Tilsynsrapport Thon Hotels AS

Rapporten gjer greie for resultata etter tilsynet med Thon Hotels AS. Ettersynet avdekte 2 avvik på områda navigasjon og skjema. Det blei gitt 1 merknad på koding.

Publisert: 13. mar 2018, Sist endra: 09. apr 2018

1. Innleiing

Direktoratet for forvaltning og ikt (Difi) er tilsynsmyndigheit på området universell utforming av ikt.

Rettsleg grunnlag for tilsyn er likestillings- og diskrimineringsloven (ldl) § 36 første ledd jf. ldl. § 18 og forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 5.

Vi gjennomførte tilsyn med Thon Hotels AS i tidsrommet 12.01.2018 – 15.02.2018. Tilsynet vart gjort som ettersyn, og retta seg mot nettstaden https://www.thonhotels.no/.

Rapporten gjer greie for avvika og merknaden som vart avdekt innanfor tema for tilsynet, på dei sidene som inngjekk i testinga. Resultata med grunngjeving og heimelstilvising er gitt i kapittel 3.

Rapporten gir ikkje ei fullstendig tilstandsvurdering av Thon Hotels AS sitt arbeid med universell utforming av ikt.

2. Om ettersynet

2.1 Tema

Tilsynet omfatta følgjande tema

  • skjema
  • navigasjon
  • tastaturnavigasjon
  • koding av innhald
  • struktur og presentasjon
  • tekstalternativ

Føremålet med ettersynet er å kontrollera om Thon Hotels AS etterlever lov- og forskriftskrav om universell utforming av ikt, innanfor tema for tilsynet.

2.2 Om testinga

Vi har testa 11 av dei 35 suksesskriteria som utgjer minstekrava i forskrifta, og brukte 13 indikatorar.

Verifikasjonen er gjort ved testing av 12 enkeltsider på nettstaden.

Testinga er gjennomført med følgjande nettlesarar og verktøy:

  • Chrome, versjon 63
  • Firefox, versjon 58
  • Internet Explorer, versjon 11
  • Colour Contrast Analyser, versjon 2.5.0.0
  • Kodevalidatoren til W3C

Utover dette er nettstaden kontrollert med manuelle metodar. For informasjon om målemetodane vi har brukt, viser vi til indikatorsettet vårt.

2.3 Enkeltsider som vart testa

  1. Startsiden
  2. Informasjon om hoteller i Bergen
  3. Informasjon om hotell Bristol
  4. Booking – Kontaktinformasjon
  5. Booking – Prisalternativ
  6. Booking – Bekreftelse
  7. Bli medlem - Oppgi passord
  8. Min side - Logg inn
  9. Min side - Min side
  10. Min side - Min profil
  11. Glemt passord
  12. Tilbud (filter Kultur)

3. Resultat

Resultata byggjer på informasjon frå testinga som er gjort under tilsynet. Resultata er dokumentert med skjermbilete og skriftleg grunngjeving.

  • Avvik inneber at verksemda ikkje oppfyller krav som er gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Verksemda må rette avvika i etterkant, og skal levere ein plan for retting. Om nødvendig kan tilsynet følgje opp avvik med reaksjonar i form av pålegg om retting og tvangsmulkt.
  • Merknad inneber at tilsynsorganet finn grunn til å peike på forbetringspotensiale, men at forholdet ikkje er i strid med krav gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Det er opp til verksemda å vurdera om og korleis dei skal følgje opp merknader. Tilsynet kan ikkje følgje opp merknader med reaksjonar.

3.1 Avvik 1: Navigasjon

Thon Hotels AS sikrar ikkje tilstrekkelege navigasjonsmoglegheiter på nettstaden.

