Tilsynsrapport Sogn og Fjordane fylkeskommune

Rapporten gjer greie for avvika og merknadane som vart avdekt under tilsynet med Sogn og Fjordane fylkeskommune. Tilsynet er gjennomført som inspeksjon og tema var koding, navigasjon og tekstalternativ på nettstaden.

Publisert: 21. jan 2016, Sist endra: 09. apr 2018

1 Samandrag

Rapporten gjer greie for avvika og merknaden som vart avdekt under tilsynet med Sogn og Fjordane fylkeskommune. Tilsynet retta seg mot nettstaden http://www.sfj.no/.

Tilsynet er gjennomført som inspeksjon. Tema for inspeksjonen var koding, navigasjon og tekstalternativ på nettstaden. Dette omfatta

  • koding av ulike typar innhald
  • tastaturnavigasjon
  • tekstforklaring til bilete og illustrasjonar
  • lenker
  • kontrast

Inspeksjonen avdekte 4 avvik og det vart gitt 1 merknad.  

  • Avvik inneber at verksemda ikkje oppfyller krav som er gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Verksemda må rette avvika i etterkant, og skal levere ein plan for retting. Om nødvendig kan tilsynet følgje opp avvik med reaksjonar i form av pålegg om retting og tvangsmulkt.
  • Merknad inneber at tilsynsorganet finn grunn til å peike på forbetringspotensiale, men at forholdet ikkje er i strid med krav gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Det er opp til verksemda å vurdera om og korleis dei skal følgje opp merknader. Tilsynet kan ikkje følgje opp merknader med reaksjonar.

Oversikt over resultat

Avvik

Avvik 1: Sogn og Fjordane fylkeskommune sikrar ikkje alltid tilstrekkelege navigasjonsmoglegheiter på nettstaden.

Avvik 2: Sogn og Fjordane fylkeskommune sikrar ikkje alltid tilstrekkeleg alternativ tekst til meiningsbærande bilete på nettstaden.

Avvik 3: Sogn og Fjordane fylkeskommune sikrar ikkje alltid korrekt koding av skjemaelement på nettstaden.

Avvik 4: Sogn og Fjordane fylkeskommune sikrar ikkje alltid korrekt kodesyntaks på nettstaden.

Merknader

Merknad: Sogn og Fjordane fylkeskommune har eit forbetringspotensiale når det gjeld kontrast mellom tekst og bakgrunn på nettstaden.

Vi viser elles til kapittel 8 om resultat som inneheld avvika og merknaden med heimelstilvisning og konkret grunngjeving for kvart enkelt funn. 

2 Innleiing

Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) er tilsynsmyndigheit på området universell utforming av IKT. Tilsyn for universell utforming av IKT gjennomførte i tidsrommet 22.10.2015 – 21.12.2015 tilsyn med Sogn og Fjordane fylkeskommune. Tilsynet vart gjort som inspeksjon, og retta seg mot nettstaden http://www.sfj.no/

Tilsynsvarselet omfatta også nettstaden http://www.kringom.no/, som Sogn og Fjordane fylkeskommune har ansvaret for. Kontrakten vart inngått før 1. juli 2014, slik at denne nettstaden er eksisterande IKT. Den vart difor ikkje med vidare i tilsynet.

Rettsleg grunnlag for tilsyn er dtl. § 29 første ledd jf. dtl. § 14 og forskrifta om universell utforming av IKT-løysingar § 5. Tilsynet er del av den planlagde tilsynsverksemda for 2015. Inspeksjon inneber at vi hentar inn og går gjennom dokumentasjon frå verksemda, har møter og verifiserer delar av nettstaden opp mot krava til universell utforming.

Tilsynet er gjennomført som inspeksjon. Tema for inspeksjonen var koding, navigasjon og tekstalternativ på nettstaden. Dette omfatta

  • koding av ulike typar innhald
  • tastaturnavigasjon
  • tekstforklaring til bilete og illustrasjonar
  • lenker
  • kontrast

Rapporten gjer greie for avvika og merknadane som vart avdekt innanfor tema for tilsynet, på dei sidene som inngjekk i verifikasjonen.

Kapittel 8 om resultat har omtale av avvik og merknader med heimelstilvisning og konkret grunngjeving for kvart enkelt funn.

Rapporten gir ikkje ei fullstendig tilstandsvurdering av Sogn og Fjordane fylkeskommune sitt arbeid med universell utforming av IKT, verken generelt eller innanfor tema for tilsynet.

