Tilsynsrapport Bladet Nordlys AS

Rapporten gjer greie for resultata etter tilsynet med Bladet Nordlys AS. Tilsynet avdekte 5 avvik på områda navigasjon, koding, kontrast, skjema og teksting eller tekstalternativ til video.

Publisert: 29. jul 2019, Sist endra: 07. aug 2019

1 Innleiing

Direktoratet for forvaltning og ikt (Difi) er tilsynsmyndigheit på området universell utforming av ikt.

Rettsleg grunnlag for tilsyn er likestillings- og diskrimineringslova (ldl) § 36 første ledd jf. ldl § 18 og forskrifta om universell utforming av ikt-løysingar § 5.

Vi gjennomførte tilsyn med Bladet Nordlys AS i tidsrommet 08.04.2019 til 13.06.2019. Tilsynet retta seg mot nettstaden https://www.nordlys.no/.

Rapporten gjer greie for resultata innanfor tema for tilsynet, for dei delane av ikt-løysinga som er testa. Rapporten gir ikkje ei fullstendig tilstandsvurdering av nettstaden.

Resultata med grunngjeving og rettsgrunnlag står i kapittel 2.

2 Resultat

Resultata byggjer på informasjon frå testinga av nettstaden.

Det er avdekka brot på 8 av 8 krav som er testa, og feila er gruppert i 5 avvik. Det er ikkje gitt merknader.

Tabellen under gir ei oversikt over alle element som er testa på nettstaden, fordelt på testreglar. Tabellen viser tal brot og samsvar, og kor mange element som er testa totalt.

TestregelTal ikkje førekomstTal brotTal samsvarSum testa
111b017825
122a47011
143c0516
222a310013
331a1449
332a0819
411a0516
412a0549
412b024933

Resultata er dokumentert med skjermbilde og skriftleg grunngjeving.

  • Avvik inneber at verksemda ikkje oppfyller krav som er gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Verksemda må rette avvika i etterkant. Om nødvendig kan tilsynet følgje opp avvik med reaksjonar i form av pålegg om retting og tvangsmulkt.
  • Merknad inneber at tilsynsorganet finn grunn til å peike på forbetringspotensiale, men at forholdet ikkje er i strid med krav gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Det er opp til verksemda å vurdere om og korleis dei skal følgje opp merknader. Tilsynet kan ikkje følgje opp merknader med reaksjonar.

2.1 Avvik 1: Navigasjon

Bladet Nordlys AS sikrar ikkje tilstrekkeleg navigasjon på nettstaden.

Avvik frå følgjande krav: ldl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:

