Webinar: Panelsamtale om digital utdanning i koronaens tid

Med korona vart undervisning digital nærast over natta, men skjedde det i samsvar med krava om universell utforming av ikt? Webinaret er ein panelsamtale der tilsynet tok ein prat med fem ulike representantar om dette temaet.

Publisert: 14. sep 2020, Sist endra: 14. sep 2020

Webinaret er teksta, men du må sjølv slå på tekstfunksjonen i videoavspelaren. Webinaret er frå 25. august 2020.

Webinar om digital utdanning i koronaens tid

Bakgrunn

Med korona vart undervisninga digital nærast over natta, men skjedde det i samsvar med krava om universell utforming av ikt? Kva er utfordringane? Korleis ser løysingane ut? Kva moglegheiter gir digitaliseringa UH-sektoren?

Tilsynet inviterte til å sjå og lytte til ein panelsamtale om dette temaet på Digitaliseringskonferansen som i år gjekk digitalt tysdag 25. august. 

Målgruppe

Studieadministrasjon, forelesarar, interne produsentar, teknisk personell. Alle som lagar innhald til studentar som blir tilgjengeleg gjennom ei nettløysing.

I panelet

  • Sofie Wilhelmine Andersen - produktdesigner i Ida Jackson AS
  • Kjetil Knarlag – prosjektleiar i Universell
  • Malin Arve - prorektor for utdanning ved Norges Handelshøyskole
  • Ingrid Thunem - styremedlem i Unge Funksjonshemmede
  • Espen Solberg - forskingsleiar i Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU)

Moderator: Sigbjørn Råsberg, jurist i tilsynet

Har du spørsmål, send oss e-post til uu@digdir.no.

Sharethis