Snart skal nettsider og appar ha tilgjengelegheitserklæring

Når EUs webdirektiv (WAD) vert innført i Norge, skal verksemder som blir omfatta av dei nye krava, ha ei tilgjengelegheitserklæring for kvar nettstad og mobilapplikasjon. Ei sentral digital løysing skal vere klar i løpet av året.

Publisert: 17. aug 2020, Sist endra: 17. aug 2020

Når EUs webdirektiv (WAD) vert innført i Norge, skal verksemder ha ei tilgjengelegheitserklæring for kvar nettstad og mobilapplikasjon. Der skal du kunne lese korleis bedrifta oppfyller krav om universell utforming av ikt.

Tilsynet i Digitaliseringsdirektoratet har fått i oppdrag å utvikle ei felles løysing for tilgjengelegheitserklæring. Den vil også omfatte tilbakemeldingsfunksjon. Der kan brukarar gi tilbakemelding om manglande universell utforming til verksemda.

Løysinga for tilgjengelegheitserklæring vert bygd som ein pilot mot offentleg sektor. I EU gjeld direktivet offentleg sektor, medan i Norge vert det vurdert kva verksemder som skal omfattast.

Klar i løpet av året

- Vi er godt i gang med arbeidet med ei sentral digital løysing for tilgjengelegheitserklæring som skal gjerast fritt tilgjengeleg, og vi tek sikte på å lansere ein betaversjon før jul, seier tilsynsdirektør Malin Rygg.

– Dette er eit steg vidare etter at Norge har hatt regelverk om universell utforming sidan 2013. No som EU også innfører det same regelverket, kjem det også nokre ekstra krav, mellom anna tilgjengelegheitserklæring.

- Eg snakkar meir om dette på Digitaliseringskonferansen 25. august. Korona har sett digitalisering og universell utforming på spissen. Når folk må halde seg heime og digitale kanalar er den einaste kanalen til informasjon, utdanning og andre tenester, er det viktigare enn nokon gong at digitale løysingar tek universell utforming på alvor, og at verksemder sikrar at alle får tilgang, uansett om du er høyrselshemma, ser dårleg, har lese- og skrivevanskar eller andre utfordringar.

Utviklinga av løysinga for tilgjengelegheitserklæring skjer i samråd med referansegruppa, som består av representantar frå NAV, Skatteetaten, DFØ, Norsk Helsenett, i tillegg til kommunane Oslo, Bergen og Sogndal.

Tidsfristar

Krava i EUs webdirektiv vil kome, men det er uklart kva tid det vil tre i kraft, då arbeidet med innføringa er forseinka

Kulturdepartementet og Kommunal- og Moderniseringsdepartementet vil i samband med gjennomføringsarbeidet vurdere om den sentrale løysinga skal vere obligatorisk for verksemdene å bruke.

Meir informasjon

Tilsynets nettstad: https://uu.difi.no/

Om Digitaliseringskonferansen: https://www.digdir.no/arrangement/digitaliseringskonferansen-2020/1512

Pressespørsmål

For meir informasjon, ta gjerne kontakt:

For meir informasjon og rettleiing om tilsynet i Digitaliseringsdirektoratet og om krava til universell utforming av ikt, sjå tilsynet sin nettstad uu.difi.no.