Tilsynsrapport Røros kommune

Rapporten gjer greie for resultata etter tilsynet med Røros kommune. Ettersynet avdekte 4 avvik på områda kontrast, tastaturnavigasjon, koding og skjema.

1 Innleiing

Direktoratet for forvaltning og ikt (Difi) er tilsynsmyndigheit på området universell utforming av ikt.

Rettsleg grunnlag for tilsyn er diskriminerings- og tilgjengelegheitslova (dtl.) § 36 jf. dtl. § 18 og forskrifta om universell utforming av IKT-løysingar § 5.

Vi gjennomførte tilsyn med Røros kommune i tidsrommet 07.10.2017 - 13.12.2017. Tilsynet vart gjort som ettersyn, og retta seg mot nettstaden http://roros.kommune.no/.

Rapporten gjer greie for avvika som vart avdekt innanfor tema for tilsynet, på dei sidene som inngjekk i testinga. Resultata med grunngjeving og heimelstilvising er gitt i kapittel 3.

Rapporten gir ikkje ei fullstendig tilstandsvurdering av Røros kommune sitt arbeid med universell utforming av ikt.

2 Om ettersynet

2.1 Tema

Tilsynet omfatta følgjande tema

  • skjema
  • navigasjon
  • tastaturnavigasjon
  • koding av innhald
  • struktur og presentasjon
  • tekstalternativ

Føremålet med ettersynet er å kontrollera om Røros kommune etterlever lov- og forskriftskrav om universell utforming av ikt, innanfor tema for tilsynet.

2.2 Om testinga

Vi har testa 10 av dei 35 suksesskriteria som utgjer minstekrava i forskrifta, og brukte indikatorar.

Verifikasjonen er gjort ved testing av 10 enkeltsider på nettstaden.

Testinga er gjennomført med følgjande nettlesarar og verktøy:

  • Internet Explorer 11
  • Chrome versjon 62
  • Colour Contrast Analyser, versjon 2.5.0.0.
  • Kodevalidatoren til W3C.

Utover dette er nettstaden kontrollert med manuelle metodar. For informasjon om målemetodane vi har brukt, viser vi til indikatorsettet vårt.

2.3 Enkeltsider som vart testa

Sidene som ikkje er lenkja i lista under, er sider som krev at brukaren loggar inn. Desse sidene har ein URL som er unik for kvar brukar.

  1. Forsiden
  2. Ansatte
  3. Politisk møtekalender
  4. Postliste
  5. Legesenter og legevakt
  6. Revisjon arealdel
  7. Kontaktinformasjon
  8. Tv-sendinger
  9. Bibliotek
  10. Storstuggu

3 Resultat

Resultata byggjer på informasjon frå testinga (verifikasjonen) gjort under tilsynet. Resultata er dokumentert med skjermbilete og skriftleg grunngjeving.

  • Avvik inneber at verksemda ikkje oppfyller krav som er gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Verksemda må rette avvika i etterkant, og skal levere ein plan for retting. Om nødvendig kan tilsynet følgje opp avvik med reaksjonar i form av pålegg om retting og tvangsmulkt.
  • Merknad inneber at tilsynsorganet finn grunn til å peike på forbetringspotensiale, men at forholdet ikkje er i strid med krav gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Det er opp til verksemda å vurdera om og korleis dei skal følgje opp merknader. Tilsynet kan ikkje følgje opp merknader med reaksjonar.

3.1 Avvik 1: Kontrast

Røros kommune sikrar ikkje alltid tilstrekkeleg kontrast mellom tekst og bakgrunn på nettstaden.