3 Omtale av verksemda og nettstaden

3.1 Om verksemda

Sogn og Fjordane fylke har om lag 109.000 innbyggjarar. Hovudkontoret til Sogn og Fjordane fylkeskommune ligg på Hermansverk.

3.2 Om nettstaden

Hovudportalen er www.sfj.no, og den vart sett i drift/lansert 15. juni 2015. Leverandør er Custom Publish, og avtalen om ny nettstad vart inngått 21. juli 2014.

Ansvarleg nettredaktør er informasjonssjef Ingvild Ramstad.

Fylkeskommunen har fagredaktørar som har ansvar for at informasjonen på nettstaden innan dei ulike fagområda er oppdatert og korrekt. Vidare er det publiseringsansvarlege i alle avdelingane.

Tilsette i informasjonstenesta har ansvaret for løpande innhaldsforvaltning på nettstaden, utover det som ligg til bestemte fagområde.  

Informasjonstenesta har opplæring av alle tilsette som publiserer på nettstaden. Det er utarbeida brukarrettleiing som skal bidra til riktig publisering, også når det gjeld krav til universell utforming av innhaldet på nettstaden.

Teknisk forvaltning og drift av nettstaden ligg til Custom Publish, jf. driftsavtale inngått 21. juli 2014. Fylkeskommunen har gjennomført eigenevaluering av nettstaden ved hjelp av det automatiserte testverktøyet til Siteimprove i november.

4 Om standarden for nettløysingar – retningslinjer for tilgjengeleg webinnhald – WCAG 2.0

Krava til nettløysingar går fram av forskrifta § 4 første ledd, som seier at nettløysingar skal oppfylle Retningslinjer for tilgjengeleg webinnhald (WCAG 2.0) nivå A og AA, med tre unntak.

35 av 61 suksesskriterium er gjort til obligatoriske minimumskrav for nettløysingar som er omfatta av forskrifta. Det er gjort unntak for suksesskriteria 1.2.3, 1.2.4 og 1.2.5, som regulerer lyd og video. 

WCAG 2.0 er bygd opp av 4 prinsipp, 12 retningslinjer og 61 testbare suksesskriterium:

  • Prinsippa beskriv grunnlaget for tilgjengelegheit på overordna nivå. I følgje prinsippa skal nettløysingar vere mogleg å oppfatte, mogleg å betene, forståelege og robuste.
  • Retningslinjene er overordna mål for tilgjengelegheit i nettløysingar. Retningslinjene er ikkje moglege å teste, men dei set suksesskriteria i ein samanheng.
  • Suksesskriteria er konkrete, testbare krav til tilgjengelegheit. Suksesskriteria er teknologinøytrale og vi kan følgje dei uavhengig av programmeringsspråk og publiseringsløysing.

I tillegg viser WCAG 2.0 til teknikkar med døme på korleis vi kan oppfylla suksesskriteria.

Ved å følgje WCAG 2.0 blir nettløysingar tilgjengelege for fleire personar med nedsett funksjonsevne. WCAG tek omsyn til at brukarane av nettløysingar har ulike føresetnadar, og dekker følgjande:

  • Syn
  • Kognisjon
  • Lese- og skrivevanskar
  • Norsk som andrespråk
  • Motorikk
  • Høyrsel
  • Epilepsi
  • Belastningsskadar

Nettløysingar som følgjer krava vil vera meir brukarvennlege for alle.

5 Aktivitetar under tilsynet

Tilsynet med Sogn og Fjordane fylkeskommune omfatta følgjande aktivitetar:

Tilsynsvarsel

Tilsynsvarselet vart sendt til fylkeskommunen 22.10.2015.

Dokumentasjon

Vi fekk tilsendt dokumentasjon frå fylkeskommunen 13.11.2015. Det er gitt eit oversyn over dokumentasjonen i kapittel 10 om dokumentgrunnlag.

Førebuingsmøte

Førebuingsmøte vart gjennomført hjå fylkeskommunen 30.11.2015.

Førebuingsmøte er del av inspeksjonen fordi lovreguleringa av området er ny, samtidig som undersøkingar viser at det er låg kjennskap til regelverket, krava til nettløysingar (WCAG 2.0) og tilsynet som myndigheitsorgan.

Verifikasjon og vurdering

Verifikasjon og vurdering av nettstaden opp mot krava vart gjort i veke 50.

