Tilsynsrapport St. Olavs hospital

Rapporten oppsummerer resultata etter kontroll av nettstaden til St. Olavs hospital. Tilsynet avdekte ingen avvik. Det blei gitt merknader på områda navigasjon og koding.

1 Samandrag

Rapporten gjer greie for merknadane som vart gitt under tilsynet med St. Olavs hospital. Tilsynet retta seg mot nettstaden https://stolav.no/.

Tilsynet er gjennomført som inspeksjon. Tema for inspeksjonen var koding, navigasjon og tekstalternativ på nettstaden. Dette omfatta

  • koding av ulike typar innhald
  • tastaturnavigasjon
  • tekstforklaring til bilete og illustrasjonar
  • lenker
  • kontrast

Inspeksjonen avdekte ingen avvik. Det vart gitt 2 merknader.

1.1 Kva er avvik og merknad

Avvik inneber at verksemda ikkje oppfyller krav som er gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Verksemda må rette avvika i etterkant, og skal levere ein plan for retting. Om nødvendig kan tilsynet følgje opp avvik med reaksjonar i form av pålegg om retting og tvangsmulkt.

Merknad inneber at tilsynsorganet finn grunn til å peike på forbetringspotensiale, men at forholdet ikkje er i strid med krav gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Det er opp til verksemda å vurdera om og korleis dei skal følgje opp merknader. Tilsynet kan ikkje følgje opp merknader med reaksjonar.

1.2 Oversikt over resultat

Merknad 1: St. Olavs hospital har eit forbetringspotensiale når det gjeld navigasjonsmogelegheiter på nettstaden.

Merknad 2: St. Olavs hospital har eit forbetringspotensiale når det gjeld koding av innhaldet på nettstaden.

Resultata med grunngjeving og konkret heimelstilvising er gitt i kapittel 5.

2 Innleiing

Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) er tilsynsmyndigheit på området universell utforming av IKT. Rettsleg grunnlag for tilsyn er diskriminerings- og tilgjengelegheitslova (dtl.) § 29 første ledd jf. dtl. § 14 og forskrifta om universell utforming av IKT-løysingar § 5.

Vi gjennomførte i tidsrommet 12.09.2016 – 22.11.2016 tilsyn med St. Olavs Hospital. Tilsynet vart gjort som inspeksjon, og retta seg mot nettstaden https://stolav.no/.

Inspeksjon inneber at vi hentar inn og går gjennom dokumentasjon frå verksemda, har møter og verifiserer delar av nettstaden opp mot krava til universell utforming av IKT.

Denne rapporten gjer greie for merknadane som vart gitt innanfor tema for tilsynet, på dei sidene som inngjekk i verifikasjonen. Resultata med grunngjeving og konkret heimelstilvising er gitt i kapittel 5.

Rapporten gir ikkje ei fullstendig tilstandsvurdering av St. Olavs hospital sitt arbeid med universell utforming av IKT, verken generelt eller innanfor tema for tilsynet.

3 Tema for inspeksjonen

Tema for inspeksjonen var koding, navigasjon og tekstalternativ på nettstaden. Dette omfatta

  • koding av ulike typar innhald
  • tastaturnavigasjon
  • tekstforklaring til bilete og illustrasjonar
  • lenker
  • kontrast

Føremålet er å kontrollera om St. Olavs hospital etterlever lov- og forskriftskrav om universell utforming av IKT, innanfor tema for tilsynet.

4 Nettstaden

4.1 Om nettstaden

Kontaktperson under tilsynet var kommunikasjonsdirektør Marit Kvikne.

Nettstaden er del av ny nasjonal felles nettløysing for spesialist-helsetenesta. Nettstaden https://stolav.no/ er nasjonal pilot i prosjektet, og gjekk som første helseføretak i drift 20.01.2016. No er alle helseføretaka i landet over på ny plattform, og prosjektet vert avslutta til nyttår.

Hovudmålgruppene for nettstaden er pasientar og pårørande. Kjernen i nettstaden er behandlingsinformasjon. Innhaldet er delt i to:

  • Medisinskfagleg informasjon
  • Praktisk informasjon

Om lag 60 nettredaktørar er involvert i arbeidet med nettstaden. Av dei er 19 nettredaktørar for kjernedelen om behandlingsinformasjon. Dette er innhald som kan delast med andre helseføretak i Norge.

Det er gjort brukartesting av nettstaden. St. Olavs hospital har oversikt over kjente feil knytt til universell utforming, og ein plan for retting. Feilretting vert utført av Direktoratet for e-helse.

