Tilsynsrapport Bærum kommune

Rapporten gjer greie for resultata etter tilsynet med Bærum kommune. Ettersynet avdekte 4 avvik på områda kontrast, tastaturnavigasjon, koding og skjema.

1 Innleiing

Direktoratet for forvaltning og ikt (Difi) er tilsynsmyndigheit på området universell utforming av ikt.

Rettsleg grunnlag for tilsyn er diskriminerings- og tilgjengelegheitslova (dtl.) § 29 første ledd jf. dtl. § 14 og forskrifta om universell utforming av ikt-løysingar § 5.

Vi gjennomførte tilsyn med Bærum kommune i tidsrommet 18.08.2017 – 27.10.2017. Tilsynet vart gjort som ettersyn, og retta seg mot nettstaden https://www.baerum.kommune.no/.

Rapporten gjer greie for avvika som vart avdekt innanfor tema for tilsynet, på dei sidene som inngjekk i testinga. Resultata med grunngjeving og heimelstilvising er gitt i kapittel 3.

Rapporten gir ikkje ei fullstendig tilstandsvurdering av Bærum kommune  sitt arbeid med universell utforming av ikt. 

2 Om ettersynet

2.1 Tema

Tilsynet omfatta følgjande tema

  • skjema
  • navigasjon
  • tastaturnavigasjon
  • koding av innhald
  • struktur og presentasjon
  • tekstalternativ

Føremålet med ettersynet er å kontrollera om Bærum kommune etterlever lov- og forskriftskrav om universell utforming av ikt, innanfor tema for tilsynet.

2.2 Om testinga

Vi har testa 9 av dei 35 suksesskriteria som utgjer minstekrava i forskrifta, og brukte 11 indikatorar.

Verifikasjonen er gjort ved testing av 10 enkeltsider på nettstaden.

Testinga er gjennomført med følgjande nettlesarar og verktøy:

  • Chrome versjon 61
  • Colour Contrast Analyser, versjon 2.5.0.0.
  • Kodevalidatoren til W3C.

Utover dette er nettstaden kontrollert med manuelle metodar. For informasjon om målemetodane vi har brukt, viser vi til indikatorsettet vårt.

2.3 Enkeltsider som vart testa

Sidene som ikkje er lenkja i lista under, er sider som krev at brukaren loggar inn. Desse sidene har ein URL som er unik for kvar brukar.

  1. Framsida
  2. Plan, bygg og geodata
  3. Jobb i kommunen
  4. Hentekalender
  5. Søk etter plan/byggesaker
  6. Søk etter dokumenter
  7. Barnehage
  8. Søke barnehage - Velg barnehage
  9. Søke barnehage - Fylt ut skjema
  10. Søke barnehage - Kontaktinformasjon

3 Resultat

Resultata byggjer på informasjon frå testinga som er gjort under tilsynet. Resultata er dokumentert med skjermbilete og skriftleg grunngjeving.

  • Avvik inneber at verksemda ikkje oppfyller krav som er gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Verksemda må rette avvika i etterkant, og skal levere ein plan for retting. Om nødvendig kan tilsynet følgje opp avvik med reaksjonar i form av pålegg om retting og tvangsmulkt.
  • Merknad inneber at tilsynsorganet finn grunn til å peike på forbetringspotensiale, men at forholdet ikkje er i strid med krav gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Det er opp til verksemda å vurdera om og korleis dei skal følgje opp merknader. Tilsynet kan ikkje følgje opp merknader med reaksjonar.

3.1 Avvik 1: Kontrast

Bærum kommune sikrar ikkje alltid tilstrekkeleg kontrast mellom tekst og bakgrunn på nettstaden.

Avvik frå følgjande krav: dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av IKT-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium

a) Stor tekst med kontrast på mindre enn 3,0:1

Nr

Side

Element

1

Side 1

Lenkene Høring - Klimastrategi 2030 og kommunens kulturstipend og kulturpris innen 1. oktober!

2

Side 8

Lenka Flere barnehager

3

Side 9, Side 10

Knappen avbryt

4

Side 8, Side 9, Side 10

Grå tekst i botntekst

5

Side 4

Raude feilmeldingar i skjemaet Rapporter feil

b) Liten tekst med kontrast på mindre enn 4,5:1

Nr

Side

Element

1

Side 1

Dei grøne lenkene Plan, bygg og geodata, Barnehage, Helse og omsorg, Avfall og gjenvinning, Skole og Natur, kultur, idrett og fritid

2

Side 1

Liste med lenker til ulike tenester på høgre del av framsida

3

Side 1

Grøne lenker til høgre i delen Aktuelt fra Bærum kommune

4

Side 2

7 grøne lenker på kvit bakgrunn

5

Side 2, Side 7

Meny med grøne lenker på kvit bakgrunn på høgresida

6

Side 3, Side 7

6 grøne tema lenker på kvit bakgrunn

7

Side 4

Knappen Returpunkter/aktiv knapp i meny

8

Side 5, Side 6

Lenka Postliste

9

Side 5, Side 6

Lenka Saker

10

Side 5, Side 6

Lenka Dokumenter

11

Side 5, Side 6

Lenka Vis færre søkevalg

12

Side 5, Side 6

Lenkene ACOS Innsyn og ACOS AS

13

Side 8, Side 9, Side 10

Knappen Min Side

14

Side 8, Side 9, Side 10

Lenka Søk barnehageplass her (du skal ikke være innlogget)

15

Side 8, Side 9, Side 10

Lenka Logg inn med ID-porten

16

Side 8, Side 9, Side 10

Kvitt tal på oransje bakgrunn på elementa som viser kor langt ein er komen i skjemaet.

