Tilgjengelegheitserklæring

Når EUs webdirektiv (WAD) vert innført i Norge, skal verksemder ha ei tilgjengelegheitserklæring for kvar nettstad og mobilapplikasjon. Tilsynet i Digitaliseringsdirektoratet arbeider no med å utvikle ei sentral digital løysing for tilgjengelegheitserklæringa som skal gjerast fritt tilgjengeleg.

Publisert: 03. jul 2020, Sist endret: 06. aug 2020

Når EUs webdirektiv blir ein del av norsk rett, kjem det fleire krav til universell utforming av ikt i Noreg. Eitt av dei nye krava er at alle verksemder som vert omfatta av dei nye reglane, skal utarbeide og publisere ei tilgjengelegheitserklæring for kvar nettstad og mobilapplikasjon som verksemda har.

Føremålet med ei slik erklæring er å

  • gjere verksemdene merksame på eventuelle sider som ikkje er i samsvar med krava til universell utforming, og slik må utbetrast
  • gje deg som brukar rettleiing om korleis du får informasjonen i eit tilgjengeleg format
  • vere ein kanal som brukarar av løysinga kan nytte for å melde tilbake om svakheit i løysinga

Felles løysing

Digitaliseringsdirektoratet har fått i oppdrag å utvikle ei felles løysing for tilgjengelegheitserklæring. Den vil også omfatte tilbakemeldingsfunksjon. Der kan brukarar gi tilbakemelding om manglande universell utforming til verksemda.

Arbeidet er i gang og ein betaversjon av erklæringa skal etter planen vere klar mot slutten av 2020. Utviklinga av denne skjer i samråd med referansegruppa, som består av representantar frå NAV, Skatteetaten, DFØ, Norsk Helsenett, i tillegg til kommunane Oslo, Bergen og Sogndal.

Fordeler

Fordelene med ei sentral løysing:

  • Verksemdene slepp å utvikle ei løysing for tilgjengelegheitserklæring sjølv og får dermed reduserte kostnader.
  • Det vert enklare for verksemdene å fylle ut erklæringa.
  • Nødvendige oppdateringar i malen for erklæringa kan gjerast sentralt.
  • Det vert lettare for brukarar med éin felles mal.

Krava i EUs webdirektiv vil kome, men det er uklart kva tid det vil tre i kraft, då arbeidet med innføringa er forseinka. Kulturdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet vil i samband med gjennomføringsarbeidet vurdere om den sentrale løysinga skal vere obligatorisk for verksemdene å bruke.

Har du spørsmål, kan du sende e-post til uu@digdir.no.