Verksemda har laga retningslinjer og rutinar (publiseringsrettleiar) for arbeidet med nettstaden, inkludert universell utforming. Det er gjennomført opplæring i nytt publiseringssystem.

4.2 Om verifikasjonen

Verifikasjonane er gjort ved testing av 17 enkeltsider på nettstaden. Testinga er gjennomført i Internet Explorer versjon 11.

Under tilsynet testa vi tre ulike behandlingsforløp, informasjon til blodgjevarar, finna informasjon om avdeling, kontakt St. Olavs hospital, aktuelt arrangement, nyheitssak, og tilbakemelding til nettredaksjonen.

Sideutvalet utgjer viktige brukaroppgåver, og dekkar i tillegg alle  sidemalane som er brukt på nettstaden.

Kontrast er kontrollert med verktøyet Colour Contrast Analyser, versjon 2.2a.

Syntaks i HTML-koden er sjekka med kodevalidatoren til W3C.

I dette tilsynet fekk vi ikkje gyldige resultat på alle sidene for syntaks i HTML-koden. I følgje kodevalidatoren gjer ei kritisk feil at validering av nettstaden ikkje kan gjennomførast på 3 av 17 sider.

Utover dette er nettstaden kontrollert med manuelle metodar.

4.3 Enkeltsider som vart testa

  1. Startsiden
  2. Behandlinger
  3. Hengende øyelokk
  4. Hoftebrudd
  5. PET-undersøkelse
  6. Fjerning av føflekk
  7. Søkeresultatside - "blod"
  8. Blodgiver
  9. Avdelinger
  10. Nevrosenteret
  11. Høresentralen
  12. Om oss
  13. Kontakt oss
  14. Tilbakemelding til nettredaksjonen
  15. Arrangement
  16. Nasjonal konferanse for hjerneskaderehabilitering og nevrosykepleie 2017
  17. Hjelp til snus og røykeslutt

5 Resultat

5.1 Innleiing

Resultata byggjer på informasjon frå testinga (verifikasjonen) gjort under  tilsynet. Resultata er dokumentert med skjermbilete og skriftleg grunngjeving. Skjermbileta er med i vedlegg til rapporten.

  • Avvik inneber at verksemda ikkje oppfyller krav som er gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Verksemda må rette avvika i etterkant, og skal levere ein plan for retting. Om nødvendig kan tilsynet følgje opp avvik med reaksjonar i form av pålegg om retting og tvangsmulkt.
  • Merknad inneber at tilsynsorganet finn grunn til å peike på forbetringspotensiale, men at forholdet ikkje er i strid med krav gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Det er opp til verksemda å vurdera om og korleis dei skal følgje opp merknader. Tilsynet kan ikkje følgje opp merknader med reaksjonar.

5.2 Merknader

Merknad 1

St. Olavs hospital har eit forbetringspotensiale når det gjeld navigasjonsmogelegheiter på nettstaden.

Merknad til følgjande krav dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av IKT-løysningar § 4 første ledd jf. suksesskriterium 1.4.1, 2.1.1, 2.4.3, 2.4.4, 2.4.7 og 3.3.2.