For å gjennomføre verifikasjon, har tilsynet utvikla eit indikatorsett, i tillegg til prosedyrar for gjennomføring av test, registrering og dokumentasjon av testresultat. Indikatorsettet operasjonaliserer suksesskriteria i WCAG 2.0 som er minimumskrav i regelverket.

Verifikasjonsaktiviteten under tilsynet er omtalt nærare i kapittel 8 om resultat.

Sluttmøte

Sluttmøte med presentasjon av resultata frå inspeksjonen vart gjennomført hjå fylkeskommunen 21.12.2015.

Førebels rapport

Førebels rapport vart sendt til fylkeskommunen 05.01.2015.

Frist for tilbakemeldingar frå fylkeskommunen var 19.01.2016. Det kom innspel om mindre språklege endringar til endeleg rapport.

Endeleg rapport

Endeleg rapport vart sendt til fylkeskommunen 20.01.2016.

Plan for retting

Fylkeskommunen leverer plan for retting av avvik innan 29.02.2016.

6 Kva tilsynet omfatta

6.1 Tema for inspeksjonen

Føremålet med inspeksjonen er å kontrollera om Sogn og Fjordane fylkeskommune etterlever lov- og forskriftskrav om universell utforming av IKT-løysingar, innanfor det tema tilsynet omfattar. Tilsynet er gjennomført som inspeksjon. Tema for inspeksjonen var koding, navigasjon og tekstalternativ på nettstaden. Dette omfatta

  • koding av ulike typar innhald
  • tastaturnavigasjon
  • tekstforklaring til bilete og illustrasjonar
  • lenker
  • kontrast

6.2 Om val av tema

Tema er valt fordi resultata etter statusmålinga av nettstadar, og andre informasjonskjelder, viser at dette er område der verksemdene ofte ikkje oppfyller regelverket.

7 Delar av nettstaden som vart kontrollert

7.1 Oversyn over enkeltsider

  1. Framsida
  2. Logg inn side for skjema
  3. Søknadsskjema ledig stilling
  4. Møtekalender 2015 - Politiske møter og saker
  5. Elev
  6. Elev-PC
  7. Fag- sveine- og kompetanseprøve
  8. Kontakt
  9. Liste over ansatte i opplæringsavdelingen
  10. Kultur
  11. Kalender kultur
  12. Skoleskyss
  13. Kalender miljø og friluftsliv
  14. Postliste
  15. Politikk
  16. Ansvarsområde

8 Resultat

8.1 Innleiing

Resultata byggjer på informasjon frå verifikasjonsfasen av tilsynet. Verifikasjonane er gjort ved testing av 16 enkeltsider på nettstaden, inkludert eit skjema med 7 faner. Testinga er gjennomført i Internet Explorer versjon 11.

Resultata frå testinga er dokumentert med skjermbilete og skriftleg grunngjeving. Skjermbileta er med som vedlegg til rapporten, jf.vedlegg 1.

  • Avvik inneber at verksemda ikkje oppfyller krav som er gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Verksemda må rette avvika i etterkant, og skal levere ein plan for retting.Om nødvendig kan tilsynet følgje opp avvik med reaksjonar i form av pålegg om retting og tvangsmulkt.
  • Merknad inneber at tilsynsorganet finn grunn til å peike på forbetringspotensiale, men at forholdet ikkje er i strid med krav gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Det er opp til verksemda å vurdera om og korleis dei skal følgje opp merknader. Tilsynet kan ikkje følgje opp merknader med reaksjonar.

8.2 Avvik

8.2.1 Avvik 1

Sogn og Fjordane fylkeskommune sikrar ikkje alltid tilstrekkelege navigasjonsmoglegheiter på nettstaden.

Avvik frå følgjande krav: dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av IKT-løysningar § 4 første ledd jf. suksesskriterium 1.4.1, 1.4.4, 2.1.1, 2.4.7 og 3.2.2.

Suksesskriterium i WCAG:

1.4.1 Bruk av farge:

Farge blir ikke benyttet som det eneste visuelle virkemiddelet for å formidle informasjon, angi en handling, be om respons eller skille ut et visuelt element.

1.4.4 Endring av tekststørrelse:

Med unntak av teksting og bilder av tekst, kan tekst forstørres opp til 200 % uten bruk av kompenserende teknologi og uten at innhold eller funksjonalitet går tapt.

