Tilsynsrapport Malvik kommune

Rapporten gjer greie for resultata etter tilsynet med Malvik kommune. Ettersynet avdekte 4 avvik på områda navigasjon, koding, kontrast og skjema.

Publisert: 24. jan 2018, Sist endra: 19. jun 2018

1 Innleiing

Direktoratet for forvaltning og ikt (Difi) er tilsynsmyndigheit på området universell utforming av ikt. Rettsleg grunnlag for tilsyn er diskriminerings- og tilgjengelegheitslova (dtl.) § 36 jf. dtl. § 18 og forskrifta om universell utforming av IKT-løysingar § 5.

Vi gjennomførte i tidsrommet 17.10.2017 - 01.12.2017 tilsyn med Malvik kommune. Tilsynet vart gjort som ettersyn, og retta seg mot nettstaden https://www.malvik.kommune.no/.

Rapporten gjer greie for avvika som vart avdekt innanfor tema for tilsynet, på dei sidene som inngjekk i testinga. Resultata med grunngjeving og heimelstilvisning er gitt i kapittel 3.

Rapporten gir ikkje ei fullstendig tilstandsvurdering av Malvik kommune sitt arbeid med universell utforming av ikt.

2 Om ettersynet

2.1 Tema

Tilsynet omfatta følgjande tema

  • skjema
  • navigasjon
  • tastaturnavigasjon
  • koding av innhald
  • struktur og presentasjon
  • tekstalternativ

Føremålet er å kontrollera om Malvik kommune etterlever lov- og forskriftskrav om universell utforming av ikt, innanfor tema for tilsynet.

2.2 Om testinga

Vi har testa 10 enkeltsider på nettstaden. Det er testa 9 av dei 35 suksesskriteria som utgjer minstekrava i forskrifta og brukte 11 indikatorar.

Testinga er gjrnnomført med følgjande nettlesar og verktøy:

  • Testinga er gjennomført i Internet Explorer versjon 11.
  • Kontrast er kontrollert med verktøyet Colour Contrast Analyser, versjon 2.5.0.0.
  • Syntaks i HTLM-koden er sjekka med kodevalidatoren til W3C .

Utover dette er nettstaden kontrollert med manuelle metodar. For informasjon om målemetodane vi har brukt, viser vi til indikatorsettet vårt.

2.3 Enkeltsider som vart testa

  1. Startsida
  2. Oppvekst
  3. Sandfjæra barnehage
  4. Vikhammer skole
  5. Viktige telefonnummer
  6. Skjema for søknad om barnehage – Ny plass og overføring, Framside
  7. Skjema for søknad om barnehage – Ny plass og overføring, Barnet
  8. Skjema for søknad om barnehage – Ny plass og overføring,Valg av barnehage og oppholdstid
  9. Skjema for søknad om barnehage – Ny plass og overføring,Foresatte
  10. Skjema for igangsetting av byggetiltak

3 Resultat

Resultata byggjer på informasjon frå testinga (verifikasjonen) gjort under tilsynet. Resultata er dokumentert med skjermbilete og skriftleg grunngjeving.

  • Avvik inneber at verksemda ikkje oppfyller krav som er gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Verksemda må rette avvika i etterkant, og skal levere ein plan for retting. Om nødvendig kan tilsynet følgje opp avvik med reaksjonar i form av pålegg om retting og tvangsmulkt.
  • Merknad inneber at tilsynsorganet finn grunn til å peike på forbetringspotensiale, men at forholdet ikkje er i strid med krav gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Det er opp til verksemda å vurdera om og korleis dei skal følgje opp merknader. Tilsynet kan ikkje følgje opp merknader med reaksjonar.

3.1 Avvik 1: Navigasjon

Malvik kommune sikrar ikkje alltid tilstrekkelege navigasjonsmoglegheiter på nettstaden.

Avvik frå følgjande krav: dtl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av IKT-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:

a) Meiningsberande bilete utan tekstalternativ med same informasjon som biletet

Nr

Side

Element

1

Side 4

Zokrates - innloggingsløsning for skole

b) Sider som ikkje har same tekstleg innhald og funksjonalitet 200 % visning

Nr

Side

Element

1

Side 2,3,4,5,10

Talesyntese, tekst i billedkarusell

2

Side 4

Telefonnummer i tabell

c) Element det ikkje er mogeleg å nå eller bruke med tastaturet

Nr

Side

Element

1

Side 1,3

Knapper under bildekarusell

2

Side 1,2,3,4,5,10

Tilbakemeldingsskjema "Fant du det du lette etter?"