Avvik frå følgjande krav: ldl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:

a) Lenka bilete utan alternativ tekst

Nr

Side

Element

1

Side 1

Illustrasjon Kveldsmat inkludert

2

Side 1

Illustrasjon Garantert best pris

3

Topptekst/meny

Thon hotels logo

b) Lenker skil seg ikkje frå tekst med andre verkemiddel enn berre farge

Nr

Side

Element

1

Side 1

Se våre hoteller i Trondheim

2

Side 3

Universell utforming

3

Side 5

Endre (type rom, navn og ekstra informasjon)

4

Side 5

prisbetingelsene

5

Side 12

Lenker til kategoriar av tilbod

c) Sider der tekst eller funksjonalitet forsvinn i 200 %-visning

Nr

Side

Element

1

Side 1

Type pris i priskalenderen (webpris, tilbudspris)

2

Side 3

Knapp til 360-graders visning

d) Element det ikkje er mogleg å nå eller bruke med tastaturet

Nr

Side

Element

1

Side 1, 2

Bla til neste/førre månad i datoveljarar

e) Element som ikkje får synleg fokusmarkering ved tastaturnavigasjon

Nr

Side

Element

1

Side 10

Mobilvisning - Trekkspel for Kontaktinfo

2

Side 10

Mobilvisning - Trekkspel for Passord

3

Side 10

Mobilvisning - Trekkspel for Språk og valuta

4

Side 10

Mobilvisning - Trekkspel for SMS og nyhetsbrev

5

Side 10

Mobilvisning - Trekkspel for Mine interesser

6

Side 10

Mobilvisning - Trekkspel for Avtalepriser

7

Topptekst

Lenker til Alt innhold, Finn eller kanseller bestilling og Promokode i meny/topptekst

8

Topptekst/meny

Logo Thon Hotels

f) Skjemaelement, der bruk av tastatur i skjema, fører til automatisk kontekstendring utan at brukaren er varsla om det først

Nr

Side

Element

1

Side 5

Type pris (Thon webdeal/Ordinær pris)

2

Side 5

Flere valg (Sen ankomst)

3

Side 5

Betalingsmåte

4

Side 5

Prisbetingelser

5

Side 12

Alle steder

6

Side 12

Hele året

3.1.1 Kommentar avvik 1

Feila som er avdekka gjer nettstaden vanskelegare å bruke for alle. Feila som gjeld tastaturnavigasjon, gjer nettstaden umogleg å bruke for personar som ønskjer, eller må, navigere med tastatur. Det rammar særleg synshemma og personar med varig eller mellombels nedsett handfunksjon.

  • Lenka bilde er ein navigasjonsmekanisme på nettstaden på lik linje med vanlege lenker. Lenka bilde skal ha eit tekstalternativ som i kombinasjon med lenketekst seier noko om lenkemålet.
  • Lenker skal skilja seg ut frå tekst som ikkje er lenkja, med meir enn berre farge. Dette kan for eksempel vera at lenker har understreking, feit skrift, annan skrifttype med meir.
  • Det skal vere mogleg å forstørre tekst opp til 200 %-visning, slik at personar med moderat nedsett syn kan lese tekst utan bruk av hjelpemiddel.
  • Innhald på nettsider skal du kunne bruke med tastatur. Dette gjer nettstaden tilgjengeleg for dei som ikkje kan bruke mus.
  • Synleg fokusmarkering er nødvendig for at brukarar som navigerer med tastatur skal vite kvar dei er på nettsida til ei kvar tid.
  • Det skal vera mogleg å bruke skjema med tastatur utan at det skjer ei kontekstendring. Viss det skjer ei kontekstendring, skal brukaren bli varsla på førehand. Eksempel på kontekstendring er opning av innhald i nytt vindauge, eller flytting av tastaturfokus til ein annan komponent på nettsida.

3.2 Avvik 2: Skjema

Thon Hotels AS sikrar ikkje alltid tilstrekkelege ledetekstar og feilmeldingar i skjema.

Avvik frå følgjande krav: ldl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:

a) Skjemaelement med automatisk oppdaging av feil, har ikkje tekstleg feilmelding

Nr

Side

Element

1

Topptekst

Skjema Logg inn, felta Medlemsnummer og Passord

b) Skjemaelement med automatisk oppdaging av feil, har feilmelding som ikkje identifiserer kvar feilen har oppstått

Nr

Side

Element

1

Side 4

Fullt navn, E-postadresse, Mobilnummer

2

Side 7

Passord, Gjenta passord

c) Skjemaelement der inndata forsvinn når feil blir oppdaga automatisk

Nr

Side

Element

1

Topptekst

Hotell/sted

2

Topptekst

Referansenummer

3

Topptekst

Promokode

d) Skjemaelement utan ledetekst som viser at skjemaelementet er obligatorisk

Nr

Side

Element

1

Side 1

Medlemsnummer og Passord i skjema Logg inn

2

Side 1, 2, 3

Hotell eller sted i hotellbestilling.

