Tilsynsrapport Mediehuset Nettavisen AS

Rapporten gjer greie for resultata etter tilsynet med Mediehuset Nettavisen AS. Tilsynet avdekte 5 avvik på områda navigasjon, koding, kontrast, skjema og teksting eller tekstalternativ til video.

Publisert: 29. jul 2019, Sist endra: 07. aug 2019

1 Innleiing

Direktoratet for forvaltning og ikt (Difi) er tilsynsmyndigheit på området universell utforming av ikt.

Rettsleg grunnlag for tilsyn er likestillings- og diskrimineringslova (ldl) § 36 første ledd jf. ldl § 18 og forskrifta om universell utforming av ikt-løysingar § 5.

Vi gjennomførte tilsyn med Mediehuset Nettavisen AS i tidsrommet 08.04.2019 til 13.06.2019. Tilsynet retta seg mot nettstaden https://www.nettavisen.no/.

Rapporten gjer greie for resultata innanfor tema for tilsynet, for dei delane av ikt-løysinga som er testa. Rapporten gir ikkje ei fullstendig tilstandsvurdering av nettstaden.

Resultata med grunngjeving og rettsgrunnlag står i kapittel 2.

2 Resultat

Resultata byggjer på informasjon frå testinga av nettstaden.

Det er avdekka brot på 7 av 8 krav som er testa, og feila er gruppert i 5 avvik. Det er ikkje gitt merknader.

Tabellen under gir ei oversikt over alle element som er testa på nettstaden, fordelt på testreglar. Tabellen viser tal brot og samsvar, og kor mange element som er testa totalt.

TestregelTal ikkje førekomstTal brotTal samsvarSum testa
111b021425
122a3328
143c0606
222a4408
331a50813
332a58013
411a0156
412a55313
412b019524

Resultata er dokumentert med skjermbilde og skriftleg grunngjeving.

  • Avvik inneber at verksemda ikkje oppfyller krav som er gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Verksemda må rette avvika i etterkant. Om nødvendig kan tilsynet følgje opp avvik med reaksjonar i form av pålegg om retting og tvangsmulkt.
  • Merknad inneber at tilsynsorganet finn grunn til å peike på forbetringspotensiale, men at forholdet ikkje er i strid med krav gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Det er opp til verksemda å vurdere om og korleis dei skal følgje opp merknader. Tilsynet kan ikkje følgje opp merknader med reaksjonar.

2.1 Avvik 1: Navigasjon

Mediehuset Nettavisen AS sikrar ikkje tilstrekkeleg navigasjon på nettstaden.

Avvik frå følgjande krav: ldl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:

a) Lenka bilde har lenketekst som ikkje er beskrivande.
NrSideElement
1Side 1Bilde av Märtha Louise og Durek over tittelen "Hun har dårlige antenner
til å være hypersensitiv".
2Side 1Annonsebilde av garasje fra Igland garasjen, ved tittelen
"Så raskt og billig kan du få din egen dobbelgarasje".
b) Lenka bilde manglar alt-attributt.
NrSideElement
1Side 1Bilde av to fotballspelarar over tittelen "Premier League-profilens dramatiske
historie:- De kom med våpen og begynte å skyte mot oss". Pluss-sak.
2Side 1Bilde av to hus over tittelen "Herskapshus til 12 millioner under
en time fra Oslo - dette får du til samme sum i hovedstaden". Pluss-sak.
3Side 3Bilde fra Instagram av Durek og tre kjendisar.
4Side 5Bilde av Kylian Mbappé over tittelen "Superstjernens uttalelser vekker oppsikt:
Kobles med ny kjempeovergang".
5Side 5Bilde av ein fotballspelar, overtittelen "Kjenner du igjen fotballspillerne?".
Pluss-sak.
6Side 5Bilde over tittelen "Han var kaptein for landet sitt i VM. Noen år senere ble han
henrettet for sine bestialske handlinger". Pluss-sak.
7Side 5Bilde av to sandvolleyballspelarar, over tittelen
"Vant storturnering i Brasil: - Fantastisk".
c) Lenka bilde manglar tekstalternativ.
NrSideElement
1Side 2Logo til aID, øverst til høgre i banner.
2Side 2Bilde av arm med utslett av flåttbitt. Bildet kan forstørrast.
3Side 2Annonsebilde for "Klinikk for Alle".
4Side 3Bilde av Märtha Louise ved tittelen
"Märtha Louise: - Kan ikke være på tinder".
5Side 3Bilde av fotballspelar Markus Henriksen på fotballbana,
over tittelen "Her er Markus Henriksen på Rosenborgtrening".
6Side 3Annonse for Stoneart. Bilde av Alfaskifer.
7Side 3Bilde av barn i eit klasserom, over tittelen "Regjeringen vil
fjerne sang fra norskfarget".
8Side 4Annonsebilde frå Care of Carl, av blå og kvite Adidas-sko.
9Side 4Bilde av Sigrid Bonde Tusvik, ved tittelen "Se kjendisene
på den røde løperen".
10Side 4Bilde av Anne Regine Ellingsæter som mottek Gullruten.
11Side 6Logo til "Nettavisen. Pluss" i banner.
d) Lenka bilde har tekstalternativ som ikkje er beskrivande.
NrSideElement
1Side 5Annonse for Komplett.no. Bilde av actionkamera.
e) Det er ikkje mogleg å pause, stoppe eller skjule innhald som bevegar seg, blinkar eller rullar.
NrSideElement
1Side 1Annonse for Lyreco.
2Side 1, Side 5Blinkande sirkel ved artikkeltittel.
3Side 3Annonse for Storebrand. Sirkel som bevegar seg rundt rente.

2.1.1 Kommentar avvik 1

Feila som er avdekka gjer at nettstaden er vanskeleg å bruke for blinde og synshemma, og brukarar med nedsett konsentrasjon eller kognisjon.

  • Lenka bilde er ein navigasjonsmekanisme på nettstaden på lik linje med vanlege lenker. Lenka bilde skal ha eit tekstalternativ som i kombinasjon med lenketekst seier noko om lenkemålet.
  • Brukaren skal kunne stoppe, pause eller skjule innhald som bevegar seg, eventuelt styre oppdateringsfrekvensen.
    • Innhald som bevegar seg, for eksempel film, animasjonar, annonser, med meir, kan føre til at brukarar ikkje klarar å konsentrere seg om anna innhald på sida.

2.2 Avvik 2: Koding

Mediehuset Nettavisen AS sikrar ikkje korrekt koding av innhaldet på nettstaden.

Avvik frå følgjande krav: ldl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:

a) Sider med syntaksfeil i koden.
SideElement som ikkje er nøsta korrektElement som ikkje er avslutta korrektElement som har same attributt fleire gongerElement som har IDar som ikkje er unikeSumFatal error
610001Nei
Sum10001 
b) Skjemaelement er kopla til ein ledetekst i koden. Ledeteksten identifiserer ikkje skjemaelementet.
NrSideElement
1Side 6"Nettavisen. Pluss - Du valgte 3 måneder" - Når ble du født? - DAG
2Side 6"Nettavisen. Pluss - Du valgte 3 måneder" - Når ble du født? - ÅR
c) Skjemaelement er kopla til ein ledetekst i koden. Skjemaelement er plassert i ei gruppe som ikkje er identifisert i koden.
NrSideElement
1Side 6"Nettavisen. Pluss - Du valgte 3 måneder" - Når ble du født? - MÅNED
d) Skjemaelement er ikkje er kopla til ein ledetekst i koden.
NrSideElement
1Side 6Avkryssingsboks for "Jeg aksepterer brukervilkårene for aID."
2Side 6Avkryssingsboks for "Jeg aksepterer abonnementsvilkårene."
e) Knapp er kopla til ein ledetekst i koden. Ledeteksten identifiserer ikkje knappen.
NrSideElement
1Side 1Pil til høgre, rett under hovudmenyen.
2Side 1Pil til venstre, rett under hovudmenyen.
3Side 1Volum/Demp-knappen i videoen "Dette skjedde i natt 22. mai".
4Side 1Fullskjerm-knapp i videoen "Dette skjedde i natt 22. mai".
5Side 1Personvernregler-knapp i videoen "Dette skjedde i natt 22. mai".
6Side 1Videokvalitet-knapp i videoen "Dette skjedde i natt 22. mai".
7Side 1Del video-knapp i videoen "Dette skjedde i natt 22. mai".
8Side 1Relaterte videoer-knapp ivideoen "Dette skjedde i natt 22. mai".
9Side 2Spill av-knapp i instagramvideoen til Shamandurek.
f) Knapp er ikkje koda med <input> eller <button>. Knapp er ikkje koda med role="button".
NrSideElement
1Side 2Utvid tekst-knapp ved beskrivelsen av artikkelforfattar.
2Side 2Kopier-knapp under Del lenkeknapp.
3Side 3Spill av-knapp inne i videoen "Märthas nye forhold vekker oppsikt i utlandet".
4Side 3Volumknapp inne i videoen "Märthas nye forhold vekker oppsikt i utlandet".
5Side 3Fullskjerm-knapp inne i videoen "Märthas nye forhold vekker oppsikt i utlandet".
6Side 3Del video-knapp inne i videoen "Märthas nye forhold vekker oppsikt i utlandet".
7Side 3HD-knapp inne i videoen "Märthas nye forhold vekker oppsikt i utlandet".
8Side 4Knapp med tre prikkar, som viser andre sosiale medium ein kan dele saken i.
g) Knapp er ikkje er kopla til ein ledetekst i koden.
NrSideElement
1Side 1Lukk relaterte videoar-knapp i videoen "Dette skjedde i natt 22. mai".
2Side 2Del lenke-knapp under ingress i artikkelen.

2.2.1 Kommentar avvik 2

Feila som er avdekka gjer at nettstaden er vanskeleg og uoversiktleg for dei som brukar skjermlesar. Korrekt kode er viktig for å sikre at alle brukaragentar, som for eksempel ulike nettlesarar og hjelpemiddel, presenterer innhald på nettsida på rett måte for brukaren.

  • Koden på nettsida skal ha rett syntaks. Syntaksfeil fører til at innhaldet ikkje blir presentert på ein påliteleg måte i ulike nettlesarar og hjelpemiddel.
  • Innhald i koden skal ha ein identifikasjon, på same språk som nettsida. Identifikasjon av skjemaelement og knappar, gjer at brukaren veit kva innhald dei skal skrive inn, og kva som skjer når dei trykker på knappen.
    • Dersom skjemaelementet høyrer til ei gruppe, er det i tillegg kopla til ein ledetekst som gjeld for gruppa. Ledeteksten identifiserer gruppa.

2.3 Avvik 3: Kontrast

Mediehuset Nettavisen AS sikrar ikkje tilstrekkeleg kontrast mellom tekst og bakgrunn på nettstaden.

Avvik frå følgjande krav: ldl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:

a) Testside har kontrastfeil.
NrSideElement
1Side 1Antall feil: 22
2Side 2, Side 5Antall feil: 10
3Side 3Antall feil: 6
4Side 4Antall feil: 5
5Side 6Antall feil: 3

2.3.1 Kommentar avvik 3

Feila som er avdekka, gjer at nettstaden er vanskelegare å bruke for alle. Det rammar særleg synshemma og brukarar med redusert fargesyn.

  • Det skal vere tilstrekkeleg kontrast mellom bakgrunn og tekst på nettstaden. Minstekravet til kontrast mellom bakgrunnen og liten tekst er 4,5:1. Minstekravet for stor tekst er 3:1.

2.4 Avvik 4: Skjema

Mediehuset Nettavisen AS sikrar ikkje tilstrekkelege ledetekstar og instruksjonar i skjema på nettstaden.