Avvik frå følgjande krav: dtl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av IKT-løysningar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:

a) Tekst med kontrast på mindre enn 3,0:1
NrSideElement
1Side 1Tekst mot bakgrunn ved mouseover verdensarven+, 9 elementer
2Side 1Hoover over menyelementer, postliste, møtekalender, kart, ansatte, kommunestyre, ledige stillinger, 5 elementer
3Side 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 9, 10Placeholder i nettsidesøk. Gjelder alle sider, kun i Chrome.
4Side 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 9, 10Hoover over elementer i menyen. Alle elementer. 40+
5Side 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 9, 10Lenke for å lukke meny i skalert modus. Legg også merke til at med gjennomsiktig meny vil all tekst bli uleselig i tilligg til lav kontrast.
6Side 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 9, 10Lenker i brødsmulesti ved fokusmarkering, Forside og Om kommunen
7Side 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 9, 10Overskrift på side, gjelder alle sider av slik type
8Side 3Hvit skrift på lys rosa i kalender(tabell), alle elementer
9Side 4Hvit tekst på rosa bakgrunn
10Side 4Tall i datovelger markert i hoover, grå på rød. Begge kalendre
11Side 5Feilmelding for skjema, legetime
12Side 5Placeholdere i skjema for legetime, Fornavn, etternavn, SS/MM/YYYY
13Side 7Alle lenker på venstre side, 6 stk.
14Side 9Søk i søkeknapp
15Modalvindu for chat, hele nettstedet.Teksten 24 i leverandør av chat i chatdialog
16Modalvindu for chat, hele nettstedet.Teksten powered by eDialog i chatdialog
17Modalvindu for chat, hele nettstedet.Teksten Avslutt i chatdialog
18Modalvindu for chat, hele nettstedet.Teksten Lukk i chatdialog
19Modalvindu for chat, hele nettstedet.Teksten Send i chatdialog
20Modalvindu for chat, hele nettstedet.Tidspunkt for når konsulent sendte svar i chatdialog
21Modalvindu for chat, hele nettstedet.Tidspunkt for når bruker sendte svar i chatdialog
22Modalvindu for chat, hele nettstedet.Start chat i chatdialog
b) Liten tekst med kontrast på mindre enn 4,5:1

Nr

Side

Element

1

Side 3

Hvit skrift på medium rosa i kalender(tabell), alle elementer

2

Side 3

Hvit skrift på mørk rosa i kalender(tabell), alle elementer

3

Side 4

Teksten søk

4

Side 4

Hvit tekst på rosa bakgrunn i begge kalenderene for å velge dato

5

Side 4

Hvit tekst på rosa bakgrunn i begge kalenderene for å velge dato

6

Side 4

Alle datoene i datovelgerkalendre, begge kalendre.

7

Side 4

Navn på ukedager i datovelger kalender, begge kalendre

8

Side 4

Datoene som står i feltene Velg dato fra og til, og teksten som blir skrevet inn i feltet søkestreng

9

Side 9

Placeholder i søk i bilblioteket

Kommentar til avvik 1

Feila som er avdekka, gjer at nettstaden er vanskelegare å bruke for alle. Det rammar særleg synshemma og brukarar med redusert fargesyn.

  • Det skal vere tilstrekkeleg kontrast mellom bakgrunn og tekst på nettstaden. Minstekravet til kontrast mellom bakgrunnen og liten tekst er 4,5:1. Minstekravet for stor tekst er 3:1.

3.2 Avvik 2: Tastaturnavigasjon

Røros kommune sikrar ikkje alltid tilstrekkeleg tastaturnavigasjon på nettstaden.

Avvik frå følgjande krav: dtl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av IKT-løysningar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:

a) Element det ikkje er mogeleg å nå eller bruke med berre tastaturet

Nr

Side

Element

1

Side 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 9, 10

Meny, og innhold i meny

2

Side 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 9, 10

Brukeren får ikke åpnet chat

3

Side 4

Brukeren får ikke åpnet noen av sakene med bare tastatur

4

Side 5

Trekkspillene for å åpne flere valg, bestille legetime, legevakt, interkommunal legevakt, kommuneoverlege og nyttig informasjon

5

Side 6

Brukeren får ikke åpnet trekkspill for å få mer informasjon om Innspill og planprogram, 6 trekkspill

6

Side 8

Kontrollere for videoavspiller, play/pause, lyd, lenke til livestream, kvalitet, fullskjerm