2.1.1 Tastatur:

All funksjonalitet i innholdet kan betjenes via et tastaturgrensesnitt uten at det er behov for tidsberegning av de enkelte tastetrykkene, unntatt hvis den underliggende funksjonen krever inndata som er avhengige av rekkefølgen på brukerens bevegelser, og ikke bare av sluttpunktene.

Merknad 1: Dette unntaket gjelder den underliggende funksjonen, ikke inndatateknikken. Hvis teksten for eksempel skrives inn med håndskrift krever inndatateknikken (håndskrift) inndata i en bestemt rekkefølge, men den underliggende funksjonen (tekstlige inndata) gjør det ikke.

Merknad 2: Dette er ikke et forbud mot og bør ikke hindre bruk av mus eller andre inndatametoder i tillegg til tastatur

2.4.7 Synlig fokus:

Tastaturbetjente brukergrensesnitt har en betjeningsmodus der fokusindikatoren for tastaturet er synlig.

3.2.2 Inndata:

Endring av innstillingene til en brukergrensesnittkomponent medfører ikke automatisk kontekstendring med mindre brukeren er blitt varslet om det før bruk av komponenten"

Avvik 1 byggjer på:

Lenkemarkering:

  1. Skjemasidene: Lenkjene Kommune 24:7, Sem & Stenersen Prokom, Personvern og e-Dokument skil seg ikkje frå tekst i det heile
  2. Oversyn over lenkjer som ikkje skil seg tilstrekkeleg ut frå teksten fordi dei berre er markert med farge:
    • Alle sider med informasjonskapslar: Bruk av informasjonskapslar
    • Alle sider med footer
    • Møtekalender 2015: Arkiv før 14. september 2015 og tre e-post adresser i bobla kontaktinfo
    • Gjennomgåande feil for lenkjer i hovudinnhaldet på sidene 5 – 15

Forstørring av innhald:

  1. Felles for alle sider utanom skjemasidene: knappar for å skifte mellom vanleg visning og høgkontrastvisning, og instruksjonar for korleis brukaren kan zoome inn og ut, forsvinn i skalert modus
  2. Møtekalander 2015: Delar av kalenderen forsvinn i skalert modus
  3. Liste over tilsette i opplæringsavdelinga: Delar av tabellen forsvinn i skalert modus

Tastaturnavigasjon:

  1. Skjemasidene:
    • Brukaren når ikkje knappen for å lukke det dekkande laget som inneheld informasjon om informasjonskapslar med berre tastaturet.
    • Det er ikkje mogeleg for brukaren å nå/aktivere ikona med spørjeteikn for å få tilgang til rettleiingsteksten med berre tastaturet.
  2. Alle sider utanom skjemasidene:
    • Det er ikkje mogeleg å nå lenka/knappen til skjemaet Fant du det du lette etter? med berre tastatur.
    • Det er ikkje mogeleg å få tilgang til instruksjonane for korleis ein skal zoome inn og ut med berre tastaturet.
  3. Liste over tilsette i opplæringsavdelinga: Det er ikkje mogeleg å nå pilene for sortering i tabellen, eller visittkortikona med berre tastaturet

Fokusmarkering ved tastaturnavigasjon:

  1. Det er vanskeleg å navigera i biletkarusellen på framsida med tastatur fordi tastaturfokus tidvis manglar eller er svært vanskeleg å sjå
  2. Elev: Biletet på toppen av sida får ikkje fokusmarkering
  3. Liste over tilsette i opplæringsavdelinga: Lenkjene i kollonna etternamn får ikkje fokusmarkering
  4. RSS-feed ikonet i kalendrane Kultur og Miljø og friluftsliv får ikkje fokusmarkering

Automatisk kontekstendring:

  1. Skjemasidene:
    • Nedtrekkslista der du kan velje målform flyttar automatisk fokus til skjemaet når du skifar målform.
    • Sida lastar automatisk på nytt ved bruk av nedtrekkslista Stillingstittel. Fokus flyttar seg til toppen av sida.
  2. I kalendrane Kultur og Miljø og friluftsliv: Alle nedtrekkslister lastar automatisk på nytt når brukaren blar i dei, og fokus flyttar seg til toppen av sida. Det er difor krevjande å bruka dei med berre tastatur.

Kommentar:

Vi presiserer at automatisk lenkjemarkering i nettlesaren er avslått under testinga.