Avvik frå følgjande krav: ldl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:

a) Skjema manglar informasjon om at skjemaelement er obligatoriske.
NrSideElement
1Side 6Hva er ditt mobilnummer?
2Side 6Hva er ditt fulle navn?
3Side 6Hva er din e-postadresse?
4Side 6Når ble du født? - DAG
5Side 6Når ble du født? - MÅNED
6Side 6Når ble du født? - ÅR
7Side 6Jeg aksepterer brukervilkårene for aID .
8Side 6Jeg aksepterer abonnementsvilkårene .

2.4.1 Kommentar avvik 4

Identifikasjon og beskriving av inputfeil i skjema, vil og gi auka brukarvennlegheit for alle brukarar.

  • Dersom det blir oppdaga automatisk at obligatoriske skjemaelement ikkje er fylt ut, gjeld følgjande:
    • Brukaren får ei tekstleg feilmelding
    • Feilmeldinga er koda som tekst
    • Feilmeldinga identifiserer skjemaelementet der feilen oppstod
    • Feilmeldinga beskriv feilen
  • Når det er opplyst om at skjemaelement er obligatoriske med symbol, for eksempel stjerne (*), skal det vere forklart før symbolet blir teke i bruk første gong.

2.5 Avvik 5: Teksting eller tekstalternativ til video

Mediehuset Nettavisen AS sikrar ikkje tilstrekkeleg teksting eller tekstalternativ til førehandsinnspelt video på nettstaden.

Avvik frå følgjande krav: ldl. § 18 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løysingar § 4 første ledd jf. suksesskriterium i WCAG 2.0:

a) Videoklipp har ikkje teksting. Videoklipp har tekstalternativ som ikkje formidlar same bodskap som lyd og bilde.
NrSideElement
1Side 3Instagramvideo av Shaman Durek.
b) Videoklipp har ikkje teksting. Videoklipp har ikkje tekstalternativ.
NrSideElement
1Side 3"Märthas nye forhold vekker oppsikt i utlandet".
2Side 4"Kristian Valen kom på Gullruten med forloveden".

2.5.1 Kommentar avvik 5

Feila som er avdekka, gjer nettstaden vanskelegare å bruke for alle, og særleg døve og høyrselshemma.

Førehandsinnspelt video med lyd, skal ha alternativ i form av teksting eller tekstalternativ.

  • Teksting, som anten ligg fast (open teksting) eller som kan slåast på (skjult teksting) skal:
    • Formidle innhaldet i lyd og bilde, og innehalde følgjande element: Tale og dialog med markering av kven som snakkar, og lydinnhald som er viktig for å forstå videoen. Vere visuelt synleg, men ikkje forstyrre viktig innhald i videoen.
  • Tekstalternativ, som er visuelt plassert nær videoklippet, eller kan nåast via ein mekanisme (lenke, knapp eller liknande) skal:
    • Vere koda som tekst og formidle innhaldet i lyd og bilde med følgjande element: Tale og dialog med markering av kven som snakkar og lydinnhald som er viktig for å forstå videoen.

3 Om kontrollen

3.1 Tema

Føremålet med tilsynet er å kontrollere om Mediehuset Nettavisen AS etterlever lov-og forskriftskrav om universell utforming av ikt, innanfor tema for kontrollen.

Tilsynet omfatta følgjande tema

  • skjema
  • navigasjon
  • koding av innhald
  • struktur og presentasjon
  • tekstalternativ

      3.2 Krav

      Oversikt over krav (suksesskriterium) som er testa i kontrollen

      3.3 Testreglar

      Tilsynets tolking av krava i regelverket og testreglane vi brukar under testinga er publisert på nettstaden vår.