a) Lenka bilde manglar alt-attributt.
NrSideElement
1Side 1Bilde over tittel "Kan ha skutt gullfuglen:
Går i 80 km/t og kjører gratis gjennom alle bomstasjoner."
Tilhøyrer pluss-sak.
2Side 1Bilde ved tittel: "Boligprodusentene:
Lav boligbygging i Oslo rammer resten av Norge".
3Side 1Bilde av Sylvi Listhaug og Siv Jensen over tittel: "Nordlys-leder:
Frp sliter på flere fronter".
4Side 1Bilde av "Papiravisen (eAvis) i hamburgarmeny. Går att på fleire sider.
5Side 2Annonse for EUROSPAR øverst på sida. -40% på grukt og grønt.
b) Lenka bilde har tekstalternativ som ikkje er beskrivande.
NrSideElement
1Side 1"BESTILL HER" ved "Prøv oss! 5 kr for 5 uker", oppe i banner.
Går att på fleire sider.
2Side 1Instagram-logo under "FØLG OSS" i hamburgarmenyen.
Går att på fleire sider.
3Side 3Bilde av eit hus, over tittel: "Solgt for nesten tre millioner over prisantydningen:
- Vi vil aldri oppleve tilsvarende", under "Flere saker". Tilhøyrer pluss-sak.
4Side 5Bilde av ei altandør som er knust og eit rotete rom, over tittel:
"Dette synet møtte Terje da han kom hjem. Da han gikk inn døra kom to
maskerte menn løpende mot ham". Tilhøyrer pluss-sak.
c) Lenka bilde manglar tekstalternativ.
NrSideElement
1Side 2Nordlys-logo i footer. Går att på fleire sider.
2Side 3Annonsebilde for Alutile Fasadeplater.
3Side 3Bilde av kart, nede i artikkelen.
4Side 4Annonsebilde for staur.no. Bilde av koldtbord.
5Side 5Annonsebilde for Realcooldeal. Ein "dings" som skal gjere
treig WiFi om til høghastigheitsinternett.
6Side 6Nordlys-logo i banner.
d) Lenka bilde har lenketekst som ikkje er beskrivande.
NrSideElement
1Side 2Annonse for EXTRA, til høgre på sida.
2Side 5Bilde av Karl som står på eit jorde, over tittel: "Hver vår får Karl besøk
av tusenvis av gjess:- Har tatt helt av". Tilhøyrer pluss-sak.
e) Det er ikkje mogleg å pause, stoppe eller skjule innhald som bevegar seg, blinkar eller rullar.
NrSideElement
1Side 1Annonse for EUROSPAR. Tilbod øverst på sida som byter seg ut automatisk.
Går att på fleire sider.
2Side 1Annonse for Hålogaland teater. Innhald som rullerer.
3Side 1Sirkel som blinkar, ved tittel "61 SAS-avganger kansellert i Norge fredag
- flere av disse fra Tromsø".
4Side 1Stillingar som rullerer i ein bildekarusell.
5Side 1Annonse for Buktafestivalen.
6Side 2Annonse for Obs, øverst på sida. Innhald som beveger seg og blinkar.
7Side 2Annonse for Montér, til høgre på sida.
8Side 2Annonse for Rema 1000. Innhald som rullerer.
9Side 5Annonse for Extra. Innhald som rullerer og blinkar.
10Side 5Annonse for Neumann.

2.1.1 Kommentar avvik 1

Feila som er avdekka gjer at nettstaden er vanskeleg å bruke for blinde og synshemma, og brukarar med nedsett konsentrasjon eller kognisjon.

  • Lenka bilde er ein navigasjonsmekanisme på nettstaden på lik linje med vanlege lenker. Lenka bilde skal ha eit tekstalternativ som i kombinasjon med lenketekst seier noko om lenkemålet.
  • Brukaren skal kunne stoppe, pause eller skjule innhald som bevegar seg, eventuelt styre oppdateringsfrekvensen.
    • Innhald som bevegar seg, for eksempel film, animasjonar, annonser, med meir, kan føre til at brukarar ikkje klarar å konsentrere seg om anna innhald på sida.

2.2 Avvik 2: Koding

Bladet Nordlys AS sikrar ikkje korrekt koding av innhaldet på nettstaden.

Avvik frå følgjande krav: ldl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:

