Tilsynsrapport SpareBank 1 SR-Bank ASA

Rapporten oppsummerer resultata etter kontroll av nettstaden til SpareBank 1 SR-Bank ASA. Tilsynet avdekte eit avvik på området navigasjon.

Publisert: 27. mai 2016, Sist endra: 11. apr 2018

1 Samandrag

Rapporten gjer greie for avviket og merknadane som vart avdekka under tilsynet med SpareBank 1 SR-Bank ASA. Tilsynet retta seg mot nettstaden https://www.sparebank1.no/sr-bank/privat.html.

Tilsynet er gjennomført som inspeksjon. Tema var koding, navigasjon og tekstalternativ på nettstaden. Dette omfatta

  • koding av ulike typar innhald
  • tastaturnavigasjon
  • tekstforklaring til bilete og illustrasjonar
  • lenker
  • kontrast

Inspeksjonen avdekte 1 avvik. Det blei gitt 2 merknader.

1.1 Kva er avvik og merknad

Avvik inneber at verksemda ikkje oppfyller krav som er gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Verksemda må rette avvika i etterkant, og skal levere ein plan for retting. Om nødvendig kan tilsynet følgje opp avvik med reaksjonar i form av pålegg om retting og tvangsmulkt.

Merknad inneber at tilsynsorganet finn grunn til å peike på forbetringspotensiale, men at forholdet ikkje er i strid med krav gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Det er opp til verksemda å vurdera om og korleis dei skal følgje opp merknader. Tilsynet kan ikkje følgje opp merknader med reaksjonar.

1.2 Oversikt over resultat

Avvik 1: SpareBank 1 SR-Bank ASA sikrar ikkje alltid tilstrekkelege navigasjonsmogelegheiter på nettstaden.

Merknad 1: SpareBank 1 SR-Bank ASA har eit forbetringspotensiale når det gjeld koding av innhaldet på nettstaden.

Merknad 2: SpareBank 1 SR-Bank ASA har eit forbetringspotensiale når det gjeld kontrast mellom tekst og bakgrunn på nettstaden.

Resultata med grunngjeving og konkret heimelstilvising er gitt i kapittel 5.

2 Innleiing

Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) er tilsynsmyndigheit på området universell utforming av IKT. Rettsleg grunnlag for tilsyn er diskriminerings- og tilgjengelegheitslova (dtl.) § 29 første ledd jf. dtl. § 14 og forskrifta om universell utforming av IKT-løysingar § 5.

Vi gjennomførte i tidsrommet 15.03.2016 – 03.05.2016 tilsyn med SpareBank 1 SR-Bank ASA. Tilsynet vart gjort som inspeksjon, og retta seg mot nettstaden https://www.sparebank1.no/sr-bank/privat.html.

Inspeksjon inneber at vi hentar inn og går gjennom dokumentasjon frå verksemda, har møter og verifiserer delar av nettstaden opp mot krava til universell utforming av IKT.

Denne rapporten gjer greie for avviket og merknadane som vart gitt innanfor tema for tilsynet, på dei sidene som inngjekk i verifikasjonen. Resultata med grunngjeving og konkret heimelstilvising er gitt i kapittel 5.

Rapporten gir ikkje ei fullstendig tilstandsvurdering av SpareBank 1 SR-Bank ASA sitt arbeid med universell utforming av IKT, verken generelt eller innanfor tema for tilsynet.

3 Tema for inspeksjonen

Tema for inspeksjonen var koding, navigasjon og tekstalternativ på nettstaden. Dette omfatta

  • koding av ulike typar innhald
  • tastaturnavigasjon
  • tekstforklaring til bilete og illustrasjonar
  • lenker
  • kontrast

Føremålet er å kontrollera om SpareBank 1 SR-Bank ASA etterlever lov- og forskriftskrav om universell utforming av IKT, innanfor tema for tilsynet.