17

Side 8, Side 9, Side 10

Blå tekst på blå bakgrunn i boksane med hjelp til utfylling av skjemaet

18

Side 8

Overskrifta Barnehage på blå bakgrunn

19

Side 8

Lenka Informasjon om barnehageopptaket i Bærum kommune

20

Side 8

Lenka Vise alle barnehager

21

Side 8

Legg til og Mer info - lenker i tabell over barnehager

22

Side 8, Side 9, Side 10

Blå lenker i botntekst

23

Side 10

Hjelpetekstane Utenlandske numre må starte med landskode og Din e-postadresse vil bli brukt for å kontakte deg. Du kan senere endre denne i din profil.

24

Side 10

Hjelpeteksten ddmmåånnnnn

25

Side 5

Blå lenker med saksnummer og tittel på sak

26

Side 5

Blå lenker med tall for å hoppe til neste side med søkeresultat

3.1.1 Kommentar avvik 1

Feila som er avdekka, gjer at nettstaden er vanskelegare å bruke for alle. Det rammar særleg synshemma og brukarar med redusert fargesyn.

  • Det skal vere tilstrekkeleg kontrast mellom bakgrunn og tekst på nettstaden. Minstekravet til kontrast mellom bakgrunnen og liten tekst er 4,5:1. Minstekravet for stor tekst er 3:1.

3.2 Avvik 2: Tastaturnavigasjon

Bærum kommune sikrar ikkje alltid tilstrekkeleg tastaturnavigasjon på nettstaden.

Avvik frå følgjande krav: dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av IKT-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium

a) Element det ikkje er mogeleg å nå eller bruke med tastaturet

Nr

Side

Element

1

Side 4

Lenka Se tømmedager for hele året

2

Side 4

Menypunkta Tømmekalender/SMS, Returpunkter, Sorteringsinfo, Isi gjenvinningsstasjon og Meld om feil

b) Nettside med snarveglenke som ikkje flyttar tastaturfokus til det første aktive elementet i hovudinnhaldet

Nr

Side

Element

1

Side 1, Side 2, Side 3, Side 4

Heile nettsida

c) Nettsider utan snarveglenke for å hoppe direkte til hovudinnhaldet

Nr

Side

Element

1

Side 8, Side 9, Side 10

Heile nettsida

d) Element som ikkje får synleg fokusmarkering ved tastaturnavigasjon

Nr

Side

Element

1

Side 8, Side 9, Side 10

Knappane Du er ikke innlogget og Valgte barnehager

3.2.1 Kommentar avvik 2

Feila som er avdekka, gjer at nettstaden er umogleg å bruke for personar som ønskjer, eller må, navigere med tastatur. Det rammar særleg synshemma og personar med varig eller mellombels nedsett handfunksjon.

  • Innhald på nettsider skal du kunne bruke med tastatur. Dette gjer nettstaden tilgjengeleg for dei som ikkje kan bruke mus.
  • Det skal vere mogleg å hoppe over innhald som blir gjentatt på fleire sider, som for eksempel menyar, navigasjonslenker, topptekst, slik at brukaren kjem raskare til hovudinnhaldet. Snarveglenka skal flytte tastaturfokuset til det første aktive elementet i hovudinnhaldet.
  • Synleg fokusmarkering er nødvendig for at brukarar som navigerer med tastatur skal vite kvar dei er på nettsida til ei kvar tid.

3.3 Avvik 3: Koding

Bærum kommune sikrar ikkje alltid korrekt koding av skjemaelement og kodesyntaks på nettstaden.

Avvik frå følgjande krav: dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av IKT-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium

a) Sider med syntaksfeil i koden

Side

Element som er nøsta feil

Element som ikkje er avslutta korrekt

Element som har same attributt fleire gonger

Element som har IDar som ikkje er unike

Sum

Fatal error

5

0

1

0

0

1

Nei

8

4

0

0

4

8

Nei

9

4

0

0

3

7

Nei

10

4

0

0

3

7

Nei

Sum

12

1

0

10

23

 
b) Skjemaelement som ikkje er kopla til ein ledetekst i koden

Nr

Side

Element

1

Side 4

Søk på adresse (Hentekalender)

2

Side 4

Bestille varsel på SMS (Hentekalender)

3

Side 4

Beskrivelse (Meld feil)

4

Side 4

Min e-post (Meld feil)

5

Side 4

Mitt telefonnummer (Meld feil)

3.3.1 Kommentar avvik 3

Feila som er avdekka gjer at nettstaden er vanskeleg og uoversiktleg for dei som brukar skjermlesar. Korrekt kode er viktig for å sikre at alle brukaragentar, som for eksempel ulike nettlesarar og hjelpemiddel, presenterer innhald på nettsida på rett måte for brukaren.