a) Sider med syntaksfeil i koden.
SideElement som ikkje er nøsta korrektElement som ikkje er avslutta korrektElement som har same attributt fleire gongerElement som har IDar som ikkje er unikeSumFatal error
110001Ja
210023Nei
310023Nei
410023Nei
52005456Nei
Sum6006066 
b) Skjemaelement er ikkje er kopla til ein ledetekst i koden.
NrSideElement 
1Side 1Søkefeltet i hamburgarmenyen. Går att på fleire sider. 
2Side 2"Kommentarer til denne saken". Går att på fleire sider. 
3Side 6Lag en aID-bruker - Fødselsdato - Dag 
4Side 6Lag en aID-bruker - Fødselsdato - Måned 
5Side 6Lag en aID-bruker - Fødselsdato - År 
c) Knapp er ikkje koda med <input> eller <button>. Knapp er ikkje koda med role="button".
NrSideElement
1Side 1Høgre-knapp i bildekarusell, tilhøyrande annonsa for Hålogaland teater.
2Side 1Venstre-knapp i bildekarusell, tilhøyrande annonsa for Hålogaland teater.
3Side 1Lukk-knapp i annonse for Care of Carl. Går att i fleire annonser/på fleire sider.
4Side 1Annonsevalg-knapp i annonse for Realcooldeal.
Går att i fleire annonser/på fleire sider.
5Side 1Høgre-knapp i bildekarusell for Tromsø kommune.
6Side 1Venstre-knapp i bildekarusell for Tromsø kommune.
7Side 2Del på Twitter-knapp, under "DEL". Går att på fleire sider.
8Side 2Del på epost-knapp, under "DEL". Går att på fleire sider.
9Side 2"Se kommentarer" nede på sida. Går att på fleire sider.
10Side 3Knapp for å opne/vise sist oppdatert-dato, under artikkelbilde øverst i saken.
11Side 3Spill av/pause-knapp i video.
12Side 3Demp-knapp i video.
13Side 3Fullskjerm-knapp i video.
14Side 3HD-knapp i video.
15Side 3i-knapp bak namnet til kommentator i kommentarfeltet. Går att på fleire sider.
16Side 5Spill av/pause-knapp i video. Går att i alle videoane på sida.
17Side 5Demp-knapp i video. Går att i alle videoane på sida.
18Side 5HD-knapp i video. Går att i alle videoane på sida.
19Side 5Fullskjerm-knapp i video. Går att i alle videoane på sida.
d) Knapp er ikkje er kopla til ein ledetekst i koden.
NrSideElement
1Side 1Høgre-knapp i bildekarusell for stillingsannonser.
2Side 1Venstre-knapp i bildekarusell for stillingsannonser.
e) Knapp er kopla til ein ledetekst i koden. Ledeteksten identifiserer ikkje knappen.
NrSideElement
1Side 2"Logg inn"-knapp under kommentarfeltet nederst. Går att på fleire sider.
2Side 3Høgre-knapp i bildekarusell øverst på sida.
3Side 3Venstre-knapp i bildekarusell øverst på sida.

2.2.1 Kommentar avvik 2

Feila som er avdekka gjer at nettstaden er vanskeleg og uoversiktleg for dei som brukar skjermlesar. Korrekt kode er viktig for å sikre at alle brukaragentar, som for eksempel ulike nettlesarar og hjelpemiddel, presenterer innhald på nettsida på rett måte for brukaren.

  • Koden på nettsida skal ha rett syntaks. Syntaksfeil fører til at innhaldet ikkje blir presentert på ein påliteleg måte i ulike nettlesarar og hjelpemiddel.
  • Innhald i koden skal ha ein identifikasjon, på same språk som nettsida. Identifikasjon av skjemaelement og knappar, gjer at brukaren veit kva innhald dei skal skrive inn, og kva som skjer når dei trykker på knappen.
    • Dersom skjemaelementet høyrer til ei gruppe, er det i tillegg kopla til ein ledetekst som gjeld for gruppa. Ledeteksten identifiserer gruppa.

2.3 Avvik 3: Kontrast

Bladet Nordlys AS sikrar ikkje tilstrekkeleg kontrast mellom tekst og bakgrunn på nettstaden.

Avvik frå følgjande krav: ldl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:

a) Testside har kontrastfeil.
NrSideElement
1Side 1Antall feil: 16
2Side 2, Side 3, Side 4Antall feil: 1
3Side 6Antall feil: 3

2.3.1 Kommentar avvik 3

Feila som er avdekka, gjer at nettstaden er vanskelegare å bruke for alle. Det rammar særleg synshemma og brukarar med redusert fargesyn.

  • Det skal vere tilstrekkeleg kontrast mellom bakgrunn og tekst på nettstaden. Minstekravet til kontrast mellom bakgrunnen og liten tekst er 4,5:1. Minstekravet for stor tekst er 3:1.

2.4 Avvik 4: Skjema

Bladet Nordlys AS sikrar ikkje tilstrekkelege ledetekstar, instruksjonar og feilmeldingar i skjema på nettstaden.

