Tilsynsrapport Kid Interiør AS

Rapporten gjer greie for resultata etter tilsynet med Kid Interiør AS. Tilsynet avdekte 4 avvik på områda koding, kontrast, skjema og navigasjon.

Publisert: 29. jul 2019, Sist endra: 07. aug 2019

1 Innleiing

Direktoratet for forvaltning og ikt (Difi) er tilsynsmyndigheit på området universell utforming av ikt.

Rettsleg grunnlag for tilsyn er likestillings- og diskrimineringslova (ldl) § 36 første ledd jf. ldl § 18 og forskrifta om universell utforming av ikt-løysingar § 5.

Vi gjennomførte tilsyn med Kid Interiør AS i tidsrommet 14.05.2019 til 27.06.2019. Tilsynet retta seg mot nettstaden https://www.kid.no/.

Rapporten gjer greie for resultata innanfor tema for tilsynet, for dei delane av ikt-løysinga som er testa. Rapporten gir ikkje ei fullstendig tilstandsvurdering av nettstaden.

Resultata med grunngjeving og rettsgrunnlag står i kapittel 2.

2 Resultat

Resultata byggjer på informasjon frå testinga av nettstaden. Testinga er avgrensa til utvalde sider i kjøpsløpet, men omfattar ikkje oppretting av brukar eller gjennomføring av kjøp.

Det er avdekka brot på 8 av 8 krav som er testa, og feila er gruppert i 4 avvik. Det er ikkje gitt merknader.

Tabellen under gir ei oversikt over alle element som er testa på nettstaden, fordelt på testreglar. Tabellen viser tal brot og samsvar, og kor mange element som er testa totalt.

TestregelTal ikkje førekomstTal brotTal samsvarSum testa
111b04610
143c0505
222a4105
331a138712
332a010515
411a0145
412a07815
412b03710

Resultata er dokumentert med skjermbilde og skriftleg grunngjeving.

  • Avvik inneber at verksemda ikkje oppfyller krav som er gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Verksemda må rette avvika i etterkant. Om nødvendig kan tilsynet følgje opp avvik med reaksjonar i form av pålegg om retting og tvangsmulkt.
  • Merknad inneber at tilsynsorganet finn grunn til å peike på forbetringspotensiale, men at forholdet ikkje er i strid med krav gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Det er opp til verksemda å vurdere om og korleis dei skal følgje opp merknader. Tilsynet kan ikkje følgje opp merknader med reaksjonar.

2.1 Avvik 1: Koding

Kid Interiør AS sikrar ikkje korrekt koding av innhald på nettstaden.

Avvik frå følgjande krav: ldl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:

a) Sider med syntaksfeil i koden.
SideElement som ikkje er nøsta korrektElement som ikkje er avslutta korrektElement som har same attributt fleire gongerElement som har IDar som ikkje er unikeSumFatal error
110001Nei
Sum10001 
b) Skjemaelement er ikkje er kopla til ein ledetekst i koden.
NrSideElement
1Side 1Søkefeltet i header.
2Side 1Lurer du på noe? - Chat - "Ditt Navn"
3Side 1Lurer du på noe? - Chat - "Din epost adresse"
4Side 3Felt for å auke/endre antall element av produktet på artikkelsida.
5Side 4Felt for å auke/endre antall element av produktet i handlekorga.
c) Skjemaelement er kopla til ein ledetekst i koden. Skjemaelement er plassert i ei gruppe som ikkje er identifisert i koden.
NrSideElement
1Side 2Filtrering - Farger - "Grønn/korall"
2Side 2Filtrering - Størrelse - "200 x 220 cm"
d) Knapp er ikkje koda med <input> eller <button>. Knapp er ikkje koda med role="button".
NrSideElement
1Side 1Chat-knappen inne i "Lurer du på noe?"
2Side 1Den midterste av dei tre bildekarusellknappane.
3Side 2"Lurer du på noe?" -knappen for å få hjelp (chat, kundeservice...)

2.1.1 Kommentar avvik 1

Feila som er avdekka gjer at nettstaden er vanskeleg og uoversiktleg for dei som brukar skjermlesar. Korrekt kode er viktig for å sikre at alle brukaragentar, som for eksempel ulike nettlesarar og hjelpemiddel, presenterer innhald på nettsida på rett måte for brukaren.