I følgje WCAG skal lenkjer skilja seg ut frå tekst som ikkje er lenkja med meir enn berre farge. Dette kan vera til dømes at lenkjer har understreking, feit skrift, annan skrifttype osb.

Ei alternativ løysing er at lenkjer blir markert med farge som har kontrast på minst 3:1 mot teksten, kombinert med at dei får ein synleg visuell effekt både ved mouseover og tastaturfokus.

Fokusmarkering er nødvendig for at brukarar som navigerer med tastatur skal vite kvar han eller ho er på nettstaden til ei kvar tid.

8.2.2 Avvik 2

Sogn og Fjordane fylkeskommune sikrar ikkje alltid tilstrekkeleg alternativ tekst til meiningsbærande bilete på nettstaden.

Avvik frå følgjande krav: dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av IKT-løysningar § 4 første ledd jf. suksesskriterium 1.1.1.

Suksesskriterium i WCAG:

1.1.1 Ikke-tekstlig innhold:

Alt ikke-tekstlig innhold som presenteres for brukeren, har et tekstalternativ som har samme formål, med unntak av situasjonene som er beskrevet nedenfor:

Dekorasjon, formatering, usynlig: Hvis det ikke-tekstlige innholdet er ren dekorasjon, hvis det utelukkende brukes til visuell formatering, eller hvis det ikke presenteres for brukerne, skal det implementeres på en slik måte at det kan ignoreres av kompenserende teknologi (…)

Merk: Suksesskriteriet har flere unntak som ikke er relevante her.

Avvik 2 byggjer på:

  1. På alle testa sider er det ei gjennomgåande feil at alternativ tekst til lenkja bilete ikkje skildrar lenkemålet, men motivet i biletet.
    • Døme frå skjemasidene: Det lenkja biletet av fylkesvåpenet/logoen har alternativ tekst Kommunevåpen. Teksten seier ikkje noko om lenkjemålet. Brukaren kjem til framsida på nettstaden.
    • Døme frå sider med lenkja deleknappar for sosiale medium: To av dei lenkja bileta har alternativ tekst på engelsk, og eitt bilete har filnamnet som alternativ tekst.
  2. I sjekklista for universell utforming i brukarmanualen går det mellom anna fram følgjande «…Hugs at alle bilete alltid skal ha alternativ tekst – dette er eit krav for at sida skal vere universelt utforma. I den alternative teksten skal det stå ein ganske detaljert forklaring på kva som er på biletet...»

Kommentar:

Innhald i bilete og illustrasjonar må formidlast korrekt til alle brukarar. Det er biletet sin funksjon på nettstaden som avgjer kva som skal stå i den alternative teksten.

  • Lenkja bilete: Lenkja bilete er ein navigasjonsmekanisme på nettstaden på lik linje med vanlege lenkjer. Dette betyr at lenkjemålet/kor du kjem, er viktig å formidle. Dette er fordi den alternative teksten er grunnlaget brukaren har for å ta stilling til om han eller ho skal bruke lenkja eller ikkje.
  • Bilete med informasjon: Ulenkja bilete som har informasjon/meiningsbærande innhald skal ha ein alternativ tekst som formidlar informasjonen/motivet i biletet.
  • Bilete med kompleks informasjon: For bilete som inneheld mykje informasjon, til dømes grafar og diagram, kan det vere nødvendig å gjengi informasjonen i sjølve teksten fordi teksten blir for lang til å stå i alt-taggen til biletet. Grunnen til dette er særleg at eldre skjermlesarar og nettlesarar ikkje støttar meir enn 125 teikn. I slike tilfelle skal alt-taggen ha ein kort tekst som beskriv føremålet og hovudinformasjonen for bilete i tillegg til informasjonen i biletet som du då presenterer i teksten. 
  • Dekorative bilete: Reint dekorative bilete er bilete som berre er med på å pynte opp teksten visuelt, men som ikkje inneheld informasjon. Sidan dei ikkje inneheld informasjon skal den alternative teksten være tom for å unngå at brukarar som ikkje kan sjå bilete blir utsett for unødvendig støy.

8.2.3 Avvik 3

Sogn og Fjordane fylkeskommune sikrar ikkje alltid korrekt koding av skjemaelement på nettstaden.

Avvik frå følgjande krav: dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av IKT-løysningar § 4 første ledd jf. suksesskriterium 1.3.1.