Avvik frå følgjande krav: ldl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:

a) Obligatoriske skjemaelement der feil utfylling vert oppdaga automatisk, gir feilmelding som ikkje beskriv feilen.
NrSideElement
1Side 6Fødselsdato - Dag
2Side 6Fødselsdato - Måned
3Side 6Fødselsdato - År
b) Obligatoriske skjemaelement der feil utfylling vert oppdaga automatisk, gir ikkje tekstleg feilmelding.
NrSideElement
1Side 2Input-feltet for å legge igjen ein kommentar under saka.
c) Skjemaelement utan identifikasjon i form av tekst eller ikon/symbol/bilde.
NrSideElement
1Side 2Tekstfeltet for å legge inn kommentar.
d) Skjema manglar informasjon om at skjemaelement er obligatoriske.
NrSideElement
1Side 6Fornavn og etternavn
2Side 6Mobilnummer
3Side 6E-post
4Side 6Fødselsdato - Dag
5Side 6Fødselsdato - Måned
6Side 6Fødselsdato - År
7Side 6Avkryssingsboks ved "Jeg aksepterer brukervilkårene"

2.4.1 Kommentar avvik 4

Identifikasjon og beskriving av inputfeil i skjema, vil og gi auka brukarvennlegheit for alle brukarar.

  • Dersom det blir oppdaga automatisk at obligatoriske skjemaelement ikkje er fylt ut, gjeld følgjande:
    • Brukaren får ei tekstleg feilmelding
    • Feilmeldinga er koda som tekst
    • Feilmeldinga identifiserer skjemaelementet der feilen oppstod
    • Feilmeldinga beskriv feilen
  • Når det er opplyst om at skjemaelement er obligatoriske med symbol, for eksempel stjerne (*), skal det vere forklart før symbolet blir teke i bruk første gong.

2.5 Avvik 5: Teksting eller tekstalternativ til video

Bladet Nordlys AS sikrar ikkje tilstrekkeleg teksting eller tekstalternativ til førehandinnspelt video på nettstaden.

Avvik frå følgjande krav: ldl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:

a) Videoklipp har ikkje teksting eller tekstalternativ.
NrSideElement
1Side 3"Journalist Kai Nikolaisen beskriver ulykkesstedet i denne videoen:"
2Side 5Mjøndalen - Tromsø. Høydepunkt.
3Side 5"Se denne frisparkperlen og de andre målene fra TUILs målfest".
4Side 5Harstad - Fløya. Høydepunkt.
5Side 5Tromsø 2 - Hønefoss. Høydepunkt.
6Side 5Junkeren - Tromsø 2. Høydepunkt.
7Side 5Vålerenga - Tromsø. Høydepunkt.

2.5.1 Kommentar avvik 5

Feila som er avdekka, gjer nettstaden vanskelegare å bruke for alle, og særleg døve og høyrselshemma.

Førehandsinnspelt video med lyd, skal ha alternativ i form av teksting eller tekstalternativ.

  • Teksting, som anten ligg fast (open teksting) eller som kan slåast på (skjult teksting) skal:
    • Formidle innhaldet i lyd og bilde, og innehalde følgjande element: Tale og dialog med markering av kven som snakkar, og lydinnhald som er viktig for å forstå videoen. Vere visuelt synleg, men ikkje forstyrre viktig innhald i videoen.
  • Tekstalternativ, som er visuelt plassert nær videoklippet, eller kan nåast via ein mekanisme (lenke, knapp eller liknande) skal:
    • Vere koda som tekst og formidle innhaldet i lyd og bilde med følgjande element: Tale og dialog med markering av kven som snakkar og lydinnhald som er viktig for å forstå videoen.

3 Om kontrollen

3.1 Tema

Føremålet med tilsynet er å kontrollere om Bladet Nordlys AS etterlever lov- og forskriftskrav om universell utforming av ikt, innanfor tema for kontrollen.

Tilsynet omfatta følgjande tema

  • skjema
  • navigasjon
  • koding av innhald
  • struktur og presentasjon
  • tekstalternativ

3.2 Krav

Oversikt over krav (suksesskriterium) som er testa i kontrollen

3.3 Testreglar

Tilsynets tolking av krava i regelverket og testreglane vi brukar under testinga er publisert på nettstaden vår.