4 Nettstaden

4.1 Om nettstaden

Kontaktperson under tilsynet var konsernbanksjef digital kundearena i SpareBank 1 SR-Bank ASA, Arve Solhaug. SR-Bank er den største banken som er tilslutta alliansen.

Privatkundar brukar i hovudsak tre tekniske løysingar i sitt digitale møte med verksemda; opne nettsider, nettbank privat og mobilbank privat.

Felles avtale om nytt CMS-system (publiseringssystem) blei gjort 29.08.2014, og avtale om nyutvikling av nettstaden vart inngått 31.10.2014. Elles er det jamleg endring og utskifting av enkeltsider- og komponentar på nettstaden.

Dei nye opne sidene på nettstaden vart lansert i januar-februar 2016.

Teknisk utvikling er sentralisert og felles for alle bankane som er tilslutta SpareBank 1 Alliansen. Verksemda samarbeider mellom anna med MediaLT når det gjeld testing av nettstaden. Testinga omfattar både lovpålagte minstekrav til universell utforming og andre aspekt av brukarvennlegheit eller tilgjengelegheit.

SpareBank 1 SR-Bank ASA har over tid arbeida systematisk med universell utforming av nettstaden. Verksemda har oversikt og plan for retting av kjente feil.

Nyleg er det oppretta ei felles webgruppe som skal utvikla og optimalisera felles innhald på produkt, tema og kundeservice. Gruppa skal mellom anna laga felles verktøy og rettleiingar som alle bankane kan bruka.

SpareBank 1 Alliansen legg til grunn at universell utforming er viktig, og at bankane har eit samfunnsansvar for at banktenester på digitale flater er tilgjengeleg for alle.

4.2 Om verifikasjonen

Verifikasjonane er gjort ved testing av 17 enkeltsider på nettstaden. Testinga er gjennomført i Internet Explorer versjon 11.

Kontrast er kontrollert med verktøyet Colour Contrast Analyser, versjon 2.2a.

Syntaks i HTML-koden er sjekka med HTML-validatoren til W3C.

Utover dette er nettstaden kontrollert med manuelle metodar.

4.3 Enkeltsider som vart testa

  1. Startsida
  2. Bli kunde
  3. Bli kunde – Kundeskjema
  4. Logg inn i nettbank privat med BankID
  5. Nettbank - Min oversikt
  6. Nettbank - Betal regning
  7. Nettbank - Betal regning - Motteken til betaling
  8. Nettbank - Forfallsregister
  9. Daglig bruk
  10. Konto og betaling
  11. Brukskonto
  12. Kundeservice
  13. Eiendom
  14. Kjøpe bolig
  15. Spare til pensjon
  16. Mobilbank - Logg inn
  17. Mobilbank - Min oversikt

5 Resultat

5.1 Innleiing

Resultata byggjer på informasjon frå testinga (verifikasjonen) gjort under  tilsynet. Resultata er dokumentert med skjermbilete og skriftleg grunngjeving. Skjermbileta er med i vedlegg til rapporten.

  • Avvik inneber at verksemda ikkje oppfyller krav som er gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Verksemda må rette avvika i etterkant, og skal levere ein plan for retting. Om nødvendig kan tilsynet følgje opp avvik med reaksjonar i form av pålegg om retting og tvangsmulkt.
  • Merknad inneber at tilsynsorganet finn grunn til å peike på forbetringspotensiale, men at forholdet ikkje er i strid med krav gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Det er opp til verksemda å vurdera om og korleis dei skal følgje opp merknader. Tilsynet kan ikkje følgje opp merknader med reaksjonar.

5.2 Avvik

Avvik: SpareBank 1 SR-Bank ASA sikrar ikkje alltid tilstrekkelege navigasjonsmogelegheiter på nettstaden.

Avvik frå følgjande krav dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av IKT-løysningar § 4 første ledd jf. suksesskriterium 1.1.1, 1.4.1, 1.4.4, 2.1.1, 2.4.7, 3.2.2 og 3.3.2.