3

Side 1,2,3,4,5,10

Talesyntese

4

Side 7,8,9

Hjelpetekst i/utfyllingsveiledning

Kommentar til avvik 1

Feila som er avdekka rammar særleg synshemma og personar med varig eller mellombels nedsett handfunksjon.

  • Det skal vere mogleg å forstørre tekst opp til 200 %-visning, slik at personar med moderat nedsett syn kan lese tekst utan bruk av hjelpemiddel.
  • Innhald på nettsider skal du kunne bruke med tastatur. Dette gjer nettstaden tilgjengeleg for dei som ikkje kan bruke mus.
  • Innhald eller motiv i bilete og illustrasjonar må formidlast korrekt til alle brukarar. Dette for at personar med nedsett syn skal forstå funksjonen til biletet.

3.2 Avvik 2: Koding

Malvik kommune sikrar ikkje alltid korrekt koding av innhaldet på nettstaden.

Avvik frå følgjande krav: dtl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av IKT-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:

a) Tabellar er ikkje er koda med <table>-elementet

Nr

Side

Element

1

Side 1

Aktivitetskalender

b) Sider med syntaksfeil i koden

Side

Element som ikkje er nøsta korrekt

Element som ikkje er avslutta korrekt

Element som har same attributt fleire gonger

Element som har IDar som ikkje er unike

Sum

Fatal error

1

3

0

0

0

3

Nei

2

3

0

0

1

4

Nei

3

3

0

0

0

3

Nei

4

2

1

0

0

3

Nei

5

3

0

0

0

3

Nei

6

0

5

0

0

5

Nei

7

0

5

0

0

5

Nei

8

0

5

0

0

5

Nei

9

0

5

0

0

5

Nei

10

3

2

0

0

5

Nei

Sum

17

23

0

1

41

 

c) Skjemaelement er ikkje kopla til ein ledetekst i koden

Nr

Side

Element

1

Side 1,2,3,4,5,10

Globalt søkefelt

d) Skjemaelement er kopla til ein ledetekst i koden og som er plassert i ei gruppe som ikkje er kopla i koden
NrSideElement
1Side 1,2,3,4,5,10Tilbakemeldingsskjema "Fant du det du lette etter?"
2Side 6Søk om barnehage: Samtykke til personvernerklæring
e) Knapp er kopla til ein ledetekst i koden som ikkje identifiserer skjemaelementet

Nr

Side

Element

1

Side 1,2,3,4,5,10

Globalt søkelfelt: Forstørrelsesglass

f) Knapp er ikkje kopla til ein ledetekst i koden

Nr

Side

Element

1

Side 1,2,3,4,5,10

Talesyntese

Kommentar til avvik 2

Feila som er avdekka gjer at nettstaden er vanskeleg og uoversiktleg for dei som brukar skjermlesar. Korrekt kode er viktig for å sikre at alle brukaragentar, som for eksempel ulike nettlesarar og hjelpemiddel, presenterer innhald på nettsida på rett måte for brukaren.

  • Det skal vere samsvar mellom den visuelle presentasjonen av innhaldet på nettstaden og kodinga av det same innhaldet. Eksempel på slikt innhald er overskrifter og tabellar.
  • Koden på nettsida skal ha rett syntaks. Syntaksfeil fører til at innhaldet ikkje blir presentert på ein påliteleg måte i ulike nettlesarar og hjelpemiddel.
  • Innhald i koden skal ha ein identifikasjon. Identifikasjon på skjemaelement og knappar, gjer at brukaren veit kva innhald dei skal skrive inn, og kva som skjer når dei trykker på knappen.

3.3 Avvik 3: Kontrast

Malvik kommune sikrar ikkje alltid tilstrekkeleg kontrast mellom tekst og bakgrunn på nettsida.

Avvik frå følgjande krav: dtl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av IKT-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:

a) Liten tekst med kontrast på mindre enn 4,5:1

Nr

Side

Element

1

Side 1,2,3,4,5,10

Tilbakemeldingsskjema "Fant du det du lette etter?"

2

Side 4

Lenka e-postadresser "Postmottak.Vikhammer.skole@malvik.kommune.no" og "grendaskolen@malvik.komune.no"

3

Side 7,8,9

Sidemeny i skjema

4

Side 7,8,9

Symbol: Kryss (obligatorisk)

5

Side 7,8,9

Symbol: Kryss i sidemeny (obligatorisk)

b) Tekst med kontrast på mindre enn 3,0:1

Nr

Side

Element

1

Side 7,8,9

Symbol: Utropstegn (bør symbol)

2

Side 9

Placeholdertekst: DDMMÅÅXXXX

Kommentar til avvik 3

Feila som er avdekka, gjer at nettstaden er vanskelegare å bruke for alle. Det rammar særleg synshemma og brukarar med redusert fargesyn.

