Tilsynsrapport Holtålen kommune

Rapporten gjer greie for resultata etter tilsynet med Holtålen Kommune. Ettersynet avdekte 3 avvik på områda tastaturnavigasjon, koding og feilmeldingar i skjema.

1 Innleiing

Direktoratet for forvaltning og ikt (Difi) er tilsynsmyndigheit på området universell utforming av ikt.

Rettsleg grunnlag for tilsyn er likestillings- og diskrimineringsloven § 36 første ledd jf. § 18, og forskrifta om universell utforming av ikt-løysingar § 5.

Vi gjennomførte tilsyn med Holtålen kommune i tidsrommet 17.10.2017 – 18.12.2017. Tilsynet vart gjort som ettersyn, og retta seg mot nettstaden http://holtalen.kommune.no

Rapporten gjer greie for avvika som vart avdekt innanfor tema for tilsynet, på dei sidene som inngjekk i testinga. Resultata med grunngjeving og heimelstilvising er gitt i kapittel 3.

Rapporten gir ikkje ei fullstendig tilstandsvurdering av Holtålen kommune  sitt arbeid med universell utforming av ikt.

2 Om ettersynet

2.1 Tema

Tilsynet omfatta følgjande tema

  • skjema
  • navigasjon
  • tastaturnavigasjon
  • koding av innhald
  • struktur og presentasjon
  • tekstalternativ

Føremålet med ettersynet er å kontrollera om Holtålen kommune etterlever lov- og forskriftskrav om universell utforming av IKT, innanfor tema.

2.2 Om verifikasjonen

Vi har testa 9 av dei 35 suksesskriteria som utgjer minstekrava i forskrifta, og brukt 12 indikatorar.

Verifikasjon er gjort ved testing av 10 enkeltsider på nettstaden.

Testinga er gjennomført med følgjande nettlesarar og verktøy:

  • Google Chrome 62.0.3202.94
  • Colour Contrast Analyser, versjon 2.4.0.23
  • Kodevalidatoren til W3C

Utover dette er nettstaden kontrollert med manuelle metodar. For informasjon om målemetodane vi har brukt, viser vi til indikatorsettet vårt.

2.3 ​​​​​​​Enkeltsider som vart testa

  1. Index
  2. Barn og unge utdanning
  3. Barnehage, informasjon
  4. Barnehageplass, informasjon
  5. Barnehageplass, innledning
  6. Barnehageplass, barnet
  7. Barnehageplass, valg av barnehage
  8. Barnehageplass, foresatte
  9. Barnehageplass, kontroll
  10. Ledige stillinger
  11. Kontaktinformasjon

3 Resultat

Resultata byggjer på informasjon frå testinga som er gjort under tilsynet. Resultata er dokumentert med skjermbilete og skriftleg grunngjeving.

  • Avvik inneber at verksemda ikkje oppfyller krav som er gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Verksemda må rette avvika i etterkant, og skal levere ein plan for retting. Om nødvendig kan tilsynet følgje opp avvik med reaksjonar i form av pålegg om retting og tvangsmulkt.
  • Merknad inneber at tilsynsorganet finn grunn til å peike på forbetringspotensiale, men at forholdet ikkje er i strid med krav gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Det er opp til verksemda å vurdera om og korleis dei skal følgje opp merknader. Tilsynet kan ikkje følgje opp merknader med reaksjonar.

3.1 Avvik 1: Tastaturnavigasjon

Holtålen kommune sikrar ikkje alltid tilstrekkeleg tastaturnavigasjon på nettstaden.

Avvik frå følgjande krav: dtl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av IKT-løysningar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:

a) Element det ikkje er mogleg å nå eller bruke med tastaturet

Nr

Side

Element

1

Side 1,2,3,4,10, 11

Modalvindauge for skriftforstørrelse, alle sider

2

Side 1,2,3,4,10, 11

Utfellingsmeny "Arbeid-Meny"

3

Side 1,2,3,4,10, 11

Hamburgarmeny, alle sider

4

Side 1,2,3,4,10, 11

Send beskjed, alle sider

5

Side 3, 4

Utfellingsmeny "informasjon og skjema"

b) Element som ikkje får synleg fokusmarkering ved tastaturnavigasjon

Nr

Side

Element

1

Side 1,2,3,4,10,11

Hamburgarmeny, hovudinnhald, alle sider

2

  Side 1

Lenker i footer

3

Side 1

Navigasjonsbar øvst på sida

4

Side 1

Klikkbare bileta for nyheitssaker og arrangement i bygda

5

Side 1,2,3,4,10,11

Index-link, alle sider

6

Side 3, 4

Nedtrekksmeny

7

Side 10

Nedtrekksmeny og lenker til stillingsannonsar

8

Side 5-9

Feilregistreringssymbol


​​​​​​​Kommentar avvik 1

Feila som er avdekka, gjer nettstaden vanskeleg å bruke for alle, spesielt for personar som ønskjer, eller må, navigere med tastatur. Det rammar særleg synshemma og personar med varig eller mellombels nedsett handfunksjon.

