 2.4.4

Tilsynet legg til grunn at det ikkje er krav om at lenkemålet er presist skrive i lenketeksten, men omtalen av lenkemålet skal ikkje vere direkte feil.

Det følger og av ordlyden i suksesskriteriet at kravet ikkje gjeld dersom formålet med lenka er fleirtydig for alle brukarar. Tilsynet si vurdering er at det vanskeleg let seg gjere å etablere gode kriterium for å kunne gjere konsistente vurderingar av om lenkemål er fleirtydig for alle brukarar. Verifikasjonane vil dermed innebere for stor grad av subjektivt skjønn. Tilsynet verifiserer derfor ikkje denne delen av kravet.

Formuleringa av suksesskriteriet i originalspråket, viser til «the link text». Tilsynet legg derfor til grunn at suksesskriteriet berre gjeld for lenker som inneheld tekst. Lenker som inneheld bilde, blir vurderte under suksesskriterium 1.1.1.

Testreglar, innhaldstypar og krav til samsvar med 2.4.4

Testregel for suksesskriterium 2.4.4:

  • 2.4.4a Formål med lenker går tydeleg fram av lenketeksten, eller lenketeksten og konteksten saman

I tabellen under gjer vi greie for kva innhald som er testa og kva som er definert som kriterium for at løysinga skal vere i samsvar med suksesskriteriet.

NrTestregelTestobjektKorleis oppnå samsvar med kravet
2.4.4aFormål med lenker går tydeleg fram av lenketeksten, eller lenketeksten og konteksten samanLenker som inneheld tekst.

Kravet kan oppfyllast på fleire måtar.

Lenker som inneheld tekst oppfyller kravet dersom:

lenketeksten åleine gir informasjon om formålet med lenka eller

lenketeksten saman med programmeringsmessig bestemt kontekst, gir informasjon om formålet med lenka

Vi gjer ei skjønnsmessig vurdering av om lenketeksten gir informasjon om lenkemålet. Vi krev ikkje at lenkemålet er presist skrive.

Suksesskriterium 2.4.5 Fleire måtar

Formål med 2.4.5

Nettsider og innhald/funksjonalitet på nettsider, skal kunne nåast på fleire måtar, tilpassa den enkelte sine behov. Dette kan vere gjennom lenker, søkefunksjonalitet, nettstadkart og liknande.

Brukssituasjonar for 2.4.5

Suksesskriteriet skal i særleg grad ta omsyn til behova til personar som er/har:

  • Blinde
  • Svaksynte
  • Døvblinde
  • Nedsett kognisjon
  • Nedsett motorikk

Kravet tek elles omsyn til alle brukarar, ved at fleire navigasjonsmåtar vil vere til hjelp for å finne relevant innhald på ein effektiv måte.

Tolking og presisering av 2.4.5

Det går fram av ordlyden i suksesskriteriet at kravet gjeld for nettløysingar som består av eit sett av nettsider. Sjølv mindre nettstader, som består berre av få sider skal ha fleire navigasjonsmoglegheiter. Nettstader som berre består av ei side, er ikkje omfatta av kravet.

Kravet gjeld heller ikkje for nettsider som er resultatet av, eller steg i, ein prosess. Døme på ein slik prosess er dei ulike stega ein må gjennom for å kjøpe ein vare i ein nettbutikk. Eit anna døme er resultatsida som kjem fram etter eit søk.

Testreglar, innhaldstypar og krav til samsvar med 2.4.5

Testregel for suksesskriterium 2.4.5:

  • 2.4.5a Fleire måtar å navigere på

I tabellen under gjer vi greie for kva innhald som er testa og kva som er definert som kriterium for at løysinga skal vere i samsvar med suksesskriteriet.

NrTestregelTestobjektKorleis oppnå samsvar med kravet
2.4.5aFleire måtar å navigere påNavigasjonsmoglegheiter til enkeltnettsider innanfor eit sett av nettsider (ein nettstad).
  • Det skal vere minst to måtar å navigere til innhald på nettsider (på nettstader med meir enn ei nettside).

Suksesskriterium 2.4.6 Overskrifter og ledetekstar

Formål med 2.4.6

Når overskrifter og ledetekstar/etikettar er klare og beskrivande, er det lettare for brukarane å finne relevant informasjon og forstå samanhengar og struktur i informasjonen som blir presentert. Beskrivande ledetekstar hjelper brukarane til raskare å kunne identifisere ulike innhaldselement.

Brukssituasjonar for 2.4.6

Beskrivande overskrifter og ledetekstar skal i særleg grad ta omsyn til behova til personar som har/er

  • Svaksynte
  • Blinde
  • Døvblinde
  • Nedsett kognisjon
  • Nedsett motorikk

Kravet tek elles omsyn til alle brukarar, ved at beskrivande overskrifter og ledetekstar vil vere til hjelp for å finne relevant innhald på ein effektiv måte.

Tolking og presisering av 2.4.6

I følge suksesskriteriet er det ikkje noko krav om at det skal finnast overskrifter og ledetekstar. Kravet seier at dersom dei finst, skal dei vere beskrivande.

Suksesskriteria 2.4.6 og 3.3.2 heng tett saman:

  • 2.4.6 gjeld både overskrifter og ledetekstar, og krev ikkje at desse finst, men at dei skal vere beskrivande dersom dei finst.
  • 3.3.2 krev at det skal finnast instruksjon eller ledetekst som identifiserer skjemaelement (inkludert om skjemaelementet er obligatorisk), slik at brukarane veit kva dei skal skrive inn.

Testreglar, innhaldstypar og krav til samsvar med 2.4.6

Testreglar for suksesskriterium 2.4.6:

  • 2.4.6a Overskrifter beskriv innhaldet på ein god måte
  • 2.4.6b Skjemaelement har beskrivande ledetekstar

I tabellen under gjer vi greie for kva innhald som er testa og kva som er definert som kriterium for at løysinga skal vere i samsvar med suksesskriteriet.