  • Det skal vere tilstrekkeleg kontrast mellom bakgrunn og tekst på nettstaden. Minstekravet til kontrast mellom bakgrunnen og liten tekst er 4,5:1. Minstekravet for stor tekst er 3:1.

3.4 Avvik 4: Skjema

Malvik kommune sikrar ikkje beskrivande feilmeldingar i skjema.

Avvik frå følgjande krav: dtl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av IKT-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:

a) Skjemaelement får feilmelding utan tilstrekkeleg forslag til korleis brukaren kan rette feilen.

Nr

Side

Element

1

Side 1,2,3,4,5,10

Feilmelding i tilbakemeldingsskjema: ja/nei og kommentar

2

Side 7,8,9

Skjema for å søke barnehageplass: alle skjemafelt

3

Side 10

Skjema for igangsetting av byggetiltak

Kommentar til avvik 4

Feila som er avdekka gjer at skjema er vanskeleg å bruke for alle. Feila er gjennomgåande for alle sider som vart testa og gjeld og alle obligatoriske skjemafelt.

  • Skjemaelement der feil oppdagast automatisk skal ha feilmeldingar som beskriv feilen.
  • Feilmeldingar skal vere tekst og eintydig identifisere skjemaelementet som inneheld feil, eller som ikkje er fylt ut.
  • Brukaren skal få forslag til korleis dei kan rette feilen, dersom det finst kjente måtar å rette feilen.

4 Regelverk

5 Standarden for nettløysingar

Krava til nettløysingar går fram av forskrifta § 4 første ledd, som seier at nettløysingar skal oppfylle Retningslinjer for tilgjengeleg webinnhald (WCAG) 2.0 nivå A og AA, med tre unntak.

35 av 61 suksesskriterium er gjort til obligatoriske minimumskrav for nettløysingar som er omfatta av forskrifta. Det er gjort unntak for suksesskriteria 1.2.3, 1.2.4 og 1.2.5, som regulerer lyd og video.

WCAG 2.0 er bygd opp av 4 prinsipp, 12 retningslinjer og 61 testbare suksesskriterium:

  • Prinsippa beskriv grunnlaget for tilgjengelegheit på overordna nivå. I følgje prinsippa skal nettløysingar vere mogleg å oppfatte, mogleg å betene, forståelege og robuste.
  • Retningslinjene er overordna mål for tilgjengelegheit i nettløysingar. Retningslinjene er ikkje moglege å teste, men dei set suksesskriteria i ein samanheng.
  • Suksesskriteria er konkrete, testbare krav til tilgjengelegheit. Suksesskriteria er teknologinøytrale og vi kan følgje dei uavhengig av programmeringsspråk og publiseringsløysing.

I tillegg viser WCAG 2.0 til teknikkar med døme på korleis vi kan oppfylla suksesskriteria.

Ved å følgje WCAG 2.0 blir nettløysingar tilgjengelege for fleire personar med nedsett funksjonsevne. WCAG tek omsyn til at brukarane av nettløysingar har ulike føresetnadar, og dekker følgjande:

  • Syn
  • Kognisjon
  • Lese- og skrivevanskar
  • Norsk som andrespråk
  • Motorikk
  • Høyrsel
  • Epilepsi
  • Belastningsskadar

Nettløysingar som følgjer krava vil vera meir brukarvennlege for alle.

6 Aktivitet under tilsynet

Tilsynet med Malvik kommune omfatta følgjande aktivitetar:

  1. Tilsynsvarselet vart sendt 17.10.2017.
  2. Vi fekk dokumentasjon 06.11.2017. Det er gitt eit oversyn over dokumentasjonen i kapittel 7.
  3. Formøte vart gjennomført 14.11.2017. Felles for kommunane Malvik, Melhus, Røros, Holtålen og Os i Hedmark.
  4. Testing og vurdering av nettstaden opp mot krava vart gjort i veke 46 og 47.
  5. Førebels rapport vart sendt 30.11.2017.
  6. Vi fekk kommentarar på førebels rapport 18.12.2017.

7 Dokumentgrunnlag

Aktuell dokumentasjon blei etterspurt i tilsynsvarselet. Verksemda treng ikkje å utarbeida ny dokumentasjon for tilsynet.

Malvik kommune sendte følgjande dokumentasjon:

  • Oversendingsbrev
  • Informasjon om nettstaden
  • Oversikt over mest brukte sider og tenester
  • Informasjon om testar om universell utforming av nettstaden og plan for retting