Suksesskriterium i WCAG:

Avvik 1 byggjer på

  1. Oversikt over lenker som berre er markert med farge:
    • Botntekst: Om SpareBank 1 SR-Bank, Vilkår for bruk av nettsiden, Personvern og Informasjonskapsler.
    • Side 4 – Logg inn i nettbank privat: Kundeservice, Kontakt oss, Ofte stilte spørsmål, Oppdater nettleseren, Feilmeldinger som starter med BID, Logg inn til dine forsikringer og Logg inn til din pensjon.
    • Side 4 – Logg inn i nettbank privat: Bruk BankID med Java og Test din nettleser(…).
    • Side 5 – Min oversikt: Rema, Dagligvarer, Klær og utstyr og Ikke kategoriserte.
    • Side 8 – Forfallsregister: Pris på tenesta.
    • Side 8 – Forfallsregister: Innbetalingar i feilmeldinga for mobilvarsel.
    • Side 16 – Mobilbank, Logg inn med BankID: Logg inn med passord, Logg inn med BankID på mobil, Endre bank, Gå til SpareBank 1.no, Vilkår og generelle betingelser.
    • Side 17 – Mobilbank, Min oversikt: Vilkår og generelle bestemmelser.
  2. Feil som gjeld lenkja bilete:
    • Topptekst: Logoen på toppen av sida er lenkja, men har tom alternativ tekst.
    • Side 12 Kundeservice: Dei sju lenkja bileta i boksane under overskrifta Hva trenger du hjelp til? har tom alternativ tekst.
    • Topptekst i nettbanken: Banklogoen på toppen av sida peiker til startsida for SR-bank, og har alternativ tekst Logoen til SpareBank 1 SR-Bank ASA. Den alternative teksten gir upresis informasjon om lenkemålet.
  3. Oversikt over innhald og funksjonar brukaren ikkje får tilgang til i forstørra visning:
    • Side 3 – Bli kunde – skjema: Høgrekanten av skjemaet. Det er ikkje mogleg å sjå slutten på instruksjonstekstane eller skjemafelta. Gjeld fleire sider i skjemaet.
    • Side 11 – Brukskonto: Den fryste rada med overskrifter i tabellen.
  4. Topptekst: Søkefeltet er berre markert med eit forstørringsglas og manglar ein synleg ledetekst i direkte tilknyting til søkefeltet som viser at det handlar om søk. Ledeteksten skal alltid vera synleg.
  5. Topptekst: Nedtrekkslista for å velje språk gjer at sida lastar på nytt automatisk ved tastaturnavigasjon utan at brukaren rekk å bekrefte valet.
  6. Side 3 – Bli kunde – skjema: Det er ikkje muleg å navigere til lenkja Hva er dette? med tastaturet. Lenkja gir rettleiing for bruk av Captcha.
  7. Oversikt over element utan synleg fokusmarkering ved tastaturnavigasjon:
    • Side 12 – Kundeservice: Dei lenka bileta i dei sju boksane under overskrifta Hva trenger du hjelp til?
    • Side 13 – Eigedom: Lenkene Kjøp bustad, Selje bustad og Eie bustad i den blå nedtrekksmenyen.
  8. Oversikt over tomme tab-steg i tastaturnavigasjon:
    • Topptekst: Mellom knappen Logg inn og menyen.
    • Topptekst: Etter siste menypunkt (Kundeservice) og første navigerbare element i hovudinnhaldet på sida.
    • Side 1 – Startsida: Etter lenkja Informasjonskapsler i botn av sida.
    • Side 3 – Bli kunde – skjema: Mellom brødsmulelenkja Bli kunde og første skjemaelement i skjemaet.
    • Side 3 – Bli kunde – skjema: Ved signering med BankID er det tre tomme tab-steg før brukaren kjem inn i BankID-løysinga. Det er eitt tomt tab-steg mellom spørsmålsteiknet for signering og lenkja Kundeavtale, og eit tomt tab-steg etter BankID-applikasjonen og resten av nettsida.
    • Side 5 – Min oversikt: Mellom graf-ikonet og lenkje/knapp til inn på konto i Mi oversikt.
    • Side 6 – Betaling: Mellom lenkja Kundeservice og første aktive punkt under Registrer betaling.
    • Side 15 – Spare til pensjon: Etter spørsmålsteiknet bak Forventet pensjon og grafen som viser pensjonssparing.

