Tilsynsrapport Blivakker.no AS

Rapporten gjer greie for resultata etter tilsynet med Blivakker.no AS. Tilsynet avdekte 4 avvik på områda koding, skjema, navigasjon og kontrast.

Publisert: 29. jul 2019, Sist endra: 07. aug 2019

1 Innleiing

Direktoratet for forvaltning og ikt (Difi) er tilsynsmyndigheit på området universell utforming av ikt.

Rettsleg grunnlag for tilsyn er likestillings- og diskrimineringslova (ldl) § 36 første ledd jf. ldl § 18 og forskrifta om universell utforming av ikt-løysingar § 5.

Vi gjennomførte tilsyn med Blivakker.no AS i tidsrommet 14.05.2019 til 27.06.2019. Tilsynet retta seg mot nettstaden https://www.blivakker.no/.

Rapporten gjer greie for resultata innanfor tema for tilsynet, for dei delane av ikt-løysinga som er testa. Rapporten gir ikkje ei fullstendig tilstandsvurdering av nettstaden.

Resultata med grunngjeving og rettsgrunnlag står i kapittel 2.

2 Resultat

Resultata byggjer på informasjon frå testinga av nettstaden. Testinga er avgrensa til utvalde sider i kjøpsløpet, men omfattar ikkje oppretting av brukar eller gjennomføring av kjøp.

Det er avdekka brot på 6 av 8 krav som er testa, og feila er gruppert i 4 avvik. Det er ikkje gitt merknader.

Tabellen under gir ei oversikt over alle element som er testa på nettstaden, fordelt på testreglar. Tabellen viser tal brot og samsvar, og kor mange element som er testa totalt.

TestregelTal ikkje førekomstTal brotTal samsvarSum testa
111b05510
143c0314
222a4004
331a01910
332a07310
411a0404
412a010313
412b08210

Resultata er dokumentert med skjermbilde og skriftleg grunngjeving.

  • Avvik inneber at verksemda ikkje oppfyller krav som er gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Verksemda må rette avvika i etterkant. Om nødvendig kan tilsynet følgje opp avvik med reaksjonar i form av pålegg om retting og tvangsmulkt.
  • Merknad inneber at tilsynsorganet finn grunn til å peike på forbetringspotensiale, men at forholdet ikkje er i strid med krav gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Det er opp til verksemda å vurdere om og korleis dei skal følgje opp merknader. Tilsynet kan ikkje følgje opp merknader med reaksjonar.

2.1 Avvik 1: Koding

Blivakker.no AS sikrar ikkje korrekt koding av innhald på nettstaden.

Avvik frå følgjande krav: ldl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:

a) Sider med syntaksfeil i koden.
SideElement som ikkje er nøsta korrektElement som ikkje er avslutta korrektElement som har same attributt fleire gongerElement som har IDar som ikkje er unikeSumFatal error
110001Nei
221003Nei
301001Nei
401001Nei
Sum33006 
b) Skjemaelement er kopla til ein ledetekst i koden. Skjemaelement er plassert i ei gruppe som ikkje er identifisert i koden.
NrSideElement
1Side 1Meld på nyhetsbrev
2Side 4Leveringsadresse - Fornavn
3Side 4Leveringsadresse - Etternavn
4Side 4Leveringsadresse - Postnummer
5Side 4Leveringsadresse - Mobil
6Side 4Betaling - Radioknapper med forskjellige betalingsvalg
7Side 4Betaling med Collector - Faktura
8Side 4Betaling med Collector - Samlefaktura
c) Skjemaelement er kopla til ein ledetekst i koden. Ledeteksten identifiserer ikkje skjemaelementet.
NrSideElement
1Side 4Leveringsadresse - Adresse
d) Skjemaelement er ikkje er kopla til ein ledetekst i koden.
NrSideElement
1Side 4Betaling med Collector - Personnummer
e) Knapp er kopla til ein ledetekst i koden. Ledeteksten identifiserer ikkje knappen.
NrSideElement
1Side 1Knapper under bildekarusell
2Side 1Piler for å bla i bildekarusell
f) Knapp er ikkje koda med <input> eller <button>. Knapp er ikkje koda med role="button".
NrSideElement
1Side 2Knappen "kjøp"
2Side 2Knappen "Save for later"
3Side 2Knappen "kjøp" under bildekarusell med produkter
4Side 3Knappen "legg til gavepose"
5Side 3Knapp for å legge til flere eller ta vekk varer
6Side 4Knappen "bekreft bestilling"

2.1.1 Kommentar avvik 1

Feila som er avdekka gjer at nettstaden er vanskeleg og uoversiktleg for dei som brukar skjermlesar. Korrekt kode er viktig for å sikre at alle brukaragentar, som for eksempel ulike nettlesarar og hjelpemiddel, presenterer innhald på nettsida på rett måte for brukaren.

