Om testprosedyrar og indikatorar for universell utforming av nettstader

Tilsynet sine testprosdyrar for for evaluering av nettløysingar, bygger på tilsynet si tolkning av WCAG 2.0 og gir gyldige og pålitelege målingar.

Publisert: 25. aug 2017, Sist endra: 03. feb 2019

Kva er ein indikator?

Ordet indikator kjem frå verbet «å indikere» som betyr «å angi», «å antyde» eller tilsvarande. 

Testprosedyrar og indikatorar for universell utforming

Indikatorar brukar vi for å få informasjon om tilhøve som ikkje er direkte målbare, eller som er for kostbare eller kompliserte å måle direkte. Dette er tilfelle for universell utforming av nettsider. Vi kan ikkje lese direkte ut av ei nettside om ho er utforma i samsvar med krava i standarden WCAG 2.0. Difor treng vi informasjon som gir oss «indikasjonar» på i kva grad krava til universell utforming er ivaretekne.

Krava i regelverket er omfattande og komplekse, og famnar om alt frå detaljerte tekniske krav til kode og struktur, til meir skjønnsmessige krav til formulering av lenker, feilmeldingar, ledetekstar og overskrifter. Krava er tolka og beskrivne slik at dei er målbare. Ved å bruke testprosedyrane, får vi test- eller måleresultat for kvart enkelt suksesskriterium. Ved å sette saman resultat frå fleire testar, får vi informasjon om ei nettløysing er utforma i samsvar med regelverket. I og med at vi testar stikkprøvar av nettsider og innhaldstypar, er testane å sjå som indikatorar for universell utforming.

Testprosedyrane er dokumenterte og pålitelege

Testane skal så langt råd er gi same resultat sjølv om det er ulike personar som testar. Det skal vere tydeleg kva innhaldstypar, funksjonalitet og strukturelle element som skal vurderast i kvar enkelt test. Det skal vere tydeleg kva som skal til å oppfylle kvart enkelt krav. Dette skal sikre at testane er gyldige og pålitelege.

Testprosedyrar og standardiserte testresultat skal sikre at vi både kan samanstille testresultat for å gjere ei samla vurdering av ein nettstad, og samtidig generere statistikk som gir informasjon om mange nettstader. Testprosedyrane for universell utforming av nettløysingar, som vert brukte både ved tilsyn og statusmålingar.

Testane kan også brukast av verksemder som vil evaluere eigne løysingar eller skal anskaffe nye. Også leverandørar av nettbaserte IKT-løysingar kan bruke testane for å vurdere om løysingane dei utviklar er i samsvar med krava i regelverket.

Testprosedyrar for nettstader finn du her.

Sharethis