NrTestregelTestobjektKorleis oppnå samsvar med kravet
2.4.6aOverskrifter beskriv innhaldet på ein god måteVisuelle overskrifterDersom det er brukt overskrifter, skal dei beskrive emne eller formål for innhaldet som høyrer til.
2.4.6bSkjemaelement har beskrivande ledetekstarLedetekstar i skjema (all synleg tekst eller annan komponent med tekst i skjemaet)Ledetekstar beskriv emne eller formål med skjemaelementet.

Suksesskriterium 2.4.7 Synleg fokus

Formål med 2.4.7

Ved tastaturnavigasjon skal innhald brukaren navigerer til, ha synleg fokusmarkering. Dette skal hjelpe brukaren til å orientere seg på sida og identifisere innhald. Når sida inneheld fleire element som kan nåast med tastatur, skal brukaren alltid kunne sjå kva innhaldselement han har navigert til.

Brukssituasjonar for 2.4.7

Suksesskriteriet hjelper dei som er avhengig av å bruke tastaturet for å betene nettsida, ved at det er synleg kva element som er i fokus til ei kvar tid. Dette skal i særleg grad ta omsyn til personar med:

  • Svaksynte
  • Nedsett motorikk
  • Nedsett kognisjon

Tolking og presisering av 2.4.7

Testregelen testar alle typar innhald og funksjonalitet på nettsider som kan betenast med tastatur. Kravet gjeld berre for innhald og funksjonalitet som det er mogleg å navigere til med tastatur.

Det går fram av forståartikkelen til suksesskriteriet at dersom det berre finst eitt element på sida som er aktuelt å bruke med tastatur, treng det ikkje å vere synleg fokus. Dette er fordi at det då ikkje er anna innhald å skilje det elementet frå.

Det skal ikkje vere anstrengande å sjå fokusmarkeringa og brukaren skal enkelt kunne sjå kva element som er i fokus. Eksempel på synleg fokusmarkering er

  • ramme, linje eller understreking
  • endra farge på bakgrunn eller tekst
  • skyggelegging
  • tekstmarkør (loddrett strek) eller markering av tekst i skjemafelt.
  • anna form for visuell forandring

Testreglar, innhaldstypar og krav til samsvar med 2.4.7

Testregel for suksesskriterium 2.4.7:

  • 2.4.7a Innhald som kan betenast med tastatur, får synleg fokusmarkering

I tabellen under gjer vi greie for kva innhald som er testa og kva som er definert som kriterium for at løysinga skal vere i samsvar med suksesskriteriet.

NrTestregelTestobjektKorleis oppnå samsvar med kravet
2.4.7aInnhald som kan betenast med tastatur, får synleg fokusmarkeringInnhald som kan betenast med tastaturAlle element det er mogleg å betene med tastaturet, får synleg fokusmarkering. Dette gjeld ikkje dersom det berre finst eitt element det er mogleg å betene med tastaturet på nettsida.

Suksesskriterium 3.1.1 Språk på sida

Formål med 3.1.1

Hovudspråket på sida skal vere deklarert i koden. Formålet er å sikre at tekst og anna lingvistisk innhald blir korrekt presentert. Både hjelpemiddelteknologi og brukaragentar kan gjengi tekst meir nøyaktig når språket på nettsida er identifisert. Tilsvarande vil skjermlesarar gjere tekst tilgjengeleg med rett uttale og teksting i mediespelarar blir rett. På denne måten blir det lettare å forstå innhald på nettsider.

Brukssituasjonar for 3.1.1

Suksesskriteriet skal ta omsyn til personar som brukar ulike typar hjelpemiddelteknologi (skjermlesar, tekst-til-tale-teknologi) og funksjonalitet for teksting, for å få presentert innhald:

  • Blinde
  • Svaksynte
  • Nedsett kognisjon

Tolking og presisering av 3.1.1

Det går fram av forståartikkelen til suksesskriteriet, at hovudspråket er det språket som er brukt på størstedelen av innhaldet. Dersom fleire språk er brukt i like mengder, er hovudspråket det språket som er først brukt.

Testreglar, innhaldstypar og krav til samsvar med 3.1.1

Testregel for suksesskriterium 3.1.1:

  • 3.1.1a Hovudspråket på nettsida er rett koda

I tabellen under gjer vi greie for kva innhald som er testa og kva som er definert som kriterium for at løysinga skal vere i samsvar med suksesskriteriet.

NrTestregelTestobjektKorleis oppnå samsvar med kravet
3.1.1aHovudspråket på nettsida er rett kodaTekstleg innhald på nettsider

Nettsida har ein gyldig språkkode i HTML-koden.

Språkkoden samsvarar med hovudspråket på nettsida.

Suksesskriterium 3.1.2 Språk på delar av innhald

Formål med 3.1.2

Brukaragentar og hjelpemiddelteknologi skal kunne presentere innhald på ulike språk på ein korrekt måte. Dersom tekst på eit anna språk enn hovudspråket på sida er identifisert i koden, kan brukaragentar og hjelpemiddelteknologi presentere innhaldet i samsvar med språkreglane for det aktuelle språket.

Brukssituasjonar for 3.1.2

Suksesskriteriet skal ta omsyn til personar som brukar ulike typar hjelpemiddelteknologi (skjermlesar, tekst-til-tale-teknologi) eller funksjonalitet for teksting for å få presentert innhald:

  • Blinde
  • Svaksynte
  • Nedsett kognisjon

Tolking og presisering av 3.1.2

Det følger av forståartikkelen til suksesskriteriet at kravet ikkje gjeld for ord eller uttrykk med eit anna språkleg opphav enn omkringliggande tekst, når orda/uttrykka er alminnelege i bruk i språket sida er skriven på. Enkeltord reknast som ein del av språket til teksten ordet er ein del av, med mindre det tydeleg går fram at endring av språk er gjort med hensikt. Viss det er tvil om bruk av slike ord og uttrykk er gjort med hensikt, bør det undersøkast om ordet/uttrykket blir uttala likt som i språket resten av teksten er skriven på.