  • Koden på nettsida skal ha rett syntaks. Syntaksfeil fører til at innhaldet ikkje blir presentert på ein påliteleg måte i ulike nettlesarar og hjelpemiddel.
  • Innhald i koden skal ha ein identifikasjon, på same språk som nettsida. Identifikasjon av skjemaelement og knappar, gjer at brukaren veit kva innhald dei skal skrive inn, og kva som skjer når dei trykker på knappen.
    • Dersom skjemaelementet høyrer til ei gruppe, er det i tillegg kopla til ein ledetekst som gjeld for gruppa. Ledeteksten identifiserer gruppa.

2.2 Avvik 2: Skjema

Blivakker.no AS sikrar ikkje tilstrekkelege feilmeldingar og merking av obligatoriske skjemaelement i skjema på nettstaden.

Avvik frå følgjande krav: ldl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:

a) Obligatoriske skjemaelement der feil utfylling vert oppdaga automatisk, gir feilmelding som ikkje identifiserer kvar feilen er oppstått.
NrSideElement
1Side 1Felt for å melde seg på nyhetsbrev
b) Skjema manglar informasjon om at skjemaelement er obligatoriske.
NrSideElement
1Side 4Leveringsadresse - Fornavn
2Side 4Leveringsadresse - Etternavn
3Side 4Leveringsadresse - Adresse
4Side 4Leveringsadresse - Postnr
5Side 4Leveringsadresse - Mobilnummer
6Side 4Betaling - Personnummer
7Side 4Betaling - Aksepter Collectors generelle vilkår

2.2.1 Kommentar avvik 2

Identifikasjon og beskriving av inputfeil i skjema, vil og gi auka brukarvennlegheit for alle brukarar.

  • Dersom det blir oppdaga automatisk at obligatoriske skjemaelement ikkje er fylt ut, gjeld følgjande:
    • Brukaren får ei tekstleg feilmelding
    • Feilmeldinga er koda som tekst
    • Feilmeldinga identifiserer skjemaelementet der feilen oppstod
    • Feilmeldinga beskriv feilen
  • Når det er opplyst om at skjemaelement er obligatoriske med symbol, for eksempel stjerne (*), skal det vere forklart før symbolet blir teke i bruk første gong.

2.3 Avvik 3: Navigasjon

Blivakker.no AS sikrar ikkje at lenka bilder på nettstaden har tilstrekkeleg tekstalternativ.

Avvik frå følgjande krav: ldl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:

a) Lenka bilde har tekstalternativ som ikkje er beskrivande.
NrSideElement
1Side 1Se ukens beste tilbud
2Side 1Solkrem og solbriller
3Side 1Facebook-logo i footer
b) Lenka bilde manglar tekstalternativ.
NrSideElement
1Side 2Ikon til min side
2Side 4Blivakker.no logo i header

2.3.1 Kommentar avvik 3

Feila som er avdekka gjer at nettstaden er vanskeleg å bruke for blinde og synshemma, og brukarar med nedsett konsentrasjon eller kognisjon.

  • Lenka bilde er ein navigasjonsmekanisme på nettstaden på lik linje med vanlege lenker. Lenka bilde skal ha eit tekstalternativ som i kombinasjon med lenketekst seier noko om lenkemålet.
  • Brukaren skal kunne stoppe, pause eller skjule innhald som bevegar seg, eventuelt styre oppdateringsfrekvensen.
    • Innhald som bevegar seg, for eksempel film, animasjonar, annonser, med meir, kan føre til at brukarar ikkje klarar å konsentrere seg om anna innhald på sida.

2.4 Avvik 4: Kontrast

Blivakker.no AS sikrar ikkje tilstrekkeleg kontrast mellom tekst og bakgrunn på nettstaden.

Avvik frå følgjande krav: ldl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:

a) Testside har kontrastfeil.
NrSideElement
1Side 2, Side 4Antall feil: 1
2Side 3Antall feil: 4

2.4.1 Kommentar avvik 4

Feila som er avdekka, gjer at nettstaden er vanskelegare å bruke for alle. Det rammar særleg synshemma og brukarar med redusert fargesyn.

  • Det skal vere tilstrekkeleg kontrast mellom bakgrunn og tekst på nettstaden. Minstekravet til kontrast mellom bakgrunnen og liten tekst er 4,5:1. Minstekravet for stor tekst er 3:1.

