Mange norske nettstader bryt lova

Tilsyn for universell utforming av ikt i Difi har i 2018 målt status for universell utforming på 278 norske nettstader. Resultata er for dårlege både i offentleg og privat sektor.

Publisert: 13. des 2018, Sist endret: 18. des 2018

Følg presentasjonen av resultata

Tilsynsdirektør i Difi, Malin Rygg, presenterte statusmålinga i eit webinar torsdag 13. desember kl. 09.30.

Opptak: Lenke til opptak av webinar kjem seinare.

I dag publiserer tilsynet resultata for dei 278 verksemdene som er med i målinga på uu.difi.no. Målinga viser at befolkninga møter mange barrierar når dei skal bruke digitale tenester. 

Tilsynet jaktar på digitale barrierar

Målinga omfattar store verksemder med tenester som er viktige for mange brukarar, og skal bidra til å finne risikoområde som gjer det vanskeleg eller umogleg for mange å bruke tenester på nett.

Eksempel på verksemder i målinga er:

  • VG, NRK, Dagbladet, Aftenposten og Nettavisen
  • Nille, Komplett, XXL, Clas Ohlson og Dressmann
  • NSB, Nettbuss, Norwegian, SAS og Widerøe
  • Nordic Choice, Scandic, Best Western og Thon
  • DNB, Nordea, S-Banken, Sparebank 1, Storebrand og If
  • NAV, Skatt, Politiet, Stortinget, Statens Vegvesen
  • Kommunane Bergen, Trondheim, Stavanger, Tromsø og Fredrikstad

Resultata gjeld for nettstadene som er med i målinga. Utvalet er i hovudsak sett saman av nettstader med store brukarvolum. Derfor kan vi ikkje generalisere resultata til å gjelde for alle nettløysingar. Bakgrunnen for at vi har valt å teste løysingane til større verksemder, er at tilsynet prioriterer område der manglande universell utforming får konsekvensar for mange brukarar.

Hovudfunn

Det er gjennomført 26 818 enkelttestar på 278 nettstader. Samla sett oppnår verksemdene 60 prosent av totalt oppnåeleg resultat i målinga. Men det er stor variasjon i resultata frå verksemd til verksemd, med resultat som varierer frå 34 prosent til 92 prosent.

Nettstader som er tekne i bruk etter innføringa av regelverket verkar å vere meir tilgjengelege enn eldre løysingar.

Andre funn er:

  • Dei største nettavisene og nyheitsformidlarane er med i målinga. Mange av desse er langt frå å oppfylle krava til universell utforming
  • Mange store nettbutikkar er lite tilgjengelege for store grupper av befolkninga
  • Mange store bankar oppnår gode resultat i målinga, men har framleis utfordringar knytt til digitale skjema
  • Privat sektor har større utfordringar enn offentleg

– Vi skulle gjerne sett betre resultat, seier Malin Rygg, direktør for tilsyn for universell utforming av ikt i Difi. – Sjølv om mange verksemder jobbar betre med universell utforming no enn tidlegare, har vi langt igjen før alle kan oppleve å vere inkluderte og likestilte i møte med digitale løysingar. Når vi veit at universell utforming bidreg til fleire kundar, ville vi trudd at for eksempel varehandelen var meir opptatt av å gjere nettbutikkane sine tilgjengelege for alle kundar.

Footer inn her

Kva er dei vanlegaste feila?

Dei vanlegaste feila vi finn gjeld

  • dårleg kontrast mellom tekst og bakgrunn
  • mangelfull teksting av videoar
  • feilmeldingar i skjema
  • moglegheit for å forstørre innhald
  • utfordringar med tastaturbetjening

Digitale skjema er heilt avgjerande for sjølvbetjening på nettet. Skjemaløysingar famnar om for eksempel innlogging, bestilling, kjøp, søknader, kontaktskjema, kommentarfelt, deling av artiklar i sosiale medium, påmelding til nyheitsbrev med meir. Berre halvparten av skjemaelementa i målinga oppfyller krava i lova.

Mangelfull teksting av video er eit stort problem. Alle videoar skal vere teksta, mens berre 1/3 av videoane i målinga har rett teksting. Teksting er nødvendig for dei med nedsett høyrsel, men gjer innhaldet meir tilgjengeleg også for alle andre.

Halvparten av sidene som er testa har mangelfull moglegheit for å navigere med tastatur. Dette gjer sidene ubrukeleg for mange, inkludert dei som er avhengige av hjelpemiddel.

Mange nettstader har ikkje retta enkle feil som kontrast. Dette gjer sidene vanskeleg å bruke for alle med nedsett syn, eller på mobilskjerm i sollys.

Pressespørsmål

For meir informasjon, ta kontakt med

  • Kommunikasjonsansvarleg i tilsyn for universell utforming av ikt i Difi, Torhild Brudvik, tlf. 482 88 309, e-post Torhild.brudvik@difi.no
  • Tilsynsdirektør i Difi, Malin Rygg, tlf. 971 97 317, e-post Malin.rygg@difi.no
  • Seniorrådgjevar i tilsyn for universell utforming av ikt i Difi, Cathrine von Porat, tlf 984 98 406, e-post Cathrine.vonPorat@difi.no

Følg tilsynet i Difi på Twitter og Facebook: @uudifi

Tilsyn for universell utforming av ikt ligg under Difi og fører tilsyn etter forskrift om universell utforming av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (ikt).