  • Koden på nettsida skal ha rett syntaks. Syntaksfeil fører til at innhaldet ikkje blir presentert på ein påliteleg måte i ulike nettlesarar og hjelpemiddel.
  • Innhald i koden skal ha ein identifikasjon, på same språk som nettsida. Identifikasjon av skjemaelement og knappar, gjer at brukaren veit kva innhald dei skal skrive inn, og kva som skjer når dei trykker på knappen.
    • Dersom skjemaelementet høyrer til ei gruppe, er det i tillegg kopla til ein ledetekst som gjeld for gruppa. Ledeteksten identifiserer gruppa.

2.2 Avvik 2: Kontrast

Kid Interiør AS sikrar ikkje tilstrekkeleg kontrast mellom tekst og bakgrunn på nettstaden.

Avvik frå følgjande krav: ldl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:

a) Testside har kontrastfeil.
NrSideElement
1Side 1Antall feil: 5
2Side 2Antall feil: 75
3Side 3, Side 5Antall feil: 14
4Side 4Antall feil: 12

2.2.1 Kommentar avvik 2

Feila som er avdekka, gjer at nettstaden er vanskelegare å bruke for alle. Det rammar særleg synshemma og brukarar med redusert fargesyn.

  • Det skal vere tilstrekkeleg kontrast mellom bakgrunn og tekst på nettstaden. Minstekravet til kontrast mellom bakgrunnen og liten tekst er 4,5:1. Minstekravet for stor tekst er 3:1.

2.3 Avvik 3: Skjema

Kid Interiør AS sikrar ikkje tilstrekkelege feilmeldingar og merking av obligatoriske skjemaelement i skjema på nettstaden.

Avvik frå følgjande krav: ldl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:

a) Obligatoriske skjemaelement der feil utfylling vert oppdaga automatisk, gir feilmelding som ikkje identifiserer kvar feilen er oppstått.
NrSideElement 
1Side 1"Ditt navn" 
2Side 1"Din epost adresse" 
b) Obligatoriske skjemaelement der feil utfylling vert oppdaga automatisk, gir feilmelding som ikkje beskriv feilen.
NrSideElement 
1Side 5Nedtrekkslista "Velg fylke" 
c) Skjema manglar informasjon om at skjemaelement er obligatoriske.
NrSideElement 
1Side 1"Ditt Navn" 
2Side 1"Din epost adresse" 
3Side 5"Fornavn" 
4Side 5"Etternavn" 
5Side 5"Adresse" 
6Side 5"Post nr." 
7Side 5"E-Post" 
8Side 5"Telefonnummer" 
9Side 5Nedtrekkslista "Velg fylke" under "Velg hvilken butikk" 
10Side 5Avkryssingsboksen "Ja, jeg aksepterer vilkårene" 

2.3.1 Kommentar avvik 3

Identifikasjon og beskriving av inputfeil i skjema, vil og gi auka brukarvennlegheit for alle brukarar.

  • Dersom det blir oppdaga automatisk at obligatoriske skjemaelement ikkje er fylt ut, gjeld følgjande:
    • Brukaren får ei tekstleg feilmelding
    • Feilmeldinga er koda som tekst
    • Feilmeldinga identifiserer skjemaelementet der feilen oppstod
    • Feilmeldinga beskriv feilen
  • Når det er opplyst om at skjemaelement er obligatoriske med symbol, for eksempel stjerne (*), skal det vere forklart før symbolet blir teke i bruk første gong.

2.4 Avvik 4: Navigasjon

Kid Interiør AS sikrar ikkje at lenka bilde på nettstaden har tilstrekkeleg tekstalternativ.

Avvik frå følgjande krav: ldl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:

a) Lenka bilde har tekstalternativ som ikkje er beskrivande.
NrSideElement 
1Side 1Kid-logoen i header. 
2Side 2Ikon for handlekorg, i header. 
b) Lenka bilde manglar tekstalternativ.
NrSideElement 
1Side 1"Hjemme hos Funkygine" 
2Side 1Facebook-logo i footer. 
c) Det er ikkje mogleg å pause, stoppe eller skjule innhald som bevegar seg, blinkar eller rullar.
NrSideElement 
1Side 1Solstrålene i "Solskjermingsdager" har blinkande effekt. 

2.4.1 Kommentar avvik 4

Feila som er avdekka gjer at nettstaden er vanskeleg å bruke for blinde og synshemma, og brukarar med nedsett konsentrasjon eller kognisjon.

  • Lenka bilde er ein navigasjonsmekanisme på nettstaden på lik linje med vanlege lenker. Lenka bilde skal ha eit tekstalternativ som i kombinasjon med lenketekst seier noko om lenkemålet.
  • Brukaren skal kunne stoppe, pause eller skjule innhald som bevegar seg, eventuelt styre oppdateringsfrekvensen.
    • Innhald som bevegar seg, for eksempel film, animasjonar, annonser, med meir, kan føre til at brukarar ikkje klarar å konsentrere seg om anna innhald på sida.

