Webinar: Presentasjon av statusmålinga 2018

I dette webinaret får du resultata frå statusmålinga for universell utforming på norske nettstader. Resultata viser at det er mange digitale barrierar som gjer løysingar vanskelege å bruke. Malin Rygg presenterer hovudfunn.

Publisert: 30. jan 2019, Sist endra: 03. jul 2020

Webinaret er teksta, men du må sjølv slå på tekstfunksjonen i videoavspelaren.

Tilsynet gjennomførte i 2018 ei stor statusmåling for universell utforming av nettsider. I målinga testa vi 278 nettstader i privat og offentleg sektor. Tilsynsdirektør i Difi, Malin Rygg, presenterte resultata frå statusmålinga i eit webinar ved lansering. Opptaket ser du under.

Les om resultata i vår oppsummering.

Sjå opptak av webinar

 

Sharethis