Mange fag har felles internasjonale termar. Det går fram av forståartikkelen at krav om koding av språk på deler av innhald heller ikkje gjeld for etablerte faguttrykk som er henta frå andre språk.

Testreglar, innhaldstypar og krav til samsvar med 3.1.2

Testregel for suksesskriterium 3.1.2:

  • 3.1.2 a Innhald på anna språk enn hovudspråket, er rett koda

I tabellen under gjer vi greie for kva innhald som er testa og kva som er definert som kriterium for at løysinga skal vere i samsvar med suksesskriteriet.

NrTestregelTestobjektKorleis oppnå samsvar med kravet
3.1.2aInnhald på anna språk enn hovudspråket, er rett kodaTekstleg innhald på nettsider som er skrive på eit anna språk enn hovudspråket på sida.

For setningar/avsnitt som er skrivne på eit anna språk enn hovudspråket på nettsida, gjeld følgande:

Elementet som setninga/avsnittet ligg i, har ein gyldig språkkode i HTML-koden.

Språkkoden samsvarar med språket som setninga/avsnittet er skrive på.

Suksesskriterium 3.2.1 Fokus

Formål med 3.2.1

Det skal vere føreseieleg for brukaren kva som skjer når ein navigerer på ei nettside ved hjelp av mus eller tastatur. Komponentar som kan aktiverast, skal ikkje gi endra kontekst berre ved at dei får fokus. Endra kontekst skal skje berre når brukaren aktivt gjer ei handling, for eksempel klikkar på ei lenke med mus eller tastatur, eller trykker på ein knapp.

Eksempel på kontekstendringar er at eit nytt vindauge blir opna, at fokus blir flytta til ein annan komponent, at brukaren blir leia til ei side eller at sideinnhaldet blir vesentleg omorganisert.

Brukssituasjonar for 3.2.1

Suksesskriteriet skal i særleg grad ta omsyn til personar som er/har:

  • Svaksynte
  • Blinde
  • Døvblinde
  • Nedsett motorikk
  • Nedsett kognisjon

Kravet tek elles omsyn til alle brukarar, ved at det skal sikre meir føreseieleg bruk av nettsida.

Tolking og presisering av 3.2.1

Kravet inneber at kontekstendringar av typen lista opp under, ikkje skal vere resultatet av at innhaldselement får fokus. Ordlista til WCAG gir ei utvida forklaring på kva kontekstendring er. Kontekstendring femner om

  • endring av brukaragent (ved at innhald blir opna i anna program)
  • endring i presentasjonsramme
  • endring i fokus og innhald som endrar meiningsinnhaldet med nettsida

Kravet gjeld for navigasjon både med mus og tastatur. Tilsynet har avgrensa verifikasjonen til test med tastatur, då dette blir vurdert som den mest formålseffektive metoden for å vurdere føreseieleg navigasjon. Standardimplementering i HTML er slik at feilsituasjonar relatert til fokus, som viser seg ved tastaturnavigasjon, som hovudregel vil oppstå også når ein navigerer med mus. Av effektivitetsomsyn har vi derfor valt å gjennomføre testen med tastatur.

Testreglar, innhaldstypar og krav til samsvar med 3.2.1

Testregel for suksesskriterium 3.2.1:

  • 3.2.1a Fokus ved navigasjon gir ikkje kontekstendring

I tabellen under gjer vi greie for kva innhald som er testa og kva som er definert som kriterium for at løysinga skal vere i samsvar med suksesskriteriet.

NrTestregelTestobjektKorleis oppnå samsvar med kravet
3.2.1aFokus ved navigasjon gir ikkje kontekstendringNettsider med komponentar som kan få fokus. (Føresetnad: tastatur-navigasjon er mogleg).Det er mogleg å navigere gjennom nettsida utan at det skjer ei kontekstendring, når dei ulike elementa får fokus.

Suksesskriterium 3.2.2 Inndata

Formål med 3.2.2

Formålet med kravet er at endringar i brukargrensesnittkomponentar ikkje skal gi kontekstendringar. Konsekvensar av å gjere endringar i brukargrensesnittkomponentar, skal vere føreseielege og kjende for brukaren. Endring av innstillingar i brukargrensesnittkomponentar er for eksempel å krysse av i ein avkryssingsboks, velje en radioknapp eller legge inn data/skrive tekst i eit skjemafelt. Når slike handlingar medfører endring av kontekst, skal brukaren varslast.

Brukssituasjonar for 3.2.2

Suksesskriteriet skal ta omsyn til brukarar som er særleg avhengige av at interaktivt innhald er føreseieleg:

  • Svaksynte
  • Blinde
  • Døvblinde
  • Nedsett kognisjon
  • Nedsett motorikk

Føreseieleg navigasjon gir og auka brukarvennlegheit for alle.

Tolking og presisering av 3.2.2

Kravet er at endring av innstillingar i brukargrensesnittkomponentar ikkje skal gi automatiske kontekstendringar av typen lista opp under. Ordlista til WCAG gir ei utvida forklaring på kva kontekstendring er. Kontekstendring femner om

  • endring av brukaragent (ved at innhald blir opna i anna program)
  • endring i presentasjonsramme
  • endring i fokus og innhald som endrar meiningsinnhaldet med nettsida

Viss slike kontekstendringar skjer, skal dei vere varsla før komponenten blir teken i bruk. Kontekstendringar som skal varslast (og som dermed er aktuelle for dette suksesskriteriet) er:

  • opning av nytt innhald, i anten same eller ny fane, vindauge eller program
  • tastaturfokus blir flytta til ein annan komponent på nettsida
  • vesentleg endring av meiningsinnhaldet til nettsida
  • innsending av skjema

Kravet gjeld for navigasjon både med mus og tastatur. Tilsynet har avgrensa verifikasjonen til test med tastatur, då dette blir vurdert som den mest formålseffektive metoden for å vurdere føreseieleg navigasjon. Standardimplementering i HTML er slik at feilsituasjonar relatert til innstilling av brukargrensesnittkomponentar, som viser seg ved tastaturnavigasjon, som hovudregel vil oppstå også når ein navigerer med mus. Av effektivitetsomsyn har vi derfor valt å gjennomføre testen med tastatur.