3 Om kontrollen

3.1 Tema

Føremålet med tilsynet er å kontrollere om Kid Interiør AS etterlever lov- og forskriftskrav om universell utforming av ikt, innanfor tema for kontrollen.

Tilsynet omfatta følgjande tema

  • skjema
  • navigasjon
  • koding av innhald
  • struktur og presentasjon
  • tekstalternativ

3.2 Krav

Oversikt over krav (suksesskriterium) som er testa i kontrollen

3.3 Testreglar

Tilsynets tolking av krava i regelverket og testreglane vi brukar under testinga er publisert på nettstaden vår.

Oversikt over testreglar som er brukt i kontrollen

  • 1.1.1b Formål med lenka bilde går fram av lenketekst og/eller tekstalternativ
  • 1.4.3c Det er tilstrekkeleg kontrast mellom tekst og bakgrunn
  • 2.2.2a Det er mogleg å pause, stoppe eller skjule innhald som bevegar seg, blinkar eller rullar
  • 3.3.1a Skjema gir feilmelding viss tomme obligatoriske skjemafelt blir oppdaga automatisk
  • 3.3.2a Skjemaelement har instruksjon eller ledetekst
  • 4.1.1a Koden inneheld ikkje syntaksfeil
  • 4.1.2a Skjemaelement er identifiserte i koden
  • 4.1.2b Knappar er identifiserte i koden

3.4 Testinga av nettstaden

Vi har testa 8 av dei 35 suksesskriteria som utgjer minstekrava i forskrifta og vi har brukt 8 testreglar. Verifikasjonen er gjort ved testing av 5 enkeltsider på nettstaden. Oversikt over testsider står i punkt 3.5.

Testinga er gjennomført med følgjande nettlesarar og verktøy:

Utover dette er nettstaden kontrollert med manuelle metodar.

    3.5 Enkeltsider som vart testa

    Vi har testa følgjande enkeltsider:

    1. Framside
    2. Vareoversikt
    3. Artikkelside
    4. Handlekorg
    5. Betaling

    3.6 Aktivitet under tilsynet

    Tilsynet med Kid Interiør AS omfatta følgjande aktivitetar:

    1. Tilsynsvarselet vart sendt 14.05.2019.
    2. Testing og vurdering av nettstaden opp mot krava vart gjort i veke 23.
    3. Førebels rapport vart sendt 27.06.19.

      4 Regelverk

      Oversikt over aktuelt regelverk for kontrollen

      5 Standarden for nettløysingar

      Ved å følgje WCAG 2.0 blir nettløysingar tilgjengelege for fleire personar med nedsett funksjonsevne. WCAG tek omsyn til at brukarane av nettløysingar har ulike føresetnadar, og dekker følgjande:

      • Syn
      • Kognisjon
      • Lese- og skrivevanskar
      • Norsk som andrespråk
      • Motorikk
      • Høyrsel
      • Epilepsi
      • Belastningsskadar

      Nettløysingar som følgjer krava vil vere meir brukarvennlege for alle.

      Krava til nettløysingar går fram av forskrifta § 4 første ledd, som seier at nettløysingar skal oppfylle Retningslinjer for tilgjengeleg webinnhald (WCAG) 2.0 nivå A og AA, med tre unntak.

      35 av 61 suksesskriterium er gjort til obligatoriske minimumskrav for nettløysingar som er omfatta av forskrifta. Det er gjort unntak for suksesskriteria 1.2.3, 1.2.4 og 1.2.5, som regulerer lyd og video.

      WCAG 2.0 er bygd opp av 4 prinsipp, 12 retningslinjer og 61 testbare suksesskriterium:

      • Prinsippa beskriv grunnlaget for tilgjengelegheit på overordna nivå. I følgje prinsippa skal nettløysingar vere mogleg å oppfatte, mogleg å betene, forståelege og robuste.
      • Retningslinjene er overordna mål for tilgjengelegheit i nettløysingar. Retningslinjene er ikkje moglege å teste, men dei set suksesskriteria i ein samanheng.
      • Suksesskriteria er konkrete, testbare krav til tilgjengelegheit. Suksesskriteria er teknologinøytrale og vi kan følgje dei uavhengig av programmeringsspråk og publiseringsløysing.

      I tillegg viser WCAG 2.0 til teknikkar med døme på korleis vi kan oppfylla suksesskriteria.