Korona og enkle grep for å nå alle på nett

Korona har gjort det viktigare enn nokon gong å nå ut med informasjon til alle på nett. Slik gjer du enkle grep med universell utforming som gir stor effekt.

Publisert: 07. Apr 2020, Sist endret: 15. nov 2020

Koronasituasjonen har gjort oss digitaliserte på rekordtid, og det er viktigare enn nokon gong å sikre at du når ut med informasjon til alle. For mange er informasjon på nett no den einaste kjelda til informasjon frå dag til dag. Konsekvensen av å vere utestengt frå den informasjonen er større enn nokon gong. 

Her er enkle grep som følger av lovpålagde krav for nettløysingar om universell utforming.

Video

All video på nett som er innspelt på førehand skal vere teksta. Dersom du sender eit live-opptak, men let opptaket ligge, er det rekna for å vere førehandsinnspelt og må vere teksta.

Dersom du ikkje får teksta videoen, kan ei løysing vere å publisere manus eller tekst som gir den same informasjonen ved sidan av videoen. Teksten skal vere godt synleg og ikkje stå i vegen for innhaldet i videoen.

Les meir om video i våre løysingsforslag. Der finn du også vanlege spørsmål og svar.

Teksting av video er bra både for dei som er høyrselshemma, framandspråklege eller om du sit ein plass du ikkje vil forstyrre dei andre rundt deg. Då kan du følgje med på videoen og sjå tekstinga og få med innhaldet. Det er praktisk dersom det er mykje støy rundt deg.

Lydklipp

Mange publiserer lydfiler med viktig informasjon, men hugs på at ikkje alle kan spele av lyd. Regelen er den same som nemnt for video ovanfor: publisere tekst ved sidan som seier det same. Teksten treng ikkje å gi det eksakt same innhaldet, men det skal vere nok informasjon til å kunne forstå den viktigaste bodskapen eller føremålet med lydklippet.

Les meir om lydklipp i våre løysingsforslag.

Dokument

Vi tilrår å publisere innhald i HTML så langt det er mogleg. Dersom du publiserer dokument som PDF, Word eller PowerPoint, må du sjekke om dokumentet er lesbart og tilgjengeleg. Det finst funksjonar for dette i dei ulike programma.

Ver bevisst på struktur av tekst på nett, det gjer innhaldet meir lesbart. Hugs rett bruk av stil, overskrift, god kontrast, tabellstruktur og alternativ tekst på bilde. Poenget er at personar som brukar hjelpemiddel, forstår innhaldet. Har du for eksempel ikkje definert ei overskrift med overskriftstil, vil det heller ikkje bli lese opp som overskrift av enkelte hjelpemiddel. 

Å legge ut ein PDF som ei bildefil, bør du ikkje gjere. Den blir utilgjengeleg for ein som les nettsida med eit hjelpemiddel, for eksempel personar med dysleksi eller synshemming.

Les meir om dokument på nettsider med løysingsforslag og eksempel i rettleiinga vår.

Overskrifter og lister

Vi ser at mange gjer feil når det gjeld overskrifter og lister. Dersom du har brukt overskrifter rett, vil teksten vere strukturert – både for ein som ser, og for ein som brukar hjelpemiddel.

Du organiserer teksten ved hjelp av overskrifter og avsnitt i publiseringsløysinga. Lag overskrifter og mellomtitlar med funksjonane, h1 og h2 osv.

Hugs at feit skrift ikkje er ei overskrift.

Dette gjeld også lister. Tankestrek er ikkje ei punktliste. Bruk listeverktøyet når du lagar liste på nett.

Les meir om overskrifter og lister med eksempel i rettleiinga vår.

Kontrast

Kontrast er spesielt viktig for at innhaldet skal vere synleg. Det er spesielt viktig for fargeblinde og personar med nedsett syn. Kontrast sørger også for betre synlegheit ved sterkt lys frå sol eller andre kjelder. Det er også bra dersom du skal skrive ut dokument i svart/kvitt.

Vi kan måle om kontrast mellom tekst og bakgrunn er god nok, men hugs at svart tekst på kvit bakgrunn alltid er godkjent.

Les om kontrastkrav og tips til gratisverktøy i rettleiinga vår.

Fargebruk

Sjølv om kontrasten er god, hugs at same farge ikkje ser lik ut for alle. Tenk på fargebruken og korleis vi oppfattar fargar. I ein graf med fargane oransje, grønt, blått og lilla, vil linjene sjå like ut for ein person med raud-grøn fargeblindheit. Du kan løyse problemet med å plassere leietekst til kvar del av diagrammet.

Les meir om fargebruk i rettleiinga vår.

Til slutt - ta gratis kurs på nett

Ta gjerne e-læringskurset vårt for å lære meir. Det er gratis og ope for alle. Fullversjonen er retta mot nettredaktørar og skribentar. Kortversjonen er for skribentar og dei som skal lage dokument. Du kan også bruke kurset som eit oppslagsverk etterpå.

E-læringskurs: Universell utforming av nettinnhald

Deldette