Kommentar

Feil i navigasjonen kan gjera nettstaden vanskeleg å bruke for mange, til dømes fargeblinde og brukarar som berre navigerer ved hjelp av tastaturet. Skjermlesarbrukarar vil i verste fall ikkje vera i stand til å bruka nettstaden.

Vi presiserer at automatisk lenkjemarkering i nettlesaren er avslått under testing av lenkjemarkering.

I følgje WCAG skal lenkjer skilja seg ut frå tekst som ikkje er lenkja med meir enn berre farge. Dette kan til dømes vera at lenkjer har understreking, feit skrift, annan skrifttype osb.

Ei alternativ løysing er at lenkjer blir markert med farge som har kontrast på minst 3:1 mot teksten, kombinert med at dei får ein synleg visuell effekt både ved mouseover og tastaturfokus. Markering av lenkjer med berre farge gjer lenkjene vanskeleg å finna for brukarar som ser dårleg eller er fargeblinde.

Feil alternativ tekst i lenkja bilete gjer at det er vanskeleg for skjermlesarbrukarar å fange opp lenkjemålet.

Fokusmarkering er nødvendig for at brukarar som navigerer med tastatur skal vite kvar han eller ho er på nettstaden til ei kvar tid.

Når det gjeld forstørring er testinga gjennomført med skjermoppløysing på 800 x 600 pikslar og zoomnivå på 200 %.

Tomme tab-steg er unødvendig, og dersom det er mange av dei på nettstaden, vil det skapa irritasjon og verka forvirrande for brukarar som navigerer på nettstaden med tastatur.

5.3 Merknader

Merknad 1

SpareBank 1 SR-Bank ASA har eit forbetringspotensiale når det gjeld koding av innhaldet på nettstaden.

Merknad til følgjande krav dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av IKT-løysningar § 4 første ledd jf. Suksesskriterium 1.3.1.

Suksesskriterium i WCAG:

Merknad 1 byggjer på

  1. Oversikt over skjemaelement på skjemasidene som ikkje er identifisert med informasjon som skildrar føremålet med feltet. Felta manglar koda kopling til ein ledetekst, og har heller ikkje <title>-attributt:
    • Side 3 – Bli kunde: Alle dei 7 skjemafelta i skjemaet.
    • Side 3 – Bli kunde: Dei fire tekstområda som dukkar opp ved val i radioknappane.
    • Side 3 – Bli kunde: Dei to nedtrekkslistene Hvor er du statsborger? og Noen er statsborger i to land. Dersom du er det, oppgi ditt andre statsborgerskap.
    • Side 5 – Min oversikt: Feltet for å søke i siste bevegelsar. Feltet har ein <placeholder>, men dette er ikkje tilstrekkeleg identifikasjon.
    • Side 5 – Min oversikt: Nedtrekkslistene for å velje månad og år i datoveljaren. Dette er gjennomgåande for kalendrane i nettbanken.
    • Side 6 – Betaling: Skjemafeltet Legg til denne i mine mottakere.
    • Side 8 – Forfallsregister: Avkryssingsboksen for å velje kvitteringsoblat. Det gjeld ein avkryssingsboks per betaling.
    • Side 15 – Spare til pensjon: Ledeteksten Angi prosent av din lønn (…) er ikkje kopla til skjemafelta for å velje prosent.
  2. Oversikt over feil knytt til koding av tabell:
    • Side 6 Betaling: Tabellen har ei tom tabelloverskrift.
    • Side 7 – Motteken til Betaling: Tabellen har ei tom tabelloverskrift.
    • Side 8 – Forfallsregister: Tabellane Godkjente betalingalingar og overføringar og Sum godkjente betalingar og overføringar har tomme tabelloverskrifter.
    • Side 11 – Brukskonto: Tabellen Velg brukskonto har ei tom tabelloverskrift.
    • Side 11 – Brukskonto: Radetikettane i tabellen Velg brukskonto er koda som <td>, og ikkje som <th>.
    • Side 14 – Kjøpe bustad: Radetikettane i tabellen med nedbetalingsplan er koda som <td> og ikkje <th>.
  3. Oversikt over feil knytt til overskrifter:
    • Side 1 Startsida: Dei visuelle overskriftene Om oss, Snarveier og Nytt fra banken nede på sida er ikkje koda som overskrift
    • Side 14 Kjøpe bustad: Overskrifta Er du mellom 18 og 34 år? er ikkje koda som overskrift.
    • Side 16 Logg inn i nettbank: Det er ei tom overskrift på sida.
  4. Side 1 Startsida: Nyheitene frå banken er ei visuell liste, men er ikkje koda som liste.