3

Side 4

Fullt navn, E-postadresse og Mobilnummer i skjema Kontaktinformasjon

4

Side 5

Jeg har lest og godtatt prisbetingelsene i skjema for betalingsinformasjon

5

Side 6

Passord og Gjenta passord i skjema Oppgi passord

6

Side 10

Mobil, E-post, Adresse, Postnr, Poststed og Land i skjema Kontaktinfo

7

Side 10

Gammelt passord, Nytt passord og Gjenta nytt passord i skjema Passord

e) Skjemaelementet utan synleg ledetekst

Nr

Side

Element

1

Side 1

Fra-dato, til-dato, besøkende

2

Side 12

Alle steder, Hele året

3

Botntekst

Valuta

4

Botntekst

Språk

3.2.1 Kommentar avvik 2

Feila som er avdekka gjer at skjema på nettstaden er vanskeleg å bruke for alle.

  • Feilmeldingar i skjema skal vere merka med tekst og ikkje berre farge, slik at brukaren får med seg kor feilen ligg. Viss skjemaet oppdagar feil automatisk, skal informasjon brukaren skreiv inn, framleis stå i skjemaet.
  • Feilmeldingar skal vere tekst og eintydig identifisere skjemaelementet som inneheld feil, eller som ikkje er fylt ut.
  • Skjemaelement skal ha beskrivande ledetekstar, slik at brukaren forstår kva dei skal skrive inn. Obligatoriske felt skal vere tydeleg merka.

3.3 Merknad: Koding

Thon Hotels AS har eit forbetringspotensial når det gjeld korrekt koding av nettstaden.

Merknad til følgjande krav: ldl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av IKT-løysningar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:

a) Sider med syntaksfeil i koden

Side

Element som ikkje er nøsta korrekt

Element som ikkje er avslutta korrekt

Element som har same attributt fleire gonger

Element som har IDar som ikkje er unike

Sum

Fatal error

1

0

0

0

3

3

Nei

2

0

0

0

3

3

Nei

3

0

0

0

3

3

Nei

5

0

0

0

5

5

Nei

6

0

0

1

0

1

Nei

7

0

0

1

0

1

Nei

11

0

0

0

4

4

Nei

12

0

0

0

3

3

Nei

Sum

0

0

2

21

23

 

b) Skjemaelement er kopla til ein ledetekst i koden, men er plassert i ei gruppe som ikkje er kopla i koden

Nr

Side

Element

1

Side 5

Prisalternativ - Thon webdeal/ordinær pris

2

Side 5

Betalingsmåte - kort, vipps, på hotellet

c) Knapp er kopla til ein ledetekst i koden som ikkje identifiserer knappen

Nr

Side

Element

1

Side 3

Førre-knapp for biletkarusell i toppen

2

Side 3

Neste-knapp for biletkarusell i toppen

3

Side 3

Førre-knapp for biletkarusell til Suite

4

Side 3

Neste-knapp for biletkarusell til Suite

5

Side 3

Lukk modalvindauge for innlogging

3.3.1 Kommentar merknad

Feila som er avdekka gjer at nettstaden er vanskeleg og uoversiktleg for dei som brukar skjermlesar. Korrekt kode er viktig for å sikre at alle brukaragentar, som for eksempel ulike nettlesarar og hjelpemiddel, presenterer innhald på nettsida på rett måte for brukaren.