Testreglar, innhaldstypar og krav til samsvar med 3.2.2

Testregel for suksesskriterium 3.2.2:

  • 3.2.2a Endra innstilling i skjemaelement fører ikkje til kontekstendring

I tabellen under gjer vi greie for kva innhald som er testa og kva som er definert som kriterium for at løysinga skal vere i samsvar med suksesskriteriet.

NrTestregelTestobjektKorleis oppnå samsvar med kravet
3.2.2aEndra innstilling i skjema-element fører ikkje til kontekstendringBrukargrensesnitt-komponentar der brukaren endrar innstillingar. (Føresetnad: tastaturnavigasjon er mogleg).

Kravet kan oppfyllast på fleire måtar.

Endring av innstillingar i brukargrensesnittkomponentar gir ikkje automatiske kontekstendringar

Viss endring av innstillingar i brukargrensesnittkomponentar gir automatiske kontekstendringar, skal brukaren varslast på førehand.

Suksesskriterium 3.2.3 Konsekvent navigering

Formål med 3.2.3

Formålet med suksesskriteriet er å legge til rette for konsekvent presentasjon av element for navigasjon på nettstaden. Element som blir gjentekne på fleire sider på ein nettstad, skal presenterast konsekvent, slik at brukarane lett kan orientere seg. Eksempel på slike element er klikkbar logo, søkefelt, meny og liknande.

Brukssituasjonar for 3.2.3

Suksesskriteriet skal i særleg grad ta omsyn til personar som er/har:

  • Svaksynte
  • Blinde
  • Døvblinde
  • Nedsett kognisjon

Konsekvent presentasjon av innhaldselement som finst på fleire sider på ein nettstad, vil og vere brukarvennleg for alle.

Tolking og presisering av 3.2.3

Navigasjonsmekanismar som finst på fleire sider på nettstaden, skal opptre i same relative rekkefølge. Kravet om konsekvent presentasjon/same relative rekkefølge er likevel ikkje til hinder for å sette inn eller fjerne element frå opphaveleg rekkefølge. I navigasjonsmenyar som kan utvidast, kan ein for eksempel sette inn eit ekstra detaljnivå eller ein sekundær navigasjonsdel i leserekkefølga.

Testregel, innhaldstypar og krav til samsvar med 3.2.3

Testregel for suksesskriterium 3.2.3:

  • 3.2.3a Navigasjonsmekanismar i blokker blir gjentekne i konsekvent rekkefølge

I tabellen under gjer vi greie for kva innhald som er testa og kva som er definert som kriterium for at løysinga skal vere i samsvar med suksesskriteriet.

NrTestregelTestobjektKorleis oppnå samsvar med kravet
3.2.3aNavigasjonsmekanismar i blokker blir gjentekne i konsekvent rekkefølgeNavigasjonsmekanismar i blokker som blir gjentekne på fleire nettsiderBlokker med navigasjons-mekanismar som blir gjentekne på fleire sider på nettstaden, opptrer i same relative rekkefølge på alle sidene dei finst.

Suksesskriterium 3.2.4 Konsekvent identifikasjon

Formål med 3.2.4

Funksjonelle komponentar som blir gjentekne fleire stader på ein nettstad, skal ha konsekvent identifikasjon i koden. Dette skal gjere det lettare for personar som brukar skjermleser å orientere seg og bruke nettstaden. Viss identiske komponentar har ulik identifikasjon på forskjellige nettsider, vil nettstaden bli vesentleg vanskelegare å bruke. Eksempel på ein komponent som er omfatta av dette suksesskriteriet, er søkefunksjon.

Brukssituasjonar for 3.2.4

Suksesskriteriet skal i særleg grad ta omsyn til personar som er/har:

  • Blinde
  • Svaksynte
  • Døvblinde
  • Nedsett kognisjon

Konsekvent identifikasjon vil og vere brukarvennleg for alle.

Tolking og presisering av 3.2.4

Kravet om konsekvent identifikasjon gjeld for komponentar med same funksjonalitet som blir gjentekne

  • på fleire sider på ein nettstad
  • fleire gonger på same side, og på andre sider i tillegg

Kravet gjeld ikkje for komponentar som berre førekjem på ei nettside, sjølv om dei førekjem fleire gonger på ei og same side.

At komponentar som har same funksjonalitet, har konsekvent utforma ledetekst, betyr ikkje at ledeteksten må vere identisk. Når for eksempel lenker for å bla mellom sider i eit langt dokument er utforma slik: «Side 1», «Side 2», «Side 3», har dei same funksjonalitet og er konsekvent utforma, men er ikkje identiske i innhald.

Kravet dekker ei rekke ulike komponenttypar, for eksempel lenker, tekstalternativ til ikon og bilde, verktøylinjer, knappar i skjema og søkefunksjon. Per no har tilsynet utvikla ein testregel for søkefunksjon. Denne komponenten finst på mange nettstader, kan utformast på mange ulike måtar og er i tillegg viktig for navigasjon.

Det blir likevel påpeika at kravet også gjeld for andre komponenttypar, og tilsynet vurderer å utvikle fleire testreglar knytt til dette suksesskriteriet.  

Testregel, innhaldstypar og krav til samsvar med 3.2.4

Testregel for suksesskriterium 3.2.4:

  • 3.2.4a Søkefunksjonen har lik visuell utforming og identifikasjon i koden

I tabellen under gjer vi greie for kva innhald som er testa og kva som er definert som kriterium for at løysinga skal vere i samsvar med suksesskriteriet.

