Webinar: Universell utforming av innhald

Webinaret gir deg som jobbar på universitet eller høgskule, ei oversikt over regelverk og status for universell utforming i denne sektoren. Du vil også få ei innføring i korleis du gjer tekstar, dokument, bilde og videoar tilgjengeleg for flest mogleg.

Publisert: 07. mai 2019, Sist endra: 03. jun 2019

Webinaret er teksta, men du må sjølv slå på tekstfunksjonen i videoavspelaren. Webinaret er fra 20. mai 2019.

Sjå webinar om uu i utdanningssektoren

Bakgrunn

Frå i år skal nye nettløysingar retta mot studentar vere universelt utforma. Eksisterande nettløysingar skal vere universelt utforma frå 2021. Krava gjeld nettsider, læringsplattformar, dokument, digital eksamen og appar.

Universell utforming av ikt handlar både om kode, design og innhald. Dersom du fyller ei løysing med innhald som ikkje er universelt utforma, hjelp det lite om koden er god. I dette webinaret snakkar vi om korleis du kan sørge for at innhald som tekst, dokument, bilde og video følger krava om universell utforming.

Har du ikkje tid denne dagen, kan du sjå det seinare, då vi legg ut opptaket. Du kan sjølvsagt sende oss e-post seinare også, men då kan det ta litt lengre tid før du får svar. Svartida vår er mellom 2 til 10 dagar.

Målgruppe for webinaret

Studieadministrasjon, forelesarar, interne produsentar, teknisk personell. Alle som lagar innhald til studentar som blir tilgjengeleg gjennom ei nettløysing.

Gratis e-læringskurs

Om du vil lære meir, kan du ta eit av våre e-læringskurs om universell utforming, på Difi sin læringsplattform.

Kom i gang med uu

På nettsidene våre finn du det du treng for å komme i gang, anten du vil sjekke overskrifter, teksting av video eller du er prosjektleiar og treng ei oversikt. Start gjerne med sida Kom i gang med uu.

Har du spørsmål om uu, send oss en e-post på uu@difi.no.

Sharethis