  • Det skal vere mogleg å forstørre tekst opp til 200 %-visning, slik at personar med moderat nedsett syn kan lese tekst utan bruk av hjelpemiddel.
  • Innhald på nettsider skal du kunne bruke med berre tastatur. Dette gjer nettstaden tilgjengeleg for dei som ikkje kan bruke mus.
  • Synleg fokusmarkering er nødvendig for at brukarar som navigerer med tastatur skal vite kvar dei er på nettsida til ei kvar tid.

3.2 Avvik 2: Koding

Holtålen kommune sikrar ikkje alltid tilstrekkeleg koding på nettstaden.

Avvik frå følgjande krav: dtl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av IKT-løysningar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:

a) Overskrift som ligg i eit tydeleg overskriftshierarki, der nivået i koden ikkje er det same som det visuelle nivået

Nr

Side

Element

1

Side 1

Nyheter

2

Side 1

Se flere nyheter

3

Side 1

Hva skjer

4

Side 1

Se flere hendelser

5

Side 10

Ledige stillinger

6

Side 11

Kontaktinformasjon

7

Side 2

Barn unge og utdanning

8

Side 2

Dette tilbyr vi i Holtålen kommune

9

Side 3

Barnehage

10

Side 3

Barnehagene i Holtålen

11

Side 4

Søknad om barnehageplass

b) Sider med syntaksfeil i koden

Side

Element som ikkje er nøsta korrekt

Element som ikkje er avslutta korrekt

Element som har same attributt fleire gonger

Element som har IDar som ikkje er unike

Sum

Fatal error

1

2

1

0

0

3

Nei

2

2

1

0

0

3

Nei

3

1

1

0

0

2

Nei

4

1

1

0

0

2

Nei

5-9

0

1

4

1

6

Nei

10

1

1

0

0

2

Nei

11

1

1

0

0

2

Nei

Sum

8

7

4

1

20

 

c) Skjemaelement som ikkje er kopla til ein ledetekst i koden

Nr

Side

Element

1

Side 1, 2, 3, 4, 10 og 11

Søkefelt

​​​​​​​Kommentar avvik 2

Feila som er avdekka gjer at nettstaden er vanskeleg og uoversiktleg for dei som brukar skjermlesar. Korrekt kode er viktig for å sikre at alle brukaragentar, som for eksempel ulike nettlesarar og hjelpemiddel, presenterer innhald på nettsida på rett måte for brukaren.

  • Det skal vere samsvar mellom den visuelle presentasjonen av innhaldet på nettstaden og kodinga av det same innhaldet. Eksempel på slikt innhald er overskrifter, tabellar og lister.
  • Språket på innhaldet på nettsida skal vere rett koda, slik at brukaragentar og skjermlesarar les opp innhaldet på rett måte.
  • Koden på nettsida skal ha rett syntaks. Syntaksfeil fører til at innhaldet ikkje blir presentert på ein påliteleg måte i ulike nettlesarar og hjelpemiddel.
  • Innhald i koden skal ha ein identifikasjon. Identifikasjon på iframe, gjer at brukaren veit kva innhald som blir henta inn.

​​​​​​​3.3 Avvik 3: Feilmeldingar i skjema

Holtålen kommune sikrar ikkje alltid tilstrekkeleg kontrast og beskrivande feilmeldingar i skjema.

Avvik frå følgjande krav: dtl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av IKT-løysningar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:

a) Liten tekst med kontrast på mindre enn 4,5:1

Nr

Side

Element

1

Side 9

Lenketekst som leder til deler av skjemaet som er feil utfylt

b) Skjemaelement med automatisk oppdaging av inndatafeil med feilmelding som ikkje identifiserer kvar feilen har oppstått

Nr

Side

Element

1

Side 5-9

Søknad om barnehageplass, gjeld alle obligatoriske felt i skjemaet.

