Kva er universell utforming?

Universell utforming handlar om å utforme omgjevnadane slik at vi tek omsyn til variasjonen i funksjonsevne hos innbyggarane, inkludert personar med nedsett funksjonsevne. Når du lagar noko som er universelt utforma, når du alle målgruppene gjennom éi og same løysing.

Universell utforming på 2 minutt (video)

Definisjon

Diskriminerings- og tilgjengelegheitslova (Lovdata.no) stiller krav om universell utforming til offentlege og private verksemder. Lova definerer universell utforming slik:

Med universell utforming menes utforming eller tilrettelegging av hovedløsningen i de fysiske forholdene, herunder informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT), slik at virksomhetens alminnelige funksjon kan benyttes av flest mulig.

Hovedregelen er at IKT-løsninger i Norge skal være universelt utformet. Mer under krav og regelverk

Forskrift om universell utforming av IKT på Lovdata.no.

Enklare og bedre for alle

Idéen med universell utforming er altså å lage hovudløysinga så brukarvenleg at det i liten grad skal vere behov for spesialløysingar ved sidan av. På den måten oppnår vi:

  • færre løysingar å utvikle og halde ved like
  • få eller ingen spesialløysingar for "dei funksjonshemma"
  • løysingar som er enklare og bedre for alle
  • fleire måtar å bruke løysinga på
  • mulegheit for at fleire kan bruke løysinga

Det finst verken standardar eller objektive sanningar som løyser alle spørsmål knytt til universell utforming. Ofte må vi tenke kreativt og nytt. Tenk difor på universell utforming som ein prosess og eit verkemiddel gjennom heile utviklingsløpet. 

Sjå også:

Sju prinsipp for universell utforming

The Center for Universal Design lanserte i 1997 sju prinsipp for universell utforming. Prinsippa var først retta inn mot universell utforming av bygningar og uteområde, men har i dag generell gyldigheit.

  1. Like mulegheiter for bruk: Utforminga skal vere brukbar og tilgjengeleg for personar med ulike evner.
  2. Fleksibel i bruk: Utforminga skal tene eit vidt spekter av individuelle preferansar og evner.
  3. Enkel og intuitiv i bruk: Utforminga skal vere lett å forstå utan omsyn til erfaringa, kunnskapen, språkevnene eller konsentrasjonsnivået til brukaren.
  4. Forståeleg informasjon: Utforminga skal kommunisere naudsynt informasjon til brukaren på ein effektiv måte, uavhengig av forhold knytt til omgjevnadane eller til brukaren sine sensoriske evner.
  5. Toleranse for feil: Utforminga skal minimalisere farar og skader som kan gi ugunstige konsekvensar, eller minimaliserar utilsikta handlingar.
  6. Låg fysisk utfordring: Utforminga skal kunne brukast effektivt og hendig med eit minimum av byrde.
  7. Storleik og plass for tilgang og bruk: Føremålstenleg storleik og plass skal gjere det muleg med tilgang, rekkevidde, betening og bruk, uavhengig av brukeren sin kroppsstorleik, kroppsstilling eller mobilitet.

Fant du det du lette etter?

Stjerne(*) er obligatoriske felter som du må fylle ut for å sende skjemaet. 

MERK: Du får ikke svar på denne meldingen. Har du spørsmål du ønsker svar på send oss en e-post til uu@difi.no.

Fant du det du lette etter?
*