NrTestregelTestobjektKorleis oppnå samsvar med kravet
3.2.4aSøkefunksjonen har lik visuell utforming og identifikasjon i kodenNettstader med søkefunksjon som finst på fleire siderFor nettstader som søkefunksjon som finst på fleire sider, har søkefunksjonen lik visuell utforming og identifikasjon i koden, på alle nettsidene.

Suksesskriterium 3.3.1 Identifikasjon av feil

Formål med 3.3.1

Ved feil i utfylling av skjema, skal brukaren få informasjon, både om at ein feil har oppstått og kva feilen er. Feilmeldinga skal vere gitt i form av tekst og vere så spesifikk som mogleg. Dette omfattar også informasjon om kvar i skjemaet feil har oppstått.

Brukssituasjonar for 3.3.1

Suksesskriteriet skal gjere det lettare å betene skjema for brukarar som er/har:

  • Blinde
  • Svaksynte
  • Fargeblinde
  • Døvblinde
  • Nedsett kognisjon

Identifikasjon og beskriving av inputfeil i skjema, vil og gi auka brukarvennlegheit for alle brukarar.

Tolking og presisering av 3.3.1

Suksesskriteriet gjeld inputfeil som blir oppdaga automatisk. Inputfeil omfattar

  • informasjon som nettsida krev, men som brukaren har utelate (tomme obligatoriske felt)
  • informasjon som er gitt i feil dataformat eller med feil verdi

Informasjon som er lagt inn, skal bli liggande i skjemaet, sjølv om det er identifisert ein inputfeil. Formålet med suksesskriteriet er å hjelpe brukaren å fylle ut skjemaet rett, og då er det ein fordel at informasjonen blir liggande i skjemaet. Suksesskriteriet er likevel ikkje til hinder for at det automatisk blir foreslått rettingar, jf. suksesskriteriet 3.3.3.

Viss ein brukar skriv inn ein verdi som for eksempel er for høg, og verdien automatisk blir endra til å falle innanfor tillate område, skal brukaren likevel få ei feilbeskriving. Ei feilbeskriving som fortel brukaren om endring av verdi, vil oppfylle både suksesskriterium 3.3.1 (Identifikasjon av feil) og 3.3.3 (Forslag ved feil).

Testreglar, innhaldstypar og krav til samsvar med 3.3.1

Testreglar for suksesskriterium 3.3.1:

  • 3.3.1a Tomme obligatoriske felt som blir oppdaga automatisk, får feilmelding
  • 3.3.1b Inndatafeil som blir oppdaga automatisk, får feilmelding

I tabellen under gjer vi greie for kva innhald som er testa og kva som er definert som kriterium for at løysinga skal vere i samsvar med suksesskriteriet.

NrTestregelTestobjektKorleis oppnå samsvar med kravet
3.3.1aTomme obligatoriske felt som blir oppdaga automatisk, får feilmeldingObligatoriske skjemaelement

Dersom det blir oppdaga automatisk at obligatoriske skjemaelement ikkje er fylt ut, gjeld følgande:

Brukaren får ei tekstleg feilmelding

Feilmeldinga er koda som tekst

Feilmeldinga identifiserer skjemaelementet der feilen oppstod

Feilmeldinga beskriv feilen
3.3.1bInndatafeil som blir oppdaga automatisk, får feilmeldingSkjemaelement der inndatafeil blir oppdaga automatisk.

For alle skjemaelement der inndatafeil blir oppdaga automatisk, er følgande oppfylt:

Brukaren får ei tekstleg feilmelding

Feilmeldinga er koda som tekst

Feilmeldinga identifiserer skjemaelementet der feilen oppstod

Feilmeldinga beskriv feilen

Med unntak for skjemaelement med sensitivt innhald, ligg informasjonen som er fylt inn framleis i skjemaelementet.

Suksesskriterium 3.3.2 Ledetekstar eller instruksjonar

Formål med 3.3.2

Skjemafelt skal ha ledetekstar og instruksjonar slik at brukarane forstår korleis eit skjema skal fyllast ut. Dette skal gjere det lettare for brukarane å betene skjema.

Brukssituasjonar for 3.3.2

Suksesskriteriet skal ta omsyn til personar som er/har:

  • Blinde
  • Døvblinde
  • Nedsett syn
  • Nedsett kognisjon
  • Nedsett motorikk

Ledetekstar og instruksjonar er og med på å gjere skjema meir brukarvennlege for alle.

Tolking og presisering av 3.3.2

Kravet om ledetekstar eller instruksjonar gjeld for skjema med meir enn eitt felt. Det er tilstrekkeleg at ledetekstar og instruksjonar kjem til syne når skjemafeltet er i fokus. I forståartikkelen til suksesskriteriet går det fram at det er viktig å vurdere kva informasjon brukaren treng for å kunne betene skjemaet. For mykje informasjon kan gjere det vanskeleg å få oversikt over og forstå innhaldet. Dette gjeld likevel ikkje dersom skjemaet berre inneheld eitt felt.

Suksesskriteria 2.4.6 og 3.3.2 heng tett saman:

  • 2.4.6 gjeld både overskrifter og ledetekstar, og krev ikkje at desse finst, men at dei skal vere beskrivande dersom dei finst.
  • 3.3.2 krev at det skal finnast instruksjon eller ledetekst som identifiserer skjemaelement (inkludert om skjemaelementet er obligatorisk), slik at brukarane veit kva dei skal skrive inn.

3.3.2 stiller ikkje krav til kopling mellom ledetekst og skjemaelementet. Dette er knytt til suksesskriterium 1.3.1 og 4.1.2.

3.3.2 stiller heller ikkje krav til feilretting og hjelpefunksjonalitet i skjema. Dette er knytt til suksesskriteria 3.3.1 og 3.3.3.