Kommentar

WCAG krev samsvar mellom den visuelle presentasjonen av innhaldet på nettstaden og kodinga av det same innhaldet. Grunnen er at alle brukarar skal ha tilgang til lik informasjon.

Korrekt kode er viktig for å sikra at alle brukaragentar som til dømes nettlesarar og hjelpemiddel presenterer innhald på nettsida på rett måte for brukaren.

Merknad 2

SpareBank 1 SR-Bank ASA har eit forbetringspotensiale når det gjeld kontrast mellom tekst og bakgrunn på nettstaden.

Merknad til følgjande krav dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av IKT-løysningar § 4 første ledd jf. Suksesskriterium 1.4.3.

Suksesskriterium i WCAG:

Merknad 2 byggjer på

  1. Oversikt over knappar med gradert bakgrunnsfarge med for svak kontrast:
    • Side 4 – Logg inn i nettbank privat: Logg inn med BankID  og Logg inn med BankID på mobil.
    • Side 5 – Min oversikt: Søk.
    • Side 5 – Min oversikt: Registrer kontaktinformasjon.
    • Side 6 – Betaling: Legg til godkjenning og Start godkjenning.
    • Side 7 – Motteken til Betaling: Legg til godkjenning og Start godkjenning.
    • Side 8 – Forfallsregister: Denne månaden og Neste månad.
    • Side 16 – Mobilbank, Logg inn med BankID: Logg inn med BankID.

Forklaring til observasjon a: Nettstaden har knappar med gradert bakgrunnsfarge på mange sider. Kontrasten varierer frå 3,6:1 til 3,87:1 og knappane har liten tekst. Når knappane er i fokus, får dei grøn gradert bakgrunnsfarge med kontrast på 3,5:1. Kontrasten er målt der den er svakast.

  1. Oversikt over menyelement med for svak kontrast:
    • Topptekst: Nedtrekkslista for å velje språk har tekst med kontrast på 2,24:1. Det gjeld overskrifta og språkalternativa.
    • Topptekst i nettbanken: Hovudmenyen har kontrast på 4,32:1.
    • Side 17 – Mobilbank - Min oversikt: Teksten på den øvste rada i menyen har kontrast på 4,2:1.
    • Side 5 – Min oversikt: I menyen Totalt tilgjengeleg og Alle kontoar, har kontonummeret kontrast på 3,63:1.
    • Side 5 – Min oversikt: Lenkene Chat og Kundeservice har kontrast på 4,4:1.
    • Side 5 – Min oversikt: I menyen Kundeservice er telefonnummeret, punktet ny melding og innboks grøn skrift på grå bakgrunn med kontrast på 3,97:1.
  2. Oversikt over skjemaelement med for svak kontrast:
    • Side 4 – Logg inn i nettbank privat: Ledeteksten i skjemafelta (placeholder) har kontrast på 2,85:1. Det gjeld skjemafelta Fødselsnummer, Fødselsdato og Mobilnummer i skjema BankID og BankID på mobil.
    • Side 6 – Betaling: Ledeteksten i skjemafelta  Frå konto, Til konto og Namn har kontrast på 4,35:1.
    • Side 8 – Forfallsregister: Teksten i glidebrytaren har kontrast på 4,4:1.
    • Side 6 – Betaling: I feltet Frå konto og Til konto er det muleg å velje kontonummer. Kontonummer i lista har kontrast på 3,63:1.
  3. Oversikt over kalenderelement i nettbanken med for svak kontrast:
    • Side 5, 6, 8: Teksten Frå og Til er grå tekst på grå bakgrunn med kontrast på 3,63:1.
    • Side 5, 6, 8: Kontrasten på dagane i kalenderen er 2,51:1.
    • Side 5, 6, 8: Kontrasten på valt dato i kalenderen er 3,7:1.
    • Side 5, 6, 8: Teksten på Ok-knappen i kalenderen har kontrast på 3,58:1.