Suksesskriterium i WCAG

Merknad 1 byggjer på

  1. Alle behandingsforløp med enkeltbehandlingar (side 3, 4, 5, 6): Ved tastaturnavigasjon til enkeltbehandlingar som inngår i sider om behandlingsløp, skjer følgjande:
    • Det er muleg å opne enkeltbehandlinga Kuldebrille i behandlingsforløpet Hengende øyelokk. Ved vidare navigasjon med tastatur, hoppar navigasjonen over all brødteksten under punktet Kuldebrille, fordi navigasjonen hoppar til første lenkje. Konsekvensen er at for behandlingsløp med mykje tekst og få aktive element, risikerer brukaren å navigere gjennom heile behandlinga, utan å ha mulegheit til å lesa hovudinnhaldet.
    • Enkeltbehandlingar i behandlingsforløp har ein meny som gjer det muleg å lesa om ulike steg i enkeltbehandlinga. Denne menyen blir lagt nær starten av tastaturnavigasjonen, etter at brukaren har opna ei enkeltbehandling. Konsekvensen er at brukaren må navigera gjennom heile sida for å nå denne menyen. Innhaldet som gjeld enkeltbehaldninga ligg på to heilt ulike stader i tastaturnavigasjonen. Aktivering av menyval leiar heller ikkje brukaren til rett stad på sida, og brukaren må fortsetta navigasjonen frå toppen av sida og ned til den aktuelle teksten. I tillegg ligg halvparten av denne teksten utanfor nettlesarvindauget i Internet Explorer.
  2. Knappar for å felle ut fleire element får ikkje synleg fokusmarkering:
    • Side 1: Fleire nyheitssaker.
    • Side 9: Alle behandlingsstader.
    • Side 9: Alle avdelingar.
    • Side 16: Fleire artiklar.
  3. Oversikt over lenkjer som berre er markert med farge:
    • Side 3, 4, 5, 6, 11: Lenkjer i kontaktinformasjon. Det er også brukt feit skrift på innhald om ikkje er lenkja.
  4. Oversikt over feil som gjeld lenkjemål:
    • Topptekst: Logoen har alt-tekst Logo, som ikkje er beskrivande for lenkjemålet.
    • Side 16: I tabellen med program for konferansen ligg det to lenkjer med namnet Les mer her. Tabellen har ikkje tabelloverskrifter, og lenkjene har difor ikkje kontekst i koden (programmeringsmessig tilknytta kontekst).
    • Side 3, 4, 5, 6, 11: På stader der det finst kontaktinformasjon: Etter postnummeret til staden, ligg det ei tom lenkje. Lenkja kan berre nåast med tastatur. Ved aktivering av lenkja blir brukaren sendt til startsida på engelsk og det er ikkje muleg å bruke tilbake-knappen.
  5. Topptekst: Søkefeltet er berre markert med eit forstørringsglas og manglar ein synleg ledetekst i direkte tilknyting til søkefeltet som viser at det handlar om søk. Ledeteksten skal alltid vera synleg.

Kommentar

Feil i navigasjonen kan gjera nettstaden vanskeleg å bruke for mange, til dømes fargeblinde, brukarar med nedsett syn og brukarar som berre navigerer ved hjelp av tastaturet. Skjermlesarbrukarar vil i verste fall ikkje vera i stand til å bruka nettstaden.

Korrekt merking av søkefelt er viktig for alle brukarar.

Merknad 2

St. Olavs hospital har eit forbetringspotensiale når det gjeld koding av innhaldet på nettstaden.

Merknad til følgjande krav dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av IKT-løysningar § 4 første ledd jf. suksesskriterium 1.3.1 og 4.1.1.

Suksesskriterium i WCAG:

Merknad 2 byggjer på

  1. Overskrifter som ikkje er koda som overskrifter:
    • Side 2 og 9: Bokstavoverskriftene i den alfabetiske oversikta er koda som <span>.
  2. Oversikt over tomme overskrifter:
    • Side 10: Under hovudoverskrifta.
    • Side 11: Under hovudoverskrifta på sida.
    • Side 11: Det ligg eit bilete som einaste innhald i ei overskrift.
  3. Side 16: Alle cellene i tabellen er koda som dataceller, tabellen manglar koda tabelloverskrifter.
  4. Topptekst: Søkeknappen manglar identifikasjon. Den har eit value-attributt, men attributtet er tomt.
  5. Tabellen under gir oversyn over syntaksfeil

* Forklaring: Kodevalidatoren stoppa opp på tre av testsidene.

Side Feil nøsting av element Element som ikkje er avslutta korrekt Sum per side
1 1 1 2
2 1   1
3 2 1 3
4 2 3 5
5     0*
6     0*
7 21 26 47
8 1   1
9 1   1
10     0*
11 2 1 3
12 1   1
13 1   1
14     0
15 1   1
16 11   11
17 1   1
Sum 46 32 78

Kommentar

WCAG krev samsvar mellom den visuelle presentasjonen av innhaldet på nettstaden og kodinga av det same innhaldet. Grunnen er at alle brukarar skal ha tilgang til lik informasjon.

Korrekt kode er viktig for å sikra at alle brukaragentar som til dømes ulike nettlesarar og hjelpemiddel presenterer innhald på nettsida på rett måte for brukaren.

6 Regelverk

7 Standarden for nettløysingar

Krava til nettløysingar går fram av forskrifta § 4 første ledd, som seier at nettløysingar skal oppfylle Retningslinjer for tilgjengeleg webinnhald (WCAG 2.0) nivå A og AA, med tre unntak.

35 av 61 suksesskriterium er gjort til obligatoriske minimumskrav for nettløysingar som er omfatta av forskrifta. Det er gjort unntak for suksesskriteria 1.2.3, 1.2.4 og 1.2.5, som regulerer lyd og video. 