Skjemainstruksjonar i form av bilde, fell inn under både suksesskriterium 1.1.1 og 3.3.2. Testregel for verifikasjon av slike bilde er knytt til suksesskriterium 3.3.2, slik at skjemainstruksjonar av denne typen blir testa meir heilskapleg.

Testregel, innhaldstypar og krav til samsvar med 3.3.2

Testregel for suksesskriterium 3.3.2:

  • 3.3.2a Skjemaelement er identifiserte ved hjelp av instruksjonar eller ledetekstar

I tabellen under gjer vi greie for kva innhald som er testa og kva som er definert som kriterium for at løysinga skal vere i samsvar med suksesskriteriet.

NrTestregelTestobjektKorleis oppnå samsvar med kravet
3.3.2aSkjemaelement er identifiserte ved hjelp av instruksjonar eller ledetekstarAlle element i digitale skjema, inkludert global søkefunksjon

Alle skjemaelement har ledetekstar eller instruksjonar som set brukaren i stand til å betene skjemaet.

Følgande skal vere oppfylt:

Skjemaelementa har ein visuell identifikasjon i form av ledetekst, instruksjon eller ikon/symbol/bilde.

Identifikasjonen er visuelt plassert i eller rett ved skjemaelementa.

Identifikasjonen er alltid synleg når skjemaelementa er i fokus.

Ikon/symbol/bilde er identifisert i koden.

Det er opplyst om skjemaelementa er obligatoriske, eventuell merking med symbol skal vere forklart før det blir teke i bruk.

Suksesskriterium 3.3.3 Forslag ved feil

Formål med 3.3.3

Når det skjer feil ved utfylling av skjema, skal brukaren skal få forslag til retting, så sant det er mogleg. Føresetnaden er at feilen blir oppdaga automatisk og det finst forslag til korleis feilen kan rettast. Formålet er at brukaren lettare skal kunne betene digitale skjema.

Brukssituasjonar for 3.3.3

Suksesskriteriet skal ta omsyn til personar som kan ha behov for hjelp til effektiv betening av skjema:

  • Blinde
  • Svaksynte
  • Fargeblinde
  • Døvblinde
  • Nedsett kognisjon
  • Nedsett motorikk

Forslag til retting av inputfeil i skjema vil og gi auka brukarvennlegheit for alle brukarar.

Tolking og presisering av 3.3.3

Kravet gjeld for skjemaløysingar der feil i inndata blir oppdaga automatisk. Dette er informasjon som er gitt av brukaren og omfattar både

  • informasjon som nettsida krev, men som brukaren har utelate (tomme obligatoriske felt)
  • informasjon som er gitt, men som har feil format eller feil verdi

Tilsynet legg og til grunn, med bakgrunn i suksesskriterium 3.3.1, at informasjon som er fylt inn, eller eit forslag til retting, må ligge i skjemaelementet etter at feilen ble oppdaga automatisk. Dette fordi formålet med suksesskriteriet er å hjelpe brukaren å fylle ut skjemaet på korrekt måte, og då er det ein fordel at informasjonen eller forslaget til retting, framleis ligg i skjemaet.

Kravet gjeld ikkje dersom

  • det ikkje finst eksakte eller kjende måtar å rette feilen på, for eksempel stavemåte, korleis ein skal skrive eit namn og liknande
  • inndata er knytt til sikkerheit, for eksempel passord
  • forslag til retting undergrev formålet, for eksempel svar i ein quiz

Testregel, innhaldstypar og krav til samsvar med 3.3.3

Testregel for suksesskriterium 3.3.3:

  • 3.3.3a Inndatafeil som blir oppdaga automatisk, får forslag til retting

I tabellen under gjer vi greie for kva innhald som er testa og kva som er definert som kriterium for at løysinga skal vere i samsvar med suksesskriteriet.

NrTestregelTestobjektKorleis oppnå samsvar med kravet
3.3.3aInndatafeil som blir oppdaga automatisk, får forslag til rettingSkjemaelement der inndatafeil blir oppdaga automatiskFor alle skjemaelementa der inndatafeil blir oppdaga automatisk, får brukaren eit forslag som gir tilstrekkeleg informasjon om korleis feil kan rettast.

Suksesskriterium 3.3.4 Forhindring av feil

Formål med 3.3.4

Ved at brukaren kan kontrollere data og rette feil ved utfylling av skjema, kan ein hindre at alvorlege konsekvensar av feil oppstår. Alvorlege konsekvensar kan også hindrast dersom brukaren får høve til å bekrefte informasjon eller reversere handlingar.

Brukssituasjonar for 3.3.4

Funksjonalitet for å hindre at feil som brukarar kan gjere når dei skal betene skjema, får alvorlege konsekvensar av for eksempel juridisk eller økonomisk karakter, er til hjelp for alle brukarar, med og utan funksjonsnedsettingar.

Tolking og presisering av 3.3.4

Kravet er avgrensa til å gjelde transaksjonar som medfører juridisk bindande plikter eller rettar for brukaren. Dette kan for eksempel vere billettkjøp, banktransaksjonar, opplysningar i profilar i ulike datalagringssystem eller liknande.

Det er krav om at minst ein av dei tre moglegheitene lista opp under, er ivaretekne i skjemaprosessen:

  • Sendeprosessar kan reverserast.
  • Data kan kontrollerast og rettast opp.
  • Det finst ein mekanisme for gjennomgang, stadfesting og oppretting av informasjon før innsending.

Testregel, innhaldstypar og krav til samsvar med 3.3.4

Testreglar for suksesskriterium 3.3.4:

  • 3.3.4a Brukaren kan kontrollere og endre informasjon, eller angre innsending av skjema med viktig formål
  • 3.3.4b Brukaren kan bekrefte eller angre sletting av lagra informasjon

I tabellen under gjer vi greie for kva innhald som er testa og kva som er definert som kriterium for at løysinga skal vere i samsvar med suksesskriteriet.