Oversikt over testreglar som er brukt i kontrollen

  • 1.1.1b Formål med lenka bilde går fram av lenketekst og/eller tekstalternativ
  • 1.2.2a Førehandsinnspelt video med lyd, er teksta
  • 1.4.3c Det er tilstrekkeleg kontrast mellom tekst og bakgrunn
  • 2.2.2a Det er mogleg å pause, stoppe eller skjule innhald som bevegar seg, blinkar eller rullar
  • 3.3.1a Skjema gir feilmelding viss tomme obligatoriske skjemafelt blir oppdaga automatisk
  • 3.3.2a Skjemaelement har instruksjon eller ledetekst
  • 4.1.1a Koden inneheld ikkje syntaksfeil
  • 4.1.2a Skjemaelement er identifiserte i koden
  • 4.1.2b Knappar er identifiserte i koden

      3.4 Testinga av nettstaden

      Vi har testa 8 av dei 35 suksesskriteria som utgjer minstekrava i forskrifta og vi har brukt 9 testreglar. Verifikasjonen er gjort ved testing av 6 enkeltsider på nettstaden. Oversikt over testsider står i punkt 3.5.

      Testinga er gjennomført med følgjande nettlesarar og verktøy:

      Utover dette er nettstaden kontrollert med manuelle metodar.

      3.5 Enkeltsider som vart testa

      Vi har testa følgjande enkeltsider:

      1. Framside
      2. Artikkelside
      3. Artikkelside m/video
      4. Artikkelside kultur
      5. Temaside sport
      6. Opprett brukar for Nordlys Pluss-abonnement (aID)

      Sidene som ikkje er lenka i lista, har ei nettadresse som er unik for kvar brukar.

      3.6 Aktivitet under tilsynet

      Tilsynet med Bladet Nordlys AS omfatta følgjande aktivitetar:

      1. Tilsynsvarselet vart sendt 08.04.2019.
      2. Stadfesting av motteke tilsynsvarsel og dokumentasjon vart motteke 29.04.2019.
      3. Testing og vurdering av nettstaden opp mot krava vart gjort i veke 18 og 19.
      4. Førebels rapport og bildedokumentasjon av feil vart sendt 13.06.2019.
      5. Verksemda fekk utsett frist til 05.07.2019 kl. 12.00 for tilbakemelding på førebels rapport.

      4 Regelverk

      Oversikt over aktuelt regelverk for kontrollen

      5 Standarden for nettløysingar

      Ved å følgje WCAG 2.0 blir nettløysingar tilgjengelege for fleire personar med nedsett funksjonsevne. WCAG tek omsyn til at brukarane av nettløysingar har ulike føresetnadar, og dekker følgjande:

      • Syn
      • Kognisjon
      • Lese- og skrivevanskar
      • Norsk som andrespråk
      • Motorikk
      • Høyrsel
      • Epilepsi
      • Belastningsskadar

      Nettløysingar som følgjer krava vil vere meir brukarvennlege for alle.

      Krava til nettløysingar går fram av forskrifta § 4 første ledd, som seier at nettløysingar skal oppfylle Retningslinjer for tilgjengeleg webinnhald (WCAG) 2.0 nivå A og AA, med tre unntak.

      35 av 61 suksesskriterium er gjort til obligatoriske minimumskrav for nettløysingar som er omfatta av forskrifta. Det er gjort unntak for suksesskriteria 1.2.3, 1.2.4 og 1.2.5, som regulerer lyd og video.

      WCAG 2.0 er bygd opp av 4 prinsipp, 12 retningslinjer og 61 testbare suksesskriterium:

      • Prinsippa beskriv grunnlaget for tilgjengelegheit på overordna nivå. I følgje prinsippa skal nettløysingar vere mogleg å oppfatte, mogleg å betene, forståelege og robuste.
      • Retningslinjene er overordna mål for tilgjengelegheit i nettløysingar. Retningslinjene er ikkje moglege å teste, men dei set suksesskriteria i ein samanheng.
      • Suksesskriteria er konkrete, testbare krav til tilgjengelegheit. Suksesskriteria er teknologinøytrale og vi kan følgje dei uavhengig av programmeringsspråk og publiseringsløysing.

      I tillegg viser WCAG 2.0 til teknikkar med døme på korleis vi kan oppfylla suksesskriteria.