WCAG 2.0 er bygd opp av 4 prinsipp, 12 retningslinjer og 61 testbare suksesskriterium:

  • Prinsippa beskriv grunnlaget for tilgjengelegheit på overordna nivå. I følgje prinsippa skal nettløysingar vere mogleg å oppfatte, mogleg å betene, forståelege og robuste.
  • Retningslinjene er overordna mål for tilgjengelegheit i nettløysingar. Retningslinjene er ikkje moglege å teste, men dei set suksesskriteria i ein samanheng.
  • Suksesskriteria er konkrete, testbare krav til tilgjengelegheit. Suksesskriteria er teknologinøytrale og vi kan følgje dei uavhengig av programmeringsspråk og publiseringsløysing.

I tillegg viser WCAG 2.0 til teknikkar med døme på korleis vi kan oppfylla suksesskriteria.

Ved å følgje WCAG 2.0 blir nettløysingar tilgjengelege for fleire personar med nedsett funksjonsevne. WCAG tek omsyn til at brukarane av nettløysingar har ulike føresetnadar, og dekker følgjande:

  • Syn
  • Kognisjon
  • Lese- og skrivevanskar
  • Norsk som andrespråk
  • Motorikk
  • Høyrsel
  • Epilepsi
  • Belastningsskadar

Nettløysingar som følgjer krava vil vera meir brukarvennlege for alle.

8 Aktivitet under tilsynet

Tilsynet med St. Olavs hospital omfatta følgjande aktivitetar:

  1. Tilsynsvarsel: Tilsynsvarselet vart sendt 12.09.2016.
  2. Dokumentasjon: Vi fekk dokumentasjon 27.10.2016. Det er gitt eit oversyn over dokumentasjonen i kapittel 9.
  3. Formøte: Formøte vart gjennomført 02.11.2016. Formøte er del av inspeksjonen fordi lovreguleringa av området er ny, samtidig som undersøkingar viser at det er låg kjennskap til regelverket, krava til nettløysingar (WCAG) 2.0 og tilsynet som myndigheitsorgan.
  4. Verifikasjon og vurdering: Verifikasjon og vurdering av nettstaden opp mot krava vart gjort i veke 46 og 47. For å gjennomføre verifikasjon, har tilsynet utvikla indikatorsett, i tillegg til prosedyrar for gjennomføring av test, registrering og dokumentasjon av testresultat. Indikatorsettet operasjonaliserer suksesskriteria i WCAG 2.0 som er minimumskrav i regelverket.
  5. Sluttmøte: Sluttmøte med presentasjon av resultata frå inspeksjonen vart gjennomført 22.11.2016.
  6. Førebels rapport: Førebels rapport vart sendt 05.12.2016.
  7. Tilbakemelding frå verksemda: St. Olavs hospital hadde ikkje kommentarar til førebels rapport, jf. e-post 19.12.2016.

9 Dokumentgrunnlag

Aktuell dokumentasjon blei etterspurt i tilsynsvarselet. Verksemda treng ikkje å utarbeida ny dokumentasjon for tilsynet.

St. Olavs hospital sendte følgjande dokumentasjon:

  • Oversendingsbrev
  • Konsept
  • Oversikt over 15 mest brukte sider/tenester
  • Informasjon om brukte standardar
  • Oversikt over nettredaktørar
  • Ansvar og oppgåvedeling
  • Oversikt over innhald og malar
  • Testar og resultat
  • Oversikt over kjente feil
  • Plan for feilretting
  • Organisasjonskart
  • Brukarrettleiing – Fellesløysing for spesialisthelsetenesta – april 2016
  • Informasjon om opplæringsplan
  • Bruksstatistikk 2016 og lenkjer til sidemalar

10 Deltakarar

10.1 Frå St. Olavs hospital deltok

Namn Stilling Formøte Sluttmøte
Marit Kvikne Kommunikasjonsdirektør x x
Trine Nordgård Stensaas Kommunikasjonsrådgiver x x
Einar Tveit Nettredaktør x x
Astrid Haugen Kommunikasjonsrådgiver x x

To tilsette i Direktoratet for e-helse deltok som observatørar på sluttmøtet etter avtale med St. Olavs hospital.

10.2 Frå tilsynet deltok

Seniorrådgjevar Dagfinn Rømen

Seniorrådgjevar Siv Bianca Kjosås (Inspeksjonsleiar)

Publisert: 
22. des 2016