  • Det skal vere samsvar mellom den visuelle presentasjonen av innhaldet på nettstaden og kodinga av det same innhaldet. Eksempel på slikt innhald er overskrifter, tabellar og lister.
  • Koden på nettsida skal ha rett syntaks. Syntaksfeil fører til at innhaldet ikkje blir presentert på ein påliteleg måte i ulike nettlesarar og hjelpemiddel.
  • Innhald i koden skal ha ein identifikasjon. Identifikasjon på skjemaelement og knappar, gjer at brukaren veit kva innhald dei skal skrive inn, og kva som skjer når dei trykker på knappen.

4. Regelverk

  • Lov om likestilling og forbud mot diskriminering (likestillings- og diskrimineringsloven)
  • Forskrift om universell utforming av informasjons- og kommunikasjonsteknologiske (IKT)-løysingar
  • Standarden for nettløsninger, Retningslinjer for tilgjengelig webinnhold (WCAG) 2.0
  • Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven)
  • Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova)

5. Standarden for nettløysingar

Krava til nettløysingar går fram av forskrifta § 4 første ledd, som seier at nettløysingar skal oppfylle Retningslinjer for tilgjengeleg webinnhald (WCAG) 2.0 nivå A og AA, med tre unntak.

35 av 61 suksesskriterium er gjort til obligatoriske minimumskrav for nettløysingar som er omfatta av forskrifta. Det er gjort unntak for suksesskriteria 1.2.3, 1.2.4 og 1.2.5, som regulerer lyd og video.

WCAG 2.0 er bygd opp av 4 prinsipp, 12 retningslinjer og 61 testbare suksesskriterium:

  • Prinsippa beskriv grunnlaget for tilgjengelegheit på overordna nivå. I følgje prinsippa skal nettløysingar vere mogleg å oppfatte, mogleg å betene, forståelege og robuste.
  • Retningslinjene er overordna mål for tilgjengelegheit i nettløysingar. Retningslinjene er ikkje moglege å teste, men dei set suksesskriteria i ein samanheng.
  • Suksesskriteria er konkrete, testbare krav til tilgjengelegheit. Suksesskriteria er teknologinøytrale og vi kan følgje dei uavhengig av programmeringsspråk og publiseringsløysing.

I tillegg viser WCAG 2.0 til teknikkar med døme på korleis vi kan oppfylla suksesskriteria.

Ved å følgje WCAG 2.0 blir nettløysingar tilgjengelege for fleire personar med nedsett funksjonsevne. WCAG tek omsyn til at brukarane av nettløysingar har ulike føresetnadar, og dekker følgjande:

  • Syn
  • Kognisjon
  • Lese- og skrivevanskar
  • Norsk som andrespråk
  • Motorikk
  • Høyrsel
  • Epilepsi
  • Belastningsskadar

Nettløysingar som følgjer krava vil vera meir brukarvennlege for alle.

6. Aktivitet under tilsynet

Tilsynet med Thon Hotels AS omfatta følgjande aktivitetar:

  1. Tilsynsvarselet vart sendt 12.01.2018.
  2. Korrespondanse om tilsynsvarsel, kontaktperson og dokumentasjon 24.01.2018.
  3. Vi fekk dokumentasjon 26.01.2018. Det er gitt eit oversyn over dokumentasjonen i kapittel 7.
  4. Testing og vurdering av nettstaden opp mot krava vart gjort i veke 5 og 6.
  5. Førebels rapport og bildedokumentasjon av feil vart sendt 15.02.2018.
  6. Vi fekk tilbakemelding på førebels rapport med forslag til plan for retting 27.02.2018.

7. Dokumentgrunnlag

Aktuell dokumentasjon blei etterspurt i tilsynsvarselet. Verksemda treng ikkje å utarbeida ny dokumentasjon for tilsynet.

Thon Hotels AS sendte følgjande dokumentasjon:

  • Oversendings e-post med omtale av organisering, arbeidsform, utfordringar og vedleggsliste
  • Kravspesifikasjon
  • Organisasjonskart for marknadsavdelinga
  • Rammeavtale med NCG
  • Siteimprove-rapport med oversikt over tilgjengelegheitsproblem
  • Siteimprove-rapport med oversikt over løyste feil
  • Toppoppgåvemåling frå 2015 – Netlife Research
  • Mest brukte sider i 2017