7

Side 9

Trekkspill for mer informasjon om bibliotek. 6 elementer

8

Side 10

Trekkspill for mer informasjon om storstuggu 2 elementer

b) Element som ikkje får synleg fokusmarkering ved tastaturnavigasjon

Nr

Side

Element

1

Side 1

Alt unntatt søkefelt, ikon for: Vær, Info, pulsen i fjellet, Facebook og forstørring

2

Side 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 9, 10

Kryss for å lukke modalvindu med informasjon om forstørring

3

Side 2

Alle e-postadresser

4

Side 4

Radioknapper for å velge dokument (alle inngående eller utgående), her får man ikke fokus når man skal starte søk, men man ser om man velger mellom alternativene.

5

Side 5

E-postadresse

6

Side 6

Epostadresser og planprogram

7

Side 9

Søkeknapp på søk i biblioteket, til min side, epost adresser, lenke til facebook og lenke til fylkesbibliotekets hjemmeside

8

Side 10

Lenke til Storstuggu.no

Kommentar til avvik 2

Feila som er avdekka rammar særleg synshemma og personar med varig eller mellombels nedsett handfunksjon.

  • Innhald på nettsider skal du kunne bruke med tastatur. Dette gjer nettstaden tilgjengeleg for dei som ikkje kan bruke mus.
  • Synleg fokusmarkering er nødvendig for at brukarar som navigerer med tastatur skal vite kvar dei er på nettsida til ei kvar tid.

3.3 Avvik 3: Koding

Røros kommune sikrar ikkje alltid korrekt koding av innhaldet på nettstaden.

Avvik frå følgjande krav: dtl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av IKT-løysningar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:

a) Tabellar er ikkje er koda med <table>-elementet

Nr

Side

Element

1

Side 6

Oversikt over alle innspill

2

Side 2

Kontaktinformasjon til ansatte i kommunen

b) Sider med syntaksfeil i koden

Side

Element som ikkje er nøsta korrekt

Element som ikkje er avslutta korrekt

Element som har same attributt fleire gonger

Element som har IDar som ikkje er unike

Sum

Fatal error

1

0

1

0

0

1

Nei

2

1

1

0

0

2

Nei

3

2

1

0

0

3

Nei

4

2

1

0

0

3

Nei

5

1

1

0

0

2

Nei

6

1

1

0

0

2

Nei

7

1

1

0

0

2

Nei

8

1

1

0

0

2

Nei

9

1

1

0

0

2

Nei

10

1

1

0

0

2

Nei

Sum

11

10

0

0

21

 

c) Skjemaelement er ikkje er kopla til ein ledetekst i koden

Nr

Side

Element

1

Side 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 9, 10

Søkefelt

2

Side 3

Nedtrekksliste for å velge årstall i politisk møtekalender

3

Side 4

Velg dato fra

4

Side 4

Til

5

Side 9

Søkefelt i søk i bibliotek

d) Skjemaelement er kopla til ein ledetekst i koden, men er plassert i ei gruppe som ikkje er kopla i koden

Nr

Side

Element

1

Side 5

Helst en ukedag

Kommentar til avvik 3

Feila som er avdekka gjer at nettstaden er vanskeleg og uoversiktleg for dei som brukar skjermlesar. Korrekt kode er viktig for å sikre at alle brukaragentar, som for eksempel ulike nettlesarar og hjelpemiddel, presenterer innhald på nettsida på rett måte for brukaren.

  • Det skal vere samsvar mellom den visuelle presentasjonen av innhaldet på nettstaden og kodinga av det same innhaldet. Eksempel på slikt innhald er overskrifter og tabellar.
  • Koden på nettsida skal ha rett syntaks. Syntaksfeil fører til at innhaldet ikkje blir presentert på ein påliteleg måte i ulike nettlesarar og hjelpemiddel.

3.4 Avvik 4: Skjema

Røros kommune sikrar ikkje beskrivande feilmeldingar i skjema.