Suksesskriterium i WCAG:

1.3.1 Informasjon og relasjoner:

Informasjon, struktur og relasjoner som formidles via presentasjonen, kan bestemmes programmeringsmessig eller gjøres tilgjengelig(e) som tekst.

Avvik 3 byggjer på:

Oversyn over skjemaelement på skjemasidene som ikkje er identifisert med informasjon som skildrar føremålet med feltet. Felta manglar ei koda kopling til ein ledetekst, og dei har heller ikkje eit beskrivande title-attributt:

  1. På skjemasidene:
    • Nedtrekkslista for val av målform
    • Frå dato, Til dato, Arbeidsgjevar, Stilling, St. str
    • Frå dato, Til dato, Eks. år, Utdanningsstad, Utdanning, fag, grad, St. poeng
    • Frå dato, Til dato, Arbeidsgjevar/kurs, Stilling, St. str
  2. Møtekalender 2015: Feltet for å søke i kalenderen
  3. Liste over tilsette i opplæringsavdelinga: Feltet for å søke i tabellen
  4. Alle nedtrekksIister i kalendrane Kultur og Miljø og friluftsliv  
  5. Postlista: Alle tekstfelt og radioknappar.

Kommentar:

WCAG krev samsvar mellom den visuelle presentasjonen av innhaldet på nettstaden og kodinga av det same innhaldet. Grunnen er at alle brukarar skal ha tilgang til lik informasjon.

Korrekt kode er viktig for å sikra at alle brukaragentar som til dømes nettlesarar og hjelpemiddel presenterer innhald på nettsida på rett måte for brukaren.

8.2.4 Avvik 4

Sogn og Fjordane fylkeskommune sikrar ikkje alltid korrekt kodesyntaks på nettstaden.

Avvik frå følgjande krav: dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av IKT-løysningar § 4 første ledd jf. suksesskriterium 4.1.1.

Suksesskriterium i WCAG:

4.1.1 Parsing (oppdeling):

I innhold som implementeres ved hjelp av oppmerkingsspråk, har elementene fullstendige start- og sluttkoder, elementene er nøstet i henhold til spesifikasjonene, elementene inneholder ikke dupliserte attributter, og eventuelle ID-er er unike. Unntaket er hvis spesifikasjonene tillater disse funksjonene.

Merknad: Start- og sluttmarkører som mangler et nødvendig tegn, for eksempel avsluttende hakeparentes, eller som har feil angivelse av anførselstegn for attributtverdier, er ikke fullstendige.

Avvik 4 byggjer på:

Tabellen under viser førekomstar av syntaksfeil på sidene vi har testa under verifikasjonen.

Side

Feil nøsting av element (element not allowed)

Element som ikkje er avslutta korrekt (unclosed)

Element har same attributt fleire gonger (duplicate attribute)

Fleire element har same id-verdi (duplicate id)

Side 1

1

-

-

-

Side 2

-

-

-

-

Side 3

-

16

-

-

Side 4

-

16

-

-

Side 5

-

16

-

-

Side 6

-

18

-

-

Side 7

-

16

-

-

Side 8

-

16

-

-

Side 9

-

16

-

-

Side 10

-

16

-

-

Side 11

-

16

-

4

Side 12

-

16

-

-

Side 13

-

16

-

-

Side 14

2

478

-

-

Side 15

-

16

-

-

Side 16

-

16

-

-

Kommentar:

Korrekt kode er viktig for å sikra at alle brukaragentar som til dømes nettlesarar og hjelpemiddel presenterer innhald på nettsida på rett måte for brukaren.

8.3 Merknader

8.3.1 Merknad

Sogn og Fjordane fylkeskommune har eit forbetringspotensiale når det gjeld kontrast mellom tekst og bakgrunn på nettstaden.

Merknad til følgjande krav: dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av IKT-løysningar § 4 første ledd jf. suksesskriterium 1.4.3.

Suksesskriterium i WCAG:

1.4.3 Kontrast (minimum): Den visuelle presentasjonen av tekst og bilder av tekst har et kontrastforhold på minst 4.5:1, unntatt i følgende tilfeller:

Stor tekst: Stor skriftstørrelse og bilder av stor skriftstørrelse har et kontrastforhold på minst 3:1.

Uvesentlig: Tekst eller bilder av tekst som utgjør en del av en inaktiv brukergrensesnittkomponent, som er ren dekorasjon, som ikke er synlig(e) for noen,eller som utgjør en del av et bilde som inneholder annet vesentlig visuelt innhold, er ikke underlagt kontrastkrav.