  • Koden på nettsida skal ha rett syntaks. Syntaksfeil fører til at innhaldet ikkje blir presentert på ein påliteleg måte.
  • Innhald i koden skal ha ein identifikasjon. Identifikasjon på skjemaelement, gjer at brukaren veit kva innhald dei skal skrive inn.

3.4 Avvik 4: Skjema

Bærum kommune sikrar ikkje alltid tilstrekkelege feilmeldingar i skjema.

Avvik frå følgjande krav: dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av IKT-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium

a) Skjemaelement med automatisk oppdaging av feil, får feilmelding som ikkje identifiserer kvar feilen har oppstått

Nr

Side

Element

1

Side 9

Søkers fødselsnummer

2

Side 9

Barnets fødselsnummer

3

Side 10

Fornavn og mellomnavn

4

Side 10

Etternavn

5

Side 10

Adresse

6

Side 10

Postnummer

7

Side 10

Poststed

8

Side 10

E-post

9

Side 9

Medsøkers fødselsnummer

10

Side 10

Telefon (privat)

11

Side 10

Telefon (arbeid)

12

Side 10

Telefon (mobil)

3.4.1 Kommentar avvik 4

Feila som er avdekka gjer at skjema er vanskeleg å bruke for alle.

  • Feilmeldingar skal vere tekst og eintydig identifisere skjemaelementet som inneheld feil, eller som ikkje er fylt ut.

4 Regelverk

5 Standarden for nettløysingar

Krava til nettløysingar går fram av forskrifta § 4 første ledd, som seier at nettløysingar skal oppfylle Retningslinjer for tilgjengeleg webinnhald (WCAG) 2.0 nivå A og AA, med tre unntak.

35 av 61 suksesskriterium er gjort til obligatoriske minimumskrav for nettløysingar som er omfatta av forskrifta. Det er gjort unntak for suksesskriteria 1.2.3, 1.2.4 og 1.2.5, som regulerer lyd og video. 

WCAG 2.0 er bygd opp av 4 prinsipp, 12 retningslinjer og 61 testbare suksesskriterium:

  • Prinsippa beskriv grunnlaget for tilgjengelegheit på overordna nivå. I følgje prinsippa skal nettløysingar vere mogleg å oppfatte, mogleg å betene, forståelege og robuste.
  • Retningslinjene er overordna mål for tilgjengelegheit i nettløysingar. Retningslinjene er ikkje moglege å teste, men dei set suksesskriteria i ein samanheng.
  • Suksesskriteria er konkrete, testbare krav til tilgjengelegheit. Suksesskriteria er teknologinøytrale og vi kan følgje dei uavhengig av programmeringsspråk og publiseringsløysing.

I tillegg viser WCAG 2.0 til teknikkar med døme på korleis vi kan oppfylla suksesskriteria.

Ved å følgje WCAG 2.0 blir nettløysingar tilgjengelege for fleire personar med nedsett funksjonsevne. WCAG tek omsyn til at brukarane av nettløysingar har ulike føresetnadar, og dekker følgjande:

  • Syn
  • Kognisjon
  • Lese- og skrivevanskar
  • Norsk som andrespråk
  • Motorikk
  • Høyrsel
  • Epilepsi
  • Belastningsskadar

Nettløysingar som følgjer krava vil vera meir brukarvennlege for alle.

6 Aktivitet under tilsynet

Tilsynet med Bærum kommune omfatta følgjande aktivitetar:

  1. Tilsynsvarselet vart sendt 18.08.2017.
  1. Vi fekk dokumentasjon 11.09.2017. Det er gitt eit oversyn over dokumentasjonen i kapittel 7.
  1. Formøte vart gjennomført 19.09.2017. Felles for kommunane Oslo, Bærum, Skedsmo, Sarpsborg, Moss og Horten.
  1. Testing og vurdering av nettstaden opp mot krava vart gjort i veke 38 og 39.
  • Førebels rapport vart sendt 27.10.2017.
  • Tilbakemelding frå kommunen på førebels rapport motteke 16.11.2017.

7 Dokumentgrunnlag

Aktuell dokumentasjon blei etterspurt i tilsynsvarselet. Verksemda treng ikkje å utarbeida ny dokumentasjon for tilsynet. Bærum kommune sendte følgjande dokumentasjon:

  • Oversendingsbrev
  • Informasjon om nettstaden og standardar
  • Oversikt over mest brukte sider og tenester – Analytics
  • Rapport frå Siteimprove
  • Kopi av kontrakt med Netlife Research AS 26.11.2014
Publisert: 
06. des 2017