Avvik frå følgjande krav: dtl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av IKT-løysningar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:

a) Skjemaelement med automatisk oppdaging av tomme obligatoriske felt, med feilmelding som ikkje identifiserer kvar feilen har oppstått

Nr

Side

Element

1

Side 5

Fornavn, etternavn, fødselsdato og mobilnummer

2

Side 5

Fødselsdato, Mobilnummer

Kommentar til avvik 4

Feila som er avdekka gjer at skjema er vanskeleg å bruke for alle.

  • Feilmeldingar skal vere tekst og eintydig identifisere skjemaelementet som inneheld feil, eller som ikkje er fylt ut.

4 Regelverk

5 Standarden for nettløysingar

Krava til nettløysingar går fram av forskrifta § 4 første ledd, som seier at nettløysingar skal oppfylle Retningslinjer for tilgjengeleg webinnhald (WCAG) 2.0 nivå A og AA, med tre unntak.

35 av 61 suksesskriterium er gjort til obligatoriske minimumskrav for nettløysingar som er omfatta av forskrifta. Det er gjort unntak for suksesskriteria 1.2.3, 1.2.4 og 1.2.5, som regulerer lyd og video.

WCAG 2.0 er bygd opp av 4 prinsipp, 12 retningslinjer og 61 testbare suksesskriterium:

  • Prinsippa beskriv grunnlaget for tilgjengelegheit på overordna nivå. I følgje prinsippa skal nettløysingar vere mogleg å oppfatte, mogleg å betene, forståelege og robuste.
  • Retningslinjene er overordna mål for tilgjengelegheit i nettløysingar. Retningslinjene er ikkje moglege å teste, men dei set suksesskriteria i ein samanheng.
  • Suksesskriteria er konkrete, testbare krav til tilgjengelegheit. Suksesskriteria er teknologinøytrale og vi kan følgje dei uavhengig av programmeringsspråk og publiseringsløysing.

I tillegg viser WCAG 2.0 til teknikkar med døme på korleis vi kan oppfylla suksesskriteria.

Ved å følgje WCAG 2.0 blir nettløysingar tilgjengelege for fleire personar med nedsett funksjonsevne. WCAG tek omsyn til at brukarane av nettløysingar har ulike føresetnadar, og dekker følgjande:

  • Syn
  • Kognisjon
  • Lese- og skrivevanskar
  • Norsk som andrespråk
  • Motorikk
  • Høyrsel
  • Epilepsi
  • Belastningsskadar

Nettløysingar som følgjer krava vil vera meir brukarvennlege for alle.

6 Aktivitet under tilsynet

Tilsynet me Røros kommune omfatta følgjande aktivitetar:

  1. Tilsynsvarselet vart sendt 17.10.2017.
  2. Vi fekk dokumentasjon 08.11.2017 samt ytterlegare dokumentasjon 9. og 13.11.2017. Det er gitt eit oversyn over dokumentasjonen i kapittel 7.
  3. Formøte vart gjennomført 14.11.2017. Felles for kommunane Malvik, Melhus, Røros, Os i Hedmark og Holtålen.
  4. Testing og vurdering av nettstaden opp mot krava vart gjort i veke 46 og 47.
  5. Førebels rapport vart sendt 13.12.2017.
  6. Tilbakemelding på førebels rapport vart motteke 23.01.2018.

7 Dokumentgrunnlag

Aktuell dokumentasjon blei etterspurt i tilsynsvarselet. Verksemda treng ikkje å utarbeida ny dokumentasjon for tilsynet.

Røros kommune sendte følgjande dokumentasjon:

  • Oversendingsbrev
  • Informasjon om nettstaden
  • Oversikt over mest brukte sider og tenester
  • Kopi av avtale med Frontal Media AS
  • Malar for innhaldsproduksjon
  • Rettleiingsmateriell
  • Felles dokumentasjon om nettstaden for Røros, Holtålen og Os i Hedmark frå Frontal Media AS
Publisert: 
13. feb 2018