3 Om kontrollen

3.1 Tema

Føremålet med tilsynet er å kontrollere om Blivakker.no AS etterlever lov- og forskriftskrav om universell utforming av ikt, innanfor tema for kontrollen.

Tilsynet omfatta følgjande tema

  • skjema
  • navigasjon
  • koding av innhald
  • struktur og presentasjon
  • tekstalternativ

    3.2 Krav

    Oversikt over krav (suksesskriterium) som er testa i kontrollen

    3.3 Testreglar

    Tilsynets tolking av krava i regelverket og testreglane vi brukar under testinga er publisert på nettstaden vår.

    Oversikt over testreglar som er brukt i kontrollen

    • 1.1.1b Formål med lenka bilde går fram av lenketekst og/eller tekstalternativ
    • 1.4.3c Det er tilstrekkeleg kontrast mellom tekst og bakgrunn
    • 2.2.2a Det er mogleg å pause, stoppe eller skjule innhald som bevegar seg, blinkar eller rullar
    • 3.3.1a Skjema gir feilmelding viss tomme obligatoriske skjemafelt blir oppdaga automatisk
    • 3.3.2a Skjemaelement har instruksjon eller ledetekst
    • 4.1.1a Koden inneheld ikkje syntaksfeil
    • 4.1.2a Skjemaelement er identifiserte i koden
    • 4.1.2b Knappar er identifiserte i koden

    3.4 Testinga av nettstaden

    Vi har testa 8 av dei 35 suksesskriteria som utgjer minstekrava i forskrifta og vi har brukt 8 testreglar. Verifikasjonen er gjort ved testing av 4 enkeltsider på nettstaden. Oversikt over testsider står i punkt 3.5.

    Testinga er gjennomført med følgjande nettlesarar og verktøy:

    Utover dette er nettstaden kontrollert med manuelle metodar.

      3.5 Enkeltsider som vart testa

      Vi har testa følgjande enkeltsider:

      1. Framside
      2. Artikkelside
      3. Handlekorg
      4. Betaling

      3.6 Aktivitet under tilsynet

      Tilsynet med Blivakker.no AS omfatta følgjande aktivitetar:

      1. Tilsynsvarselet vart sendt 14.05.2019.
      2. Stadfesting av motteke tilsynsvarsel og kontaktperson ble motteke 20.05.2019.
      3. Testing og vurdering av nettstaden opp mot krava vart gjort i veke 23.
      4. Førebels rapport og bildedokumentasjon av feil vart sendt 27.06.2019.
      5. Tilbakemelding frå verksemda på førebels rapport vart motteke 04.07.2019.

        4 Regelverk

        Oversikt over aktuelt regelverk for kontrollen

        5 Standarden for nettløysingar

        Ved å følgje WCAG 2.0 blir nettløysingar tilgjengelege for fleire personar med nedsett funksjonsevne. WCAG tek omsyn til at brukarane av nettløysingar har ulike føresetnadar, og dekker følgjande:

        • Syn
        • Kognisjon
        • Lese- og skrivevanskar
        • Norsk som andrespråk
        • Motorikk
        • Høyrsel
        • Epilepsi
        • Belastningsskadar

        Nettløysingar som følgjer krava vil vere meir brukarvennlege for alle.

        Krava til nettløysingar går fram av forskrifta § 4 første ledd, som seier at nettløysingar skal oppfylle Retningslinjer for tilgjengeleg webinnhald (WCAG) 2.0 nivå A og AA, med tre unntak.

        35 av 61 suksesskriterium er gjort til obligatoriske minimumskrav for nettløysingar som er omfatta av forskrifta. Det er gjort unntak for suksesskriteria 1.2.3, 1.2.4 og 1.2.5, som regulerer lyd og video.

        WCAG 2.0 er bygd opp av 4 prinsipp, 12 retningslinjer og 61 testbare suksesskriterium:

        • Prinsippa beskriv grunnlaget for tilgjengelegheit på overordna nivå. I følgje prinsippa skal nettløysingar vere mogleg å oppfatte, mogleg å betene, forståelege og robuste.
        • Retningslinjene er overordna mål for tilgjengelegheit i nettløysingar. Retningslinjene er ikkje moglege å teste, men dei set suksesskriteria i ein samanheng.
        • Suksesskriteria er konkrete, testbare krav til tilgjengelegheit. Suksesskriteria er teknologinøytrale og vi kan følgje dei uavhengig av programmeringsspråk og publiseringsløysing.

        I tillegg viser WCAG 2.0 til teknikkar med døme på korleis vi kan oppfylla suksesskriteria.