Kommentar

Kontrasten er testa med Colour Contrast Analyser, versjon 2.2a. Alle observasjonane over gjeld i dette tilfellet liten tekst.

Stor tekst er skrift som er minst 24 pikslar høg, eller feit skrift som er minst 19 pikslar høg. Alt anna er liten tekst. Minstekravet til kontrast mellom bakgrunnen og liten tekst er 4,5:1.

6 Regelverk

7 Standarden for nettløysingar

Krava til nettløysingar går fram av forskrifta § 4 første ledd, som seier at nettløysingar skal oppfylle Retningslinjer for tilgjengeleg webinnhald (WCAG 2.0) nivå A og AA, med tre unntak.

35 av 61 suksesskriterium er gjort til obligatoriske minimumskrav for nettløysingar som er omfatta av forskrifta. Det er gjort unntak for suksesskriteria 1.2.3, 1.2.4 og 1.2.5, som regulerer lyd og video. 

WCAG 2.0 er bygd opp av 4 prinsipp, 12 retningslinjer og 61 testbare suksesskriterium:

  • Prinsippa beskriv grunnlaget for tilgjengelegheit på overordna nivå. I følgje prinsippa skal nettløysingar vere mogleg å oppfatte, mogleg å betene, forståelege og robuste.
  • Retningslinjene er overordna mål for tilgjengelegheit i nettløysingar. Retningslinjene er ikkje moglege å teste, men dei set suksesskriteria i ein samanheng.
  • Suksesskriteria er konkrete, testbare krav til tilgjengelegheit. Suksesskriteria er teknologinøytrale og vi kan følgje dei uavhengig av programmeringsspråk og publiseringsløysing.

I tillegg viser WCAG 2.0 til teknikkar med døme på korleis vi kan oppfylla suksesskriteria.

Ved å følgje WCAG 2.0 blir nettløysingar tilgjengelege for fleire personar med nedsett funksjonsevne. WCAG tek omsyn til at brukarane av nettløysingar har ulike føresetnadar, og dekker følgjande:

  • Syn
  • Kognisjon
  • Lese- og skrivevanskar
  • Norsk som andrespråk
  • Motorikk
  • Høyrsel
  • Epilepsi
  • Belastningsskadar

Nettløysingar som følgjer krava vil vera meir brukarvennlege for alle.

8 Aktivitet under tilsynet

Tilsynet med SpareBank 1 SR-Bank ASA omfatta følgjande aktivitetar:

  1. Tilsynsvarsel: Tilsynsvarselet vart sendt 15.03.2016.
  2. Dokumentasjon: Vi fekk dokumentasjon 05.04.2016. Det er gitt eit oversyn over dokumentasjonen i kapittel 9.
  3. Formøte: Formøte vart gjennomført  20.04.2016. Formøte er del av inspeksjonen fordi lovreguleringa av området er ny, samtidig som undersøkingar viser at det er låg kjennskap til regelverket, krava til nettløysingar (WCAG) 2.0 og tilsynet som myndigheitsorgan.
  4. Verifikasjon og vurdering: Verifikasjon og vurdering av nettstaden opp mot krava vart gjort i veke 17 og 18. For å gjennomføre verifikasjon, har tilsynet utvikla indikatorsett, i tillegg til prosedyrar for gjennomføring av test, registrering og dokumentasjon av testresultat. Indikatorsettet operasjonaliserer suksesskriteria i WCAG 2.0 som er minimumskrav i regelverket.
  5. Sluttmøte: Sluttmøte med presentasjon av resultata frå inspeksjonen vart gjennomført  03.05.2016.
  6. Førebels rapport: Førebels rapport vart sendt 10.05.2016
  7. Tilbakemelding frå verksemda: Vi fekk kommentarar på førebels rapport 24.05.2016.

9 Dokumentgrunnlag

Aktuell dokumentasjon blei etterspurt i tilsynsvarselet. Verksemda treng ikkje å utarbeida ny dokumentasjon for tilsynet.

SpareBank 1 SR-Bank ASA sendte 05.04.2016 følgjande dokumentasjon:

  • E-post med oversending av dokumentasjon
  • Hovuddokument – Tilsyn – Universell utforming av IKT i SpareBank 1 SR-Bank april 2016
    • Om arbeid med universell utforming av løysingar
    • Om løysingane for privatkundar
      • SpareBank 1 opne sider
      • Nettbank privat
      • Mobilpank privat
    • Om prosess og metode for utvikling med fokus på universell utforming
  • Utdrag av rutinedokument – kapittel 9 om universell utforming
  • Difi-krav og Definition of Done (DoD)
  • Sjekkliste for universell utforming – Tilgjengelighet på digitale flater
  • Prinsipp og suksesskriterium for universell utforming
  • Testing av universell utforming
  • Universell utforming av mobilbanken hausten 2014
    • 3.2.2 Ledetekster og instruksjoner
    • 2.4.7 Synlig fokus
    • 1.4.3 Kontrast
    • 1.3.1 Struktur og relasjoner
    • 1.1.1 Ikke tekstlig innhald
  • Oversikt over suksesskriterium i relasjon til mobilbanken hausten 2014
    • Fokusrekkefølge
    • Fokusindikasjon
    • Hovedmeny – hoppe over blokker
    • Tabindex og fokusrekkefølge
    • Ekspanderende tabellrader
    • Modale dialoger og popovers
  • Testrapporter frå MediaLT med vedlegg
    • Rapport datert 11.12.2015
    • Rapport datert 16.11.2015
    • Rapport datert 29.09.2015
    • Rapport datert 28.09.2015
    • Rapport datert 17.04.2015
    • Rapport datert 09.02.2015
  • SpareBank 1 sine kommentarar og tiltak knytt til testresultat

Tilleggsdokumentasjon ettersendt 22.04.2016:

  • Innspel til sideutval for verifikasjon
  • Mandat for felles webenhet i SpareBank 1 Alliansen

10 Deltakarar

10.1 Frå SpareBank 1 SR-Bank ASA deltok

NamnStillingFormøteSluttmøte
Arve SolhaugKonsernbanksjef digital kundearenaxx
Lea Beck SjøthunMarkedskonsulent Digital kundearenaxx
Helge Lennart AarsheimMarkedskonsulent Digital kundearenaxx
Henrik BraathenLeder Portalutvikling selvbetjente kanalerxx
Kathinka MadzogSystemansvarlig Portalutvikling selvbetjente kanalerxx
Ole Fredrik Von KroghSystemansvarlig Portalutvikling selvbetjente kanalerxx
Ottar SoltvedtSystemansvarlig Portalutvikling selvbetjente kanalerxx

10.2 Frå tilsynet deltok

rådgjevar Dagfinn Rømen

førstekonsulent Geir Sindre Fossøy

rådgjevar Siv Bianca Kjosås (inspeksjonsleiar)