To av tre opplever problem med digitale tenester i dagleglivet

To av tre med nedsett funksjonsevne opplever at digitale tenester som nettsider, appar og automatar, er vanskelege å bruke. Dette viser den nye rapporten Erfaringer med ikt-løsninger blant personer med nedsatt funksjonsevne, utarbeidd av Proba Samfunnsanalyse, på oppdrag av Tilsyn for universell utforming av ikt.

Publisert: 16. jun 2020, Sist endra: 03. jul 2020

- Over natta er alt blitt digitalt, alt frå feiring av nasjonaldag til digital undervisning i skulen. Denne våren har vi sjokkdigitalisert samfunnet som følgje av korona. Dette gir oss store moglegheiter og gjer at mange kan delta på ting som dei elles ikkje ville ha delteke på. Men i arbeidet med å bli meir digitale må vi passe på at ingen blir stengd ute. Digitaliseringa skal gjere kvardagen enklare og ikkje vanskelegare, seier distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland.

Digital inkludering

Nær 1 av 5 nordmenn mellom 16 og 66 år har nedsett funksjonsevne. I gruppa over 66 år kan mange i tillegg oppleve ulike former for funksjonstap som følgje av aldring.

56 % av dei som deltok i undersøkinga, opplevde i nokon grad vanskar i bruk av nettsider, appar og sjølvbetjeningsautomatar på grunn av si funksjonsnedsetting. 14 % opplevde store hindringar.

Om lag 48 % av dei spurte har nedsett syn eller er blinde, men undersøkinga omfattar også funksjonsnedsettingar som høyrsel, dysleksi, dyskalkuli og andre kognitive vanskar. Til saman 70 prosent av dei spurde opplevde utfordringar ved bruk av IKT i dagleglivet.

- Det er altfor mange seier Malin Rygg, tilsynsdirektør i Digitaliseringsdirektoratet. I Norge legg vi i større og større grad opp til sjølvbetjening både på nett, i app eller på automat. Derfor er det uheldig at så mange opplever vanskar med å bruke sjølvbetjening. Det er ei lang rekke problem som hindrar mange i for eksempel å kjøpe varer på nett, logge inn i nettbank eller bruke offentlege tenester som t.d. NAV. Skattemeldinga er ei utfordring for mange, og uleselege dokument sendt som PDF for eksempel i Altinn, er nemnt av fleire. Manglande tale på automatar gjer mange avhengige av hjelp frå andre. Slik skal det ikkje vere.

Vi har sett det før

- Historiene frå brukarane gjer inntrykk. Vi kjenner att bildet frå våre eigne målingar, for eksempel målinga vår av status for universell utforming på 278 norske nettstadar i 2018. Dei fem siste åra har tilsynet gjennomført kontrollar med kommunar, statlege etatar, helseføretak, nettbutikkar, nettaviser, flyselskap, bankar, forsikringsselskap med meir, seier Rygg.

Sjølv om mange har gode og brukarvennlege løysingar, finn vi omfattande digitale barrierar både i privat og offentleg sektor.

Eit eksempel er digitale skjema som er mykje brukt for å få tilgang til blant anna offentlege tenester, digital eksamen, nettbank og billettbestilling. Både i målingar og tilsyn ser vi at mange manglar god rettleiing og gode feilmeldingar som gjer det mogleg å fylle ut skjema på rett måte. Mange nettsider har for dårleg kontrast som gjer nettsida vanskeleg å bruke, både for dei med nedsett syn, men også for alle andre som brukar nettsida på mobil i sollyset.

Mangel på kunnskap og innsikt i brukarbehov frå dei som lagar løysingane lagar unødvendige problem for personar som ser dårleg, har dysleksi eller høyrselshemming eller har kognitive vanskar.

Ein del løysingar er utforma slik at mange blir avhengige av hjelp frå andre. Dette gjeld blant anna mange eldre. For eksempel seier personar med nedsett høyrsel at dei må ringe fastlegen først for å ta ei digital løysing i bruk.

Sitat frå ein av dei spurde i målinga:

Jeg har prøvd å bestille time hos ny fastlege som bruker digital løsning, som var en vesentlig faktor for at jeg byttet. Ulempen er at man MÅ ringe inn først før systemet kan brukes.

Tilsynets erfaring er at manglande universell utforming skuldast lite kjennskap til og kunnskap om regelverket.

- Fordelen med digitale tenester er at dei i utgangspunktet kan vere like for alle. Vi kan stille likt. Men då må det gjerast på rett måte. Vi er forbi den tida der det er akseptabelt at nokon ikkje kan bruke digitale tenester på grunn av nedsett funksjonsevne, seier Malin Rygg.

Rammar elevar og studentar

Manglande digital inkludering er særleg alvorleg for elevar med nedsett funksjonsevne. Dette skjer i ei tid då skule- og utdanningssektoren legg opp til heilt eller delvis digital undervisning også til hausten.

Mange synshemma opplever problem med fjernundervisning, mellom anna fordi det som vert vist i Power Point eller på tavle ikkje vert forklart munnleg. Fleire studentar svarar at dårlege digitale løysingar går ut over karakterane, det tek lengre tid å kome seg gjennom pensum og at dei kjenner seg ekskludert frå informasjon som andre studentar har tilgang til. Konsekvensen kan vere manglande meistringskjensle og det er tilfelle der synshemma har gitt opp studie som følgje av manglande tilgjengelegheit. At ting tar lang tid, er det største problemet for mange.

Sitat frå ein av dei spurde i målinga:

Det tar lang tid, og er veldig anstrengende. Jeg blir hengende etter dersom vi skal lese en tekst vi skal diskutere i gruppe, for eksempel. Alternativet er at jeg får noen til å lese for meg.

At videoar manglar teksting er eit gjennomgåande problem, både på nettaviser, i undervisning og i infovideoar. Dette er ein stor utfordring for dei ein million av oss med nedsett høyrsel.

Sitat frå ein av dei spurde i målinga:

Nettaviser: Flere og flere reportasjer lages med video - og det er ikke så mange av dem som blir tekstet. Det legges opp til at man skal ringe inn hvis man skal ha kontakt med kundeservice.

Dette gjer tilsynet

Resultata frå kartlegginga vil gå inn i tilsynets områdeovervaking, og vil vere del av grunnlag for prioritering av rettleiing og kontroll.

Tilsynet jobbar med informasjon, rettleiing og kontroll av digitale løysingar, og bygger kunnskap gjennom kartleggingar, statistikk, analyse og dialog med bransje- og brukarorganisasjonar.

Rettleiing med løysingsforslag, informasjon om regelverk og tilsynsrapportar finn du her på tilsynets nettsider.

Tilsyn for universell utforming av IKT er ein del av Digitaliseringsdirektoratet.

Les kartlegginga

Alle resultata kan du lese i rapporten Erfaringer med ikt-løsninger blant personer med nedsatt funksjonsevne.

Pressespørsmål

For meir informasjon, ta kontakt med:

  • Kommunikasjonsansvarleg i tilsynet, Torhild Brudvik, tlf. 48 28 83 09, e-post: tob@digdir.no
  • Tilsynsdirektør i Digitaliseringsdirektoratet (Digdir), Malin Rygg, tlf. 917 97 317, e-post: mry@digdir.no
  • Senior kommunikasjonsrådgjevar i Digdir, Are Kvistad, tlf. 478 07 910, e-post:akv@digdir.no