Logoer: Tekst som utgjør en del av en logo eller et varemerkenavn, er ikke underlagt kontrastkrav.

Merknaden byggjer på:

  1. Skjemasider:
    • Teksten og lenkjene har ein målt kontrast på 2,7:1
    • Kvitt spørsmålsteikn på grå bakgrunn har målt kontrast på 2,95:1
    • Teksten på dei grøne knappane har ein kontrast på 2,8:1
  2. Møtekalender 2015: Lenkjene i kalenderen med blå bakgrunn har ein kontrast på 3,9:1
  3. Nettstaden har funksjonalitet for høgkontrastvisning. Testinga avdekka tilfelle der kontrasten er dårlegare i høgkontrastvisning enn i normalvisninga.
    • Framsida: Datoane har målt kontrast på 3,7:1
    • Alle sider med tabell

Kommentar:

Stor tekst er skrift som er minst 24 pikslar høg, eller feit skrift som er minst 19 pikslar høg. Alt anna er liten tekst. Minstekravet til kontrast mellom bakgrunnen og liten tekst er 4,5:1.

9 Regelverk

  • Lov om forbud mot diskriminering på grunn av nedsatt funksjonsevne (diskriminerings- og tilgjengelighetsloven).
  • Forskrift om universell utforming av informasjons- og kommunikasjonsteknologiske (IKT)-løysingar.
  • Standarden for nettløsninger: Retningslinjer for tilgjengelig webinnhold (WCAG 2.0)
  • Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven).
  • Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova)

10 Dokumentgrunnlag

Aktuell dokumentasjon blei etterspurt i tilsynsvarselet. Sogn og Fjordane fylkeskommune treng ikkje å utarbeida ny dokumentasjon for tilsynet.

Dei sendte inn følgjande dokumentasjon:

  • Administrativt organisasjonskart
  • E-post med kort omtale av nettstaden, ansvar og oppgåver, standardar som nettstaden skal følgje, opplæring av tilsette, feilretting og kompetanse
  • Konkurransegrunnlag for ny nettstad med utvalde vedlegg
    • Kravspesifikasjon
    • Wireframes nivå 1 og 2
    • Informasjonsarkitektur
    • Framsideknappar
  • Leverandør Custom Publish sitt svar på kravspesifikasjonen
  • Signert avtale om ny nettstad datert 21.07.2014
  • Signert driftsavtale om nye nettstad datert 21.07.2014
  • Rapport om tilgjengelegheit datert 05.11.2015 – Siteimprove
  • Oversikt over topp 20 mest brukte sider – Google Analytics
  • Brukarmanual for nettstaden – sist oppdatert 12.11.2015
  • Oversikt over fagredaktørar med omtale av ansvar og oppgåver
  • Oversikt over tilsette med publiseringstilgang på nettstaden

11 Deltakarar

11.1 Frå Sogn og Fjordane fylkeskommune deltok

Namn

Stilling

Førebuings-møte

Sluttmøte

Ingvild Ramstad

Informasjonssjef

x

x

Matias Helgheim

Informasjons-rådgjevar

x

x

Siw Heidi Bäckstrøm

Informasjons-medarbeidar

x

x

Anders Svegård

dagleg leiar

Custom Publish - leverandør

x

x

11.2 Frå tilsynet deltok

Førstekonsulent Geir Sindre Fossøy

Førstekonsulent Linn Steen-Hansen

Seniorrådgjevar Torhild Brudvik (observatør)

Rådgjevar Siv Bianca Kjosås (inspeksjonsleiar)

12 Vedlegg til rapporten

Vedlegg 1: Test og avviksdokumentasjon jf. resultata i kapittel 8 – skjermbilete som viser avvik/merknader.

Vedlegg 2: Oversyn over suksesskriterium som er kontrollert under tilsynet.

13 Referanseark for tilsynet

Verksemd:

Sogn og Fjordane fylkeskommune

Saksnummer:

15/00812

Tema:

Koding, navigasjon og tekstalternativ

Funn:

4 avvik 1 merknad

Rapportnummer:

2015:5

Inspeksjonsleiar:

Siv Bianca Kjosås

Dato endeleg tilsynsrapport:

20.01.2016

 

DIFI

Postboks 8115 Dep

0032 OSLO
www.difi.no