2

Side 5-9

Søknad om barnehageplass, numeriske verdiar, datoar og telefonnummer

c) Skjemaelement med automatisk oppdaging av tomme obligatoriske felt, har ikkje tekstleg feilmelding

Nr

Side

Element

1

Side 5-9

Søknad om barnehageplass, gjeld alle obligatoriske felt i skjemaet.

d) Skjemaelement med automatisk oppdaging av inndatafeil har ikkje tekstleg feilmelding

Nr

Side

Element

1

Side 5-9

Søknad om barnehageplass, numeriske verdiar, datoar og telefonnummer

​​​​​​​Kommentar avvik 3

Feila som er avdekka i skjema, gjer at dei er vanskelegare å bruke for alle. Kontrastfeila rammar særleg synshemma og brukarar med redusert fargesyn.

  • Det skal vere tilstrekkeleg kontrast mellom bakgrunn og tekst på nettstaden. Minstekravet til kontrast mellom bakgrunnen og liten tekst er 4,5:1. Minstekravet for stor tekst er 3:1.
  • Feilmeldingar skal vere tekst og eintydig identifisere skjemaelementet som inneheld feil, eller som ikkje er fylt ut

4 ​​​​​​​Regelverk

  • Lov om forbud mot diskriminering på grunn av nedsatt funksjonsevne (diskriminerings- og tilgjengelighetsloven).
  • Forskrift om universell utforming av informasjons- og kommunikasjonsteknologiske (IKT)-løsninger.
  • Standarden for nettløysingar, Retningslinjer for tilgjengelig webinnhold (WCAG) 2.0.
  • Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven).
  • Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova).

5 Standarden for nettløysingar

Krava til nettløysingar går fram av forskrifta § 4 første ledd, som seier at nettløysingar skal oppfylle Retningslinjer for tilgjengeleg webinnhald (WCAG) 2.0 nivå A og AA, med tre unntak.

35 av 61 suksesskriterium er gjort til obligatoriske minimumskrav for nettløysingar som er omfatta av forskrifta. Det er gjort unntak for suksesskriteria 1.2.3, 1.2.4 og 1.2.5, som regulerer lyd og video.

WCAG 2.0 er bygd opp av 4 prinsipp, 12 retningslinjer og 61 testbare suksesskriterium:

  • Prinsippa beskriv grunnlaget for tilgjengelegheit på overordna nivå. I følgje prinsippa skal nettløysingar vere mogleg å oppfatte, mogleg å betene, forståelege og robuste.
  • Retningslinjene er overordna mål for tilgjengelegheit i nettløysingar. Retningslinjene er ikkje moglege å teste, men dei set suksesskriteria i ein samanheng.
  • Suksesskriteria er konkrete, testbare krav til tilgjengelegheit. Suksesskriteria er teknologinøytrale og vi kan følgje dei uavhengig av programmeringsspråk og publiseringsløysing.

I tillegg viser WCAG 2.0 til teknikkar med døme på korleis vi kan oppfylla suksesskriteria.

Ved å følgje WCAG 2.0 blir nettløysingar tilgjengelege for fleire personar med nedsett funksjonsevne. WCAG tek omsyn til at brukarane av nettløysingar har ulike føresetnadar, og dekker følgjande:

  • Syn
  • Kognisjon
  • Lese- og skrivevanskar
  • Norsk som andrespråk
  • Motorikk
  • Høyrsel
  • Epilepsi
  • Belastningsskadar

Nettløysingar som følgjer krava vil vera meir brukarvennlege for alle.

6 Aktivitet under tilsynet

Tilsynet med Holtålen kommune omfatta følgjande aktivitetar:

  1. Tilsynsvarselet vart sendt 17.10.2017.

  2. Vi fekk dokumentasjon frå leverandør på vegne av kommunen den 13.11.2017. Det er gitt eit oversyn over dokumentasjonen i kapittel 7.
  3. Formøte vart gjennomført 14.11.2017. Felles for kommunane Melhus, Malvik, Røros, Holtålen og Os i Hedmark.
  4. Testing og vurdering av nettstaden opp mot krava vart gjort i veke 46 – 47.
  5. Førebels rapport vart sendt 18.12.2017.
  6. Kommunen har ikkje hatt kommentarar til førebels rapport.

7 Dokumentgrunnlag

Aktuell dokumentasjon blei etterspurt i tilsynsvarselet. Verksemda treng ikkje å utarbeida ny dokumentasjon for tilsynet. Holtålen kommune sendte følgjande dokumentasjon:

  • E-post frå leverandør 13.11.2017 med dokumentasjon om felles nettsider for kommunane Røros, Holtålen og Os i Hedmark
Publisert: 
28. feb 2018