Om konkurransen

Kvar dag fram til jul kan du vere med i konkurransen om å vinne ein Apple iPad. For å vere med i konkurransen, må du svare rett på spørsmåla som ligg på dagens luke i julekalenderen. For kvart rette svar, aukar du sjansen til å vinne.

Om du klarar å svare rett på minst eitt spørsmål og vår veljarrobot trekk ut deg, vinn du ein Apple iPad Wi-Fi Cellular 32GB Space Grey til ein verdi av ca. kr. 5000.

Om konkurransen

Vi trekker vinnaren innan måndag 8. januar 2018. Vinnaren vil bli kontakta og annonsert på vår nettstad uu.difi.no.

Vi trekker ut ein tilfeldig vinnar ut frå alle rette svar vi får. Om du svarar rett på alle spørsmåla, har du 24 gangar så stor sjanse for å vinne.

Lukene blir opna klokka 00:01 kvar dag frå 01.12.2017, fram til 24.12.2017.

Reglar

  1. Tilsette i Difi og deira næraste familiemedlemmer kan ikkje delta i konkurransen.
  2. Vinnaren kan ikkje byte premien mot økonomisk kompensasjon eller overføre premiekravet til andre personar eller organisasjonar.

  3. Du kan delta i konkurransen på alle luker mellom klokka 00:01 - 23:59 den aktuelle dagen. Du kan berre svare éin gong per luke. Misbruk ved å svare fleire gonger på den same luka kan føre til diskvalifisering.

Publisert: 03. nov 2017, Sist endra: 30. nov 2017

Sharethis

Fant du det du lette etter?

Stjerne(*) er obligatoriske felter som du må fylle ut for å sende skjemaet. 

MERK: Du får ikke svar på denne meldingen. Har du spørsmål du ønsker svar på send oss en e-post til uu@difi.no.

Fant du det du lette etter?
*