Digitale barrierar på norske nettstader

Difi publiserer ein ny rapport som handlar om ei statusmåling som tilsyn for universell utforming av IKT gjennomførte hausten 2014. Dette er ei måling av status for universell utforming blant vel 300 verksemder i ulike næringsgrupper i privat og offentleg sektor.

Publisert: 22. jun 2015, Sist endret: 29. okt 2018

Til informasjon: Rapporten består av fleire kapittel, men førebels har vi berre lagt ut forordet og oppsummeringa i første kapittel på nettsidene våre. Sjå PDF-utgåva for heile rapporten

Forord

Alle skal på ein god og enkel måte kunne bruke nettløysingar dei møter i kvardagen. Dette er føremålet med regelverket om universell utforming av IKT. Difi, ved tilsyn for universell utforming av IKT, fører tilsyn etter regelverket. Visjonen er eit samfunn utan digitale barrierar.

Tilsynet har gjennomført ei måling av status for universell utforming på norske nettstader. Målinga vart gjennomført i perioden september 2014 til januar 2015. Vi evaluerte om lag 300 nettstader i privat og offentleg sektor, opp mot eit utval av krava i regelverket.

Målinga bygger på standarden Retningslinjer for tilgjengelig webinnhold (WCAG) 2.0. Rapporten forklarar tekniske krav til nettløysingar som inngår i målinga og på kva måte krava påverkar bruk av nettløysingane. Rapporten inneheld resultat for tema og samfunnsområda tilsynet har identifisert som særleg viktige for likeverdig deltaking.

Digitale barrierar avdekka i denne målinga gir ein peikepinn på tema det er viktig å ta omsyn til i arbeid med nettløysingar. Rapporten har fleire målgrupper og skal gi informasjon både til verksemder som brukar nettsider i kontakt med kundar og brukarar, brukar- og bransjeorganisasjonar, utviklarar, designarar og nettredaktørar. Sjølv om arbeidet tek utgangspunkt i tekniske krav, er det lagt vekt på ei framstilling som ikkje føreset omfattande teknologisk kompetanse.   

Målinga er gjennomført av tilsynet sine medarbeidarar Mokhtar Eliassi, Martin Skifte Swartling og Geir Sindre Fossøy, med bistand frå Steria AS ved Kari Anne Reitan Andersen. Dagfinn Rømen i tilsyn for universell utforming av IKT har vore fagleg ansvarleg for gjennomføring av målinga og kvalitetssikring av testresultat. Han har i tillegg bidrege med kvalitetssikring av det faglege innhaldet i rapporten knytt til universell utforming av nettløysingar. Produktsjef Inger Tvenning i Intelytics Norge AS har bidrege med analyse av data og kvalitetssikring av bruk av analyseresultat.

Seniorrådgjevar Brynhild Runa Sterri har skrive rapporten, og er også prosjektleiar for  «Kunnskapsgrunnlag for universell utforming av IKT», der denne statusmålinga er ein av hovudleveransane.

Malin Rygg, seksjonsleiar i tilsyn for universell utforming av IKT, er prosjektansvarleg.

Oslo, 15. juni 2015

Ingelin Killengreen
direktør

 

Deldette