NrTestregelTestobjektKorleis oppnå samsvar med kravet
3.3.4aBrukaren kan kontrollere og endre informasjon, eller angre innsending av skjema med viktig formål

Skjema som medfører juridiske og/eller økonomiske plikter for brukaren

Skjema som endrar eller slettar brukarstyrte data i datalagrings-system

Skjema som sender svar på testar utført av brukaren.

Kravet kan oppfyllast på fleire måtar:

Det skal vere mogleg å anten gjennomgå og endre før innsending eller angre etter innsending av skjema med viktige formål.

Ein av følgande må vere oppfylt:

Før innsending får brukaren oppfordring om å gjennomgå informasjonen som er lagt inn

moglegheit til endre all informasjon før innsending 

krav om å bekrefte at informasjonen er korrekt

Etter innsendingfår brukaren beskjed om korleis dei kan angre innsending av skjemaet ogdet let seg gjere å angre innsendinga

3.3.4bBrukaren kan bekrefte eller angre sletting av lagra informasjonSkjema som slettar brukarstyrte data i datalagrings-system.

Kravet kan oppfyllast på fleire måtar:

Det skal vere mogleg å anten bekrefte sletting eller angre etter sletting av lagra informasjon frå skjema med viktige formål.

Ein av følgande må vere oppfylt:

Før sletting får brukaren krav om å stadfeste at ein har til formål å slette informasjonen.

Etter innsending let det seg gjere å angre slettinga.

Suksesskriterium 4.1.1 Parsing (oppdeling)

Formål med 4.1.1

Formålet med suksesskriteriet er å sikre rett kodesyntaks slik at nettsider oppfører seg på ein føreseieleg og påliteleg måte i ulike brukaragentar som for eksempel nettlesar, skjermlesar og hjelpemiddelteknologi.

Viss innhaldet har feil kodesyntaks, kan ulike brukaragentar og hjelpemiddel tolke og presentere innhald på ulikt vis, eller ikkje klare å tolke innhaldet i heile.

Brukssituasjonar for 4.1.1

Personar som brukar hjelpemiddelteknologi er avhengig av at nettsider ikkje inneheld syntaksfeil for å få innhaldet presentert på rett måte. Dette gjeld i særleg grad for:

  • Blinde
  • Svaksynte
  • Døvblinde
  • Nedsett kognisjon

Tolking og presisering av 4.1.1

Tolking av suksesskriteriet reflekterer at tilsynet brukar W3C sin kodevalidator når vi verifiserer om nettløysingar er utforma i samsvar med 4.1.1. Det er eit krav etter dette suksesskriteriet at nettsider ikkje skal ha følgande feil:

  • Ufullstendige start- og sluttkodar
  • Element som ikkje er nøsta i samsvar med spesifikasjonane
  • Element som inneheld dupliserte attributt
  • Element som har ID-ar som ikkje er unike

Viss det ikkje er mogleg å validere heile nettsida, stoppar validatoren opp og returnerer resultatet «Fatal error». Viss koden har ein «fatal error», vurderer vi at suksesskriteriet ikkje er oppfylt.

I følge ordlyden i suksesskriteriet gjeld ikkje kravet dersom det er spesifisert at kodespråket som er brukt i nettløysinga, tillèt situasjonane lista opp i punktlista over. Tilsynet sin testregel for dette suksesskriteriet, legg opp til å teste nettsider koda i HTML og XHTML. Desse kodespråka har ikkje slike unntak.

Testregel, innhaldstypar og krav til samsvar med 4.1.1

Testregel for suksesskriterium 4.1.1:

  • 4.1.1a Koden inneheld ikkje syntaksfeil

I tabellen under gjer vi greie for kva innhald som er testa og kva som er definert som kriterium for at løysinga skal vere i samsvar med suksesskriteriet.

NrTestregelTestobjektKorleis oppnå samsvar med kravet
4.1.1aKoden inneheld ikkje syntaksfeilInnhald som er koda i HTML eller XHTML

Nettsida får ikkje "Fatal Error" ved validering, og inneheld ikkje syntaksfeil av følgande type:

feil nøsting av element

element som ikkje er avslutta korrekt

element som har same attributt fleire gonger

element som har ID-ar som ikkje er unike

Suksesskriterium 4.1.2 Navn, rolle, verdi

Formål med 4.1.2

Formålet med suksesskriteriet er at brukargrensesnittkomponentar som for eksempel skjemaelement og knappar, skal vere tilgjengelege for personar som brukar hjelpemiddelteknologi.

Brukssituasjonar for 4.1.2

Suksesskriteriet skal ta omsyn til brukarar som er avhengige av datahjelpemiddel som skjermlesar, skjermforstørrar og programvare for talegjenkjenning for å få tilgang til innhald på nettsider. Dette gjeld i særleg grad personar som er/har:

  • Blinde
  • Svaksynte
  • Døvblinde
  • Nedsett motorikk

Tolking og presisering av 4.1.2

Brukargrensesnittkomponent er i WCAG definert ein del av innhaldet som brukarane oppfattar som eitt einskilt kontrollelement med ein bestemt funksjon. Kravet er at slike brukargrensesnittkomponentar skal vere identifisert med namn og rolle i koden. Namn er tekst som programvare kan bruke til å identifisere sjølve komponenten. Roller er tekst eller tal som programvare brukar til å identifisere kva funksjon ein komponent har.

Hjelpemiddelteknologi skal vere i stand til å

  • finne informasjon om komponentane
  • aktivere eller stille inn komponentane
  • halde seg oppdatert viss komponentane endrar innstilling

Det følger av forståartikkelen at kravet er oppfylt dersom alle brukargrensesnittkomponentane er i samsvar med spesifikasjonen til teknologien som nettsida er koda i. Dersom ein har koda eigne komponentar, eller brukar standardkomponentar som er koda til å ha andre rollar/funksjonar enn vanleg, skal det ligge føre informasjon om komponentens namn, rolle og verdi.