      Oversikt over testreglar som er brukt i kontrollen

      • 1.1.1b Formål med lenka bilde går fram av lenketekst og/eller tekstalternativ
      • 1.2.2a Førehandsinnspelt video med lyd, er teksta
      • 1.4.3c Det er tilstrekkeleg kontrast mellom tekst og bakgrunn
      • 2.2.2a Det er mogleg å pause, stoppe eller skjule innhald som bevegar seg, blinkar eller rullar
      • 3.3.1a Skjema gir feilmelding viss tomme obligatoriske skjemafelt blir oppdaga automatisk
      • 3.3.2a Skjemaelement har instruksjon eller ledetekst
      • 4.1.1a Koden inneheld ikkje syntaksfeil
      • 4.1.2a Skjemaelement er identifiserte i koden
      • 4.1.2b Knappar er identifiserte i koden

          3.4 Testinga av nettstaden

          Vi har testa 8 av dei 35 suksesskriteria som utgjer minstekrava i forskrifta og vi har brukt 9 testreglar. Verifikasjonen er gjort ved testing av 6 enkeltsider på nettstaden. Oversikt over testsider står i punkt 3.5.

          Testinga er gjennomført med følgjande nettlesarar og verktøy:

          Utover dette er nettstaden kontrollert med manuelle metodar.

          3.5 Enkeltsider som vart testa

          Vi har testa følgjande enkeltsider:

          1. Framside
          2. Artikkelside
          3. Artikkelside m/video
          4. Artikkelside kultur
          5. Temaside sport
          6. Opprett brukar for Nettavisen Pluss-abonnement (aID)

          Sidene som ikkje er lenka i lista, har ei nettadresse som er unik for kvar brukar.

          3.6 Aktivitet under tilsynet

          Tilsynet med Mediehuset Nettavisen AS omfatta følgjande aktivitetar:

          1. Tilsynsvarselet vart sendt 03.05.2019.
          2. Tilbakemelding frå kontaktperson i verksemda vart motteke 20.05.2019.
          3. Testing og vurdering av nettstaden opp mot krava vart gjort i veke 21.
          4. Førebels rapport og bildedokumentasjon av feil vart sendt 13.06.2019.

              4 Regelverk

              Oversikt over aktuelt regelverk for kontrollen

              5 Standarden for nettløysingar

              Ved å følgje WCAG 2.0 blir nettløysingar tilgjengelege for fleire personar med nedsett funksjonsevne. WCAG tek omsyn til at brukarane av nettløysingar har ulike føresetnadar, og dekker følgjande:

              • Syn
              • Kognisjon
              • Lese- og skrivevanskar
              • Norsk som andrespråk
              • Motorikk
              • Høyrsel
              • Epilepsi
              • Belastningsskadar

              Nettløysingar som følgjer krava vil vere meir brukarvennlege for alle.

              Krava til nettløysingar går fram av forskrifta § 4 første ledd, som seier at nettløysingar skal oppfylle Retningslinjer for tilgjengeleg webinnhald (WCAG) 2.0 nivå A og AA, med tre unntak.

              35 av 61 suksesskriterium er gjort til obligatoriske minimumskrav for nettløysingar som er omfatta av forskrifta. Det er gjort unntak for suksesskriteria 1.2.3, 1.2.4 og 1.2.5, som regulerer lyd og video.

              WCAG 2.0 er bygd opp av 4 prinsipp, 12 retningslinjer og 61 testbare suksesskriterium:

              • Prinsippa beskriv grunnlaget for tilgjengelegheit på overordna nivå. I følgje prinsippa skal nettløysingar vere mogleg å oppfatte, mogleg å betene, forståelege og robuste.
              • Retningslinjene er overordna mål for tilgjengelegheit i nettløysingar. Retningslinjene er ikkje moglege å teste, men dei set suksesskriteria i ein samanheng.
              • Suksesskriteria er konkrete, testbare krav til tilgjengelegheit. Suksesskriteria er teknologinøytrale og vi kan følgje dei uavhengig av programmeringsspråk og publiseringsløysing.

              I tillegg viser WCAG 2.0 til teknikkar med døme på korleis vi kan oppfylla suksesskriteria.