Suksesskriteriet gjeld for alle brukargrensesnittkomponentar for eksempel, skjemaelement, lenker, knappar og iframe. Tilsynet sine testreglar for dette suksesskriteriet dekker skjemaelement, knappar og iframe.

Testregel, innhaldstypar og krav til samsvar med 4.1.2

Testreglar for suksesskriterium 4.1.2:

  • 4.1.2a Skjemaelement er identifiserte i koden
  • 4.1.2b Knappar er identifiserte i koden
  • 4.1.2c Iframe er identifisert i koden

I tabellen under gjer vi greie for kva innhald som er testa og kva som er definert som kriterium for at løysinga skal vere i samsvar med suksesskriteriet.

NrTestregelTestobjektKorleis oppnå samsvar med kravet
4.1.2aSkjemaelement er identifiserte i kodenSkjemaelement, for eksempel avkryssingsboks, radioknapp, tekstfelt eller nedtrekksliste.

Skjemaelement er kopla til ein ledetekst i koden. Dette kan gjerast på fleire måtar. Ledeteksten identifiserer skjemaelementet.

Dersom skjemaelementet høyrer til ei gruppe, er det i tillegg kopla til ein ledetekst som gjeld for gruppa. Ledeteksten identifiserer gruppa.

4.1.2bKnappar er identifiserte i koden

Knappar, for eksempel til å aktivere ein funksjon eller sende inn skjema.

Knappar som består av bilde, koda som lenke, div, span osv.

Knappar er kopla til ein ledetekst i koden. Dette kan gjerast på fleire måtar. Ledeteksten identifiserer funksjonen til knappen.

Knappar som ikkje er koda med standardelementa i (X)HTML , skal ha informasjon om rolle.
4.1.2cIframe er identifisert i kodenIframe-elementDer det er brukt iframe-elementet i koden, har iframe ein ledetekst som identifiserer innhaldet.

 

Oversikt over brukssituasjonar og suksesskriterium

Tabellen gir oversikt over suksesskriterium om kva brukssituasjonar/brukargrupper dei i særleg grad er tenkt å ta omsyn til.

SuksesskriteriumBlindeSvaksynteFargeblindeDøvblindeDøveNedsett høyrselNedsett kognisjonNedsett motorikkAnfallAlle
1.1.1 Ikke-tekstlig innholdJaJa JaJaJaJa  Ja
1.2.1 Bare lyd og bare video (forhånds-innspilt)JaJa JaJaJa    
1.2.2 Teksting (forhånds-innspilt)    JaJa   Ja
1.3.1 Informasjon og relasjonerJa  Ja      
1.3.2 Meningsfylt rekkefølgeJaJa Ja      
1.3.3 Sensoriske egenskaperJaJa Ja      
1.4.1 Bruk av fargeJaJaJa      Ja
1.4.2 Styring av lydJaJa       Ja
1.4.3 Kontrast JaJa      Ja
1.4.4 Endring av tekststørrelse Ja       Ja
1.4.5 Bilder av tekstJaJa    Ja   
2.1.1 Nå alt med tastaturJaJa     Ja  
2.1.2 Ingen tastaturfelleJaJa     Ja  
2.2.1 Justerbar hastighetJaJa JaJa JaJa Ja
2.2.2 Pause, stopp, skjul      Ja  Ja
2.3.1 Terskel-verdi på maksimalt tre glimt        Ja 
2.4.1 Hoppe over blokkerJaJa Ja  JaJa  
2.4.2 Beskrivende sidetitler Ja    JaJa Ja
2.4.3 Fokus-rekkefølgeJaJa Ja  JaJa  
2.4.4 Formål med lenke (i kontekst)JaJa Ja  JaJa Ja
2.4.5 Flere måter å finne fremJaJa Ja  JaJa Ja
2.4.6 Overskrifter og ledetekster er beskrivendeJaJa Ja  JaJa Ja
2.4.7 Synlig fokus Ja    JaJa  
3.1.1 Språk på sidenJaJa    Ja   
3.1.2 Språk på deler av innholdJaJa    Ja   
3.2.1 FokusJaJa Ja  JaJa Ja
3.2.2 InndataJaJa Ja  JaJa Ja
3.2.3 Konsekvent navigeringJaJa Ja  Ja  Ja
3.2.4 Konsekvent identifikasjonJaJa Ja  Ja  Ja
3.3.1 Identifikasjon av feilJaJaJaJa  Ja  Ja
3.3.2 Lede-tekster eller instruksjonerJaJa Ja  JaJa Ja
3.3.3 Forslag ved feilJaJaJaJa  JaJa Ja
3.3.4 Forhindring av feil (juridiske feil, økonomiske feil, datafeil)         Ja
4.1.1 Parsing (oppdeling)JaJa Ja  Ja   
4.1.2 Navn, rolle, verdiJaJa Ja   Ja  

Om testprosedyrane

Tilsynet har utarbeidd testprosedyrar for å måle samsvar eller brot med dei 35 suksesskriteria i WCAG 2.0, som er obligatoriske etter forskrifta. Testprosedyrane legg opp til at nettstader kan testast i form av stikkprøvar. Dei kan brukast som indikatorar for universell utforming. 

Kvar testprosedyre bygger på

  • ei dokumentert tolking av WCAG 2.0
  • informasjon om kva som skal til for å oppfylle kvart enkelt suksesskriterium
  • ei standardisert og detaljert testprosedyre
  • fastsette malar for registrering av testdata
  • førehandsdefinerte testresultat som blir automatisk genererte frå registrerte testdata

Dette gir openheit og gjer metoden enkel å ta i bruk for myndigheitsorgan, leverandørar av nettløysingar og verksemder som skal kravspesifisere eller evaluere eiga IKT-løysing. Testprosedyrane er dokumenterte i Excel-rekneark. 

Lær meir om testprosedyrar og indikatorar for universell utforming av nettstader.

Last ned testprosedyrane

Rettleing i bruk av testprosedyrane.